Ot.prp. nr. 99 (2000-2001)

Om lov om endringar i lov 28. juni 1957 nr. 12 om pensjonstrygd for fiskere mv.

Til innhaldsliste

2 Pensjonstrygda for fiskarar

2.1 Bakgrunn for forslaga

Pensjonstrygda for fiskarar blei skipa ved lov 28. juni 1957 nr. 12. Pensjonstrygda er ei ordning med tidlegpensjon, som i dag gir alderspensjon frå 60 til 67 år. Frå 1996 har Garantikassa for fiskarar i Trondheim overteke den daglege administrasjonen av pensjonstrygda frå trygdekontora.

Fiskarpensjonen kan løpe ved sida av inntekt frå arbeid i yrket, som for denne aldersgruppa ofte vil vere redusert i høve til tidlegare. Full pensjon er 1,6 ganger grunnbeløpet i folketrygda, dvs. om lag 78 500 kroner i året pr. 30. april 2001. Ordninga er omfatta av samordningslova og er tilpassa folketrygda. Fiskarpensjonen fell mellom anna bort for dei som har uførepensjon frå folketrygda for full uførleik.

Med nokre unntak har fiskarar og fangstmenn som er førte på blad B i fiskarmanntalet plikt til å vere medlemer i pensjonstrygda for fiskarar.

Etter lova skal utgiftene til pensjonar og administrasjon bli dekte ved medlemspremie og omsetningsavgift på fisk. Trygda er garantert av staten. Medlemspremien er for tida på 3 012 kroner i året, og blir delt på to innbetalingar i året. Ein pliktig medlem som ikkje betalar premien trass i at han er varsla særskilt, blir stroke frå fiskarmanntalet, sjå nærare punkt 2.3.

Det har jamleg vore kritisert at reaksjonen mot pliktige medlemer som ikkje betalar medlemspremie er at dei blir strokne frå fiskarmanntalet. Spørsmålet om å endre denne reaksjonen har vore reist frå ulike hald. Dette spørsmålet har vore greidd ut nærare i departementet, og har vore på høyring saman med eit forslag om å forbetre ordninga med å leggje saman medlemstid i pensjonstrygda for fiskarar og pensjonstrygda for sjømenn. Departementet har fått høyringssvar frå Fiskebåtredernes Forbund, Norges Fiskarlag, Norges Fiskarkvinnelag, Norsk Sjømannsforbund, Rikstrygdeverket og Fiskeridepartementet (med brev med merknader frå Fiskeridirektoratet og Garantikassa for fiskarar lagde ved).

2.2 Administrasjonen av pensjonstrygda for fiskarar

Fram til 1. januar 1996 blei pensjonstrygda for fiskarar administrert sentralt av Rikstrygdeverket og lokalt av trygdekontora. Ved lov 16. juni 1995 nr. 32 blei fiskarpensjonslova endra såleis at Kongen kan bestemme at Garantikassa for fiskarar kan ta over oppgåvene til trygdekontora. Endringa blei gjort i samsvar med eit framlegg i Ot.prp. nr. 42 (1994-95). Ved kongeleg resolusjon av 24. november 1995 blei det bestemt at Garantikassa skulle ta over oppgåvene til trygdekontora med pensjonstrygda for fiskarar frå 1. januar 1996.

Garantikassa for fiskarar har sidan 1996 kravd inn medlemspremien til pensjonstrygda, og gir i samband med dette meldingar til fiskarmanntalet. Dessutan reknar Garantikassa ut pensjonane og betalar dei ut. Garantikassa fører og eit register over dei rettane som fiskarane har opparbeidd i trygda, informerer om pensjonsordninga osv. Utgiftene til administrasjonen bli dekka av inntektene til pensjonstrygda, og var i 2000 om lag 2,6 millionar kroner.

Rikstrygdeverket har halde fram med å ha det overordna ansvaret for pensjonstrygda, og er ankemotpart for Trygderetten i saker som gjeld vedtak etter fiskarpensjonslova.

