Ot.prp. nr. 9 (2004-2005)

Om lov om endringar i folketrygdlova og i enkelte andre lover

Til innhaldsliste

Del 3
Merknader til dei einskilde paragrafane i lovforslaget

8 Merknader til dei einskilde paragrafane i lovforslaget

8.1 Endringar i folketrygdlova

Til §§ 3-2, 3-24, 3-26,8-50, 10-13, 11-15, innhaldslista til kapittel 12, § 12-14 og §12-16 overskrifta og første til tredje leddet, §§ 15-14, 16-10, 17-11, 18-7, 19-8, 22-10 og 22-12

Endringane inneber at omgrepet «foreløpig uførestønad» vert erstatta med omgrepet «foreløpig uførepensjon», sjå punkt 5.

Til § 3-2 fjerde og femte leddet

Paragrafen gjeld grunnpensjonen i folketrygda. Satsen i fjerde leddet for full grunnpensjon til ein pensjonist som lever saman med ein ektemake som er pensjonist eller forsørgjer seg sjølv vert sett opp frå 82,5 prosent til 85 prosent av grunnbeløpet frå 1. mai 2005. Omgrepet «foreløpig uførestønad» i bokstav a er foreslått erstatta med «foreløpig uførepensjon» alt frå 1. januar 2004, sjå punkt 5.

Endringa får også verknad for sambuande, sjå femte leddet andre punktum, der talet 82,5 vert erstatta med talet 85. Endringa gjeld óg for sambuande som er nemnde i folketrygdlova § 1-5.

Ein viser elles til punkt 2.3.1.

Til § 3-4 tredje leddet

Føresegna gjeld minstepensjon til ektepar, som blir sett opp frå 165 til 170 prosent av grunnbeløpet, slik at minstepensjonen for ektepar vert 170 prosent av grunnbeløpet tillagt to gonger særtillegget.

Endringa er ein konsekvens av endringa i § 3-2 fjerde leddet, sjå punkt 2.3.1.

Til § 3-26 femte leddet bokstav a

Føresegna gjeld storleiken på fribeløpet ved inntektsprøving av tillegg for forsørgt ektemake og barn. For å unngå at nivået på fribeløpa vert endra, blir talet 10 erstatta med talet 5, sjå punkt 2.3.2.

Til § 8-12

Regelen gjeld talet sjukepengedagar og vilkåra for ny opptening. Endringane i første og andre leddet er ein konsekvens av at arbeidsgivarperioden og ventetida for sjølvstendige mv. vert endra frå 16 til 14 kalenderdagar. Sjå punkt 3.5.9.

Til § 8-14

Regelen gjeld tilskot til arbeidsreiser. I dag kan ein få tilskot frå den 17. dagen. Endringa i andre leddet er ein konsekvens av at arbeidsgivarperioden og ventetida for sjølvstendige mv. vert endra frå 16 til 14 kalenderdagar. Sjå punkt 3.5.7.

Til § 8-17

Regelen gjeld sjukepengar frå trygda. Første leddet er nytt og slår fast at dekningsgraden skal vere 90 prosent etter utløpet av arbeidsgivarperioden. Endringa er ein konsekvens av at arbeidsgivaren skal dekkje 10 prosent av sjukepengane.

Ny bokstav e gjeld sjukepengar til kronisk sjuke og gravide når arbeidsgivaren får refundert sjukepengar i arbeidsgivarperioden. I slike høve skal arbeidsgivaren heller ikkje betale noko i resten av sjukmeldingsperioden. Sjå punkt 3.5.2.

Til § 8-18

Regelen gjeld sjukepengar frå arbeidsgivaren. I det tredje leddet, som er nytt, vert det innført ein regel om at arbeidsgivaren skal ha eit delansvar for sjukepengar etter at arbeidsgivarperioden er ute. Resten av sjukmeldingsperioden skal arbeidsgivaren dekkje 10 prosent av sjukepengane.

Noverande tredje, fjerde og femte leddet vert nye fjerde, femte og sjette leddet. Sjå punkt 3.5.2.

Til § 8-19

Regelen gjeld korleis ein fastsett arbeidsgivarperioden. Endringane i første, tredje og fjerde leddetinneber at arbeidsgivarperioden vert redusert frå 16 til 14 kalenderdagar, og tilbakefallsregelen vert tilpassa den nye arbeidsgivarperioden. Sjå punkt 3.5.3.

Til § 8-20

Regelen gjeld risiko for særleg stort sjukefråvær eller svangerskapsrelatert sjukefråvær. Arbeidsgivaren kan i visse høve få refundert sjukepengar i arbeidsgivarperioden. Endringane i første og andre leddet inneber at arbeidsgivaren i slike høve vert friteken også frå å dekkje 10 prosent av sjukepengane i resten av sjukmeldingsperioden. Sjå punkt 3.5.4.

Til § 8-21

Regelen gjeld forsikring mot ansvar for sjukepengar i arbeidsgivarperioden. Endringa i første leddet gjer at fleire kan teikne forsikring, då grensa for samla lønsutbetalingar vert auka frå 40 til 80 gonger grunnbeløpet. Forsikringa skal óg dekkje delansvaret etter utløpet av arbeidsgivarperioden. Ein bør unngå at ein arbeidsgivar som har forsikra seg mot det nye delansvaret, må utbetale 10 prosent av sjukepengane etter arbeidsgivarperioden og seinare få refusjon frå trygda (slik ordninga er for sjukepengar i arbeidsgivarperioden). I det tredje leddet i paragrafen vert det difor foreslått at trygdekontoret skal betale denne delen av sjukepengane direkte til arbeidstakaren. Sjå punkt 3.5.5.

