Ot.prp. nr. 98 (2001-2002)

Om lov om endring av lov om offentlig støtte (nye prosedyrereglar)

Til innhaldsliste

5 Tilbakebetaling av utbetalt stønad

EØS-avtalen pålegg medlemslanda å ha ein heimel for tilbakebetaling av stønad som er omfatta av artikkel 61 i EØS-avtalen. Med bakgrunn i denne plikta gjev Lov om offentleg stønad § 3 departementet heimel til å krevje tilbake utbetalt stønad. Dette gjeld stønad som ikkje er godkjend på førehand av overvakingsorganet i EFTA eller som elles er i strid med EØS-avtalen artikkel 61 eller andre internasjonale avtalar som er nemnde i § 1 i loven (verkeområdet for loven).

Departementet har erfart at det i nokre saker er stilt spørsmål ved om heimelen faktisk dekkjer alle tilfelle av stønad som fell inn under verkeområdet for loven. Problemstillinga oppstår særleg i tilfelle der stønaden er ytt indirekte, til dømes i form av garantiar eller skatte- og avgiftslettar. Slik stønad fell i prinsippet inn under artikkel 61 i EØS-avtalen og til ein viss grad under andre internasjonale avtalar som er nemnde i § 1 i stønadsloven. Dette er slått fast i praksisen frå EFTA-domstolen, EF-domstolen og overvakingsorgana.

I loven blir ordlyden «utbetalt stønad» og «tilbakebetaling» brukt. Denne ordlyden passar etter vanleg norsk språkbruk dårleg i tilfelle der stønaden er ytt indirekte og ikkje «utbetalt» etter vanleg bruk av ordet. Det er ofte meir naturleg å sjå på indirekte stønad som tilståing eller tildeling av ein økonomisk fordel. Forarbeida til stønadsloven gjer også omgrepet offentleg stønad noko uklart, jf. Ot. prp. nr. 73 (1991-1992) side 27-29.

Både loven og forarbeida inneheld likevel direkte tilvising til EØS-avtalen artikkel 61, og det er klart at det er stønadsomgrepet i denne regelen og i dei andre avtalane som er nemnde i § 1, som er avgjerande for det verkeområdet loven gjeld for. Dessutan viser § 3 til at heimelen gjeld for stønad som er meldepliktig etter EØS-avtalen, og stønad som overvakingsorganet i EFTA finn å vere «i strid med reglane i EØS-avtalen om offentleg stønad». Dette taler for at all stønad som fell inn under reglane i EØS-avtalen om offentleg stønad, her medrekna indirekte stønad, kan vere gjenstand for fullmaktstiltak etter § 3. Tilvisinga til dei internasjonale avtalane som ligg til grunn for loven, må etter vår vurdering tilleggjast stor vekt, medan dei norske forarbeida berre bør ha avgrensa vekt ved tolking av norske lovar som gjennomfører EØS-plikter.

Etter departementet si vurdering omfattar derfor heimelen i dag slik indirekte stønad. Departementet ser det likevel slik at det på grunn av ordlyden råder unødvendig tvil rundt tolkinga av verkeområdet for § 3 i stønadsloven, og om dette er samanfallande med verkeområdet for loven ut frå § 1. Departementet føreslår derfor at ordlyden blir presisert på dette punktet, slik at det går klarare fram at indirekte stønad kan vere gjenstand for krav om tilbakebetaling.

Departementet har derimot ikkje funne det tenleg å presisere nærmare kva for ein stønad som fell inn under loven, da stønadsomgrepet i EØS-avtalen er eit dynamisk omgrep som ikkje er eigna for ein statisk definisjon i norsk lov.

Det vil etter departementet si vurdering ikkje vere økonomiske og administrative konsekvensar av den presiseringa det blir gjort framlegg om, da rettstilstanden i dag ikkje blir endra. Når det gjeld verknaden av reglane om tilbakeføring av tildelt stønad, viser ein elles til kapittel 3 ovanfor.