Departementet la i Ot.prp. nr. 42 (1994-95) til grunn at overføringa av den daglege administrasjonen av pensjonstrygda for fiskarar til Garantikassa for fiskarar i første omgang skulle gjelde i ein prøveperiode. I eit brev til departementet av 30. desember 1998 om røynslene med ordninga skriv Rikstrygdeverket mellom anna:

«Før Garantikassen overtok fiskerpensjonen var ordningen delt mellom 250-300 trygdekontor. Mange av trygdekontorene fikk liten eller ingen kontinuitet i saksbehandlingen, slik at den ble uforholdsmessig tidkrevende. Ved at Garantikassen overtok den daglige administrasjonen av pensjonstrygden, ble det en mer effektiv organisering av ordningen. Rikstrygdeverket har erfart at trygdekontorene er fornøyde med at Garantikassen har overtatt fiskerpensjonen, og at de har tillit til det arbeidet Garantikassen utfører.»

Departementet viser til vurderinga til Rikstrygdeverket, og reknar det ikkje for aktuelt å gå tilbake til ordninga med at fleire hundre trygdekontor skal ha den daglege administrasjonen av pensjonstrygda for fiskarar. Ein foreslår at ordninga med at Rikstrygdeverket skal ha det overordna ansvaret for pensjonstrygda held fram, og at Rikstrygdeverket og skal halde fram med å vere ankemotpart for Trygderetten.

Departementet foreslår at det blir lovfesta at reglar om den daglege administrasjonen blir gitt ved kongeleg resolusjon, og at dei paragrafane der trygdekontora er nemnde blir endra i samsvar med dette. Departementet viser til lovforslaget.

Endringane har ikkje økonomiske eller administrative konsekvensar.

Det blir foreslått at endringane trer i kraft 1. januar 2002.

2.3 Fiskarar som ikkje betalar pensjonspremie

2.3.1 Innleiing

Som nemnd ovanfor i punkt 2.1 er hovudregelen at fiskarar og fangstmenn som er førte på blad B i fiskarmanntalet har plikt til å vere medlemer i pensjonstrygda for fiskarar, jf. fiskarpensjonslova § 1 første ledd. Det er dei som har fiske som hovudyrke som er førte på blad B i manntalet. Fiskarmanntalet er no heimla i fiskarpensjonslova § 4. Forskrift om føring av manntalet er fastsett av Fiskeridepartementet (Forskrift av 26. september 1983 nr. 1495 om føring av manntall for fiskere, fangstmenn mv.). Det følgjer av manntalsforskrifta at Fiskeridirektoratet er ansvarleg for å føre fiskarmanntalet.

Etter fiskarpensjonslova § 16 fastsett Kongen medlemspremien til trygda. For dei pliktige medlemene blir det fastsett ein årspremie som desse medlemene skal betale inn i to terminer. Dersom ein pliktig medlem ikkje betalar premien innan fristen for dette, gjeld lova § 1 andre ledd, som lyder slik:

«Trygdepliktig medlem som tross særskilt varsel ikke har betalt skyldig medlemspremie for første halvår innen 1. april, skal strykes av manntallet. Det samme gjelder dersom medlemspremien for annet halvår ikke er betalt innen 1. august. Ved senere betaling av premie skal vedkommende gjenopptas i manntallet fra det tidspunkt betaling skjer.»

Reaksjonen med å stryke den som ikkje betalar medlemspremie frå fiskarmanntalet blei innført frå 1994. Spørsmålet om å vurdere regelen på ny har sidan da jamt vore tatt opp, både av fiskarane og deira organisasjonar og av Fiskeridirektoratet.

