Ot.prp. nr. 9 (2004-2005)

Om lov om endringar i folketrygdlova og i enkelte andre lover

Til innhaldsliste

Del 1
Endringar i folketrygdlova m.fl.

2 Auka grunnpensjon til gifte og sambuande pensjonistar - folketrygdlova § 3-2 fjerde og femte leddet, § 3-4 tredje leddet og § 3-26 femte leddet bokstav a

2.1 Innleiing

Departementet foreslår at grunnpensjon frå folketrygda til gifte og visse grupper sambuande pensjonistar vert auka frå 82,5 til 85 prosent av grunnbeløpet.

2.2 Bakgrunn. Storleiken på grunnpensjonen frå folketrygda

Pensjon frå folketrygda vert gitt som grunnpensjon og tilleggspensjon/særtillegg, sjå folketrygdlova § 3-1.

Grunnpensjonen vert gitt etter ulike satsar for einslege og gifte. Dette er ei vidareføring av ei tilsvarande ordning i den behovsprøvde alderstrygda frå 1936, som vart avløyst av ei samordningspliktig alderstrygd for alle i 1959. Alderstrygda for ektepar utgjorde 150 prosent av alderstrygda for einslege.

Alderstrygda tok sikte på å sikre dei eldre ein akseptabel levestandard. Inntekt ut over dette måtte sikrast på anna vis. Det vart lagt til grunn at to personar som bur saman kan dele mange av dei utgiftene som einslege pensjonistar er aleine om.

Systemet med differensierte satsar for ektepar og einslege vart ført vidare då folketrygda kom i 1967. For pensjonane i folketrygda gjeld det framleis nokre særreglar til gunst eller skade for ektepar, mellom anna ordninga med differensierte satsar for ektepar og einslege. Ektepar og sambuarar med felles barn har føremoner i folketrygda som einslege ikkje har. Ein pensjonist som forsørgjer ein ektemake, kan dessutan ha rett til tillegg for ektemaken. Dessutan har ein etterlatt ektemake under 67 år rett til pensjon på grunnlag av pensjonsretten til den avdøde ektemaken. Når den etterlatte er uførepensjonist eller alderspensjonist, vert tilleggspensjonen frå folketrygda rekna ut frå det den avdøde har tent opp dersom dette vil vere til gunst for den etterlatte ektemaken.

Differensieringa av grunnpensjonen i folketrygda har tidlegare vore drøfta mellom anna i St. meld. nr. 12 for 1988-89 Folketrygda sin økonomi og pensjonssystem og St. meld. nr. 35 for 1994-95 Velferdsmeldinga. Spørsmålet er óg drøfta i Innst. O. nr. 46 for 1996-97 om forslaget til ny folketrygdlov.

Grunnpensjon er ikkje tent opp ved arbeidsinntekt slik som tilleggspensjonen, og er ei økonomisk grunnsikring som vert gitt til alle på grunnlag av trygdetida (tida som medlem i folketrygda) utan omsyn til tidlegare inntekt.

Full grunnpensjon for einslege pensjonistar utgjer 100 prosent av grunnbeløpet i folketrygda (58 778 kroner per 1. mai 2004), men 82,5 prosent av grunnbeløpet (48 492 kroner) når pensjonisten lever saman med ein ektemake som får pensjon frå folketrygda eller avtalefesta pensjon. Samla er grunnpensjonen til eit pensjonistektepar lik 165 prosent av grunnbeløpet, sjå folketrygdlova § 3-2 fjerde leddet og § 3-4 tredje leddet.

Ein pensjonist som har ektemake med ei årleg inntekt på meir enn to gonger grunnbeløpet, får óg grunnpensjon etter låg sats.

Sambuarar som har eller har hatt felles barn, som har vore gift med kvarandre før eller som har levd saman i 12 av de siste 18 månadene, får grunnpensjon etter dei same reglane som gifte, sjå folketrygdlova § 1-5 og § 3-2 femte leddet.

Føresegnene om grunnpensjon i folketrygdlova § 3-2 gjeld óg for avtalefesta pensjon med statstilskot, sjå lov 23. desember 1988 nr. 110 om statstilskot til ordningar for avtalefesta pensjon § 2 første leddet bokstav c.

2.3 Lovforslaget

2.3.1 Auka grunnpensjon

Ved behandlinga av statsbudsjettet for 2003 vart regjeringspartia og Framstegspartiet samde om å auke grunnpensjonen til ektepar og sambuande slik at den vert sett til 1,6 G i 2003, til 1,65 G i 2004 og til 1,7 G i 2005.

Etter forslag i Ot.prp. nr. 59 (2002 - 2003) vart grunnpensjonen for kvar ektemake auka frå 75 prosent av grunnbeløpet til 80 prosent av grunnbeløpet ved endringar i folketrygdlova § 3-2 fjerde og femte leddet, sjå Innst. O. nr. 89 (2002-2003). Endringa vart sett i verk 1.mai 2003. Etter dette er grunnpensjonen for kvar ektemake auka til 82,5 prosent frå 1. mai 2004, sjå Ot. prp. nr. 10 (2003-2004) og Innst. O. nr. 28 (2003-2004). Som ein konsekvens har det óg vore naudsynt å endre reglane om storleiken på minstepensjonen for ektepar i folketrygdlova § 3-4 tredje leddet. For ektepar har minstepensjonen auka med 15 prosent av grunnbeløpet, slik at minstepensjonen for ektepar nå er på 165 prosent av grunnbeløpet pluss to gonger særtillegget etter ordinær sats.

Som ei ytterlegare oppfølging av avtalen frå hausten 2002 foreslår departementet at folketrygdlova § 3-2 fjerde og femte leddet blir endra, slik at grunnpensjonen for gifte og sambuande pensjonistar vert sett opp frå 82,5 prosent av grunnbeløpet til 85 prosent av grunnbeløpet frå 1. mai 2005. Samstundes vert folketrygdlova § 3-4 tredje leddet justert slik at det går fram at minstepensjonen for ektepar etter endringa vil utgjere til saman 170 prosent av grunnbeløpet pluss to gonger særtillegget etter ordinær sats.