Til § 8-22

Regelen gjeld ansvaret for trygda når arbeidsgivaren ikkje betaler. I dag skal trygda utbetale sjukepengane i arbeidsgivarperioden og krevje beløpet tilbake frå arbeidsgivaren. Endringa i første leddet inneber at dei same reglane for forskottering og innkrevjing skal gjelde for sjukepengane som arbeidsgivaren skal ha eit delansvar for utover arbeidsgivarperioden.

Til § 8-24

Regelen gjeld retten til å nytte eigenmelding. Endringa i fjerde leddet vert gjort for å tilpasse føresegna til den nye arbeidsgivarperioden på 14 kalenderdagar.

Til § 8-28

Regelen gjeld sjukepengegrunnlaget i arbeidsgivarperioden. Endringane i overskrifta og i første leddetinneber at det er det same sjukepengegrunnlaget som skal nyttast både i arbeidsgivarperioden og i perioden etterpå når arbeidsgivaren skal dekkje 10 prosent.

Til § 8-33

Regelen gjeld feriepengar. Endringa i første leddeter ein konsekvens av at arbeidsgivarperioden vert endra frå 16 til 14 kalenderdagar. Trygda sitt ansvar for feriepengar vert utvida med to dagar. Sjå punkt 3.5.6.

Til § 8-34

Regelen gjeld sjukepengedekning m.m. til sjølvstendig næringsdrivande. Andre leddet har reglar om ventetid. Endringane inneber at ventetida for rett til sjukepengar frå trygda vert redusert frå 16 til 14 kalenderdagar, tilsvarande reduksjonen av arbeidsgivarperioden. Sjå punkt 3.5.8.

Til § 8-36

Regelen gjeld forsikring for tillegg til m.a. sjukepengar og fødselspengar til sjølvstendig næringsdrivande. Første leddet stiller opp dei ulike dekningsalternativa. Endringa i bokstav b er ein konsekvens av at ventetida for rett til sjukepengar frå trygda vert redusert. Det andre leddetom vilkår for oppteningstid vert endra i samsvar med reduksjonen av ventetida frå 16 til 14 kalenderdagar. Sjå punkt 3.5.8.

Til § 8-38

Regelen gjeld sjukepengedekning og sjukepengegrunnlag til frilansarar. Andre leddet har reglar om ventetid. Endringane inneber at ventetida for rett til sjukepengar frå trygda vert redusert frå 16 til 14 kalenderdagar, tilsvarande reduksjonen av arbeidsgivarperioden. Sjå punkt 3.5.8.

Til § 8-39

Regelen gjeld forsikring for tilleggssjukepengar for frilansarar. Første, andre og fjerde leddetvert endra av di ventetida for rett til sjukepengar frå trygda vert redusert frå 16 til 14 kalenderdagar. Sjå punkt 3.5.8.

Til § 8-55

Regelen gjeld sjukepengar ved yrkesskade. Endringa i bokstav fvert gjort for å tilpasse føresegna til endringa av arbeidsgivarperioden. Sjå punkt 3.5.10.

Til § 10-8

Regelen gjeld rehabiliteringspengar. Rehabiliteringspengeperioden kan starte når sjukepengane frå trygda tek slutt. Endringane i tredje leddet bokstav a og btilpassar føresegna til endringane i arbeidsgivarperioden. Sjå punkt 3.6.

Til § 12-5 første og tredje leddet

Endringa inneber at tenleg attføring skal vere prøvd før ei uføreyting kan bli gitt, uavhengig av diagnose- eller aldersgruppe. Dessutan vert det i lova stilt krav om at det må liggje føre ei funksjonsvurdering i alle uføresaker.

Føresegna i gjeldande tredje leddet om personar under 35 år med rusmiddelproblem eller psykososiale problem vert oppheva, sjå punkt 4.3.1.

Til § 15-11 første leddet bokstav a

Denne bokstaven inneheld hovudkravet om at forsørgjaren må overlate tilsynet med barn til andre på grunn av skolegang eller arbeid utanfor heimen. Kravet om å studere eller arbeide utanfor heimen vert fjerna, sjå punkt 6.3.

Til § 23-6 bokstav a

Endringa inneber at orda «i arbeidsgiverperioden» vert fjerna. Forsikringordninga vil ikkje lenger vere avgrensa til ansvaret i arbeidsgivarperioden, sjå merknaden til § 8-21.

8.2 Endringane i lova om krigspensjonering for militærpersonar, lova om krigspensjonering for heimestyrkepersonell og sivilpersonar, lova om pensjonstrygd for sjømenn, lova om pensjonstrygd for skogsarbeidarar, lova om pensjonstrygd for fiskarar, lova om samordning av pensjons- og trygdeytingar, lova om yrkesskadetrygd, lova om statstilskot til ordningar for avtalefesta pensjon og i skattelova

Endringane inneber at uttrykket «foreløpig uførestønad» vert erstatta med «foreløpig uførepensjon», sjå punkt 2.

8.3 Endringane i lov 29. april 1988 nr. 21 om ferie § 10

Til § 10

Regelen i nr. 4 første leddet slår fast at sjukepengar utbetalt av arbeidsgivaren i arbeidsgivarperiodar skal reknast som arbeidsvederlag. Endringa inneber at det same skal gjelde for sjukepengar som arbeidsgivaren utbetaler etter folketrygdlova § 8-18 (dvs for delansvaret på 10 prosent etter utløp av arbeidsgjevarperioden).

Endringa i nr. 4 andre leddet bokstav a vert gjort for å tilpasse regelen til endringa i folketrygdlova § 8-33. Sjå punkt 3.5.6.

8.4 Endring i lønnsgarantilova

Til § 1 tredje leddet første punktum

Endringa inneber at den maksimale dekninga gjennom lønnsgarantiordninga vert redusert frå 3G til 2G.

Til forsida