2.3.2 Nærare om reaksjonsregelen

Da pensjonstrygda for fiskarar blei innført frå 1958, omfatta ordninga dei fiskarane som var sjukepengetrygda. Dette var stort sett fiskarar som stod på blad B i fiskarmanntalet. Fiskarane betala inn medlemspremien til pensjonstrygda saman med premien til sjuketrygda og yrkesskadetrygda. Dersom premien til desse ordningane ikkje blei betala inn, kunne trygdekontora krevje han inn ved utpanting.

Frå 1. januar 1971 blei folketrygda utvida til å omfatte sjuketrygda og yrkesskadetrygda. Ordninga med å krevje inn medlemspremien til pensjonstrygda for fiskarar ved tvang fell samstundes bort. Som ein følgje av dette blei pensjonstrygda for fiskarar i røynda ei frivillig ordning, sjølv om yrkesfiskarane etter lova hadde plikt til å vere medlemer i ordninga.

Frå 1994 blei pensjonstrygda for fiskarar monaleg betra, jf. Ot.prp. nr. 24 (1992-93) og Innst. O. nr. 82 (1992-93). Mellom anna blei pensjonsalderen seinka frå 62 til 60 år, og fiskarpensjonen blei auka frå 1 til 1,6 gonger grunnbeløpet i folketrygda. Samtidig blei det vedteke å stryke frå fiskarmanntalet fiskarar som er pliktige medlemer av pensjonstrygda for fiskarar når dei ikkje betalar premien.

Desse endringane blei vedteke etter forslag frå ei arbeidsgruppe som vurderte pensjonsordninga for fiskarar. Arbeidsgruppa vurderte mellom anna om pensjonstrygda skulle halde fram som ei pliktig ordning, eller ikkje. Fleirtalet i arbeidsgruppa meinte at pensjonstrygda skulle halde fram som ei pliktig ordning, og at ein skulle sikre seg å få inn medlemspremien gjennom å stryke dei som ikkje betalar frå blad B i fiskarmanntalet. Departementet var samd i dette. Stortinget vedtok ein slik reaksjonsregel, og regelen tok til å gjelde frå 1. januar 1994.

Medlemspremien til pensjonstrygda for fiskarar blei opphavleg kravd inn ein gong i året. Reaksjonsregelen som blei innført frå 1994 var utforma slik at det var mogleg å unngå å bli stroken frå manntalet ved å betale premie annan kvart år. Frå og med 1998 gjekk ein over til å krevje inn medlemspremien i to terminer i året, jf. endringslov 13. juni 1997 nr. 58. Samstundes blei reaksjonsregelen justert noko, slik at ein stryk fiskarar frå fiskarmanntalet som etter å ha blitt purra let vere å betale medlemspremien for den første terminen innan 1. april. For den andre terminen er fristen 1. august. Ein fiskar blir teken opp igjen i manntalet straks han betalar premien.

Fiskarmanntalet er organisert i blad A (biyrke) og blad B (hovudyrke). Det er aktiviteten i og utanom fiske (tidsbruk og inntekt) som etter nærare reglar ligg til grunn for opptak i manntalet. I tillegg til medlemskapen i pensjonstrygda for fiskarar, er ei rad sosiale ordningar og rettar i fisket knytt til manntalet. Dette gjeld:

  • Garantiordninga, der fiskarane er sikra ei viss minsteinntekt.

  • Arbeidsløysetrygd i fiske.

  • Stønad ved yrkesskade frå folketrygda for fiskarar.

  • Helårs sjukepengar frå folketrygda for fiskarar utan krav til oppteningstid.

  • Kollektiv tilleggstrygd for sjukepengar fastsett ved avtale.

  • Refusjon av avgifter på mineralolje.

  • Tilskott til drift av lineegnesentralar.

  • Ulike ordningar innan fiskeriforvaltninga (løyve til å kjøpe fiskefartøy, konsesjonar, regulering av ulike fiskeri m.m.).

