Ot.prp. nr. 86 (1998-99)

Endringar i skatte- og avgiftslovgjevinga

Til innhaldsliste

2 Endring i meirverdiavgiftslova § 16 andre ledd bokstav b

2.1 Innleiing

I St prp nr 1 (1998-99) Skatte-, avgifts- og tollvedtak s 29 flg vart det utgreidd om Finansdepartementet sin behandlingsmåte i saker om meirverdiavgift på trykt skrift. Det vart opplyst at det ikkje er oppnemnt eit nytt rådgjevande utval for trykt skrift etter at perioden for det siste oppnemnde utvalet gjekk ut 31. desember 1997. Vidare vart det opplyst at Finansdepartementet vil fortsette arbeidet med å gå gjennom regelverket på området for trykt skift og behandlingsmåten.

Etter meirverdiavgiftslova § 16 andre ledd bokstav b kan Finansdepartementet i saker som gjeld spørsmål om ein publikasjon er omfatta av fritaket for aviser, bøker og tidsskrift, avgjere om ein publikasjon er friteken frå avgiftsplikt, etter å ha innhenta fråsegn frå det rådgjevande utvalet. Utvalet vart etter oppnemninga i 1969 nytta da Finansdepartementet utarbeida forskrifter som avgrensar fritaket og har sidan vorte nytta til å vurdere konkrete saker som er innkomne til Finansdepartementet for avgjerd.

Denne behandlingsmåten har etter kvart vist seg å ikkje fungere tilfredsstillande og det har vore ein uakseptabel lang samla saksbehandlingstid i slike saker. Behandlingsmåten har såleis skapt vanskar for avgiftsstyremaktene, utvalet og dei næringsdrivande.

Departementet meiner det ikkje er behov for eit særskilt rådgjevande organ på området for trykt skrift lenger og gjer på denne bakgrunn framlegg om å oppheve meirverdiavgiftslova § 16 andre ledd bokstav b, slik at saker som gjeld trykt skrift følgjer dei alminnelege saksbehandlingsreglane for saker om meirverdiavgift.

2.2 Gjeldande rett

Ein skal ikkje betale meirverdiavgift på omsetning av bøker og tidsskrift i siste omsetningsledd eller på omsetning av aviser som kjem ut regelmessig med minst eit nummer i veka, jf meirverdiavgiftslova § 16 første ledd nr 6 og 7 jf forskrift av 13. desember 1969 (nr 16) om gjennomføring av avgiftsfritaket for aviser og forskrift av 20. desember 1969 (nr 19) om gjennomføring av avgiftsfritaket for bøker.

Regelverket inneber at verksemder som omset publikasjonar som er omfatta av fritaket for trykt skrift ikkje skal berekne utgåande meirverdiavgift ved sal av desse, men har full frådragsrett for meirverdiavgift på varer og tenester som er skaffa til bruk i denne verksemda, (såkalla nullsats).

Meirverdiavgiftslova § 16 andre ledd bokstav b fastset vidare at Finansdepartementet kan avgjere om ein publikasjon er friteken frå avgiftsplikt etter å ha innhenta fråsegn frå eit rådgjevande utval. Ved kongeleg resolusjon av 5. desember 1969 fekk Finansdepartementet fullmakt til å oppnemne eit utval.

Bakgrunnen for at eit rådgjevande utval for trykt skrift vart oppnemnt var at ein såg det ville oppstå ei rekke avgrensingsproblem knytta til kva slags publikasjonar som burde vere fritekne og kva slags publikasjonar som burde vere avgiftspliktige ved innføringa av fritaket.

I den første perioden vart derfor utvalet nytta til å utarbeide forskrifter om kva som skulle sjåast som avgiftsfri omsetning av aviser, bøker og tidsskrift og om avgrensinga av slike publikasjonar, samt å assistere departementet i prinsipielle spørsmål knytta til avgrensinga av avgiftsfrie publikasjonar. Etter kvart blei det praksis for å hente inn fråsegn frå utvalet i dei sakene som kom inn til departementet.

I utvalet har det sete politikarar, der leiaren har vore medlem av Stortingets finanskomite og representert eit av regjeringspartia. Ein representant frå opposisjonspartia har hatt nestleiarvervet. Det har og vore representantar frå ulike bransjar knytta til trykt skrift og ein representant frå eit fylkesskattekontor. I tillegg har det vore ein representant frå Toll- og avgiftsdirektoratet og sekretæren har vore frå Finansdepartementet. Dei to sistnemnde har ikkje hatt stemmerett.

Etter ordninga slik ho er i dag har saker om trykt skrift blitt førebudd både ved fylkesskattekontoret og i Skattedirektoratet før dei er blitt sende Finansdepartementet for endeleg avgjerd. I Finansdepartementet er saka vidare blitt førebudd og lagt fram for det rådgjevande utvalet for trykt skrift for fråsegn før det blir fatta ei konkret avgjerd.

Denne behandlingsmåten for saker om trykt skrift skiljer seg frå ordinær saksbehandling kor spørsmålet er rekkevidda av reglar i meirverdiavgiftslova.

2.3 Generelle merknader frå høyringsinstansane

19. mars 1999 sende departementet ut eit høyringsutkast om å oppheve meirverdiavgiftslova § 16 andre ledd bokstav b.

