Ot.prp. nr. 84 (2002-2003)

Om lov om endringar i genteknologiloven (kloning av dyr)

Til innhaldsliste

3 Verdigrunnlaget for lovforslaget

Når kloning er vorte emne for ein omfattande samfunnsdebatt, er det ikkje minst fordi bruken av denne teknikken reiser ein del kontroversielle spørsmål. I St.meld. nr. 14 (2001-2002) seier regjeringa at grunnlaget for ei positiv vurdering av ny teknologi er humanismens vektlegging av mennesket si evne til fornuftig tenking, saman med den kristne vektlegginga av menneskets eigenverd og forvaltaroppgåve overfor skaparverket. Respekten for alt liv er utgangspunktet for regjeringa sitt arbeid med desse spørsmåla.

I motsetnad til dyr kan ikkje menneske tilskrivast ein verdi med den grunngjeving at mennesket er tenleg til visse formål. Mennesket har ein verdi i seg sjølv. Det kan difor ikkje aksepterast at menneskelivet blir eit middel for andre menneske. Kvart menneske har ein verdi som er unik i forhold til andre skapningar. I Ot.prp. nr. 21(1997-98) om forbud mot kloning av mennesker heiter det:

«I samsvar med den grunnholdning som er uttrykt gjennom formålsparagrafen til lov om medisinsk bruk av bioteknologi om å sikre at disse teknikker utnyttes til menneskets beste i samsvar med prinsippet om respekt for menneskeverd, menneskelige rettigheter og personlig frihet, finner departementet at framstilling av like individer med vår nåværende viten vil flytte en grense som ikke bør overskrides.»

Kloning av dyr har hos mange skapt frykt for illegal overføring av teknikken slik at han kan brukast til å klone menneske. Regjeringa har i St.prp. nr. 1 (2002-2003) lagt eit føre-vâr-prinsipp til grunn for bruk av ny bio- og genteknologi og utviding av verkeområdet i dagens reguleringar på dette området. Når det gjeld framstilling av klona dyr, inneber dette prinsippet at der det er rimeleg tvil om kor vidt bruk av kloningsteknikkar kan ha ein mogeleg overføringsverdi for utvikling av metodar for reproduktiv kloning av menneske, eller kan ha negative konsekvensar for miljø, menneske- og dyrehelse eller andre forhold, bør tvilen komme enkeltmennesket, naturen og samfunnet til gode.

Noreg har si forankring i ein kristen og humanistisk kulturtradisjon. Innanfor denne etikken er det vanleg å skilje mellom pliktetikk og konsekvensetikk, mellom handlingar ein ser på som uetiske i seg sjølve og handlingar som vert rekna for å vere i strid med slik etikk på grunn av følgjene dei vil få. Kloning av menneske, eller genetikk brukt på kjønnsceller hos menneske, vert sett på som eit pliktetisk spørsmål i ein kristen-etisk tradisjon. Dette inneber at det å reprodusere menneske gjennom manipulering av menneskelege kjønnsceller, er ei handling som i seg sjølv må reknast for å vere i strid med kristen etikk.

Teknikkar som kloning brukt på dyr kan òg sjåast på som etiske tvilstilfelle, som ei form for manipulering med skaparverket, og avvisast som etisk uakseptable i seg sjølve. Men dersom bruken av slike teknikkar på dyr i neste omgang kan føre til framsteg innanfor til dømes medisinsk behandling, slik at menneskeliv kan reddast, vil det vere vanskelegare å avvise bruken av slik teknologi på dyr på eit rent pliktetisk grunnlag. Når det gjeld dyr, er det difor meir naturleg å sjå saka frå ein konsekvensetisk synsvinkel. Dette kan innebere eit svært restriktivt syn på bruk av kloningsteknikkar, samstundes som ein aksepterer at det kan finnast tilfelle der fordelane etisk sett er større enn ulempene. Medisinsk behandling i livreddande teneste er eit slikt område.