Det er ikkje tvil om at føremålet med ein reaksjonsregel knytt til fiskarmanntalet er oppnådd når det gjeld å få inn medlemspremien til pensjonstrygda for fiskarar. Til dømes var det om lag 6 500 fiskarar som betala premie i 1993, mens talet var om lag 10 000 fiskarar i 1995. I 2000 betala om lag 8 800 fiskarar medlemspremie.

Reaksjonsregelen har jamleg vore kritisert sidan regelen blei innført. Kritikken har mellom anna kome frå einskilde fiskarar og organisasjonar i fiskerinæringa. Det blir hevda at reaksjonen med å stryka fiskarar frå manntalet er for streng fordi det får følgjer på område som ikkje har noko med fiskarpensjonen å gjøre. Det blir og hevda at reaksjonsregelen gjer det vanskeleg å administrere fiskarmanntalet.

2.3.3 Høyring

I høyringsbrev av 8. desember 2000 bad departementet om synspunkt på korleis ein kan krevje inn medlemspremie som fiskarar ikkje betalar til rett tid. Alternativ til den gjeldande reaksjonsregelen kan vere

  • å trekkje kravet på medlemspremie i ytingar som Garantikassa for fiskarar administrerer, mellom anna garantilott

  • å trekkje kravet i ytingar frå den kollektive ordninga med sjukepengar for fiskarar

  • å drive kravet inn frå skuldnarane gjennom utlegg.

Departementet peika og på at det er eit alternativ å gjere fiskarpensjonsordninga frivillig, og viste til at det blir kritisert at fiskarane er «tvungne» til å vere med i ei pensjonsordning som blir samordna med folketrygda. I ei frivillig ordning vil det ikkje vere aktuelt å krevje inn premie ved tvang.

Fiskebåtredernes Forbund meiner at ein bør gjere innbetaling til pensjonstrygda for fiskarar frivillig, og peikar på at ein da unngår problemstillinga med at fiskarar blir strokne frå blad B i fiskarmanntalet.

Norsk Sjømannsforbund meiner at ein bør behalde den gjeldande reaksjonsregelen med stryking frå fiskarmanntalet, men at ein sekundært kan vurdere å krevje kravet inn direkte frå skuldnaren. Sjømannsforbundet nemner og at ein kan bestemme at båteigarane skal gjere trekk for pensjonspremien og betale han inn.

Både Norges Fiskarkvinnelag og Norges Fiskarlag går inn for at pensjonstrygda for fiskarar skal halde fram som ei pliktig ordning. Dei tilrår likevel å avvikle reaksjonsregelen med å stryke fiskarar frå fiskarmanntalet. Norges Fiskarlag uttalar:

«Norges Fiskarlag går inn for å endre dagens ordning om at man strykes av fiskarmanntallets blad B dersom pensjonspremien ikke betales. Det er etter Fiskarlagets vurdering prinsipielle betenkeligheter knyttet til dagens praksis ved at stryking av manntallets blad B rammer på områder som ikke har noe med fiskerpensjon å gjøre, og kan gi svært alvorlige følger for den som blir strøket, for eksempel at man mister retten til sykepenger.

Ved en fortsatt pliktig ordning vil det imidlertid være behov for å kunne reagere for å sikre at medlemspremien blir innbetalt. Norges Fiskarlag tilrår i denne sammenheng at Garantikassen for fiskere gis anledning til å foreta motregning mot andre ytelser og til å foreta tvangsinnkreving. Fiskarlaget ber om at man ved en slik praksis vurderer konsekvensene ved motregning.»

Rikstrygdeverket viser til at fiskarar som blir strokne frå blad B i fiskarmanntalet går glipp av visse sosiale ordningar og einskilde ordningar knytte til fiske. Rikstrygdeverket tilrår at ein avviklar ordninga med stryking frå manntalet. Rikstrygdeverket meiner at det da blir naudsynt med anten motrekning eller tvangsinnkrevjing for å få inn premien.