Ektepar og dei sambuande para som er omfatta av reglane vil frå 1. mai 2005 få auka den samla pensjonen med fem prosent av grunnbeløpet, dvs. med 2 939 kroner per år med grunnbeløpet i dag.

Etter lov om statstilskot til avtalefesta pensjon § 2 bokstav c skal pensjonen mellom anna bestå av grunnpensjon etter reglane i folketrygdlova. Gifte og sambuande AFP-pensjonistar får dermed automatisk nyte godt av at grunnpensjonen aukar.

2.3.2 Lovteknisk justering for å unngå at beløpsgrensene for inntektsprøving av forsørgingstillegg vert endra

Til alderspensjon og uførepensjon blir det etter folketrygdlova §§ 3-24 og 3-25 gitt forsørgingstillegg (tillegg for forsørgt ektemake og barn) som er inntektsprøvde etter folketrygdlova § 3-26.

Forsørgingstillegga vert reduserte med 50 prosent av inntekt over eit fribeløp, sjå folketrygdlova § 3-26 femte leddet. Fribeløpet vert bestemt av storleiken på minstepensjonen for ektepar og av kor mange barn paret har. Minstepensjon vil seie grunnpensjon og særtillegg, slik at minstepensjonen og dermed det nemnde fribeløpet aukar når grunnpensjonen aukar.

Auken av grunnpensjonen for ektemakar skal vere avgrensa til grunnpensjonen, og tek ikkje sikte på å endre inntektsprøvinga av forsørgingstillegg. Det er difor nødvendig å justere fribeløpet for å unngå ei slik endring. Departementet foreslår at folketrygdlova § 3-26 femte leddet bokstav a vert endra slik at inntektsprøvinga av forsørgingstillegga skal skje med det same fribeløpet i kroner som i dag. For å oppnå dette, må talet 10 i § 3-26 femte leddet bokstav a byttast ut med talet 5.

Endringa får ikkje økonomiske konsekvensar for pensjonistar med forsørgingstillegg.

Departementet viser til lovforslaget.

2.4 Iverksetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar

Lovendringa vert foreslått å gjelde frå 1. mai 2005. Meirutgiftene for folketrygda er rekna til 522 mill. kroner på årsbasis, og meirutgiftene til avtalefesta pensjon med statstilskot er rekna til 3 mill. kroner. Som følgje av at tidspunktet for iverksetjing er 1. mai 2005, vil samla meirutgifter bli 350 mill. kroner i 2005. Endringa har ikkje nemnande administrative konsekvensar.

3 Innføring av eit delansvar for arbeidsgivar i trygdeperioden samtidig som arbeidsgivarperioden vert redusert - folketrygdlova § 8-12 m.fl.

3.1 Innleiing

Etter at Intensjonsavtalen om eit meir inkluderande arbeidsliv vart inngått, har langtidssjukefråværet halde fram å auke. For å gjere det meir lønnsamt for bedriftene å motverke slikt fråvær, foreslår Regjeringa at arbeidsgivaren får eit delansvar for sjukepengar på 10 prosent i heile sjukepengeperioden. Det vert foreslått at arbeidsgivarane får delvis kompensasjon for dette ved å redusere talet dagar i arbeidsgivarperioden frå 16 til 14 kalenderdagar. Det vert foreslått at skjermingsordninga for personar med kroniske sjukdomar vert utvida til å gjelde også delansvaret for arbeidsgivarane i perioden med sjukepengar frå trygda. Vidare vert det foreslått at forsikringsordninga for mindre bedrifter vert utvida til å dekkje delansvaret for arbeidsgivaren, og at forsikringa skal gjelde bedrifter med ei samla lønnsutbetaling opp til 80 gonger grunnbeløpet (i dag 40 gonger grunnbeløpet).

3.2 Bakgrunn

Ved sjukepengereformen i 1978 fikk arbeidsgivarane ansvaret for sjukefråvær på inntil 14 dagar.

På 1980-talet auka sjukefråværet monaleg. Dette førte til at det vart sett ned eit offentlig utval til utgreiing av sjukepengeordninga, sjå nærare NOU 1990: 23 Sjukelønnsordninga. Som ei oppfølgjing av utgreiinga foreslo Syse-regjeringa å redusere dekningsgraden i sjukelønnsordninga frå 100 prosent til 90 prosent og å utvide arbeidsgivarperioden frå 2 til 3 veker. Som følgje av dette forslaget inngikk partane i arbeidslivet i 1990 samarbeidsavtalar om å redusere sjukefråværet med 10 prosent i 1991 i høve til 1990. Sjukefråværsavtalane vart seinare forlenga og sjukefråværet vart redusert med 15,5 prosent i perioden 1990-1993 (NHOs fråværsstatistikk).

Hausten 1992 foreslo Regjeringa Brundtland III å utvide arbeidsgivaren sitt ansvar for sjukepengar, jf. Ot.prp.nr. 9 (1992-93), ved å utvide arbeidsgivarperioden frå to til fire veker og ved at arbeidsgivaren skulle ha eit medfinansieringsansvar med 20 prosent frå og med 13. fråværsveka. Det vart foreslått at merutgiftene for arbeidsgivaren delvis skulle bli kompensert ved å redusere arbeidsgivaravgifta med 0,7 prosent. Fleirtalet i Stortinget avviste forslaget, sjå Innst. O. nr. 40 (1992-93).

Etter 1994 har det vore ein sterk og kontinuerlig vekst i sjukefråværet. Dette var bakgrunnen til at ulike regjeringer fleire gonger foreslo å utvide arbeidsgiverperioden til 3 veker uten å få tilslutning frå Stortinget, sjå Ot.prp. nr. 4 (1996-97) (Regjeringa Brundtland III), Ot.prp. nr. 73 (1997-98), Ot.prp. nr. 4 (1998-99) og Ot.prp. nr. 53 (1999-2000) (Regjeringa Bondevik I).

