Ot.prp. nr. 86 (1998-99)

Endringar i skatte- og avgiftslovgjevinga

Til innhaldsliste

6 Oppretting av skattelova av 1911 § 45 åttande ledd

Skattelova av 1911 § 45 åttande ledd bokstav a første punktum blei endra ved lov av 18. desember 1998 nr 72. Endringa innebar at det blei innført vilkårsbunde skattefritak ved innløysing av festetomt, og blei gjort gjeldande frå og med inntektsåret 1999. Ved eit mistak blei samstundes § 45 åttande ledd bokstav a tredje til femte punktum oppheva. Departementet gjer framlegg om å rette opp denne feilen, slik at § 45 åttande ledd bokstav a tredje til femte punktum blir gjeninnført med den lovteksten som gjaldt før endringa av 18. desember 1998 nr 72. Dette gjeld gamle særreglar om vilkårsbunde skattefritak ved nedslakting av buskap på gardsbruk.

Departementet viser til at framlegget om endringar i skattelova av 1911 § 45 åttande ledd bokstav a. Departementet gjer framlegg om at endringa skal gjelde med verknad for inntektsåret 1999. Frå og med inntektsåret 2000 gjeld den nye skattelova av 26. mars 1999, og § 45 åttande ledd bokstav a tredje til femte punktum i skattelova av 1911 er ført vidare i den nye lova som § 14-70 sjette ledd.

Til forsida