Fiskeridirektoratet, som er ansvarleg for føring av fiskarmanntalet, meiner at den gjeldande reaksjonsregelen er for hard, og at kopling mellom ulike regelverk har skapt uklåre og utrygge tilhøve for dei det gjeld. Fiskeridirektoratet opplyser og at reaksjonsregelen er tung å handtere, og ikkje tilpassa det systemet manntalsforskrifta elles byggjer på.

Garantikassa for fiskarar opplyser at det berre er ein liten del av fiskarane som ikkje betalar pensjonspremien. Dei meiner at den gjeldande reaksjonsregelen verkar godt, og at det vil krevje store ressursar å krevje inn skuldig medlemspremie på annan måte.

Når det gjeld motrekning med andre ytingar som Garantikassa administrerer, peikar Garantikassa på at ein berre vil kunne motrekne i båteigarane sin del av garantilotten. Nokre fiskarar vil ha arbeidsløysetrygd, men beløpa er ikkje større enn at ein kan kome i konflikt med grensa som gjeld for stønad til livsopphald.

Når det gjeld tvangsinndriving, har Garantikassa lang røynsle med dette på andre felt, og viser til at dei aktuelle beløpa i medlemspremie vil vere små, for tida 1 506 kroner per termin. Dei lovfesta gebyra til mellom anna namsmenn for å krevje inn beløpa vil vere høge. Til dømes er gebyret for å få utlegg i ein kapitalgjenstand for tida 1 637 kroner. Ein må rekne med at ein stor del av kostnadene til inndriving vil gå tapt. For små krav freistar ein i dag å få til ordningar med frivillig nedbetaling, noko som krev ressursar. Garantikassa skriv:

«Ut fra vår erfaring med tilsvarende virksomhet vil vi konkludere med at motregningsmulighetene er begrensede, og at tvangsinnfordring er mulig, men kanskje ikke tilrådelig for så vidt små beløp.»

2.3.4 Vurdering og forslag frå departementet

Dei fleste av høyringsinstansane ønskjer å ta bort koplinga mellom betaling av medlemspremie til pensjonstrygda for fiskarar og retten til å stå på blad B i fiskarmanntalet. Mellom anna peikar Norges Fiskarlag og Fiskeridirektoratet på at verknadene av å bli stroke frå manntalet kan bli store. Sjølv om det ikkje gjeld mange, kan det vere alvorleg for dei det gjeld. Dessutan er ordninga tung å administrere. Departementet viser til dette, og gjer framlegg om at den gjeldande reaksjonsregelen blir oppheva.

Dersom ein ikkje kan krevje inn skuldig medlemspremie ved tvang, vil pensjonstrygda for fiskarar i praksis bli ei frivillig ordning, slik ho var i tida 1971-94, og dette kan vere ei administrativ enkel løysing. Ein kan elles kombinere ei frivillig ordning med fiskarpensjon med tariffavtaler der partane blir samde om å vere med i ordninga på område der dette høver. Til dømes kan ein betale premie gjennom båteigarane, slik Sjømannsforbundet gjer framlegg om, dersom ein gjer avtale om dette.

Dei fleste fiskarane er sjølvstendige næringsdrivande, og det er ikkje vanleg at næringsdrivande er omfatta av obligatoriske ordningar med førtidspensjon. Dessutan er det eit betre sosialt tryggingsnet no enn da fiskarpensjonsordninga blei innført i 1958. Mellom anna gjeld det ordningar med uførepensjon og arbeidsløysetrygd

Mellom anna Norges Fiskarlag og Norsk Sjømannsforbund ønskjer likevel at fiskarpensjonsordninga skal halde fram som ei pliktig ordning, og departementet vil legge vekt på synet til desse organisasjonane. Det blir da naudsynt å krevje inn skuldig medlemspremie ved tvang slik ein kunne før 1971, noko organisasjonane er samde i.

Departementet finn det ikkje føremålstenleg å innføre motrekning med andre ytingar, da høvet til dette vil vere avgrensa.