Frå 1. april 1998 vart arbeidsgivarperioden utvida frå 14 til 16 kalenderdagar, sjå Ot.prp.nr. 24 (1997-98), Innst.O.nr. 7 (1997-98).

På grunn av den sterke og urovekkande auken i sjukefråværet og tilgangen på nye uførepensjonistar vart Sandman-utvalet sett ned våren 1999, jf NOU 2000: 27. Utvalet meinte det var behov for nye grep og iverksetjing av ei samla tiltakspakke. For å gi arbeidsgivarane eit sterkare økonomisk incitament til å iverksetje tiltak for å redusere sjukefråværet, gikk utvalet inn for ein modell der arbeidsgivarar får eit medfinansieringsansvar for sjukepengane også utover arbeidsgivarperioden. Utvalet foreslo at arbeidsgivarar får eit medfinansieringsansvar på 20 prosent av sjukepengeutbetalingane frå folketrygden frå og med 17. dagen og ut heile sjukepengeperioden. Utvalets fleirtal meinte at arbeidstakarane óg måtte bidra med ein eigenandel og foreslo difor ein reduksjon av kompensasjonsgraden for sjukepengar i arbeidsgivarperioden til 80 prosent. Samtidig foreslo utvalet at arbeidstakarane skulle få kompensasjon gjennom lågare folketrygdpremie for eit tilsvarande beløp som dei gir frå seg gjennom 20 prosent eigenandel.

Med unntak av endringane i sjukelønnsordninga vart forslaga frå Sandman-utvalet i store trekk gjennomførte. I staden for endringane i sjukelønnsordninga inngikk hovedorganisasjonane i arbeidslivet og Regjeringa Stoltenberg 3. oktober 2001 Intensjonsavtalen om eit meir inkluderande arbeidsliv. Regjeringa Bondevik II videreførte avtalen, som er inngått for ein fireårsperiode fram til 31. desember 2005. Avtalen vart fornya 3. desember 2003 etter at ein fekk ei midtveis evaluering hausten 2003.

IA-avtalen skal bidra til eit meir inkluderande arbeidsliv til beste for den enkelte arbeidstakaren, for arbeidsplassane og for samfunnet. Avtalen har som mål å redusere sjukefråværet, å få tilsett langt fleire arbeidstakarar med redusert funksjonsevne og å auke den reelle pensjoneringsalderen.

Eit av delmåla i avtalen (delmål 1) er eit operativt mål om å redusere sjukefråværet med minst 20 prosent for heile avtaleperioden i høve til nivået for sjukefråvær i 2. kvartal 2001 etter den nye statistikken til Rikstrygdeverket og Statistisk Sentralbyrå.

3.3 Gjeldande rett

Frå 1. april 1998 vert det som hovudregel gitt sjukepengar frå trygda frå den 17. sjukedagen og deretter i ein periode på inntil 248 dagar, sjå folketrygdlova § 8-12. Arbeidstakarar har rett til sjukepengar frå arbeidsgivaren i dei første 16 dagane. Dette tidsrommet vert kalla arbeidsgivarperioden, sjå § 8-19. Arbeidsgivaransvaret for sjukepengar i dei første to vekene vart innført i 1978. Kompensasjonsnivået for sjukepengar vart samtidig heva til 100 prosent og de tre karensdagane for sjukepengar frå folketrygda vart fjerna.

I staden for sjukepengar kan ein gi reisetilskot frå trygda for å dekkje ekstra transportutgifter til og frå arbeidsstaden. På bakgrunn av arbeidsgivarperioden og ventetida for rett til sjukepengar for sjølvstendig næringsdrivande mv., vert det gitt reisetilskot til arbeidstakarar først frå den 17. dagen, sjå § 8-14.

For arbeidstakarar som har ein langvarig eller kronisk sjukdom som medfører risiko for eit særleg stort samla sjukefråvær, kan det etter vedtak av trygdekontoret bli gjort unntak frå reglane om arbeidsgivaransvar, sjå § 8-20. Det samme gjeld for arbeidstakarar med ein sjukdom som medfører risiko for gjentekne sjukefråvær i ein avgrensa periode. Som særleg stort fråvær vert rekna ca. 35 dagar i året. Når sjukefråværet berre ligg innanfor arbeidsgivarperioden, vert 25 dagar fordelte på minst fem tilfelle av fråvær rekna som særleg stort. Arbeidsgivaren skal i desse tilfella forskottere sjukepengane i eit tidsrom tilsvarande arbeidsgivarperioden, og kan krevje sjukepengane refunderte frå trygdekontoret. Arbeidstakaren eller arbeidsgivaren kan óg søkje om at trygda dekkjer sjukepengane i arbeidsgivarperioden når det er tale om sjukdom som er relatert til svangerskap, og tilretteleggjing av arbeidet eller omplassering ikkje er mogleg.

Arbeidsgivarar som har få tilsette, kan mot ei særskilt avgift delvis forsikre seg mot ansvaret for sjukepengar i arbeidsgivarperioden, sjå § 8-21. For å kome inn under forsikringsordninga må arbeidsgivaren sine samla lønnsutgifter i kalenderåret før forsikringsåret ikkje overstige 40 gonger grunnbeløpet (G), 2 351 120 kroner per 1. mai 2004. Forsikringsåret går frå 1. juli til 30. juni og beløpet vert regulert per 1. juli kvart år. Premien er i dag på 1,9 prosent av lønnsutgiftene. Forsikringa dekkjer 100 prosent av utgiftene til sjukepengar med feriepengar og arbeidsgivaravgift av sjukepengane ved fråvær utover tre kalenderdagar i kvart einskild sjukdomstilfelle.

Både i arbeidsgivarperioden og sjukepengeperioden frå trygda vert sjukepengar gitt med 100 prosent av inntektsgrunnlaget. Det vert ikkje gitt sjukepengar frå folketrygda dersom inntekta per år utgjer mindre enn 50 prosent av grunnbeløpet i folketrygda, sjå § 8-3. Det vert heller ikkje gitt sjukepengar frå folketrygda for inntekt utover seks gonger grunnbeløpet. Det gjeld inga minimumsinntekt i arbeidsgivarperioden.