Desse har gitt høyringsfråsegn:

  • Kulturdepartementet

  • Arbeids- og administrasjonsdepartementet

  • Nærings- og handelsdepartementet

  • Konkurransetilsynet

  • Skattedirektoratet

  • Toll- og avgiftsdirektoratet

  • Bladcentralen

  • Den norske Revisorforening

  • Norges skatterevisorers landsforening

  • Skattebetalerforeningen

  • Fagpressen

Ingen av høyringsinstansane kom med fråsegner som går mot departementet sitt framlegg. Skattebetalerforeningen og Den norske revisorforening peikar spesielt på at den særskilde behandlingsmåten i saker om trykt skrift har medført lang saksbehandlingstid og at det såleis vil vere ein fordel om den særskilde behandlingsmåten fell bort.

2.4 Finansdepartementet sine vurderingar og framlegg

Departementet gjer framlegg om at den særskilde saksbehandlinga for trykt skrift saker og ordninga med eit eige rådgjevande utval fell bort. Behandlingsmåten er tidsmessig krevjande og Finansdepartementet har ikkje makta å avgjere sakene så fort som ønskeleg ut frå vanlege forvaltningsrettslege prinsipper. I tillegg blir praksis vanskeleg tilgjengeleg når ein har ei slik ordning med mange enkeltavgjerder. Dette er ein uheldig situasjon for avgiftsstyremaktene og for dei næringsdrivande innan bransjen.

Perioden for det siste oppnemnde utvalet gjekk ut 31. desember 1997, og det er ikkje oppnemnt eit nytt utval. Bakgrunnen for dette har vore at det har vist seg å vere vanskeleg å etablere eit utval som fungerer godt, og at restansesituasjonen var problematisk. Finansdepartementet har derfor i fleire saker den seinare tid gitt fortolkningsfråsegner på området utan å legge saka fram for eit utval først. Saker om trykt skrift har såleis blitt behandla på same måte som andre saker som gjeld spørsmål om rekkevidda av avgiftsplikta etter meirverdiavgiftslova. Stortinget blei som nemnt ovanfor orientert om dette i St prp nr 1 (1998-99) Skatte-, avgifts- og tollvedtak.

Sjølv om reglane om nullsats for trykt skrift gjer sitt til å komplisere meirverdiavgiftssystemet, er dette rettsområdet etter kvart blitt fastsett gjennom forskrifter og lang forvaltningspraksis.

Finansdepartementet gjer på denne bakgrunn framlegg om å oppheve meirverdiavgiftslova § 16 andre ledd bokstav b.

Framlegget vil føre til at trykt skrift saker blir behandla på ordinær måte. Den næringsdrivande vil såleis kunne be fylkesskattekontoret i første instans om å vurdere om ein publikasjon er omfatta av fritaket for trykt skrift, og avgiftsforvaltninga vil gi fråsegn på bakgrunn av ei begrunna oppfatning om publikasjonen sin avgiftsmessige status. I tilfelle kor avgiftsstyremaktene fattar eit etterberegningsvedtak, kan ein klage vedtaket inn for Klagenemnda for meirverdiavgift. Klagenemnda sitt vedtak kan vidare bli brakt inn for domstolen. Prosedyrane for saksbehandlinga vil bli enklare og dette har som siktemål å korte ned saksbehandlingstida, både for den avgiftspliktige og for avgiftsstyremaktene.

Ei oppheving av § 16 andre ledd bokstav b vil ikkje få betydning for departementet sin kompetanse til å gi forskrifter om utfylling, avgrensing og gjennomføring av fritaket for trykt skrift, fordi departementet framleis vil ha heimel til dette i meirverdiavgiftslova § 16 andre ledd bokstav a.

Departementet viser til framlegg til endring av meirverdiavgiftslova § 16 andre ledd bokstav b. Departementet gjer framlegg om at endringa skal gjelde med verknad straks.

2.5 Økonomiske og administrative konsekvensar av forslaget

Alle saker om trykt skrift blir i dag først vurdert av fylkesskattekontoret og Skattedirektoratet. Mange saker blir og avslutta etter at den næringsdrivande har fått ei fråsegn frå ein av desse instansane. Dei underliggjande organ har såleis allereie i dag monaleg kompetanse på området. Finansdepartementet meiner at det ikkje vil være særleg meir arbeidskrevjande i større grad å svare den næringsdrivande direkte framfor å førebu og oversende saka til Finansdepartementet. Dersom framlegget til endring av meirverdiavgiftslova blir vedteke, vil Finansdepartementet utarbeide oversikt over praksis i dei sakene som er behandla etter å ha vore lagde fram for det rådgjevande utval for trykt skrift.

Finansdepartementet meiner at dette framlegget om endring ikkje i særleg grad vil innebere auka administrative og økonomiske konsekvensar verken for fylkesskattekontoret eller Skattedirektoratet. Departementet presiserer at ein med forslaget berre tek sikte på å endre prosedyrane for saksbehandling i saker om meirverdiavgift og trykt skrift. Framlegget inneber inga endring av materiell karakter.

For Finansdepartementet vil endringa medføre ein reduksjon av sakstilgangen, ved at det for framtida berre vil vere tvilsame og prinsipielle saker som skal bli lagde fram for departementet for fråsegn.

Ein legg og til grunn at dei avgiftspliktige får raskare avklaring og at praksis blir meir tilgjengeleg. Finansdepartementet kan såleis heller ikkje sjå at framlegget skulle medføre negative administrative eller økonomiske konsekvenser for desse.

2.6 Ikrafttreden

Departementet gjer framlegg om at endringa tek til å gjelde straks.

Til forsida