Departementet foreslår såleis at pensjonstrygda for fiskarar held fram som ei pliktig ordning, og at krav på medlemspremie blir tvangsgrunnlag for utlegg. Organa til pensjonstrygda for fiskarar vil da kunne ta utlegg i fast eigedom, båt, krav på løn osv. utan at det er naudsynt å få dom for krav på skuldig premie. Departementet foreslår og ein får heimel for å krevje renter når krav på medlemspremie ikkje blir betalt ved forfall, slik at det blir eit visst press for å betale i rett tid. Rentesatsen blir den allmenne forseinkingsrenta som er fastsett etter lov 17. desember 1976 nr. 100 om renter ved forsinket betaling m.m. Denne rentesatsen er for tida 12 prosent p.a.

Departementet viser til lovforslaget.

2.3.5 Iverksetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar

Departementet foreslår at endringane trer i kraft 1. januar 2002.

Pensjonstrygda for fiskarar hadde i 2000 ei inntekt av medlemspremien på 24,2 millionar kroner. Utgiftene til administrasjon var om lag 2,6 millionar kroner. Ein må rekna med at utgiftene til administrasjon vil auka noko. På den andre sida vil arbeidet til Fiskeridirektoratet med føring av fiskarmanntalet bli forenkla.

2.4 Ordninga med å leggje saman medlemstid for rett til pensjon

Etter fiskarpensjonslova § 6 nr. 1 er det eit vilkår for å få rett til fiskarpensjon at vedkomande fiskar har minst 750 premieveker. Som ei lovfesta pensjonsordning er pensjonstrygda for fiskarar omfatta av lov 6. juli 1957 nr. 26 om samordning av pensjons- og trygdeytelser, jf. denne lova §§ 1 og 4. Etter samordningslova § 6 kan ein leggje saman medlemstid i dei ulike pensjonsordningane som er omfatta av lova for å nå opp i kravet til minste medlemstid i ei pensjonsordning.

For å kunne få pensjon ved å leggje saman medlemstid må ein ha tent opp minst 1/10 av full medlemstid i ordninga, dvs. 156 premieveker i pensjonstrygda for fiskarar. Eit anna vilkår er at ein først kan leggje saman medlemstid frå det tidspunktet pensjonsalderen er nådd i begge ordningane. Når desse vilkåra er fylde, vil ein kunne gi fiskarpensjon når samla medlemstid i ordningane er minst 750 veker.

For pensjonstrygda for fiskarar er det i praksis aktuelt å leggje saman medlemstida (premieveker) med medlemstid i pensjonstrygda for sjømenn (pensjonsgjevande fartsmånader). Begge desse ordningane gjeld for arbeidstakarar på sjøen. Dessutan har begge ein pensjonsalder på 60 år, og høge minstekrav til medlemstid for å få pensjon.

I NOU 1995: 29 foreslo eit offentleg utval å oppheve den generelle ordninga i samordningslova med å leggje saman medlemstid for pensjonstrygda for sjømenn og pensjonstrygda for fiskarar. Utvalet foreslo i staden å ta inn reglar om å leggje saman medlemstid i lovane om pensjonstrygd for sjømenn og fiskarar, avgrensa til medlemstid i desse to pensjonsordningane. Utvalet foreslo og at kravet til medlemstid for å kunne yte pensjon ved å leggje saman medlemstid blei sett ned tid eitt år, dvs. 52 premieveker for pensjonstrygda for fiskarar.

Ved lov 16. juni 2000 nr. 44 blei det vedtatt endringar i tråd med forslaget i NOU 1995: 29 for pensjonstrygda for sjømenn med verknad frå 1. januar 2001.

Departementet forslår å oppheve ordninga med å leggje saman medlemstid etter samordningslova for pensjonstrygda for fiskarar, samstundes som ordninga held fram når det gjeld å leggje saman med medlemstid i pensjonstrygda for sjømenn. Kravet til medlemstid i pensjonstrygda for fiskarar for å kunne yte pensjon ved å leggje saman medlemstid blir foreslått sett ned til 52 premieveker. Rikstrygdeverket, Garantikassa for fiskarar, Norges Fiskarlag og andre høyringsinstansar som har uttala seg, er samde i forslaget.

