Ot.prp. nr. 87 (2002-2003)

Om lov om retting av feil m.m. i lovverket

Til innhaldsliste

3 Økonomiske og administrative konsekvensar

I Regjeringa sin handlingsplan for eit enklare Noreg heiter det:

«Høy verdiskaping avhenger av en rekke forhold. Et godt regelverk og brukervennlige offentlige tjenester er noen av de viktigste.»

Det finst ikkje noko oversikt over kva det kostar samfunnet å ha eit uryddig lovverk. Det ein likevel kan slå fast, er at retting av feil vil redusere faren for forvirring og misforståing hos brukarane av lovverket. Når lovtekniske feil gjer det vanskelegare å finne fram til gjeldande rett, vil brukarane leggje ned unødig store ressursar i dette arbeidet. Ved å rette opp feila vil lovverket bli lettare tilgjengeleg for brukarane.

Oppryddinga vil ikkje ha nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar ut over dei nemnte fordelane.