Ot.prp. nr. 87 (2002-2003)

Om lov om retting av feil m.m. i lovverket

Til innhaldsliste

4 Merknader til dei enkelte paragrafane

1. Til lov 22. mai 1902 nr. 10 Almindelig borgerlig Straffelov

§ 12 nr. 3 bokstav a blei endra ved lov 28. juni 2002 nr. 54. Tilvisingar til §§ 147 a og 147 b blei då lagde til, men blei ved ein feil fjerna igjen ved lov 10. januar 2003 nr. 2.

I § 39 g tredje ledd skal «forhørsretten» bli bytt ut med «tingretten», jf. lov 30. august 2002 nr. 67 om endringer i rettergangslovgivningen m.m. (bortfall av funksjonsbetegnelser på domstolene m.m.). Denne endringa blei det ikkje teke omsyn til då straffeloven blei endra ved lov 10. januar 2003 nr. 2.

Ved lov 21. mars 2003 nr. 18 fekk § 53 nr. 3 ein ny bokstav h. Denne klargjer at megling i konfliktråd kan setjast som særvilkår for ein dom på vilkår. Ved ein feil er ordet «siktede» brukt i lovteksten i staden for «domfelte» som er brukt elles i paragrafen. Departementet foreslår no at dette blir retta opp. Endringa verkar ikkje inn på innhaldet i føresegna.

§ 147 a kom inn i straffeloven ved lov 28. juni 2002 nr. 54. Første ledd siste punktum blei ved ein feil vedteke som andre ledd.

2. Til lov 22. mai 1902 nr. 13 Militær Straffelov

I § 12 nr. 2 bokstav f har det kome inn eit ekstra paragrafteikn føre § 173. I tillegg er føresegna i lov om straffelovens ikrafttreden § 19 a erstatta av lov 13. juni 1969 nr. 26 om skadeserstatning § 3-6.

I § 104 er det mellom anna vist til straffeloven § 293 og § 318. § 293 blei oppheva ved lov 11. mai 1951 nr. 2. § 293 omhandla aktlaust skadeverk av det slaget som fram til lovendringa i 1951 var nemnt i § 292 andre og tredje ledd, medan § 391 andre ledd omhandla aktlaust skadeverk av det slaget som var nemnt i § 292 første ledd. Regelen om aktlaust grovt skadeverk finst no i straffeloven § 391 tredje ledd. § 318 blei oppheva ved lov 11. juni 1993 nr. 76. Reglane om heleri er no samla i § 317.

3. Til lov 13. august 1915 nr. 5 om domstolene

I § 106 nr. 4 heiter det «verge eller kurator». Ordninga med kurator for dei mellom 18 og 25 år blei oppheva då myndigalderen blei senka til 21 år og lov 22. april 1927 om vergemål blei vedteken. I staden for «kurator» bør det no stå «hjelpeverge», jf. vergemålslova § 16 og § 90 a til § 90 f.

I § 130 har det som skulle ha vore dei tre siste punktuma i første ledd ved ein feil blitt vedteke som andre ledd. I det som no står som andre ledd, er det tale om «forbud etter leddet her». Det går klart fram av merknaden til paragrafen at dette skal vere siste punktum i første ledd, sjå Ot.prp. nr. 55 (1997-1998).

I § 181 blir «Kundgjørelsestidende» nemnt. Det heiter no Norsk Lysingsblad, sjå lov 11. oktober 1946 nr. 1 om Norsk Lysingsblad.

4. Til lov 13. august 1915 nr. 6 om rettergangsmåten for tvistemål

I § 375 første ledd har det ved ein feil kome inn ein «e» på slutten av «ankeforhandling».

5. Til lov 17. mars 1916 om straffebestemmelser for utenlandske militærpersoner som er internert her i riket under krig mellem fremmede magter

I § 3 andre ledd er det vist til lov 6. mai 1921 nr. 3 om den militære disiplinær- og politimyndighet. Denne lova er erstatta av lov 20. mai 1988 nr. 32 om militær disiplinærmyndighet.

6. Til lov 9. mars 1917 om ophævelse av magistratsembederne m.v.

Magistratsembeta er for lengst oppheva, og lova har i dag ingen praktisk funksjon. Ho har rett nok vore endra fleire gonger. Siste endring kom så seint som i 1987, men det var då berre for å rette opp terminologien i samband med vedtakinga av lov 12. juni 1987 nr. 70 om kommunalt helse- og sosialstyre m.v. Departementet foreslår at lova blir oppheva.

7. Til lov 14. desember 1917 nr. 16 om erverv av vannfall, bergverk og annen fast eiendom m.v.

I § 4 første ledd andre og tredje punktum skulle ordet «allmennaksjeselskaper» inn i lovteksten, sjå Ot.prp. nr. 39 (1996-1997) om lov om endringer i annen lovgivning som følge av ny aksjelovgivning mv. Forslaget blei følgt opp i Innst.O. nr. 80 (1996-97) og Besl.O. nr. 93 (1996-97), og endringane blei vedtekne ved lov 13. juni 1997 nr. 44 om aksjeselskaper. Då § 4 blei endra ved lov 25. juni 1999 nr. 52, tok ein utgangspunkt i ordlyden slik han var før lov 13. juni 1997 nr. 44.

8. Til lov 14. desember 1917 nr. 17 om vasdragsreguleringer

I § 4 nr. 1, § 5, § 11 nr. 4 og § 14 nr. 1 er det tale om «regjeringsdepartement» medan lova elles bruker «departement». Det gir best samsvar om ein bruker «departement» i heile lova. I § 14 nr. 1 blir dette foreslått retta i ein annan proposisjon i samband med ei anna endring.

I § 6 nr. 1 fjerde og femte ledd er det vist til lov 14. juni 1985 nr. 77 § 33-4. Reglane om handsaming av melding blei flytta frå § 33-4 til § 33-3 andre ledd ved lov 4. august 1995 nr. 54 utan at tilvisinga i lov om vasdragsreguleringer § 6 nr. 1 blei retta opp.

I § 10 nr. 2 første ledd skal ordet «allmennaksjeselskaper» inn. Grunnen til feilen er den same som for lov 14. desember 1917 nr. 16 § 4, sjå merknaden til denne lova.

I § 12 nr. 21 tredje ledd er det vist til § 10 post (nr.) 4. § 10 fekk eit nytt nr. 3 ved lov 19. juni 1992 nr. 62. Tidlegare nr. 4 blei nytt nr. 5. Tilvisinga i § 12 nr. 21 tredje ledd blei ikkje retta opp.

I § 15 nr. 3 har nummeret på lov 17. desember 1976 nr. 100 ved ein feil falle ut.

I § 16 nr. 5 niande ledd er det vist til § 10. § 10 blei endra ved lov 19. juni 1992 nr. 62. Tidlegare § 10 post 2 siste ledd svarer no til § 10 nr. 3 første ledd, og § 10 post 17 andre ledd svarer til § 12 nr. 21 tredje ledd.

9. Til lov 31. mai 1918 nr. 4 om avslutning av avtaler, om fuldmagt og om ugyldige viljeserklæringer

§ 14 siste ledd gjeld «Tinglysning av fuldmagt». Etter lov 7. juni 1935 nr. 2 om tinglysing er det ikkje lenger høve til å tinglyse fullmakter (utan etter lov 17. juli 1925 nr. 11 om Svalbard § 24). Departementet foreslår derfor at leddet blir oppheva.

10. Til lov 14. august 1918 nr. 3 om frivillige auksjoner

I § 2 er det vist til lov 6. juni 1980 nr. 21 om handelsvirksomhet. Lova er oppheva. Reglane om handel med brukte og kasserte ting, mellom anna auksjonsverksemd, står no i lov 22. desember 1999 nr. 105 om handelsverksemd med brukte og kasserte ting.

11. Til lov 13. juni 1924 nr. 4 om adgang for staten til utferdigelse av premieobligasjonslån

I § 1 er det vist til lov 14. juni 1851 om lotterier og andre lykkespill. Denne lova er oppheva og erstatta av lov 24. februar 1995 nr. 11 om lotterier.

12. Til lov 25. juni 1926 nr. 2 om forandring i lovgivningen om Høiesterett

I § 4 andre ledd har ordet «til» i «grunn til å tro» falle ut.

13. Til lov 22. april 1927 nr. 3 om vergemål for umyndige

I § 3 første ledd har det ved ein feil kome inn ein «e» til slutt i «umyndig».

14. Til lov 5. mai 1927 nr. 1 om arbeidstvister

I § 25 nr. 2 første ledd manglar det ein «e» i «skrivefeil».

I § 28 nr. 2 tredje ledd er det vist til Norsk Arbeidsgiverforening, som no heiter Næringslivets Hovedorganisasjon.

I § 34 er det tale om «advokater og sakførere». Sakførarstillinga blei avskaffa ved lov 4. desember 1964 nr. 2 om endringer i rettergangslovgivningen m.m.