Ifølgje ferielova skal den som utbetaler sjukepengar også utbetale feriepengar av ytinga. Som følgje av dette utbetaler trygda feriepengar av sjukepengar i inntil 48 dagar kvart oppteningsår.

3.4 Departementet si vurdering og forslag

3.4.1 Generelt

Sjukefråværet har auka monaleg dei siste ti åra. Auken i det trygdefinansierte sjukefråværet i denne perioden aleine tilsvarar ein reduksjon på om lag 50 000 årsverk. Desse årsverka kunne og burde ha vore brukte i arbeidslivet, til beste for den einskilde og for samfunnet.

Personar som er langvarig sjuke, mistar lett fotfestet i arbeidslivet. Av dei som går sjukepengeperioden (eitt år) ut, går nærare 20 prosent direkte over til uførepensjon. Mange av dei som går over til rehabilitering og attføring etter endt sjukepengeperiode, vert seinare uføretrygda. Undersøkingar viser at berre i underkant av halvparten av personane som var sjukmeldte i meir enn 6 månader, var i jobb tre år etter.

For å motverke langtidssjukefråværet er det frå 1. juli 2004 innført nye sjukmeldingsreglar, sjå Ot. prp. nr. 48 (2003-2004), jf. Innst. nr. O. 81 (2003-2004). Desse reglane stiller større krav til aktivitet både frå lege, arbeidstakar og arbeidsgivar. Så tidleg som mogleg i ein sjukmeldingsperiode, og seinast innan 8 veker, skal arbeidstakaren prøve seg i arbeidsretta aktivitetar for å motverke unødvendig lange sjukefråvær.

Det er framleis mange bedrifter som ikkje ynskjer å inngå ein IA-avtale og gjennom dette påta seg dei pliktene som ligg i avtalen til å arbeide systematisk for å motverke sjukefråvær og inkludere personar med nedsett funksjonsevne. Mykje kan tyde på at ein del av bedriftene som har inngått samarbeidsavtale med trygdeetaten ikkje følgjer opp intensjonane i IA-avtalen godt nok.

Regjeringa meiner at arbeidet med å redusere langtidssjukefråværet må intensiverast, og viser i den samanhengen til St.prp. nr. 1 (2004-2005). Det må bli meir lønnsamt for bedriftene å motverke slike fråvær. I den gjeldande ordninga ligg det ingen direkte økonomiske grunnar til å motverke fråvær utover arbeidsgivarperioden.

Departementet foreslår difor at arbeidsgivarane får eit delansvar for sjukepengar etter utløpet av arbeidsgivarperioden på 10 prosent, og at arbeidsgivarane delvis får kompensasjon for dette ved at arbeidsgivarperioden vert redusert frå 16 til 14 kalenderdagar.

Regjeringa legg vekt på å videreføre det gode samarbeidet med partane i arbeidslivet om gjennomføringa av IA-avtalen. Erklæringa frå partane av 3. desember 2003 er eit viktig instrument i arbeidet med felles mål om å redusere sjukefråværet, tilsette fleire med nedsett funksjonsevne og auke den reelle pensjoneringsalderen. Regjeringa vil difor halde fram med samarbeidet med partane, men innanfor dei nye rammene som forslaget om endringar i sjukelønnsordninga inneber. Forslaget om å innføre eit delansvar for arbeidsgivarane i trygdeperioden støtter opp under IA-avtalen og erklæringa av 3.desember 2003 om å auke ansvarleggjeringa av arbeidsgivarane for å motverke sjukefråvær, og leggje tilhøva til rette for tidlegare tilbakevending til arbeid for sjukmeldte.

3.4.2 Innføring av eit delansvar for arbeidsgivar med 10 prosent i heile sjukepengeperioden

Etter gjeldande rett er arbeidsgivarane sitt ansvar for sjukepengar avgrensa til utgifter til sjukepengar i arbeidsgivarperioden. Innføringa av eit delansvar inneber at arbeidsgivarane i tillegg må dekkje ein prosentvis del av sjukepengane til arbeidstakarane i heile perioden som folketrygda i dag finansierer fullt ut.

Sandman-utvalet foreslo i NOU 2000: 27 eit økonomisk medfinansieringsansvar for arbeidsgivarane i heile sjukepengeperioden på 20 prosent. Utvalet grunngir forslaget med at dette vil vere eit økonomisk incitament for arbeidsgivarar til å iverksetje tiltak i verksemdene som kan motverke sjukdom og tiltak for å få langtidssjukmeldte attende i arbeid. Arbeidsgivaren vil få større interesse i å følgje tettare opp sjukmeldte arbeidstakarar etter utløpet av arbeidsgivarperioden óg. Arbeidstakarane vil få ei sterkare tilknytning til arbeidsplassen også når dei er sjukmeldte. Arbeidsgivarane vil óg ha større sjansar til å fange opp tilfelle som står i fare for å falle ut av arbeid for godt. Fleirtalet i utvalet foreslo samtidig å innføre ein eigenrisiko for arbeidstakarane ved å redusere dekningsnivået i arbeidsgivarperioden til 80 prosent. Arbeidstakarane skulle få kompensasjon for dette i form av redusert trygdeavgift.

I staden for å følgje opp forslaga frå Sandman-utvalet om endringar i sjukelønnsordninga, har Regjeringa og partane i arbeidslivet inngått Intensjonsavtalen om eit meir inkluderande arbeidsliv. Tiltaka i Intensjonsavtalen byggjer i stor grad på at arbeidsgivaren frivillig tar på seg ei plikt til å arbeide systematisk for å motverke sjukefråvær og hindre utstøyting frå arbeidslivet. Frå 30. april 2003 er arbeidsgivaren si plikt til å utarbeide oppfølgjingsplanar seinast etter 8 veker teken inn i arbeidsmiljølova § 13, samtidig som arbeidsgivaren si plikt til systematisk sjukefråværsarbeid vart presisert i lova, jf. Ot.prp. nr. 18 (2002-2003). Regjeringa har følgt opp IA-erklæringa av 3. desember 2003 om videreføring av avtalen med endringar i reglane i folketrygdlova om sjukmelding, jf. Ot.prp. nr. 48 (2003-2004).

