Ot.prp. nr. 84 (2002-2003)

Om lov om endringar i genteknologiloven (kloning av dyr)

Til innhaldsliste

6 Internasjonal drøfting og regulering i andre land

6.1 Innleiing

Med unnatak av Danmark er ikkje kloning av dyr særskilt regulert i dei europeiske landa. Heller ikkje EU har vedteke føresegner som inneber særleg regulering av kloning av dyr.

Sjølv om det ikkje er fastsett forbod, er kloning av dyr likevel underlagt offentleg kontroll og forvaltning i dei fleste europeiske land. Føresegner om vern av dyr og kontroll med forsøk med dyr er nokre av dei verkemidla som vert brukte.

Hovudformålet, også i Danmark, er å hindre kloning av menneske. Dei fleste europeiske land har innført eit forbod mot kloning av menneske.

6.2 FN-organa

Verdshelseorganisasjonen (WHO) har påpeika at kloning av dyr til medisinske formål ikkje må rammast av protestane mot kloning av menneske.

6.3 Dei nordiske landa

Det danske Folketinget vedtok i mai 1997:

«å oppfordre regeringen til

  • at sikre, at kloning på dyr udelukkende sker i forskningssammenhænge,

  • at sikre, at forsøk med voksenkloning (somatisk kloning) begrænses og således ikke resulterer i færdigudviklede individer,

  • at sikre, at kloning på dyr ikke tages i anvendelse i husdyrproduktion,

  • at arbejde for en international aftale om forbud mod kloning af mennesker og om regler for kloning av dyr svarende til de danske vedtagelser,

  • at sikre åbenhed og information til offentligheden om den bioteknologiske forskning og om anvendelse af bioteknologi især vedrørende kloning og genmanipulation og

  • inden udgangen av 1997 i samarbejde med det eksisterende råds-, tilsyns- og komitésystem at finde en metode, der kan sikre, at der i tide kan gribes ind over for udviklinger, der krænker samfundets etiske normer, samt skabe grundlag for en fornyet debat i befolkningen og i Folketinget om de etiske grænser for forskningen.»

Folketingsvedtaket er ikkje følgt opp med lov- eller forskriftsregulering, men inneber i realiteten eit faktisk forbod mot «somatisk kloning... som resulterer i færdigutviklede individer.» Forbodet omfattar såleis ikkje forskinga fram til dette. Det vert opplyst hos Justisdepartementet i Danmark at folketingsvedtaket ikkje har rettsleg status som lov, men at den politiske konsekvensen av vedtaket er tilstrekkeleg til at vedtaket blir behandla som eit forbod. Ei oppheving av forbodet krev nytt vedtak i Folketinget.

Det Etiske Råd i Danmark, i samarbeid med Dyreetisk Råd, greidde ut spørsmålet før førehavinga i Folketinget i 1997. Det vart òg utforma eit debattopplegg om sentrale spørsmål ved kloning av dyr. Dei omsyna som vart trekte fram under førehavinga av saka i Folketinget, var både knytte til omsynet til medisinsk forsking og til dei generelle forskingsvilkåra i Danmark, omsynet til integriteten og velferda til dyra og ønsket om å hindre kloning av menneske. Det Etiske Råd har i januar 2002 behandla spørsmålet på nytt, og har no endra standpunkt når det gjeld forbodet. Dei rår til at forbodet mot reproduktiv kloning av menneske vert ståande, men legg til grunn at hovudomsynet bak det tidlegare standpunktet deira, å hindre kloning av menneske, ikkje lenger kan rettferdiggjere eit forbod mot kloning av dyr. Dei legg i sine merknader stor vekt på at forbodet skader legitime forskingsinteresser. Dei seier at det etter 1997 har vore ein «massiv international modstand imot menneskekloning», og at dei fleste europeiske land har innført forbod mot kloning av menneske. Forbodet mot kloning av dyr hindrar forskinga, også legitim medisinsk forsking, og forbodet bør etter Rådets vurdering opphevast. Det Etiske Råd uttalar at kloning på dyr utelukkande bør tillatast i samband med forsking, både grunnforsking og forsking med medisinske formål. Det Etiske Råd tek derimot ikkje stilling til om det kan takast dyreetiske omsyn som på sjølvstendig grunnlag kan rettferdiggjere eit vidare forbod, då desse spørsmåla fell utanfor kompetansefeltet til rådet.

Kloning av dyr er ikkje underlagt særskild regulering i Sverige. Det vert opplyst at det per i dag ikkje har vore gjort forsøk på kloning av dyr, men at Gentekniknämnden førebur ein konferanse om spørsmålet.

Departementet har ikkje opplysningar om korleis problemstillinga vert handtert i Finland.

6.4 EU

Forbod mot kloning av dyr er, med unnatak av Danmark, ikkje gjenstand for særskild regulering innanfor EU/EØS-området. Etter oppmoding frå presidenten i EU-kommisjonen la den rådgjevande gruppa for etiske spørsmål i samband med bioteknologi (The Group of Advisers on the Ethical Implications of Biotechnology - GAEIB) i 1997 fram ei omfattande fråsegn om bruk av kloningsteknikkar både på dyr og menneske. GAEIB var negative til kloning av menneske til reproduktive formål, men meinte at forsking og bruk av kloning av dyr i laboratorium og til landbruksformål er etisk akseptabelt. Føresetnaden er at styresmaktene fører kontroll med kloninga og at dyra ikkje tek skade.

6.5 USA og dei andre landa utanfor EU

Kloning av dyr er ikkje regulert i USA. Etter det departementet kjenner til, har heller ikkje dei andre landa utanfor EU lovregulert kloning av dyr.

Til forsida