I § 46 nr. 3 er det vist til lov 25. juni 1926 nr. 1. Lova blei oppheva ved lov 29. juni 1956 nr. 11. Det blei då ikkje funne nødvendig å regulere skyss og kostpengar i lovs form, sjå Ot.prp. nr. 65 (1956). Reglane om skyss og kostpengar finst no i regulativ.

15. Til lov 1. juli 1927 nr. 1 om registrering av elektriske kraftledninger

I § 5 andre ledd og i § 10 er det vist til «Kundgjørelsestidende», som no heiter Norsk Lysingsblad, sjå lov 11. oktober 1946 nr. 1 om Norsk Lysingsblad.

16. Til lov 1. juli 1927 nr. 3 om veddemål ved totalisator

§ 5 om Svalbard kom inn ved lov 17. april 1998 nr. 23 og blei plassert etter § 3 i lova. Han blei ved ein feil sett inn som § 5, ikkje § 4.

17. Til lov 12. juni 1931 nr. 1 i henhold til konvensjonen mellem Norge og Sverige om visse spørsmål vedrørende vassdragsretten av 11 mai 1929

I § 27 er det vist til «Kundgjørelsestidende» som no heiter Norsk Lysingsblad, sjå lov 11. oktober 1946 nr. 1 om Norsk Lysingsblad.

18. Til lov 19. juni 1931 nr. 18 om Aktieselskapet Vinmonopolet

I § 4 tredje ledd er det vist til «Kundgjørelsestidende», som no heiter Norsk Lysingsblad, sjå lov 11. oktober 1946 nr. 1 om Norsk Lysingsblad.

19. Til lov 5. februar 1932 nr. 1 om straff for handlinger som påtales ved riksrett

§ 4 skal vise til «bestemmelsene» i andre og tredje kapittel i lova. E-en til slutt i ordet kom ikkje med i lovteksten.

20. Til lov 5. februar 1932 nr. 2 om rettergangsmåten i riksrettssaker

I § 19 har «anklagede» ved ein feil blitt «anklagere». At det rette må vere «anklagede», blir særleg klart når ein ser regelen i samanheng med Grunnloven § 87.

21. Til lov 27. mai 1932 nr. 2 om veksler

§ 43 blei endra ved lov 8. juni 1984 nr. 60. Før endringa var det i § 43 andre ledd nr. 3 tale om «trassenten», ikkje «trassaten». Det er ikkje noko i forarbeida til lovendringa som tyder på at det var meininga å endre lova på dette punktet.

22. Til lov 19. mai 1933 nr. 11 om særavgifter

I § 7 er det tale om Skatteinspektørane og Direktøren for skattevesenet. Oppgåvene er no overtekne av fylkesskattekontora og Skattedirektoratet, sjå lov 13. juni 1980 nr. 24 om ligningsforvaltning § 2-2 og § 2-3.

23. Til lov 16. juli 1936 nr. 2 om pliktmessig avhold for personer i visse stillinger fra nytelse av alkohol eller annet berusende eller bedøvende middel

Føresegnene i vegtrafikklova (lov 18. juni 1965 nr. 4) som § 7 tredje ledd viser til, blei endra først ved lov 12. april 1985 nr. 18 og sidan ved lov 24. juni 1988 nr. 66, utan at det fekk nokre følgjer for ordlyden i § 7 tredje ledd. Vegtrafikklova § 31 har no langt meir detaljerte reglar om straff. Når lova om pliktmessig avhold § 7 viser til vegtrafikklova, er det meininga at dei same utmålingsreglane skal gjelde. Den enklaste måten å gjere dette på er å vise til heile § 31 i vegtrafikklova.

24. Til lov 9. juni 1939 nr. 17 husbruksskog

I § 19 andre ledd er det vist til § 29 i lov 18. mars 1955 nr. 2 om tilskiping av jordbruk. Denne lova er no erstatta av lov 12. mai 1995 nr. 23 om jord. Den nye lova inneheld inga føresegn som svarer til § 29 i den gamle lova. Dei eigedomane som er oppretta etter § 29 jf. lov om husbruksskog § 19, gjekk ved opphevinga av føresegna over til å bli ordinære sameiger, jf. lov 18. juni 1965 nr. 6 om sameige, sjå Ot.prp. nr. 72 (1993-94). Departementet foreslår derfor å oppheve heile andre ledd i § 19.

25. Til lov 7. mars 1940 nr. 1 om adgang til visse områder

I § 2 tredje ledd er det vist til lov 22. april 1927 om utlendingers adgang til riket. Denne lova er oppheva. Reglane som svarer til § 16 jf. §§ 18 til 19 i den gamle lova, finst no i kapittel 5 i lov 24. juni 1988 nr. 64 om utlendingers adgang til riket og deres opphold her.

26. Til lov 13. desember 1946 nr. 14 om straff for utlendske krigsbrottsmenn

I § 2 er det vist til straffeloven § 267, jf. § 268 nr. 3. Grunnen var at ein ville fange opp tysk utplyndring av Noreg, og at det kunne vere vanskeleg å bruke straffeloven direkte, sjå Ot.prp. nr. 96 (1945-1946). Straffeloven § 268 nr. 3 retta seg mot brot gjort av fleire. Straffeloven § 268 blei endra ved lov 11. mai 1951 nr. 2. Opprekninga i § 268 blei då bytt ut med eit meir generelt uttrykk. Det riktige må no vere å vise til heile § 268. I tillegg må ein bruke den offisielle korttittelen, med andre ord straffeloven, ikkje straffelova.

27. Til lov 13. desember 1946 nr. 21 om krigspensjonering for militærpersoner

I § 1 andre ledd er det vist til lov 21. juni 1929 nr. 8 om verneplikt og utskrivning. Denne lova er no erstatta av lov 17. juli 1953 nr. 29 om verneplikt.

28. Til lov 27. juni 1947 nr. 9 om tiltak til å fremme sysselsetting

I § 14 andre ledd er det vist til lov 7. desember 1956 nr. 2 om arbeidervern § 42. Føresegna i § 42 i lov 7. desember 1956 nr. 2 om arbeidervern er no erstatta av § 59 i lov 4. februar 1977 nr. 4 om arbeidervern og arbeidsmiljø mv., sjå Ot.prp. nr. 41 (1975-1976). § 14 andre ledd blei oppheva ved lov 21. juni 2002 nr. 28 utan at ein tok stilling til kva som skulle skje med dei etterfølgjande ledda. For å rette opp dette bør heile paragrafen bli vedteken på nytt.

29. Til lov 13. desember 1948 nr. 5 om Riksteatret

I § 1 andre ledd bokstav b blir gruppa av teater utvida i forhold til dei som er nemnde under bokstav a. Bokstav b skal vise til bokstav a, ikkje b.

30. Til lov 28. juli 1949 nr. 26 om Statens Pensjonskasse

I § 32 andre ledd er det vist til reglar om dom for at ekteskapet er oppløyst når ektefellen er forsvunnen. I lov 23. mars 1961 nr. 1 om forsvunne personer § 17 heiter det:

«Når endelig dødsformodningsdom eller fastsetting etter § 1 foreligger for en gift forsvunnet person, er ekteskapet oppløst dersom ektefellen til den forsvunne gifter seg igjen. ... Har ektefellen ikke giftet seg igjen, står ekteskapet ved makt dersom det viser seg at den forsvunne lever.»

Tidlegare var det mogeleg etter ekteskapslova, lov 31. mai 1918 nr. 2, § 46 å få skilsmisse ved dom når ektefellen var forsvunnen. Den nye ekteskapslova, lov 4. juli 1991 nr. 47, har ingen slik regel, sjå Ot.prp. nr. 28 (1990-1991). § 32 andre ledd i lov om Statens Pensjonskasse skal då berre vise til reglane i lov om forsvunne personer. Sidan det er tale om både dom og orskurd, bør orskurd (kjennelse) òg bli nemnd i andre ledd siste punktum.

31. Til lov 8. desember 1950 nr. 3 om norsk riksborgarrett

§ 16 andre ledd viser til § 13. § 13 blei oppheva ved lov 9. juni 1989 nr. 30.

32. Til lov 21. november 1952 nr. 2 om betaling og innkreving av skatt

I § 2 bokstav a skal ordet «allmennaksjeselskaper» inn i lovteksten, og delen om utanlandske selskap må vere i samsvar med dette. Grunnen til feilen er den same som for lov 14. desember 1917 nr. 16 § 4, sjå merknaden til denne lova.

33. Til lov 21. november 1952 nr. 3 om tjenesteplikt i politiet

I § 6 er det vist til lov 6. mai 1921 nr. 3 om den militære disiplinær- og politimyndighet. Denne lova er erstatta av lov 20. mai 1988 nr. 32 om militær disiplinærmyndighet. Reglane om politimyndigheit i det militære forsvaret er skilde ut i ei eiga lov. Denne lova kan ikkje vere relevant i forhold til lov om tjenesteplikt i politiet § 6. § 6 skal då berre vise til lov 20. mai 1988 nr. 32 om militær disiplinærmyndighet med tilhøyrande disiplinærreglement (kgl. res. 16. desember 1988 nr. 1033).