Regjeringa meiner at det i tillegg til dei nemnde lovendringane er nødvendig med økonomiske incitament. Eit delansvar i heile sjukepengeperioden vil gi arbeidsgivarar som arbeider systematisk for å motverke og redusere dei lange sjukefråværa ein økonomisk gevinst. Forslaget vil støtte opp under dei nye sjukmeldingsreglane, og styrke dialogen mellom arbeidsgivar og arbeidstakar om nødvendige tilretteleggjingstiltak.

På denne bakgrunnen vert det foreslått at ein innfører eit delansvar for arbeidsgivarane etter utløpet av arbeidsgivarperioden med 10 prosent i heile sjukepengeperioden.

Ein viser til lovforslaget, folketrygdlova §§ 8-17 og 8-18.

3.4.3 Reduksjon av arbeidsgivarperioden frå 16 kalenderdagar til 14 kalenderdagar

Som ein delvis kompensasjon for meirutgiftene for arbeidsgivarane i samband med innføringa av eit delansvar for sjukepengar i heile sjukepengeperioden, vert det foreslått at arbeidsgivarperioden reduserast med to kalenderdagar til 14 dagar. Arbeidsgivarperioden vil dermed bli den same som ved innføringa i 1978.

Etter gjeldande reglar må arbeidstakaren ha vore i arbeid i minst 16 kalenderdagar etter eit sjukefråvær før ein ny arbeidsgivarperiode kan ta til. Vidare vert eit nytt sjukefråvær som oppstår innan 16 dagar rekna saman med det tidlegare sjukefråværet når arbeidsgivarperioden skal fastleggjast. Departementet foreslår at tilbakefallsreglane vert tilpassa den nye arbeidsgivarperioden.

Ein viser til lovforslaget, folketrygdlova § 8-19.

3.4.4 Særreglar for arbeidstakarar med langvarig eller kronisk sjukdom

Ei innføring av eit delansvar for arbeidsgivarane i heile sjukepengeperioden kan medføre at dei vert meir skeptiske til å tilsetje personar med kroniske sjukdomar.

Departementet foreslår difor at den gjeldande skjermingsordninga for langvarig og kronisk sjuke arbeidstakarar som har risiko for særleg stort sjukefråvær, vert utvida til å gjelde også for delansvaret for sjukepengar.

Departementet meiner at ei slik utviding av skjermingsordninga vil bidra til å unngå eventuelle negative følgjer av medfinansieringsansvaret for arbeidsgivaren.

Frå 1. april 2002 vart folketrygdlova § 8-20 utvida til å omfatte sjukefråvær på grunn av sjukdom relatert til svangerskap. Departementet meiner at eit delansvar for arbeidsgivarane i perioden med sjukepengar frå folketrygda ikkje bør omfatte tilfella der arbeidsgivaren får refusjon for sjukepengane i arbeidsgivarperioden.

Ein viser til lovforslaget, folketrygdlova § 8-20.

3.4.5 Forsikring mot ansvar for sjukepengar i arbeidsgivarperioden

Mindre bedrifter med ei samla lønnsutbetaling på inntil 40 gonger grunnbeløpet, dvs. vel 2,3 mill.kroner, kan forsikre seg mot ansvar for sjukepengar i arbeidsgivarperioden ved fråvær utover tre kalenderdagar. Forsikringsordninga skal vere sjølvfinansierande.

Innføringa av eit delansvar for arbeidsgivarane for sjukepengar etter utløpet av arbeidsgivarperioden vil kunne medføre ein auka risiko for verksemder med få tilsette. Departementet ynskjer å motverke uheldige utslag av forslaget.

Det vert difor foreslått at forsikringsordninga óg skal dekkje delansvaret til arbeidsgivarane for sjukepengar utover arbeidsgivarperioden. Vidare vert det foreslått at ordninga vert utvida til å omfatte bedrifter med lønnsutgifter opp til 80 gonger grunnbeløpet.

Ein bør unngå at ein arbeidsgivar som har forsikra seg mot det nye delansvaret, må utbetale 10 prosent av sjukepengane etter arbeidsgivarperioden og seinare få refusjon frå trygda. Det vert difor foreslått at trygdekontoret skal betale denne delen av sjukepengane direkte til arbeidstakaren.

Forsikringsordninga er sjølvfinansierande, og forslaget til endringar i arbeidsgivaransvaret for sjukepengar må difor bli finansiert ved ein premieauke. Premiesatsen, som i dag er 1,9 prosent av lønnsutgiftene, vert foreslått heva til 2,3 prosent.

Ein viser til lovforslaget, folketrygdlova § 8-21.

3.4.6 Feriepengar av sjukepengar

Ifølgje ferielova skal ein óg rekne feriepengar av sjukepengar utbetalt av arbeidsgivaren i ein eller fleire arbeidsgivarperiodar. Trygda utbetaler feriepengar av sjukepengar utbetalt av folketrygda i inntil 48 dagar kvart oppteningsår. Sjå ferielova § 10 og folketrygdlova § 8-33.

Ved reduksjonen av arbeidsgivarperioden frå 16 til 14 dagar/2 veker må talet dagar som trygda skal betale feriepengar av sjukepengar auke med 2 dagar til 50 dagar. Då folketrygda etter forslaga her berre skal betale sjukepengar med 90 prosent av sjukepengegrunnlaget, vil arbeidstakarane få feriepengar rekna av eit lågare grunnlag enn etter den gjeldande ordninga.

Det vert difor foreslått at arbeidsgivaren óg skal yte feriepengar av den delen av sjukepengane som arbeidsgivaren utbetaler (10 prosent) opp til 50 dagar etter utløpet av eventuelle arbeidsgivarperiodar kvart oppteningsår.

Ein viser til lovforslaget, folketrygdlova § 8-33 og ferielova § 10 nr. 4.

