Ot.prp. nr. 9 (2004-2005)

Om lov om endringar i folketrygdlova og i enkelte andre lover

Til innhaldsliste

Del 2
Endringar i lønnsgarantilova

7 Maksimal dekning gjennom lønnsgarantiordninga vert redusert frå 3G til 2G

7.1 Innleiing

Lønnsgarantiordninga gir staten plikt til, innanfor fastsette grenser, å dekkje lønn, feriepengar og ein del andre ytingar som arbeidsgivar ikkje er i stand til å betale på grunn av konkurs. Ved utbetaling av lønnsgarantidekning trer staten inn i kravet til arbeidstakaren i konkursbuet. Ordninga har eit sosialt tilsnitt og skal sikre at arbeidstakarane får dekt krava sine sjølv om arbeidsgivaren går konkurs. Staten garanterer i dag for krav opp til tre gonger grunnbeløpet i folketrygda (3G). Dette utgjer kr. 176 334 pr. 1. mai 2004.

Regelverket for lønnsgarantiordninga omfattar lov 14. desember 1973 nr. 61 om statsgaranti for lønnskrav ved konkurs m.v. (lønnsgarantilova) og forskrift om statsgaranti for lønnskrav, vedteke 28. oktober 1998 nr. 999. Lov 8. juni 1984 nr. 59 om fordringshaveres dekningsrett (dekningsloven) kapittel 9 er óg sentral med omsyn til kva for krav som skal dekkjast gjennom lønnsgarantiordninga.

EU-direktiv 80/989/EEC og endringsdirektiv 2002/74/EC (insolvensdirektivet) krev at alle EU/EØS-land har ein garantiinstitusjon som sikrar arbeidstakarane lønn ved konkurs hos arbeidsgivar. Noreg er bunden av direktivet gjennom EØS-avtalen. Det er Direktoratet for arbeidstilsynet som administrerer lønnsgarantiordninga.

Utgiftene til staten i samband med lønnsgarantiordninga har auka kraftig dei seinare åra. Det er difor naudsynt med tiltak som kan avgrense utgiftene. Departementet foreslår difor at grensa for maksimal dekning gjennom lønnsgarantiordninga vert redusert frå 3G til 2G (frå kr. 176 334 til kr. 117 556).

Det er rekna ut at dei foreslåtte endringane vil innebere ein reduksjon av lønnsgarantiutbetalingane på om lag 26 mill. kroner for 2005. Den årlege innsparinga er utrekna til å vere om lag 53 mill. kroner.

7.2 Gjeldande rett

Den statlege lønnsgarantiordninga vart etablert i 1974, og gir staten plikt til, på visse vilkår, å dekkje lønn, feriepengar, og ein del andre ytingar som ikkje kan bli dekte på grunn av arbeidsgivaren sin konkurs. Ved utbetaling av garantibeløp trer staten inn i arbeidstakaren sitt krav mot arbeidsgivar eller konkursbuet.

Formålet med lønnsgarantiordninga er å sikre at arbeidstakarane får dekt lønnskrava sine ved konkurs hos arbeidsgivar og sikre at dekning skjer mest mogleg i rett tid.

Garantien omfattar lønn mv. i alle arbeidsforhold der det skal betalast arbeidsgivaravgift til folketrygda. Det er ikkje eit vilkår for å få lønnsgarantidekning at arbeidsgivaravgift faktisk er betalt.

Lønnsgarantilova byggjer på eit system der omfanget av garantiansvaret er avgrensa ved å vise til dekningslova kapittel 9. Dette innber at garantiansvaret berre omfattar lønnskrav mv. så langt krava har førsteprioritet etter reglane der.

I utgangspunktet har alle arbeidstakarar krav på lønnsgarantidekning. Einskilde grupper er likevel unntekne frå dekning: Sjølvstendig næringsdrivande, oppdragstakarar, arbeidstakarar som har vore dagleg leiar, har vore medeigar i verksemda med meir enn 20 prosent eller som har vore styremedlem valt av aksjonærane. Ein arbeidstakar kan óg bli nekta dekning i tilfelle med misbruk. Det er óg avgrensningar av dekninga gjennom lønnsgarantiordninga i høve til tid og kostnader.

Lønnsgarantien omfattar i utgangspunktet krav på forfalle lønn og anna arbeidsvederlag, som til dømes provisjon og overtidsgodtgjering. I tillegg vil arbeidstakarane få dekt krav på lønn i oppseiingstida innanfor fristane i arbeidsmiljølova, eventuelt som følgje av tariffavtale. Vidare dekkjer lønnsgarantien feriepengar for inntil 30 månader og pensjonsytingar for inntil 6 månader. Lønnsgarantien kan óg gi dekning for renter, kostnader ved inndriving av kravet, samt rimelege omkostningar i samband med krav om konkurs.

Insolvensdirektivet opnar for at det kan bli fastsett grenser for utbetalinga av lønnsgarantiar, noe både Noreg og dei andre nordiske landa har nytta seg av. I Noreg er dette gjort ved å avgrense den maksimale utbetalinga frå ordninga til inntil 3G pr. arbeidstakar.