Når det gjeld dyr, legg Regjeringa difor ikkje eit pliktetisk synspunkt til grunn, slik vi gjer når det gjeld menneske. Regjeringa tek såleis utgangspunkt i konsekvensetiske vurderingar når bruken av kloningsteknikkar på dyr skal regulerast. Dette inneber ei etisk restriktiv linje, men avgrensingane på bruken av teknologien skal vegast opp mot mogelege positive bruksmåtar for menneske og dyr. Dette er i samsvar med dei synsmåtane som ligg til grunn for anna regulering på genteknologiområdet.

Eit anna etisk aspekt må likevel takast med i vurderinga av bruken av kloningsteknikkar på dyr. Dette har å gjere med naturens eigenverdi og integritet.

Dagens teknologiutvikling generelt, og utviklinga innan genteknologien spesielt, krev at vi i større grad har eit aktivt forhold til heile naturens sjølvstendige behov og rett til å overleve. I Ot.prp. nr. 8 (1992-93) blir genteknologilova framstilt som mellom anna eit verkemiddel til å sikre ei forsvarleg utvikling av moderne bioteknologi:

«Målet er å sikre at moderne bioteknologi blir utnyttet til felles beste og i pakt med de etiske verdier vårt samfunn bygger på. Loven skal videre medvirke til å sikre en forsvarlig balanse mellom de positive muligheter moderne bioteknologi åpner for og de begrensninger som er nødvendige av hensyn til helse og miljø.»

I forarbeida til genteknologilova, i fortalen til Riokonvensjonen om biologisk mangfald og i diskusjonar i samfunnet elles, vert det vist til naturens eigenverdi for å understreke det viktige i at vi som enkeltmenneske og som samfunn tek omsyn til dyre- og planteartar og økosystem.

Den nyare bioetikken byggjer mellom anna på den ideen at alle levande organismar har rett til sin eigenart og rett til å følgje sin eigen natur. Til grunn for økofilosofisk tenking ligg mellom anna erkjenninga av at verdien av andre livsformer enn mennesket er uavhengig av kva nytte mennesket kan ha av desse. Enkeltdyr, artar og økosystem har ein ibuande verdi utover den verdien vi som menneske tilkjenner dei. Dette, og eit grunnleggjande verdisyn som krev respekt for alt liv og for skaparverket i seg sjølv, må liggje til grunn for styringa med bruken av nye teknologiske metodar.

I tillegg til spørsmålet om kor grunnleggjande vi kan tillate oss å gripe inn i naturen, reiser kloning spørsmål om korleis vi bør behandle dyr. Ved kloning vert arvemassen til det einskilde dyret hindra i å delta i den genetiske utviklinga som skjer ved kjønna formeiring. Innvendingane som vert reiste mot kloning, skil seg ikkje nødvendigvis frå dei prinsippa vi alt har akseptert i andre samanhengar. I diskusjonar om kva som er naturleg og om integriteten til dyr kan det likevel sjå ut til at kloning blir oppfatta som meir vidtgåande enn annan bruk av dyr. Samtidig opnar kloning av dyr for nye og positive perspektiv på ei lang rekkje viktige samfunnsområde. Vurderingane må difor gjerast på ein slik måte at både samfunnet og brukarane av teknologien er tente med at teknologien vert brukt og styrt i ei retning som er i samsvar med grunnleggjande etiske verdiar i samfunnet.

Måten ein behandlar dyr på, kan òg sjåast som eit barometer på hjartevarmen i samfunnet. Dyr er ikkje berre levande vesen. Dei er òg vesen med kjensler. Mahatma Ghandi sa at «the greatness of a nation and its moral progress can be judged by the way its animals are treated». Regjeringa har erklært at dyr skal behandlast på ein måte som er etisk forsvarleg, noko som inneber at framstilling av klona dyr ikkje skal medføre utilbørlege lidingar og problem for dyra. I stortingsmeldinga om dyrevern, St.meld. nr. 12 (2002-2003), som vart lagd fram av Landbruksdepartementet 19. desember 2002, vert det teke opp spørsmål som gjeld dyrevern generelt og etisk forsvarleg dyrehald spesielt.

Til forsida