3.4.7 Reisetilskot

Reisetilskot vert no gitt tidlegast frå og med den 17. dagen, dvs. etter utløpet av arbeidsgivarperioden. Forslaget om reduksjon av arbeidsgivarperioden til 14 dagar fører til at perioden som ein ikkje kan få reisetilskot i reduserast tilsvarande.

Ein viser til lovforslaget, folketrygdlova § 8-14.

3.4.8 Reduksjon i ventetida for rett til sjukepengar for sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar

I den obligatoriske ordninga får sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar etter gjeldande rett ikkje sjukepengar for dei første 16 kalenderdagane (ventetid). Ventetida er grunna i at desse gruppene vert rekna for å vere sin eigen arbeidsgivar. Departementet foreslår at ventetida for sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar vert redusert til 14 kalenderdagar, tilsvarande arbeidsgivarperioden.

Ein viser til lovforslaget, folketrygdlova §§ 8-34, 8-36, 8-38 og 8-39.

3.4.9 Nærare om fastsetjing av sjukepengeperioden

Til arbeidstakarar, sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar vert det i dag gitt sjukepengar frå folketrygda i til saman 248 dagar i dei siste tre åra. Når arbeidsgivarperioden og ventetida for sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar vert foreslått redusert frå 16 til 14 kalenderdagar, må maksimaltida for sjukepengar frå trygda bli auka tilsvarande til 250 dagar, eller 50 veker.

Ein viser til lovforslaget, folketrygdlova § 8-12 første leddet.

3.4.10 Sjukepengar ved yrkesskade

Ved yrkesskade vert det gitt sjukepengar frå trygda utan omsyn til reglane om opptening av ein ny stønadsperiode.

Det vert foreslått at maksimal periode med sjukepengar frå trygda vert utvida i samsvar med reduksjonen i arbeidsgivarperioden.

Ein viser til lovforslaget, folketrygdlova 8-55 bokstav f.

3.5 Rehabiliteringspengar etter utløpet av sjukepengeperioden - folketrygdlova § 10-8

Folketrygdlova § 10-8 regulerer vilkåra for rett til rehabiliteringspengar. Rett til rehabiliteringspengar får ein etter utløpet av sjukepengeperioden.

Som følgje av forslaget om å redusere arbeidsgivarperioden og ventetida for sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar og auken av talet dagar med sjukepengar frå trygda, vert talet sjukepengedagar for dei to nemnde gruppene endra frå 248 til 250.

Ein viser til lovforslaget, folketrygdlova § 10-8.

3.6 Ikrafttsetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar

Reduksjonen av arbeidsgivarperioden frå 16 til 14 kalenderdagar og innføringa av eit delansvar for arbeidsgivarar på 10 prosent av sjukepengane i heile sjukepengeperioden vert foreslått gjennomført frå 1. april 2005. Endringane skal gjelde for nye tilfelle.

Den samla provenyeffekten av forslaga går fram av St.prp. nr. 1 (2004-2005).

Ein reduksjon av arbeidsgivarperioden vil føre med seg ei viss administrativ meirbelastning for trygdeetaten. Innføringa av eit delansvar for arbeidsgivarane vil ikkje innebere administrative konsekvensar for trygdeetaten, medan arbeidsgivarar som ikkje utbetaler lønn under sjukdom vil få eit visst meirarbeid.

4 Skjerping av kravet om tenleg attføring og kravet om dokumentasjon av funksjonsevna i uføresaker

4.1 Innleiing

For å sikre at tenleg attføring vert prøvd før det blir gitt tidsavgrensa uførestønad eller uførepensjon, gjer departementet framlegg om å skjerpe kravet i lova om attføring. Det vert óg foreslått å ta inn i lova eit krav om at ein skal ha ei funksjonsvurdering i alle uføresaker.

4.2 Gjeldande rett

4.2.1 Kravet om attføring

Det er eit vilkår for å få tidsavgrensa uførestønad eller uførepensjon at han eller ho har gjennomgått tenleg behandling og attføring for å betre inntektsevna eller arbeidsevna. Når ein skal avgjere om behandlings- eller attføringstiltak er tenlege, vert det lagt vekt på alder, evner, utdanning, yrkesbakgrunn og utsiktene til å få arbeid. Det skal også leggjast vekt på om han eller ho kan få arbeid ved å pendle eller flytte. Sjå folketrygdlova § 12-5 første og andre leddet. Etter § 12-5 tredje leddet kan ein person som er under 35 år og som har rusmiddelproblem eller psykososiale problem berre få uførepensjon eller uførestønad dersom han eller hoe har gjennomført eller har freista å gjennomføre et individuelt og tenleg attføringsopplegg utan at inntektsevna vart betra. Dette gjeld likevel ikkje når ei basisgruppe eller ei anna tverrfagleg samarbeidsgruppe finn at attføring openbert ikkje kan føre fram.

Det har gjennom åra variert kor strengt kravet til attføring har vore praktisert. På slutten av 1990-åra ser det ut til at attføring har vore freista for ein minkande del av dei nye uførepensjonistane, samtidig som talet på nye uførepensjonistar har auka monaleg. Dette var grunnen til at det i revidert budsjett for 2000 (St.prp.nr. 61 (1999-2000)) vart foreslått å innskjerpe kravet om attføring som vilkår for uførepensjon frå folketrygda.

Denne innskjerpinga vart gjennomført ved administrative retningslinjer, og vart óg omtalt i St.prp.nr.1 (2000-2001) Folketrygda. Det vert nå kravd at attføring skal vere freista for personar under 35 år eller under 45 år når han eller ho har muskel- og skjelettplager eller lettare psykiske lidingar, med mindre det er openbert at attføring ikkje er tenleg.

4.2.2 Kravet om dokumentasjon av funksjonsevna

Når ein person set fram krav om uførepensjon eller uførestønad, er det trygdekontoret på bustaden som greier ut saka og innhentar all dokumentasjon som er nødvendig for å kunne vurdere kravet. I alle saker skal det vere ei erklæring frå lege på ein blankett som er felles for alle sjukdomsrelaterte ytingar. I denne erklæringa skal legen mellom anna gi ei medisinsk grunngitt vurdering av funksjons- og arbeidsevna.