Lønnsgarantiordninga er basert på at Direktoratet for arbeidstilsynet, på vegne av arbeidstakarane, får søknader om lønnsgarantidekning. Direktoratet står for utbetaling til arbeidstakarane og innfordring av staten sitt regresskrav. Klager på direktoratet sine vedtak i lønnsgarantisaker vert avgjorte av departementet.

7.3 Departementets vurdering og framlegg

Lønnsgarantiordninga vert finansiert ved ei arbeidsgivaravgift som inngår i arbeidsgivaravgifta til folketrygda, og er ein eigen post på statsbudsjettet.

Da lønnsgarantilova vart gitt, rekna ein med eit årleg kapitalbehov på 10-15 mill. kroner (med kroneverdien på den tida), som svara til ei avgift på 0,2 til 0,3 promille av grunnlaget for arbeidsgivaravgifta. Avgiftene til lønnsgarantiordninga kom ikkje klårt fram som ei særavgift, men i følgje motiva til lønnsgarantilova skulle arbeidsgivaravgifta bli justert på bakgrunn av dei røynslene ein fekk ved praktiseringa av ordninga. Dette er likevel ikkje skjedd i praksis. Ordninga har difor i stor grad endra karakter frå ei forskotteringsordning, som den opprinneleg var meint å vere, til ei stønadsordning. I praksis vert utgiftene dekte over statsbudsjettet i staden for gjennom arbeidsgivaravgifta. Tal frå 2003 viser ei utbetaling på 695 mill. kroner, medan staten berre fekk 105 mill. kroner attende i regressomgangen.

I 1992 vart det vedteke endringar i lønnsgarantiordninga 1, mellom anna med sikte på å avgrense utgiftene for staten. Hovudelementet i lovrevisjonen var at grunnvilkåret for å få lønnsgarantidekning vart endra til at det vart kravd at det var opna konkurs i verksemda til arbeidsgivaren. Til tross for at ordninga vart stramma inn med sikte på å redusere utbetalingane, har staten sine utgifter i samband med lønnsgarantiordninga auka mykje i løpet av dei seinaste åra. Talet på lønnsgarantisaker har gått opp kvart år frå 2000. Talet i 2003 var det høgaste sidan 1993, og samanlikna med 2002 har auken i nye saker vore på 21,4 prosent. Årsaka til dette er mellom anna ein stor auke i konkursane.

Utbetalingane gjennom den statlege lønnsgarantiordninga har, som det går fram, auka stort dei seinare åra. Samstundes får staten relativt lite attende i regressomgangen. Sjølv om tala for 2004 viser ein nedgang samanlikna med året før, finn departementet det tenleg å foreslå tiltak som kan hjelpe til med å redusere utgiftene ved lønnsgarantiordninga. Departementet foreslår difor å minske maksimal dekning gjennom lønnsgarantiordninga frå 3G til 2G. Dette vert rekna å gi ei årleg innsparing på ca. 53 mill. kroner. Endringa vert gjennomført ved ei endring av lønnsgarantilova § 1, tredje leddet.

7.4 Iverksetjing og overgangsreglar. Administrative og økonomiske konsekvensar

Departementet foreslår at lovendringane får verknad frå 1. januar 2005, og at dei får verknad for alle saker der fristdagen kjem etter dette tidspunktet. Tilsvarande får endringane verknad for insolvente dødsbu der dødsfallet skjer etter iverksetjinga, for forsikringsselskap og bankar der det vert bestemt å setje institusjonen under offentleg administrasjon etter dette tidspunktet, og for insolvente selskap der tvangsavvikling vert bestemt etter iverksetjinga.

Innstrammingstiltaket vil føre til at arbeidstakarane får lågare dekning enn i dag. På den andre sida vil dette først og fremst få noko å seie for arbeidstakarar med høge opptente krav. Den gjennomsnittlege utbetalinga per arbeidstakar låg på om lag 55 000 kroner i 2003. Det er difor relativt få arbeidstakarar som vert ramma av forslaget.

Dei foreslåtte endringane vil likevel redusere staten sine utgifter i samband med lønnsgarantiordninga. Dei økonomiske konsekvensane av framlegget er rekna å gi ei årleg innsparing i utbetalingane på om lag 53 millionar kroner. I 2005 er innsparinga utrekna til å bli om lag 26 mill. kroner, ettersom rutinene for handsaming av sakene medfører at ein ikkje får full effekt av endringane i 2005.

Kor store dei faktiske innsparingane vil bli, er mellom anna avhengig av mengda konkursar i 2004, og kva slag bransjar konkursane relaterer seg til i det enkelte året framover. Det vil også verka inn på innsparingane at arbeidstakarane som ikkje er i arbeid etter konkursopninga som regel har krav på arbeidsløysetrygd. I desse tilfella vil nettoinnsparinga for staten utgjere differansen mellom full dekning over garantien og trygdeutbetalingane.

Fotnotar

1.

Jf. Ot.prp. nr. 27 (1991-1992)

Til forsida