34. Til lov 29. mai 1953 nr. 3 om hittegods

§ 7 andre og tredje ledd blei oppheva ved lov 26. juni 1992 nr. 86. Det er ingenting i forarbeida som tyder på at det var meininga å gjere noko meir enn å endre første ledd i paragrafen, sjå Ot.prp. nr. 65 (1990-1991). Feilen oppstod då det i endringslova blei sagt at «§ 7 skal lyde», ikkje «§ 7 første ledd skal lyde».

35. Til lov 3. juli 1953 nr. 2 om sjøtrygdelag

I § 2 andre ledd er det vist til lov 29. juli 1911 nr. 1 om forsikringsselskaper. Denne lova er erstatta av lov 10. juni 1988 nr. 39 om forsikringsvirksomhet.

36. Til lov 17. juli 1953 nr. 2 om erstatning for krigsskade på eiendom og interesse

I §§ 25 og 30 er det vist til lov 29. juli 1911 nr. 1 om forsikringsselskaper. Denne lova er erstatta av lov 10. juni 1988 nr. 39 om forsikringsvirksomhet.

37. Til lov 17. juli 1953 nr. 9 om sivilforsvaret

I § 23 tredje ledd er det vist til § 28. § 28 blei oppheva ved lov 9. juni 1961 nr. 19.

I § 41 a første ledd er det vist til lov 25. juni 1948. Denne lova er erstatta av lov 29. juni 1990 nr. 50 om produksjon, omforming, overføring, omsetning, fordeling og bruk av energi m.m. kapittel 6.

I § 63 tredje ledd er det vist til lov 6. mai 1921 nr. 3 §§ 13 til 18 jf. § 26 om saksbehandling og klage. Reglar om dette finst no i lov 20. mai 1988 nr. 32 om militær disiplinærmyndighet.

38. Til lov 26. november 1954 nr. 3 om stønad ved krigsskade på person

I § 12 nr. 1 andre og tredje ledd er det vist til lov 10. april 1915 nr. 3 som er oppheva. No gjeld lov 8. april 1981 nr. 7 om barn og foreldre. Ordninga med bidragsplikt utan dom for farskap fall bort ved lov 21. desember 1956 nr. 10 om born utanom ekteskap. Departementet meiner derfor at ein kan oppheve § 12 nr. 1 tredje ledd. I § 31 første ledd er det tale om tvangsarbeidshus. Reglane om tvangsarbeid som straff er oppheva. I § 41 nr. 2 er det i bokstav a vist til lov 5. desember 1958 nr. 1 om vanføre og i bokstav b til lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd. Bokstav b blei endra i samband med den nye lova om folketrygd, lov 28. februar 1997 nr. 19. Lov 5. desember 1958 nr. 1 om vanføre blei oppheva ved lov 13. juni 1980 nr. 46. Reglane om det som tidlegare blei omtala som «vanføre», finst no i lov om folketrygd. Det er då berre denne lova som § 41 nr. 2 skal avgrense mot. Avgrensinga er permanent og ikkje ei overgangsføresegn. Avgrensinga høyrer derfor betre heime i kapittel 8 enn i kapittel 9 i lova. Departementet foreslår at regelen blir flytta til ein ny § 39 a.

39. Til lov 7. desember 1956 nr. 1 om tilsynet for kredittinstitusjoner, forsikringsselskaper og verdipapirhandel m.v.

I § 7 første ledd er det vist til lov 17. juni 1988 nr. 57 om verdipapirbørs. Denne lova er oppheva. Føresegna om tillating i § 1-2 svarer til lov 17. november 2000 nr. 80 om børsvirksomhet m.m. § 2-1. «Verdipapirsentralen» blei endra til «et verdipapirregister» ved lov 5. juli 2002 nr. 64 om registrering av finansielle instrumenter. For å betre samanhengen i føresegna blir det teke inn ei tilvising til verdipapirregisterloven, og «et verdipapirregister» blir endra til «verdipapirregister». Tilvisingane til verdipapirhandellova §§ 2-3 og 4-8 er òg feil. Reglane om oppgjerssentral står § 6-1.

I § 9 femte ledd er det vist til lov 29. juli 1911 nr. 1 om forsikringsselskaper. Denne lova er erstatta av lov 10. juni 1988 nr. 39 om forsikringsvirksomhet.

40. Til lov 14. desember 1956 nr. 7 om forsynings- og beredskapstiltak

I § 31 er det mellom anna vist til § 27. § 27 blei oppheva ved lov 7. juni 1985 nr. 49.

41. Til lov 28. juni 1957 nr. 16 om friluftslivet

I § 3 andre ledd fall tankestreken etter «uansett inngjerding» bort under behandlinga i stortingskomiteen. I § 6 andre ledd er det vist til vassdragslova frå 1940. Lov 24. november 2000 nr. 82 om vassdrag og grunnvann (vannressursloven) har erstatta denne lova. For å få best språkleg samanheng er den fulle tittelen på dei to lovene det er vist til, teken inn.

42. Til lov 12. desember 1958 nr. 10 om yrkesskadetrygd

I § 1 nr. 2 første ledd første punktum er det tale om fengselsvesenets anstalter. Etter at den nye straffegjennomføringsloven (lov 18. mai 2001 nr. 21) erstatta den gamle fengselslova, taler ein ikkje lenger om fengselsvesenet, men om kriminalomsorga. Endringa i terminologi blei ikkje følgd opp i lov om yrkesskadetrygd § 1.

43. Til lov 28. mai 1959 nr. 12 om kvalitetskontroll med fisk og fiskevarer o.a.

I § 10 er det vist til Sundhetsloven. Sundhetsloven er erstatta av lov 5. august 1994 nr. 55 om vern mot smittsomme sykdommer. Det gir best samsvar om ein bruker same mal for tittelen til begge lovene det blir vist til.

44. Til lov 23. oktober 1959 nr. 3 om oreigning av fast eigedom

I § 17 andre ledd er det vist til § 5 andre ledd. § 5 blei endra ved lov 13. februar 1976 nr. 2. Tidlegare andre ledd blei då tredje ledd, sjå Ot.prp. nr. 20 (1975-1976).

I § 30 er det vist til tre lover som er oppheva ved lov 15. juni 1990 nr. 18, sjå § 30 nr. 4, nr. 11 og nr. 13. I § 30 nr. 10 er det vist til lov 19. mai 1933 nr. 8 om rekvisisjonsrett for politiet. Denne lova blei oppheva ved lov 4. august 1995 nr. 53 om politiet. Det blei ikkje laga nye reglar om rekvisisjonsrett, sjå Ot.prp. nr. 22 (1994-1995). I tillegg er dei gamle lovene om jordbruk og luftfart erstatta av lov 11. juni 1993 nr. 101 om luftfart og lov 12. mai 1995 nr. 23 om jord, sjå § 30 nr. 19 og nr. 24. Då oppramsinga i § 30 blei oppdatert ved lov 8. mars 1985 nr. 9, blei det lagt opp til at nummeret skulle stå ope når eldre lover blir tekne ut. Nye lover skulle føyast til som nytt nummer. Denne framgangsmåten har ikkje blitt følgt konsekvent i ettertid. I tillegg kan oppramsinga bli svært lang. Departementet foreslår derfor at det blir laga ei ny oppramsing med fortløpande nummerering og lovene konsekvent nemnde i kronologisk orden. I Ot.prp. nr. 58 (2002-2003) blir teleloven foreslått avløyst av ei ny lov om elektronisk kommunikasjon med tilsvarande endring i oreigningslova § 30 nr. 2. Denne endringa må koordinerast med den endringa i § 30 som blir foreslått i proposisjonen her. I lovframlegget her er ikkje teleloven nemnd, og lova om elektronisk kommunikasjon er ført opp sist i § 30.

45. Til lov 24. mai 1961 nr. 1 om sparebanker

I § 20 andre ledd er det tale om «mellomgodtgjørelse». Det går fram av forarbeida at det var meininga at det skulle stå «mellommannsgodtgjørelse», ikkje «mellomgodtgjørelse», sjå Ot.prp. nr. 5 (1960-1961). Her er det vist til at føresegna svarer til føresegna i aksjelova 1957 § 59, der det står «mellommannsgodtgjørelse», sjå no aksjeselskapsloven 1997 § 6-17 og allmennaksjeselskapsloven 1997 § 6-17. «Mellommannsgodtgjørelse» er eit meir alminneleg uttrykk.

46. Til lov 21. juni 1963 nr. 23 Veglov

I § 1 første ledd og § 6 har det ved ein feil kome inn ein «n» til slutt i «fylkeskommune».