For å kunne vurdere om vilkåret om tenleg attføring er oppfylt, er det nødvendig å innhente opplysningar frå arbeidsgivaren om ein har freista bedriftsintern attføring/tilrettelegging og /eller opplysningar frå Aetat om ein har freista tenleg attføring til anna arbeid og om ytterlegare attføring bør prøvast.

I dag går det berre fram av administrative retningslinjer korleis vurderinga av funksjonsevna skal dokumenterast.

4.3 Departementet si vurdering og forslag

4.3.1 Skjerpa krav til attføring

I dei seinare åra har ein aukande del av uførepensjonssakene blitt avslått av di tenleg attføring ikkje er gjennomført. Dessutan er det ein auke i talet på avslag som er anka til Trygderetten. I 2002 vart 26 pst. av dei uførepensjonsvedtaka som vart anka, omgjorte til gunst for den ankande parten. I nokre rettsavgjerder vert det framheva at det ikkje går fram av lov eller forskrift at kravet om attføring skal praktiserast strengare i høve til muskel- og skjelettplager og lettare psykiske lidingar enn elles. Det vert óg vist til at den einaste persongruppa som skal få spesiell behandling er personar under 35 år med rusmiddelproblem eller psykososiale problem.

Også talet på saker til lagmannsretten etter at Trygderetten har stadfesta avslaget i trygdeetaten har auka. Lagmannsretten har i nokre saker oppheva avgjerder i Trygderetten som var grunngitte med at vilkåret om attføring ikkje er oppfylt. Det ser såleis ut til at lagmannsretten i nokre høve legg til grunn ein meir liberal praksis enn det trygdeetaten og Trygderetten gjer.

Arbeidslivet skal ha plass til alle som kan og vil arbeide. Regjeringa ynskjer at personar med nedsett funksjonsevne i størst mogleg grad skal kunne halde fram med eller komme i arbeid, og nytte sine evner til beste for seg sjølv og samfunnet. Alle som på grunn av sjukdom har behov for hjelp til å komme attende i arbeid eller få innpass i arbeidslivet har både rett og plikt til å prøve å gjennomføre tenlege attføringstiltak.

Departementet meiner at det bør skje ei generell skjerping av kravet om at ein skal freiste attføring før ei uføreyting vert gitt, ikkje berre i høve til spesielle diagnose- eller aldersgrupper. Attføring skal prøvast i alle saker, med mindre det er openbert at det ikkje er tenleg.

Dette inneber at fleire vil kunne bli viste til Aetat med sikte på yrkesretta attføring.

Departementet viser til lovforslaget, folketrygdlova § 12-5.

4.3.2 Lovfesting av kravet om dokumentasjon av funksjonsevna

Rikstrygdeverket har gjennomført to dokumentundersøkingar av uførepensjonssaker, ei i 1999 og ei oppfølgingsundersøking i 2002, for å vurdere kvaliteten på saksbehandlinga. Sjølv om dei medisinske opplysningane var meir fullstendige i 2002, var det framleis manglar med omsyn til opplysningar knytta til vurdering av funksjons- og arbeidsevne.

For å gjere det klårt at det skal skje ei grundig og systematisk funksjonsvurdering før uføreytingar vert gitt, foreslår departementet at det vert presisert i lova at det skal vere dokumentert i saka at funksjonsevna har vore vurdert.

I dei tilfella då søkjaren har prøvd yrkesretta attføring, vil ei vurdering av arbeidsevna og utprøving i regi av Aetat vere likestilt med ei funksjonsvurdering.

Departementet viser til lovforslaget, folketrygdlova § 12-5.

4.4 Iverksetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar

Lovendringa vert foreslått å tre i kraft 1. januar 2005. Endringa kan føre til at fleire får eit tilbod om attføring og at det dermed vert færre nye mottakarar av uføreytingar. Det er likevel ikkje mogleg å rekne på effekten av dette. Forslaget vil ikkje få særlege administrative konsekvensar for trygdeetaten. Endringa kan få administrative og økonomiske konsekvensar for Aetat pga. fleire saker som skal vurderast, og eventuelt fleire personar som skal få tilbod om tiltak. I tillegg vil resultatet av at ei vurdering av arbeidsevna i Aetat vert likestilt med andre funksjonsvurderingar, vere eit skjerpa dokumentasjonskrav til Aetats arbeidsevnevurderingar.

Dei administrative og økonomiske verknadene av dette vil bli vurdert i dei årlege budsjettrundane.

5 Endring av omgrepet «foreløpig uførestønad»

Etter folketrygdlova § 12-16 kan ein person som har sett fram krav om uførepensjon, få førebels uførestønad før det er gjort vedtak om uførepensjonen dersom det er sannsynlig at pensjon blir gitt. Stønaden blir gradert og rekna ut på same måten som uførepensjon. Det blir likevel ikkje gitt særtillegg.

Etter at tidsavgrensa uførestønad vart innført, er det lett for brukarane å blande saman desse omgrepa. Ettersom førebels uførestønad vert gitt til personar som det er sannsynleg vil få uførepensjon, er ytinga i realiteten ein førebels uførepensjon. Departementet foreslår derfor å endre terminologien slik at omgrepet «foreløpig uførestønad» vert endra til «foreløpig uførepensjon».

