Ot.prp. nr. 98 (2001-2002)

Om lov om endring av lov om offentlig støtte (nye prosedyrereglar)

Til innhaldsliste

3 Særskild foreldingsfrist i saker om offentleg stønad

Prosedyreforordninga innfører ein 10 års foreldingsfrist for å krevje tilbake stønad. Dette inneber at EFTAs overvakingsorgan og Kommisjonen må gå til formelle skritt innan 10 år etter at stønaden er tildelt, elles vil saka bli sett på som eksisterande stønad.

Krav om tilbakeføring av offentleg stønad vil normalt falle inn under det generelle verkeområdet for lov om forelding av krav (foreldingsloven) av 18. mai 1979 nr. 18. Den allmenne foreldingsfristen for pengekrav er 3 år, jf. foreldingsloven § 2. Reglane i foreldingsloven kan fråvikast ved føresegn i lov. Loven inneheld sjølv fleire unntak frå hovudregelen, jf. §§ 4 til 9. Dei aktuelle krava om tilbakeføring etter stønadsreglane blir likevel ikkje dekte av nokon av unntaka. Dette inneber at desse pengekrava må haldast utanfor den generelle foreldingsfristen i særskild lovregel. Slikt unnatak må og gjerast i høve til krav om tilbakebetaling som fell under andre alminnelege foreldingsreglar med ein foreldingsfrist på mindre enn 10 år. Slike foreldingsreglar finn ein til dømes i skattebetalingsloven.

Departementet legg til grunn at den særskilde foreldingsfristen bør regulerast i forskrift med heimel i Lov om offentleg stønad. Lovheimelen må på eintydig vis gje høve til å gje reglar som vik av frå foreldingsloven. Dette er også i samsvar med den vurderinga Justisdepartementet har gjeve i spørsmålet.

Departementet føreslår derfor at det blir teke inn ein regel i Lov om offentleg stønad § 3 (ny § 5) som gjev heimel for Kongen til å vike unna reglane i foreldingsloven innanfor verkeområdet til stønadsloven.

Konsekvensane av dette forslaget er at bedrifter kan bli kravde for midlar som vart utbetalte etter måten langt tilbake i tid. Dette kan i enkelte tilfelle dreie seg om store summar dersom stønadsreglane er praktiserte feil over lengre tid. Til no har det vore få saker med krav om tilbakebetaling i Noreg. Eit døme er likevel illustrerande for kor omfattande dette kan vere, nemleg Arcus-saka av 3. desember 1998. Her vart det tilbakebetalt 200 millionar kroner av ein samla statsstønad på 424 millionar kroner som følgje av dei avgjerdene overvakingsorganet i EFTA gjorde i saka. Med denne utvidinga av tilbakesøkingstida i norsk rett blir det både for offentlege styresmakter og stønadsmottakarane dess viktigare å klarere eventuelle stønadstiltak med departementet og overvakingsorganet i EFTA før tiltaket blir sett i verk.