Ot.prp. nr. 86 (1998-99)

Endringar i skatte- og avgiftslovgjevinga

Til innhaldsliste

4 Endring i selskapsskattelova

4.1 Innleiing og bakgrunn

Ved lov av 28. juni 1996 nr 41, i samband med innføringa av dei nye reglane om skattlegging av kraftselskap, blei det teke inn ein regel om bruttolikning av « selskap og sameier som driver kraftproduksjon, når deltakerene selger det vesentlige av kraftproduksjonen på selvstendig basis» i selskapsskattelova § 6-1 nr 3 andre punktum. Regelen blei gitt verknad frå 1. januar 1997.

Grunngjevinga for regelen er at nettolikning av produksjonsfelleskap i kraftforsyninga kan reise særskilde likningstekniske problem. For ei nærare framstilling av bakgrunnen for regelen viser departementet til Ot prp nr 23 (1995-96) kapittel 14, Innst O nr 62 (1995-96) kapittel 11 og Ot prp nr 22 (1996-97).

Departementet gjer med dette framlegg om at regelen om bruttolikning i selskapsskattelova § 6-1 nr 3 andre punktum berre skal gjelde for selskap og sameige som driv produksjon av vasskraft.

Departementet gjer framlegg om at endringa trer i kraft straks, med verknad frå og med inntektsåret 1999.

4.2 Departementets vurdering og framlegg

Dei nye reglana om skattlegging av kraftforetak, innførte ved lov av 28. juni 1996 nr 41, var ei reform som ikkje omfatta andre energiformer enn vasskraft. I Ot prp nr 23 (1995-96) s 7 heiter det:

«Det er Regjeringens mål at vannkraftressursen skal forvaltes til beste for hele samfunnet. Vannkraften er en nasjonal ressurs som er en viktig del av grunnlaget for velferden og sysselsettingen. Skatteinntekter og andre overføringer fra kraftproduksjon spiller en viktig rolle for mange lokalsamfunn. Skattleggingen er viktig for hvordan ressursen forvaltes gjennom utbygging og drift, og for hvordan avkastningen av naturressursen fordeles. Forslaget til nytt skattesystem som legges fram i denne proposisjonen, skal bidra til å øke avkastningen av ressursene og sikre effektivitet i utbygging og drift.»

Departementet viser til at over 99 prosent av kraftproduksjonen i fastlands-Noreg nettopp skjer i vasskraftverk, jf Ot prp nr 23 (1995-96) s 23. Ordninga gitt i selskapsskattelova § 6-1 nr 3 andre punktum med bruttolikning av poduksjonsfelleskap i kraftforsyninga er dessutan særleg tilpassa «medeiendomsrett», som er ei vanleg samarbeidsform i vasskraftsektoren, jf Ot prp nr 23 (1995-96) avsnitt 14.3. Ved «medeiendomsrett» er det ein av deltakarane som driv kraftverket og står som konsesjonær og heimelshavar til fallrettane, medan dei andre deltakarane har ein evigvarande rett til å ta ut ein andel av årsproduksjonen i same høve som dei dekkjer investerings- og driftskostnader. Statkraft SF er deltakar i fleire slike samarbeid, og prinsippa i desse avtalane er nærare omtala i St prp nr 157 for 1981-82. Det er etter departementet si vurdering ikkje grunnlag for å tru at «medeiendomsrett» blir ei vanleg samarbeidsform ved produksjon av andre energiformer enn vasskraft.

Departementet gjer på denne bakgrunn framlegg om at selskapsskattelova § 6-1 nr 3 andre punktum blir endra slik at regelen berre gjeld for selskap og sameige som driv produksjon av vasskraft.

Departementet gjer framlegg om at endringa trer i kraft straks, med verknad frå og med inntektsåret 1999. Det inneber at ein må endre både selskapsskattelova og den nye skattelova av 26. mars 1999, da regelen som ein gjer framlegg om å endre er teken inn i den nye skattelova med verknad frå og med inntektsåret 2000. Ein viser til utkast til endring i selskapsskattelova § 6-1 nr 3 andre punktum og den nye skattelova § 10-40 nr 3 andre punktum.

Til forsida