Departementet viser til lovforslaget, folketrygdlova § 3-2 fjerde leddet bokstav a, § 3-24 tredje leddet bokstav c, § 3-26 tredje leddet bokstav a, § 8-50 første og andre leddet, § 10-13 første leddet bokstav a, § 11-15 første leddet bokstav a, ellevte strekpunktet i innhaldslista til kapittel 12, § 12-14 første leddet bokstav a, § 12-16 overskrifta og første til tredje leddet, § 15-14, § 16-10 første leddet bokstav b, § 17-11 første leddet bokstav b, § 18-7 andre leddet, § 19-8 første leddet bokstav a, § 22-10 tredje leddet bokstav b, § 22-12 andre leddet, lov om krigspensjonering for militærpersonar § 18 nr. 1 tredje og sjette leddet, lova om krigspensjonering for heimestyrkepersonell og sivilpersonar § 23 nr. 1 tredje og sjette leddet, lova om pensjonstrygd for sjømenn § 4 nr. 3, § 5 nr. 2, § 16 nr. 1 bokstav e, § 28 nr. 2, § 29 nr. 2, lova om pensjonstrygd for skogsarbeidarar § 13 fjerde leddet, lova om pensjonstrygd for fiskarar § 8 andre leddet, lova om samordning av pensjons- og trygdeytingar § 19 andre leddet, § 20 tredje leddet, § 21 tredje leddet, lova om yrkesskadetrygd § 11 nr. 4, § 12 nr. 3, § 19 nr. 1, lova om statstilskot til ordningar for avtalefesta pensjon § 2 bokstav f og skattelova § 6-81 nr. 2 og nr. 3.

Lovendringa vert foreslått å tre i kraft 1. januar 2005 og har ingen økonomiske eller administrative konsekvensar.

6 Stønad til barnetilsyn når ein einsleg forsørgjar tek utdanning eller arbeider heime - folketrygdlova § 15-11 første leddet bokstav a

6.1 Innleiing

For å gjere det mogleg for fleire einslege forsørgjarar å bli betre kvalifiserte til arbeidslivet, foreslår regjeringa at stønad til barnetilsyn óg skal kunne ytast til einslege forsørgjarar som er under utdanning i heimen eller har lønna arbeid der. Tiltaket inngår i oppfølginga av Regjeringa sin tiltaksplan mot fattigdom.

6.2 Bakgrunn. Gjeldande rett

Hovudvilkåra for stønad til barnetilsyn er å finne i § 15-11 første leddet bokstav a og b. For det første er det eit krav at den einslege forsørgjaren på grunn av arbeid eller utdanning må overlate nødvendig tilsyn med barnet til andre, og at dette tilsynet er betalt. Tilsynet kan skje ved barnehage, skolefritidsordning, familiebarnehage eller dagmamma. Vidare er det eit vilkår etter § 15-11 fjerde leddet at utgiftene er dokumenterte.

Det er normalt barn som ikkje har fullført det fjerde skoleåret som har behov for tilsyn. I visse tilfeller kan ein få stønad for tilsyn med barn etter utløpet av det fjerde skoleåret, sjå § 15-11 tredje leddet. All ordinær utdanning gir rett til stønad til barnetilsyn, men ikkje hobbykurs. Arbeid som gir rett til stønad til barnetilsyn må vere arbeid som gir inntekter. Utdanninga eller arbeidet må dokumenterast.

Tilsynsbehovet må som nemnd grunne seg på arbeid eller utdanning utanfor heimen, jf. § 15-11 første leddet bokstav a. Ordlyden i lova fører til at stønad til barnetilsyn ikkje vert gitt dersom arbeidet eller utdanninga blir gjennomført i heimen. Dette gjeld óg når barnet har ei tilsynsordning utanfor heimen.

Det er likevel gjort unntak når det er innreidd eigne lokal på grunn av arbeid i heimen. Eit eksempel på dette er at søkjaren er frisør og har innreidd eit rom til frisørsalong i underetasjen i bustaden. Eit anna eksempel er ein gardbrukar som har barnet i barnehage. Arbeid på eige gardsbruk er likestilt med arbeid utanfor heimen.

6.3 Departementet sitt forslag

Inntektsgivande arbeid og utdanning kan i dag i stor mon skje i heimen. For eksempel gjeld det kompetansegivande korrespondanseskolar, kurs og liknande. Det er óg ein aukande bruk av heimekontor. Utdanning og arbeid i heimen kan gjere det lettare å kombinere yrkesretta aktivitetar med aleineomsorg for små barn.

Målgruppa er einslege forsørgjarar som har behov for å arbeide eller studere i heimen når barnet er i barnehage. I dag er det eit vilkår for stønad til barnetilsyn at studium og arbeid skjer utanfor heimen, sjå folketrygdlova § 15-11 første leddet bokstav a. Behovet for ei meir fleksibel ordning med stønad til barnetilsyn har auka i takt med at den teknologiske utviklinga som til dømes pc og internett, har gjort det lettare å studere og arbeide heime. Departementet meiner difor at tida er inne til å tilpasse reglane til de einslige forsørgjarane som ynskjer å arbeide eller studere heime.

Kravet om at utdanninga eller arbeidet må skje utanfor heimen vart utforma i ei tid då det var uvanleg å arbeide eller studere heime. Med moderne teknologi er det blitt meir vanleg og tenleg å studere eller arbeide heime. I mange tilfelle vil kombinasjonen omsorg og arbeid/ utdanning kunne vere enklare dersom forsørgjaren kan studere eller arbeide heime i nærleiken av barnehagen e.l.

Departementet foreslår etter dette at ein tar bort vilkåret i folketrygdlova § 15-11 første leddet bokstav a om at arbeid eller utdanning skal skje utanfor heimen.

Ein viser til lovforslaget, folketrygdlova § 15-11 første leddet bokstav a.

6.4 Iverksetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar

Lovendringa vert foreslått å tre i kraft 1. januar 2005. Meirutgiftene for folketrygda er på usikkert grunnlag rekna til 2 mill. kroner i 2005. Det er likevel venta ei viss innsparing i overgangsstønad i åra framover ved at noko fleire einslege forsørgjarar kjem i arbeid eller kan auke arbeidsinntekta si. Enkelte av dei vil truleg óg kunne starte på utdanning tidlegare enn de elles ville ha gjort.

Forslaget har ikkje nemnande administrative konsekvensar, men det vert venta ei viss lette ved at trygdeetaten ikke lenger må kontrollere at studiestaden eller arbeidsplassen er utanfor heimen.

Til forsida