I § 40 er det tale om «vegkontoret». § 10 om vegkontor blei endra ved lov 21. juni 2002 nr. 39. Det rette namnet er no regionvegkontor.

47. Til lov 15. november 1963 om fullbyrding av nordiske dommer på straff m.v.

I § 13 første ledd er det vist til lov 12. desember 1958 nr. 7 om fengselsvesenet. Lova er erstatta av lov 18. mai 2001 nr. 21 om gjennomføring av straff mv.

I § 14 er det vist til lov 12. desember 1958 nr. 7 om fengselsvesenet. Lova er erstatta av lov 18. mai 2001 nr. 21 om gjennomføring av straff mv.

I § 15 andre ledd er det vist til § 40 i lov 12. desember 1958 om fengselsvesenet. Reglane om det same finst no i lov 18. mai 2001 nr. 21 om gjennomføring av straff mv. § 44.

I § 24 andre ledd er det tale om Fengselsstyret. Rett namn skal no vere Kriminalomsorgens sentrale forvaltning, jf. lov 18. mai 2001 nr. 21 om gjennomføring av straff mv. § 5 og Ot.prp. nr. 5 (2000-2001).

48. Til lov 19. juni 1964 nr. 14 om avgift på arv og visse gaver

§ 4 tredje ledd blei endra to gonger i mars 1999, ved lov 19. mars 1999 nr. 10 og ved lov 26. mars 1999 nr. 14. Denne siste endringa skjedde i samband med ny skattelov. Det blei då teke utgangspunkt i ordlyden slik han var før endringa 19. mars, noko som gjorde at siste del av første punktum og heile andre punktum fall ut. Siste del av første punktum blei teken inn att ved lov 17. desember 1999 nr. 87, medan andre punktum aldri har blitt retta opp.

49. Til lov 4. desember 1964 nr. 1 om fristar og betalingsutsetjing og ymist anna i serlege tilhøve

I § 2 er det vist til to lover som er oppheva. Lov 6. mai 1921 nr. 3 om militær refsings- og politimakt er erstatta av lov 20. mai 1988 nr. 32 om militær disiplinærmyndighet. I tillegg finst reglane om rettargangsmåten for militære straffesaker i dag i lov 22. mai 1981 nr. 25 om rettergangsmåten i straffesaker kapittel 33 til 36.

50. Til lov 21. mai 1965 om skogbruk og skogvern

I § 39 er det vist til lov 18. mars 1955 om tilskiping av jordbruk og reglane om sams skog i § 29. Lova blei oppheva ved lov 12. mai 1995 nr. 23 om jord. Det blei ikkje teke inn noka føresegn som svarer til § 29. Sams skog gjekk ved den nye lova over til å bli ordinære sameiger etter lov 18. juni 1969 nr. 6 om sameie.

I § 49 femte ledd heiter det at skogeigarar må sende søknad til skogrådet i kommunen. I § 4 første ledd nr. 1 blei «skogrådet i kommunen» endra til «kommunen» ved lov 11. juni 1993 nr. 96. Endringa blei ikkje følgd opp i § 49.

51. Til lov 18. juni 1965 nr. 4 Vegtrafikklov

§ 33 nr. 4 blei endra ved lov 22. september 2000 nr. 79. Det som skulle ha vore første ledd, blei då ved ein feil vedteke som to ledd, slik at tilvisingane i lovteksten blei feil. Nr. 4 bør derfor vedtakast på ny med riktig leddinndeling.

52. Til lov 10. juni 1966 nr. 5 om toll

I § 77 andre ledd er det vist til lov 15. februar 1918 om offentlige tjenestemenn som no er erstatta av lov 4. mars 1983 nr. 3 om statens tjenestemenn m.m.

53. Til lov 17. juni 1966 nr. 19 om Norges fiskerigrense og om forbud mot at utlendinger driver fiske m.v. innenfor fiskerigrensen

I § 2 første ledd nr. 2 har ordet «allmennaksjeselskaper» falle ut. Ordet kom inn ved lov 13. juni 1997 nr. 44 om aksjeselskaper. Då § 2 første ledd nr. 2 blei endra ved lov 26. mars 1999 nr. 15, tok ein utgangspunkt i ordlyden slik han var før lov 13. juni 1997 nr. 44.

54. Til lov 7. juli 1967 nr. 13 om husleieregulering m.v. for boliger

Meininga i § 2 andre ledd er at kapittel III skal gjelde, men at resten av lova ikkje skal gjelde ved utleige frå stat, fylkeskommune eller kommune. «Med unntak fra kapittel III» må bli «Med unntak av kapittel III».

I § 23 tredje ledd er det vist til § 17. § 17 blei oppheva ved lov 26. mars 1999 nr. 17. Ny § 17 kom så inn i lova ved lov 22. desember 1999 nr. 99, men då med reglar om eit anna emne.

55. Til lov 15. desember 1967 nr. 9 om patenter

I § 53 andre ledd er det vist til § 52. Ved lov 8. juni 1979 nr. 35 fekk § 52 eit nytt andre ledd. Tredje og fjerde ledd blei då fjerde og femte ledd. Endringa blei ikkje følgd opp i § 53.

I § 68 første ledd er det vist til § 76 punkt 8. Ved lov 8. juni 1979 nr. 35 blei § 72 ny § 76, og § 68 første ledd blei derfor retta på dette punktet. Tidlegare § 72 punkt 8 inneheldt ein overgangsregel som ikkje lenger er aktuell.

56. Til lov 13. juni 1969 nr. 26 om skadeserstatning

I § 2-1 nr. 3 er det tale om fengselsvesenets anstalter. Etter at den nye straffegjennomføringsloven (lov 18. mai 2001 nr. 21) erstatta den gamle fengselslova, taler ein ikkje lenger om fengselsvesenet, men om kriminalomsorgen. Endringa i terminologi blei ikkje følgd opp i denne lova.

57. Til lov 19. juni 1969 nr. 66 om merverdiavgift

I § 64 har ikkje nummeret på lov 10. juni 1966 nr. 5 om toll kome med.

58. Til lov 6. mars 1970 nr. 5 om avgrensing i retten til å sleppa hingstar, oksar, verar og geitebukkar på beite

I § 2 er det vist til lov 16. juni 1989 nr. 80 om kåring av avlshingster. Lova blei oppheva ved lov 4. desember 1992 nr. 130 om husdyravl der det i § 5 heiter at departementet kan gje føresegner om kåring av avlshingstar.

59. Til lov 19. juni 1970 nr. 63 om naturvern

I § 19 første ledd og § 20 b er det vist til § 18 tredje ledd. § 18 blei endra ved lov 21. april 1989 nr. 17. Regelen i § 18 tredje ledd blei då flytta til § 18 nr. 4 utan at dette blei følgt opp i §§ 19 og 20 b.

60. Til lov 19. juni 1970 nr. 69 om offentlighet i forvaltningen

§ 3 blei endra ved lov 15. desember 2000 nr. 98. Definisjonen av dokument blei inspirert av dokumentdefinisjonen i avleveringslova. Same endring blei gjennomførd i arkivlova. Både avleveringslova og arkivlova er på nynorsk, og den relevante delen av føresegna lyder: «...for seinare lesing, lyding, framsyning eller overføring». I offentlighetsloven er ordet «framføring» brukt som det nynorske ordet «framsyning». Departementet foreslår at ordet «framføring» blir endra til «fremvisning». Ordet «fremvisning» er meir dekkjande for realiteten i føresegna og vil i tillegg gi betre samsvar med avleveringslova og arkivlova.

61. Til lov 21. mai 1971 nr. 47 om brannfarlige varer samt væsker og gasser under trykk

I § 43 andre ledd er det vist til andre ledd. Bakgrunnen er at tidlegare andre ledd blei oppheva ved lov 8. desember 2000 nr. 85. Det som no er andre ledd, var tidlegare tredje ledd.

62. Til lov 11. juni 1971 nr. 52 om strafferegistrering

I § 6 første ledd nr. 10 er det vist til § 13 f i lov 28. april 1961 nr. 2 om psykisk helsevern. Denne lova er erstatta av lov 2. juli 1999 nr. 62 om etablering og gjennomføring av psykisk helsevern. § 5-6 i den nye lova svarer til § 13 f i den gamle lova, sjå Ot.prp. nr. 11 (1998-1999). I tillegg skal det i dag heite anstalt under kriminalomsorga, ikkje under fengselsvesenet, sjå merknaden til lov 12. desember 1958 nr. 10 om yrkesskadetrygd.

63. Til lov 9. juni 1972 nr. 31 om reinbeiting i henhold til konvensjon av 9 februar 1972 mellom Norge og Sverige om reinbeite

§ 54 første ledd nr. 7 andre punktum stod tidlegare som andre ledd i § 54. Dette blei endra ved ein feil ved lov 29. mars 1985 nr. 17.

