Ot.prp. nr. 84 (2002-2003)

Om lov om endringar i genteknologiloven (kloning av dyr)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunnen for lovforslaget

Den 27. februar 1997 publiserte tidsskriftet Nature nyheita om at skotske forskarar hadde framstilt lammet Dolly. Dette var det første pattedyret som var blitt utvikla på grunnlag av ei somatisk celle frå eit vakse individ. Dette vart mykje omtala i media. Stortinget hadde våren 1997 to debattar om kloning. Under den første debatten, som vart halden 7. mars 1997, gjorde Stortinget følgjande vedtak:

«Stortinget ber Regjeringen fremme forslag til endring av genteknologiloven som innebærer at forsøk med kloning av dyr og høyerestående organismer blir forbudt.»

Av referata frå dei to stortingsdebattane går det fram at bakgrunnen for Stortingets ønske om eit forbod i første rekkje var frykt for at kloningsteknikken som var brukt for å framstille Dolly, kunne brukast til å klone menneske. Under den andre debatten, som vart halden 21. mars 1997, tok talarar frå fleire parti til orde for at dispensasjon for kloning av dyr i enkelttilfelle burde kunne vurderast i samband med utforminga av eit regelverk på dette området.

Sosial- og helsedepartementet fremja 30. mai 1997 forbod mot framstilling av arvemessig like individ i Ot.prp. nr. 81 (1996-97) Om lov om endring av lov om medisinsk bruk av bioteknologi. Forslaget vart ikkje behandla i den nemnde stortingssesjonen, og proposisjonen vart fremja på ny 10. oktober 1997 som Ot.prp. nr. 21 (1997-98). Lovforslaget vart vedteke i Odelstinget 23. februar 1998. Lovendringa er sett i verk 1. På europeisk nivå har Europarådet vedteke ein protokoll til Konvensjon om menneskerettigheter og biomedisin, som forbyr reproduktiv kloning av menneske. Den 57. generalforsamlinga i FN behandla hausten 2002 eit tysk/fransk resolusjonsframlegg om ein internasjonal konvensjon som forbyr reproduktiv kloning av menneske. Førehavinga i Generalforsamlinga munna ut i eit vedtak i 6. komité, FN-dokument (A/C.6/57/L.24), som fastslår at arbeidet med ein konvensjon mot reproduktiv kloning av menneske skal utsetjast til den 58. generalforsamlinga. Arbeidet vil bli vidareført i ei arbeidsgruppe under 6. komité. Vidare vert det i vedtaket fastslått at dette dagsordenpunktet skal takast med på førebels dagsorden for 6. komité under den 58. generalforsamlinga i FN.

Miljøverndepartementet (MD) følgde opp det som vart sagt i Stortinget når det gjaldt andre organismar enn menneske, og sende 9. februar 1999 eit høyringsnotat med forslag til lovforbod mot kloning av dyr ved endring i genteknologilova ut til 68 høyringsinstansar. Då det er helsesektoren forslaget vedgår mest, vart saka etter høyringa overført til det dåverande Sosial- og helsedepartementet (SHD).

Helsedepartementet (HD) har på grunnlag av kommentarane til Miljøverndepartementets høyringsnotat om forbod vurdert fordelar og ulemper ved å regulere bruken av kloningsteknikkar til visse formål (formålsavgrensing). Ein har òg vurdert fordelar og ulemper ved ulik lovforankring av forbod/regulering i eksisterande lovverk som genteknologilova og dyrevernlova.

Fotnotar

1.

Forbodet mot kloning av menneske vart gjennomført ved lov 27. mars 1998 nr. 22 om endringer i lov om medisinsk bruk av bioteknologi.

Til forsida