Ot.prp. nr. 98 (2001-2002)

Om lov om endring av lov om offentlig støtte (nye prosedyrereglar)

Til innhaldsliste

4 Kontroll gjennomførd av overvakingsorganet i EFTA

I medhald av dei internasjonale avtalepliktene våre, har overvakingsorganet i EFTA rett til å gjennomføre kontrollar på staden når overvakingsorganet er i alvorleg tvil om kor vidt vedtak av overvakingsorganet når det gjeld individuell stønad, blir etterfølgde. Denne regelen er ny i forhold til eksisterande prosedyrereglar for statsstønad.

I norsk rett er likevel reglar om kontroll på staden ingen nyskaping. Reglane om kontroll på staden er i grove trekk den same som reglane om kontroll på staden på konkurranserettens område.

Formålet med kontrollane er å undersøkje om føretak har motteke statsstønad som er forboden etter EØS-avtalen art. 61(1) og/eller om føresetnaden for godkjenning av stønad har vorte oppfylt. Ein reknar med at det berre unntaksvis vil vere behov for å bruke denne regelen i praksis. Departementet har av omsyn til legalitetsprinsippet funne at dei reglane som er nemnde ovanfor, bør takast inn i sjølve loven.

Ved kontroll av om det aktuelle vedtaket er overhalde, skal representantar frå overvakingsorganet i EFTA, ha tenestemakt til å krevje tilgjenge til eigedom som tilhøyrer det aktuelle føretaket. Representantane frå overvakingsorganet kan også kontrollere bøker og andre forretningsdokument. Overvakingsorganet har i denne samanhengen rett til å stille eigne spørsmål til representantane for føretaka.

Før sjølve kontrollen blir gjennomførd, skal overvakingsorganet ta kontakt med nasjonale styresmakter. Det nye regelverket gjev nasjonale styresmakter høve til å leggje fram sine merknader overfor overvakingsorganet på førehand. Forordninga har derfor som føresetnad at det blir peikt ut eit nasjonalt kontaktpunkt for EFTAs overvakingsorgan i samband med kontrollar på staden.

Det blir lagt fram forslag om at Nærings- og handelsdepartementet (departementet) blir peikt ut som kontaktpunkt. Departementet har gjennom lov om offentleg stønad og forskrifta det overordna ansvaret i forvaltninga for notifikasjon og rapportering til EFTAs overvakingsorgan av offentleg stønad til næringslivet i Noreg.

Norske styresmakter er pliktige til å førehandsmelde til EFTAs overvakingsorgan om nye stønadstiltak og om endringar i eksisterande tiltak. Departementet har derfor i ei rekke saker kontakt med overvakingsorganet i fasen før det eventuelt blir reist ei klagesak. I tillegg har departementet eit koordineringsansvar dersom overvakingsorganet reiser klagesak mot norske styresmakter for brot på reglane om offentleg stønad i EØS-avtalen.

Nasjonale styresmakter får også rett til å vere til stades når overvakingsorganet er på kontrollbesøk. Nasjonale styresmakter har likevel ikkje rett til sjølve å utføre kontrollbesøk.

Av de same årsakene som nemnt ovanfor fremmast det forslag om å gje departementet rett å vere til stades under kontrollane. Gjennom å ha det overordna ansvaret i forvaltninga for notifikasjon og rapportering til EFTAs overvakingsorgan av offentleg stønad til næringslivet i Noreg, vil departementet normalt kjenne saka godt før overvakingsorganet vedtek å gjennomføre bedriftskontroll på staden. Departementet vil både ha føresetnader for å kunne følgje med under sjølve undersøkingane og til å seie om det ligg føre veikskapar ved rapporten om bedriftsbesøket frå overvakingsorganet. Ein slik rapport er dei pliktige til å arbeide ut i medhald av art. 22(5) i prosedyreforordninga.

Det foreslåas at departementet gis høve til å peike ut nasjonale ekspertar som tek del i dei undersøkingane overvakingsorganet gjer på staden. Det kan her vere tenleg at det departementet som er ansvarleg for den aktuelle stønadsordninga, er til stades under granskingane overvakingsorganet gjer på staden.

Prosedyreforordninga forutset at nasjonale styresmakter yte representantane og dei sakkunnige med fullmakt frå overvakingsorganet den hjelpa som er nødvendig for at dei skal kunne utføre oppdraget sitt. Det blir derfor i § 4 i utkastet også lagt fram forslag om at Konkurransetilsynet skal ha plikt til å gå til forhøyrsretten med krav om bevissikring på vegne av overvakingsorganet, og om nødvendig krevje hjelp av politiet for å setje i verk kontrollar på staden.

Bakgrunnen for forslaget om at løyve til bevissikring alltid skal leggjast fram for forhøyrsretten på førehand, er at stønadsmottakar i motsett fall vil kunne hindre overvakingsorganet i å utføre ein kontroll på staden.

Etter departementet si oppfatning er det Konkurransetilsynet som er best eigna til å ta seg av denne oppgåva. Lov om konkurranse i næringsverksemd (konkurranseloven) 1 § 2-2 bokstav e fastset at konkurransestyresmaktene etter pålegg skal hjelpe andre styresmakter med å kontrollere at andre reglar der brot kan ha uheldige verknader for marknads- og konkurransevilkår, blir etterlevde. Og Konkurransetilsynet har etter § 6-2 andre og tredje ledd erfaring med å hjelpe overvakingsorganet med tilsvarande oppgåver på konkurranserettens område.

Det er likevel ein føresetnad at det blir etablert gode informasjonsrutinar mellom departementet og Konkurransetilsynet i samband med kontrollar på staden. Ved implementeringa av prosedyreforordninga får departementet og Konkurransetilsynet nye oppgåver knytte til det å hjelpe overvakingsorganet i EFTA ved kontrollar på staden i Noreg.

Det kan oppstå noe utgifter i samband med den nye regelen om kontroll på staden hos stønadsmottakar. Ettersom ein kan rekne med at kontroll på staden berre unntaksvis vil bli praksis, reknar departementet med at dei økonomiske og administrative konsekvensane av regelverket vil bli heller små.

Fotnotar

1.

Lov av 11. juni nr. 65 1993.