64. Til lov 16. juni 1972 nr. 47 om kontroll med markedsføring og avtalevilkår

I § 13 sjuande ledd er det vist til § 13 femte ledd. § 13 fekk eit nytt tredje ledd ved lov 21. desember 2001 nr. 100. Endringa blei ikkje følgd opp i § 13 sjuande ledd.

65. Til lov 31. mai 1974 nr. 19 om konsesjon ved erverv av fast eiendom

Etter ordlyden i endringslov 21. juni 2002 nr. 38 skulle § 2 femte ledd bli oppheva. Paragrafen hadde berre fire ledd, og det var klart at det eigentleg var meint tredje ledd.

§ 5 første ledd nr. 1 blei endra ved lov 12. mai 1995 nr. 23. Meininga var å endre nr. 1 første ledd, ikkje å oppheve nr. 1 andre ledd, slik ein formelt sett gjorde.

66. Til lov 14. juni 1974 nr. 39 om eksplosive varer

I § 10 er det vist til lov 7. desember 1956 nr. 2 om arbeidervern. Denne lova er erstatta av lov 4. februar 1977 nr. 4 om arbeidervern og arbeidsmiljø m.v. Spørsmålet er ikkje regulert direkte i lova. Det er heller ikkje funne forskrifter etter den gamle lova som ein må vise til. Det held derfor å tale om «forskrifter etter § 35 eller etter lov 4. februar 1977 nr. 4 om arbeidervern og arbeidsmiljø m.v.».

I § 18 andre ledd er det vist til lov 1. mars 1940 nr. 1 om yrkesskoler for håndverk og industri. Denne lova er oppheva. Reglane om yrkesskular finst no i lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa.

67. Til lov 28. juni 1974 nr. 58 om odelsretten og åsetesretten

I § 50 er det vist til lov 16. juni 1939 nr. 6 om husleie § 8. Lova blei oppheva ved lov 26. mars 1999 nr. 17 om husleieavtaler. Ho gjeld likevel i nokre tilfelle for eldre kontraktar, men når det er tale om § 8 om fristar for oppseiing, står det i den nye lova § 13-2 bokstav b at kapittel 9 gjeld for oppseiing som er gjord etter at den nye lova er trått i kraft. Den nye føresegna om fristar for oppseiing finst i § 9-6. For å få betre språkleg samanheng er det brukt same mal for lovene det er vist til.

68. Til lov 21. mars 1975 nr. 9 om nordisk vitneplikt

I § 3 er det vist til straffeprosessloven §§ 117 til 125 og tvistemålsloven §§ 204 til 209. Straffeprosessloven § 125 blei endra ved lov 14. juni 1985 nr. 71. Ved same lov fekk tvistemålsloven ein ny § 209 a som skulle svare til straffeprosessloven § 125, sjå Ot.prp. nr. 53 (1983-1984). Lov 14. juni 1985 nr. 71 endra òg § 3 i lov om nordisk vitneplikt, men § 209 a blei ved ein feil ikkje teken inn. I tillegg må ein bruke dei offisielle korttitlane til straffeprosessloven og tvistemålsloven, utan å omsetje dei til nynorsk.

69. Til lov 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane

I § 7 bokstav c er det vist til lov 12. november 1954 nr. 1 om styret i herreds- og bykommunene § 25. Lova blei oppheva ved lov 25. september 1992 nr. 107 om kommuner og fylkeskommuner. I dag står den tilsvarande regelen i den nye lova § 10.

70. Til lov 28. mai 1976 nr. 35 om voksenopplæring

I § 8 tredje ledd første punktum er det vist til §§ 17 og 18. Desse paragrafane blei oppheva ved lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa. I Ot.prp. nr. 46 (1997-1998) punkt 25.2.1 heiter det:

«Som nemnt ... gjer utvalet framlegg om at grunnskoleopplæring og vidaregåande opplæring spesielt organisert for vaksne som kommunen eller fylkeskommunen er ansvarleg for, skal regulerast av den nye opplæringslova, ikkje av vaksenopplæringslova som i dag.»

Framlegget fekk tilslutting, og ordninga kjem til uttrykk i lov om voksenopplæring § 2 tredje ledd som lyder:

«For grunnskoleopplæring og videregående opplæring spesielt organisert for voksne gjelder lov om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova).»

I § 8 tredje ledd første punktum kan ein ta ut tilvisinga til §§ 17 og 18, men behalde resten av første punktum.

I § 9 tredje ledd er det vist til § 13 som blei oppheva ved lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa.

I § 20 tredje ledd er det vist til prinsippet i § 10 fjerde ledd. § 10 er blitt endra ved lov 28. februar 1992 nr. 20 og ved lov 17. juli 1998 nr. 61. Endringane har ikkje blitt følgt opp i § 20. Det som tidlegare var § 10 fjerde ledd, er no § 10 sjette ledd.

71. Til lov 4. februar 1977 nr. 4 om arbeidervern og arbeidsmiljø m.v.

Etter at den nye straffegjennomføringsloven (lov 18. mai 2001 nr. 21) erstatta den gamle fengselslova, taler ein ikkje lenger om fengselsvesenet, men om kriminalomsorga. Endringa i terminologi blei ikkje følgd opp i lov om arbeidervern og arbeidsmiljø, sjå §§ 3 nr. 2, 42 andre ledd og 44 andre ledd.

I tillegg har tvistemålsloven fått ny tittel utan at det har blitt følgt opp i § 61 nr. 1. Det gir best samsvar om ein bruker same mal for tittelen til begge lovene det blir vist til.

72. Til lov 29. april 1977 nr. 34 om kommunal forkjøpsrett til leiegårder

§ 7 fjerde ledd blei endra ved lov 26. juni 1992 nr. 86 om tvangsfullbyrdelse og midlertidig sikring. På grunn av parallelle endringar, sjå lov 20. desember 1991 nr. 88, blei ikkje endringa følgd opp.

73. Til lov 10. juni 1977 nr. 82 om motorferdsel i utmark og vassdrag

I § 2 andre ledd er det vist til lov 28. juni 1957 nr. 16 om friluftslivet § 1. Formålsparagrafen i § 1 kom inn ved lov 21. juni 1996 nr. 37. Tidlegare § 1 blei då § 1 a.

I § 2 femte ledd er det vist til lov 16. desember 1960 nr. 1 om luftfart. Lova er erstatta av lov 11. juni 1993 nr. 101 om luftfart. Reglane om konsesjon og tillating fanst tidlegare i den nye lova § 7-5 og § 7-10. § 7-10 blei oppheva ved lov 4. mai 2001 nr. 18. I forarbeida heiter det at dei tilfella som tidlegare gjekk under § 7-10, no skulle følgje hovudregelen i § 7-5. I tillegg blei unntaket for statlege flyplassar teke ut av § 7-5. Det riktige må derfor bli å berre vise til § 7-5 i den nye lova om luftfart.

74. Til lov 9. juni 1978 nr. 45 om likestilling mellom kjønnene

I § 10 andre ledd er det tale om Norsk Arbeidsgiverforening, som no heiter Næringslivets Hovedorganisasjon.

I § 11 første ledd tredje punktum har det kome inn ein feil. Ombodet kan «forelegge» saken for nemnda, ikkje «forelegges».

I § 18 tredje ledd er det vist til § 16 som tidlegare inneheldt føresegner om teieplikt. Ved lov 14. juni 2002 nr. 21 blei § 16 endra til ei føresegn om bevisbyrde. I forarbeida heiter det at reglane om teieplikt i forvaltningsloven skal gjelde. Det gir då ikkje noko meining å vise til § 16 i § 18.

75. Til lov 9. juni 1978 nr. 49 om reindrift

I § 5 fjerde ledd er det vist til §§ 39 til 43 i lov 18. mars 1955 nr. 2 om tilskiping av jordbruk. Denne lova er no erstatta av lov 12. mai 1995 nr. 23 om jord. Reglane om sams tiltak blei ikkje følgde opp i den nye lova. I staden fekk ein reglar om dette i lov 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte, i ny § 34 a.

76. Til lov 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte

I § 56 er det vist til lov 18. mars 1949 nr. 5 om vern mot jordøydelegging. Denne lova blei oppheva ved lov 12. mai 1995 nr. 23 om jord. Samtykket etter § 1 siste ledd gjekk ut på å godta avvik frå minstemåla for kor mykje torv eller jord som måtte liggje att. Reglar om dette finst no i lov 12. mai 1995 nr. 23 om jord § 10.

77. Til lov 13. juni 1980 nr. 24 om ligningsforvaltning

Då § 6-16 bokstav c blei endra ved lov 24. november 2000 nr. 81, tok ein utgangspunkt i ordlyden slik han var før endringa i samband med ny skattelov, lov 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt. I tillegg blei orda «og gaver til selskaper, stiftelser eller sammenslutninger» borte i samband med endringa i 2000.

I § 8-3 nr. 4 er det vist til § 9-2 nr. 4 andre punktum. I samband med at ordninga med førehandsutfylt sjølvmelding blei gjord permanent, kom det inn eit nytt andre punktum i § 9-2 nr. 4, sjå lov 15. desember 2000 nr. 92. Tidlegare andre punktum blei då nytt tredje punktum. Føresegna i § 8-3 nr. 4 blei ved ein feil ikkje retta i samsvar med dette.

§ 10-1 blei endra ved lov 21. desember 1990 nr. 64, og ordet «begrenses» blei då ved ein feil gjort om til «beregnes».

78. Til lov 13. juni 1980 nr. 35 om fri rettshjelp

I § 22 tredje ledd nr. 4 blei det ved ein feil vist til kapittel 6 i staden for kapittel 5 i lov 5. august 1994 nr. 55 om vern mot smittsomme sykdommer. Feilen kom inn i den andre odelstingsproposisjonen i samband med den nye smittevernlova, Ot.prp. nr. 28 (1993-1994). Det går fram av proposisjonen at det ikkje var meininga å endre noko i forhold til forslaget i Ot.prp. nr. 91 (1992-1993).

79. Til lov 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forurensning og om avfall

§ 25 siste punktum blei endra ved lov 5. mai 1995 nr. 20. Det går klart fram av forarbeida at det var meininga at § 25 skulle vise til kapittel IX i lov 14. juni 1985 nr. 77 Plan- og bygningslov i staden for kapittel VI i den gamle bygningslova, sjå Ot.prp. nr. 39 (1993-1994).

I § 33 femte ledd er det vist til lov 13. august 1915 nr. 6 om «rettergangsmaaten for tvistemaal». Lova har fått ny tittel.

80. Til lov 22. mai 1981 nr. 25 om rettergangsmåten i straffesaker

I § 109 første ledd har det kome inn ein skrivefeil. Det skal heite «kostnader», ikkje «kostander».

I § 187 andre ledd har ein gløymt å endre «samfunnstjeneste» til «samfunnsstraff» i samband med omlegginga ved lov 18. mai 2001 nr. 21 om gjennomføring av straff mv.

I § 222 b kom ordet «forhørsrett» ved ein feil inn igjen ved lov 10. januar 2003 nr. 2.

I § 242 første ledd er det vist til «kjennelse etter annet ledd». Eit nytt andre ledd kom inn ved lov 28. juli 2000 nr. 73, og tidlegare andre ledd blei nytt tredje ledd. Dette blei ikkje retta opp i første ledd.

81. Til lov 12. juni 1981 nr. 61 om pensjonsordning for stortingsrepresentanter

I § 6 første ledd er det vist til lov 28. juli 1949 nr. 26 om Statens Pensjonskasse §§ 27 til 39 og § 50 femte ledd. § 39 blei oppheva ved lov 21. mai 1982 nr. 27. Ved same lov blei tidlegare § 50 ny § 44. Føresegna som tidlegare stod i § 50 femte ledd, finst no i § 44 sjuande ledd, sjå Ot.prp. nr. 31 (1981-1982). I tillegg manglar nummeret til lov om Statens Pensjonskasse.

82. Til lov 19. november 1982 nr. 66 om helsetjenesten i kommunene

I § 1-3 første ledd nr. 1 bokstav e skal det i dag stå anstalt under kriminalomsorga, ikkje under fengselsvesenet, sjå merknaden til lov 12. desember 1958 nr. 10 om yrkesskadetrygd.

§ 3-5 fjerde ledd blei lagt til ved lov 2. juli 1999 nr. 64, men då paragrafen igjen blei endra ved lov 23. juni 2000 nr. 56, tok ein utgangspunkt i den gamle ordlyden, og leddet kom ikkje med.

§ 3-6 blei føydd til ved lov 23. juni 2000 nr. 56, men blei då vedteken som § 3-5. Grunnen var at ein ikkje tok omsyn til at § 3-4 blei § 3-5 ved lov 2. juli 1999 nr. 64.

§§ 6-2 a og 6-6 manglar overskrifter. Når alle dei andre føresegnene har overskrifter, gir det betre samanheng om desse to paragrafane følgjer det same mønsteret.

83. Til lov 8. juni 1984 nr. 51 om havner og farvann m.v.

I § 28 bokstav a og b er det vist til § 18 første og andre ledd. § 18 fekk eit nytt første ledd ved lov 11. juni 1993 nr. 85. Første og andre ledd blei andre og tredje ledd. Tilvisinga i § 28 blei ikkje retta opp.

84. Til lov 8. juni 1984 nr. 55 om linjekonferanser m.v.

I overskrifta til § 10 er det vist til «prisloven», med andre ord lov 26. juni 1953 nr. 4 om kontroll og regulering av priser, utbytte og konkurranseforhold. Lova blei oppheva ved lov 11. juni 1993 nr. 65 om konkurranse i ervervsvirksomhet (konkurranseloven).

85. Til lov 8. juni 1984 nr. 58 om gjeldsforhandling og konkurs

§ 84 tredje ledd blei endra ved lov 30. august 2002 nr. 67 om endringer i rettergangslovgivningen m.m. (bortfall av funksjonsbetegnelser på domstolene m.m.). Ein gløymde då å endre «skifteretten» til «retten» i andre ledd.

I § 110 tredje ledd er det vist til § 130 andre ledd. Både § 110, § 128 og § 130 blei endra ved lov 3. september 1999 nr. 72. Reglane i tidlegare § 130 andre ledd blei då flytta til § 128 tredje ledd, sjå Ot.prp. nr. 26 (1998-1999).

86. Til lov 8. juni 1984 nr. 59 om fordringshavernes dekningsrett

I § 1-3 andre ledd har ein gløymt å endre «skifteretten» til «tingretten» i samband med lov 30. august 2002 nr. 67 om endringer i rettergangslovgivningen m.m. (bortfall av funksjonsbetegnelser på domstolene m.m.).

I § 7-10 første ledd er det vist til § 7-6 første ledd første punktum, og i § 7-10 andre ledd er det vist til § 7-6 første ledd andre punktum. § 7-6 blei endra ved lov 3. september 1999 nr. 72. Paragrafen fekk ei anna inndeling utan at det blei følgt opp i § 7-10. Det går klart fram av forarbeida at tidlegare første ledd første punktum svarer til dagens første ledd andre punktum, og at tidlegare første ledd andre punktum svarer til dagens andre ledd, sjå Ot.prp. nr. 26 (1998-1999).

87. Til lov 14. juni 1985 nr. 73 om tilskot til private grunnskular og private skular som gjev vidaregåande opplæring

I § 17 andre ledd første punktum har det ved ein feil kome inn eit «som».

I § 22 tredje ledd er det vist til lov 13. juni 1969 nr. 24 om grunnskolen § 32 nr. 7. Lova blei oppheva ved lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa. Reglane om samansetjinga av samarbeidsutval finst i den nye lova § 11-1 fjerde ledd, sjå Ot.prp. nr. 46 (1997-1998).

I § 26 Tilskotsregel nr. 1 er det vist til lov 13. juni 1969 nr. 24 om grunnskolen. Lova blei oppheva ved lov 17. juli 1998 nr. 61 om grunnskolen og den vidaregåande opplæringa.

88. Til lov 21. juni 1985 nr. 78 om registrering av foretak

I § 3-7 første ledd nr. 4 er det vist til lov 6. juni 1980 nr. 21 om handelsvirksomhet (handelsloven) § 1-4. Handelsloven blei oppheva ved lov 22. desember 1999 nr. 105 om handelsverksemd med brukte og kasserte ting. Det er ingen føresegner i den nye lova som svarer til handelsloven § 1-4.

I § 3-8 første ledd nr. 9 er det vist til nr. 7. Leddet fekk inn eit nytt nr. 3 ved lov 27. november 1992 nr. 118, og dei etterfølgjande ledda fekk nye nummer. Tilvisinga i nr. 9 blei ikkje retta til nr. 8.

I § 4-4 bokstav a er det tale om «stiftelsesavtalen i ansvarlig selskap». Etter selskapsloven § 2-3 skal det ikkje heite stiftelsesavtale, men selskapsavtale.

I § 4-4 bokstav e er det vist til lov 13. juni 1997 nr. 44 om aksjeselskaper § 15-1 første ledd andre punktum. § 15-1 første ledd andre punktum, blei oppheva ved lov 2. juli 1999 nr. 59. Regelen som tidlegare stod i første ledd andre punktum, står no i andre ledd andre punktum. Vidare er det vist til lov 13. juni 1997 nr. 45 om allmennaksjeselskaper § 15-1 første ledd andre punktum. Første ledd andre punktum blei oppheva ved lov 2. juli 1999 nr. 59. Kravet om vedlegg blei då fjerna.

89. Til lov 21. juni 1985 nr. 83 om ansvarlige selskaper og komandittselskaper

I § 3-13 femte ledd er det tale om handelsregisteret. Foretaksregisteret har teke over for handelsregisteret, sjå lov 21. juni 1985 nr. 78 om registrering av foretak. I samband med den nye lova om registrering av foretak blei § 3-13 første ledd endra, medan ein gløymde å endre femte ledd, sjå Ot.prp. nr. 50 (1984-1985).

90. Til lov 25. april 1986 nr. 11 om tilskudd til fjerning av innretninger på kontinentalsokkelen

§ 2 første ledd andre punktum blei endra ved lov 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt. I samband med ei seinare endring, ved lov 7. januar 2000 nr. 1, blei den tidlegare ordlyden brukt.

91. Til lov 19. juni 1986 nr. 35 om mesterbrev i håndverk og annen næring

I § 6 andre ledd heiter det at ein av medlemmene til Mesterbrevnemnda skal oppnemnast etter forslag frå Norges Håndverkerforbund. Norges Håndverkerforbund gjekk saman med mellom andre Norsk Arbeidsgiverforening inn i det som i dag heiter Næringslivets Hovedorganisasjon.

92. Til lov 11. juli 1986 nr. 52 om endring i lov av 13. mars 1936 nr. 3 om politiet og i lov av 16. juni 1961 nr. 7 om lensmenn

Endringane i lensmannslova §§ 2, 3 og 6 nr. 1 har ikkje trådd i kraft. Lensmannslova blei endra på ny ved lov 4. august 1995 nr. 53. Det er derfor ikkje aktuelt å la endringane frå 1986 trå i kraft.

93. Til lov 12. juni 1987 nr. 56 om Sametinget og andre samiske rettsforhold

I § 3-4 tredje ledd er det tale om fengselsvesenets anstalter. No skal det heite kriminalomsorgens anstalter, sjå merknaden til lov 12. desember 1958 nr. 10 om yrkesskadetrygd.

94. Til lov 18. desember 1987 nr. 97 om endringer i rettergangslovgivningen m.m.

Alle endringane er trådd i kraft utan endringane i straffeprosessloven § 456 første ledd første til sjette punktum. § 456 blei endra på ny ved lov 2. november 1990 nr. 58. Det er derfor ikkje aktuelt å setje i kraft endringa i første ledd første til sjette punktum i endringslova frå 1987.

95. Til lov 29. april 1988 nr. 21 om ferie

I § 10 nr. 4 tredje ledd er det vist til folketrygdloven § 4-14. Ordninga med ferietillegg til dagpengar blei avvikla ved lov 20. desember 2002 nr. 90. Endringa blei ikkje følgd opp i lov 29. april 1988 nr. 21 om ferie.

96. Til lov 16. juni 1989 nr. 53 om eiendomsmegling

I § 5-2 er det vist til § 2-3 tredje ledd. Ved lov 23. april 1999 nr. 20 fekk § 2-3 eit nytt tredje ledd og tidlegare tredje ledd blei fjerde ledd. Endringa blei ikkje følgd opp i § 5-2.

97. Til lov 16. juni 1989 nr. 54 om offisiell statistikk og Statistisk Sentralbyrå

I § 2-6 er det vist til § 5-1 tredje ledd som blei oppheva ved lov 20. juni 1991 nr. 66, sjå Ot.prp. nr. 27 (1990-1991).

98. Til lov 16. juni 1989 nr. 64 om endringer i straffeloven og straffeprosessloven m.m. (nådesøknad, herreds-/byrettens kompetanse i straffesaker, påtaleunnlatelse, foreldelse av straffansvaret for foretak, fengsling på lørdager m.m.)

Heile endringslova har trådd i kraft, utan endringa i straffeprosessloven § 147. Det blir for tida arbeidd med ei ny endring i straffeprosessloven § 147. Ein vil med andre ord ikkje setje i kraft endringa frå 1989. Departementet foreslår derfor at ho blir oppheva.

99. Til lov 16. juni 1989 nr. 65 om yrkesskadeforsikring

I § 2 er det tale om fengselsvesenets anstalter. No skal det heite kriminalomsorgens anstalter, sjå merknaden til lov 12. desember 1958 nr. 10 om yrkesskadetrygd.

100. Til lov 29. juni 1990 nr. 50 om produksjon, omforming, overføring, omsetning, fordeling og bruk av energi m.m.

I § 7-4 andre ledd er det vist til § 2-2. Tidlegare § 2-1 blei oppheva, og § 2-2 blei ny § 2-1 ved lov 15. juni 2001 nr. 82. Endringa blei ikkje følgd opp i § 7-4.

101. Til lov 7. juni 1991 nr. 24 om godkjenning og drift av innretninger til bruk i tivoli og fornøyelsesparker

I § 6 andre ledd er det vist til lov 13. august 1915 nr. 7 om tvangsfullbyrdelse. Lova blei oppheva ved lov 26. juni 1992 nr. 86 om tvangsfullbyrdelse og midlertidig sikring.

102. Til lov 20. juli 1991 nr. 67 om overføring av domfelte

I § 12 fjerde ledd andre punktum er det vist til lov 12. desember 1958 nr. 7 om fengselsvesenet (fengselsloven). Denne lova er erstatta av lov 18. mai 2001 nr. 21 om gjennomføring av straff mv.

103. Til lov 15. mai 1992 nr. 47 om laksefisk og innlandsfisk m.v.

I § 42 fjerde ledd er det vist til lov 13. mars 1936 nr. 3 om politiet § 15. Lova er oppheva, og føresegna om dette finst no i lov 4. august 1995 nr. 53 om politiet § 20.

104. Til lov 19. juni 1992 nr. 59 om bygdeallmenninger

I §§ 8-4 første ledd og 8-7 første ledd er det vist til lov 6. mars 1964 om laksefisket og innlandsfisket. Denne lova er erstatta av lov 15. mai 1992 nr. 47 om laksefisk og innlandsfisk m.v. Forholdet til bygdeallmenningar blei vesentleg forenkla i den nye lova, jf. § 21 der det heiter: «For fiske i bygdeallmenning gjelder bestemmelsene i lov av 19. juni 1992 nr. 59 om bygdeallmenninger kap. 8.» Dette blei ved ein feil ikkje følgt opp i lov 19. juni 1992 nr. 59 om bygdeallmenninger. Departementet foreslår at tilvisingane blir tekne ut av båe paragrafane, slik at § 8-4 berre får eitt ledd, medan § 8-7 berre viser til same lov § 3-7.

I §§ 8-4, 8-6 og 8-7 er det tale om innlandsfiskenemnda og laksestyret. Ordninga med eigne innlandsfiskenemnder og laksestyre blei avvikla ved lov 15. mai 1992 nr. 47 om laksefisk og innlandsfisk m.v. Oppgåvene blei då lagde til kommunen.

105. Til lov 26. juni 1992 nr. 86 om tvangsfullbyrdelse og midlertidig sikring

I § 11-50 tredje ledd er det tale om «namsretten». Fjerde ledd andre punktum og femte ledd første punktum blei retta opp på dette punktet ved lov 30. august 2002 nr. 67 om endringer i rettergangslovgivningen m.m. (bortfall av funksjonsbetegnelser på domstolene m.m.). Ein gløymde då å rette opp tredje ledd.

I § 15-13 andre ledd er det vist til tolloven § 41. Ved lov 19. juni 1997 nr. 65 blei tidlegare § 41 i tolloven ny § 39. Endringa blei ikkje følgd opp i tvangsfullbyrdelsesloven § 15-13 andre ledd.

106. Til lov 3. juli 1992 nr. 93 om avhending av fast eigedom

I § 2-9 er det vist til lov 8. februar 1980 nr. 2 om pant § 6-1 tredje ledd. Føresegna fekk eit nytt tredje ledd ved lov 23. mai 1997 nr. 31, og tidlegare tredje ledd blei fjerde ledd.

107. Til lov 17. juli 1992 nr. 99 om frivillig og tvungen gjeldsordning for privatpersoner

I § 3-3 første ledd manglar ordet «skyldnerens» ein s. Lova blei endra ved lov 10. januar 2003 nr. 1. Gjeldsforhandlingsperioden blei då utvida frå tre til fire månader, sjå § 3-4 første ledd. Endringa blei ikkje følgd opp i § 2-5. I tillegg er det i § 6-5 tredje punktum tale om «femårsperioden». Forslaget til § 6-2 fjerde ledd blei under behandlinga i Stortinget endra på dette punktet, frå femårsperiode til toårsperiode, sjå Innst.O. nr. 15 (2002-2003). § 6-5 blei ved ein feil ikkje endra tilsvarande.

108. Til lov 25. september 1992 nr. 107 om kommuner og fylkeskommuner

I § 24 nr. 1 og § 29 kan det vere ein viss tvil om kva for endringar som formelt sett er vedtekne. Grunnen er parallelle lovgivingsprosjekt, jf. endringslover 29. januar 1999 nr. 5 og 16. april 1999 nr. 18. Det har aldri vore realitetstvil, men for å gjere det heilt klart kva som gjeld, blir føresegnene vedtekne på nytt.

109. Til lov 27. november 1992 nr. 113 om endringer i enkelte lover som følge av EØS-avtalen

I II nr. 2 tredje ledd er det vist til femårsfristen i lov 3. mars 1961 nr. 4 om varemerker ny § 25 b. Femårsfristen er omhandla i § 25 a, ikkje i § 25 b. Nummeret på lov 3. mars 1961 nr. 5 om fellesmerker har heller ikkje kome med.

110. Til lov 11. juni 1993 nr. 101 om luftfart

Terminologien i § 3-24 tredje ledd blei ikkje retta opp i samband med lov 30. august 2002 nr. 67 om endringer i rettergangslovgivningen m.m. (bortfall av funksjonsbetegnelser på domstolene m.m.).

I § 3-34 andre ledd er det tale om utleggs-, utpantnings- eller avsetningsforretning. Terminologien blei lagd om ved lov 26. juni 1992 nr. 86 om tvangsfullbyrdelse og midlertidig sikring, slik at dei to siste uttrykka no ikkje er i bruk, sjå Ot.prp. nr. 65 (1990-1991).

111. Til lov 25. mars 1994 nr. 7 om sikring mot og erstatning for naturskader

I § 21 første ledd er det vist til lov 15. mars 1940 nr. 3 om vassdragene § 102. Denne lova blei oppheva ved lov 24. november 2000 nr. 82 om vassdrag og grunnvann. Det går fram av forarbeida til den nye lova at retten til å ekspropriere etter § 102 ikkje skulle inn i den nye lova, men i staden skulle inn i lov 23. oktober 1959 om oreigning av fast eigedom § 2 ny nr. 53, sjå Ot.prp. nr. 39 (1998-1999).

112. Til lov 5. august 1994 nr. 55 om vern mot smittsomme sykdommer

I § 7-6 tredje ledd er det vist til legelova. Lova blei oppheva ved lov 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v. Reglane om teieplikt finst no i den nye lova kapittel 5.

113. Til lov 3. februar 1995 nr. 7 om kontroll med etterretnings-, overvåkings- og sikkerhetstjeneste

I § 10 andre ledd er det vist til § 7. § 7 blei oppheva ved lov 3. desember 1999 nr. 82. Orda «prosessfullmektig etter § 7» og «prosessfullmektiger» må då ut.

114. Til lov 5. mai 1995 nr. 19 om barnehager

I § 19 første ledd har ordet «politiske» ved ein feil blitt «polititiske».

115. Til lov 12. mai 1995 nr. 22 om universiteter og høgskoler

I § 50 kom det ved lov 28. juni 2002 nr. 62 inn eit nytt nr. 6, og tidlegare nr. 6 blei nytt nr. 7. Endringa blei ikkje følgd opp i nr. 4.

I § 57 nr. 3 er det vist til tittel som er «nevnt etter nr. 1.» Her skulle det stått «vernet».

116. Til lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd

I § 8-54 andre ledd er det vist til lov 12. desember 1958 nr. 7 om fengselsvesenet § 17 femte ledd. Reglane om det same finst no i lov 18. mai 2001 nr. 21 om gjennomføring av straff mv. § 20. Det same gjeld tilvisinga i § 10-15.

Lova har blitt endra fleire gonger utan at endringane har blitt gjennomførde i innhaldslistene til kvart kapittel, sjå innhaldslistene til kapittel 4, 5, 14, 22 og 25.

117. Til lov 19. juni 1997 nr. 82 om pass

I § 5 andre ledd bokstav b er det mellom anna vist til lov om psykisk helsevern § 13 c. Lova er erstatta av lov 2. juli 1999 nr. 62 om etablering og gjennomføring av psykisk helsevern. § 5-3 svarer til § 13 c i den gamle lova. I tillegg er det vist til fengselslova § 38. Lova er erstatta av lov 18. mai 2001 nr. 21 om gjennomføring av straff mv., og reglane om det same finst no i den nye lova § 43.

118. Til lov 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt

I § 9-2 første ledd bokstav b er det tale om sal på tvangsauksjon. Ved lov 26. juni 1992 nr. 86 om tvangsfullbyrdelse og midlertidig sikring blei ordet «tvangsauksjon» endra til «tvangssalg» ei rekkje plassar. Grunnen er at det ikkje lenger blir lagt opp til at tvangssal nødvendigvis må skje ved auksjon, sjå Ot.prp. nr. 65 (1990-1991). Denne omlegginga er det ikkje teke omsyn til i § 9-2.

119. Til lov 30. april 1999 nr. 22 om endringer i utlendingsloven og i enkelte andre lover

I ny § 37 d er det tale om fengselsvesenet. Rett namn skal vere kriminalomsorga, sjå merknad til lov 12. desember 1958 nr. 10 om yrkesskadetrygd. Det er uvisst når føresegna vil tre i kraft. Lov 12. desember 1958 nr. 7 om fengselsvesenet er oppheva og erstatta av lov 18. mai 2001 nr. 21 om gjennomføring av straff mv. Endringa i fengselslova § 9 første ledd i II kan derfor opphevast.

120. Til lov 25. juni 1999 nr. 46 om finansavtaler og finansoppdrag

I § 1 andre ledd bokstav g er det tale om Postbanken BA. Postbanken BA blei omdanna til Postbanken AS ved lov 18. juni 1999 nr. 42 om omdanning av Postbanken BA til aksjeselskap. Same år fusjonerte Postbanken AS og Den norske Bank ASA (DnB). Dette inneber at Postbanken ikkje lenger eksisterer som eit eige selskap. Tilvisinga i bokstav g bør derfor opphevast.

121. Til lov 2. juli 1999 nr. 62 om etablering og gjennomføring av psykisk helsevern

Terminologien i § 5-6 blei retta frå fengselsvesen til kriminalomsorg ved lov 15. juni 2001 nr. 64 utan at det same blei gjort i §§ 1-3, 3-11, 5-7 og 5-8, sjå merknaden til lov 12. desember 1958 nr. 10 om yrkesskadetrygd.

122. Til lov 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v.

I § 12 andre ledd er det vist til fengselslova § 30 a. Denne lova blei oppheva ved lov 18. mai 2001 nr. 21 om gjennomføring av straff mv. Reglane om kroppsleg undersøking står no i § 29 i den nye lova. «Fengselsdirektør» er ikkje eit omgrep i den nye straffegjennomføringsloven. Lova legg kompetansen til kriminalomsorga.

I § 68 er det tale om Statens helsepersonellnemnd og Apotekklagenemnd. «Apotekklagenemnd» skulle hatt ein a til slutt, slik det er i § 68 andre ledd og i apotekloven § 9-1. Det same gjeld overskrifta til kapittel 12.

123. Til lov 16. juli 1999 nr. 66 om Schengen informasjonssystem (SIS)

I § 11 er det vist til personregisterlova. Denne lova blei oppheva og erstatta av lov 14. april 2000 nr. 31 om behandling av personopplysninger. For å få best mogeleg samsvar blir båe lovene omtalte med full tittel, av di strafferegistreringslova ikkje har offisiell korttittel.

124. Til lov 15. juni 2001 nr. 37 om endringer i barnelova, forskotteringsloven og i enkelte andre lover

Ved lov 15. juni 2001 nr. 37 får lov 8. april 1981 nr. 7 om barn og foreldre § 58 eit nytt andre ledd. Endringslova trer i kraft 1. oktober 2003. I andre ledd andre punktum skal orda «eit» og «eitt» byte plass.

125. Til lov 3. mai 2002 nr. 13 om utenrikstjenesten

I § 17 andre ledd er det eine «tilsvarende» overflødig. I same ledd er det vist til lov om «brudevigjing». Rett namn på lova er lov om brudvigjing.

126. Til lov 14. juni 2002 nr. 20 om vern mot brann, eksplosjon og ulykker med farlig stoff og om brannvesenets redningsoppgaver

I § 44 er det vist til lov 5. juni 1987 nr. 76 om brannvern m.v. Rett nummer på lova er 26.

127. Til lov 21. juni 2002 nr. 45 om yrkestransport med motorvogn og fartøy

I § 17 heiter det at Statens postselskap ikkje treng løyve. Statens postselskap har bytt namn til Posten Norge AS, sjå lov 21. juni 2002 nr. 43. I tillegg må ein bruke den offisielle tittelen på postloven, utan å omsetje han til nynorsk.

Til ikraftsetjingsreglane

For å kunne koordinere rettingane med andre lovendringar bør Kongen fastsetje når lova skal gjelde frå, jf. nr. 1. Det kan vere at nokre av opprettingane ikkje kan setjast i kraft på grunn av kollisjonar med andre lovendringar. Kongen bør derfor ha høve til å setje i kraft rettingane til ulik tid. Dei endringane som ikkje kan setjast i kraft på grunn av slike kollisjonar, vil bli oppheva og eventuelt erstatta av nye rettingar som er tilpassa dei aktuelle realitetsendringane som er vedtekne i andre samanhenger.