Departementet viser til lovforslaget, fiskarpensjonslova § 6 nr. 1 og samordningslova § 6 tredje ledd.

Det blir foreslått at endringane trer i kraft 1. januar 2002.

Utvidinga av retten til å få pensjon ved å leggje saman medlemstid vil omfatte om lag 10 medlemer i året, og vil ikkje ha administrative eller økonomiske konsekvensar av noko vekt.

2.5 Samordning med folketrygda. Utval til å vurdere alternative løysingar for fiskarpensjon

Pensjonstrygda for fiskarar er ei ordning med førtidspensjon frå 60 år til pensjonisten fyller 67 år og får rett til alderspensjon frå folketrygda. Fiskarpensjonen er ein nedtrappingspensjon som blir gitt sjølv om pensjonisten har arbeidsinntekt. Fiskaryrket er krevjande, og grunngivinga for fiskarpensjonen er at eldre fiskarar kan trenge til ein pensjon slik at det er mogleg for dei å trappa ned arbeidsinnsatsen.

Det er ikkje kapitaldekning for dei framtidige forpliktingane til fiskarpensjon gjennom fondsoppsamling. Ordninga byggjer på eit utlikningssystem der pensjonsutgiftene i eit år blir dekte over rekneskapen for det same året. På same måten som for pensjonstrygda for sjømenn, er pensjonstrygda for fiskarar garantert av staten. Det er naudsynt med ein garanti for dei framtidige forpliktingane i eit utlikningssystem.

Fiskarpensjonen har vore samordna med folketrygda sidan 1967, og før dette med uføretrygda. Personar som har rett til heil uførepensjon frå folketrygda eller avtalefesta pensjon (AFP) har ikkje rett til fiskarpensjon. Det same gjeld for dei som får attføringspengar eller rehabiliteringspengar frå folketrygda. Ved graderte ytingar frå folketrygda eller gradert avtalefesta pensjon, fell fiskarpensjonen delvis bort. Alle dei lovfesta ordningane med tidlegpensjon, dvs. pensjonstrygdene for fiskarar, sjømenn og skogsarbeidarar blir samordna fullt ut med mellom anna uførepensjon frå folketrygda. Det same gjeld for ordninga med avtalefesta pensjon (AFP).

Tidlegare fiskarar som ikkje har tent opp nok tid til fiskarpensjon (750 premieveker) har ei avgrensa rett til å få tilbake noko av medlemspremien dei har betala inn. Ordninga gjeld for fiskarar som har nådd pensjonsalderen, men dei som har full uførepensjon frå folketrygda eller avtalefesta pensjon (AFP) har ikkje rett til å få tilbakebetalt medlemspremie. Samordning med uførepensjon frå folketrygda gjeld dermed og i desse tilfella. Slik er det og i pensjonstrygda for sjømenn.

Enkje og barn etter ein fiskar som døyr før han har fylt 60 år, kan og få betala tilbake ein del av medlemspremien. Dette er ei betre ordning enn i pensjonstrygda for sjømenn, der berre medlemen sjølv kan krevje å få betala tilbake premie. Ordninga gjeld når den avlidne fiskaren ikkje hadde 750 premieveker, og enkja sjølv ikkje har full uførepensjon eller enkjepensjon frå folketrygda, eller avtalefesta pensjon (AFP).

Frå 1994 blei ordninga med fiskarpensjon endra på fleire punkt. I samband med dette blei ordninga grundig vurdert, sjå Ot.prp. nr. 24 (1992-93) og Innst. O. nr. 82 (1992-93). Mellom anna blei pensjonsalderen sett ned frå 62 til 60 år og pensjonen blei auka frå ein gonger grunnbeløpet i folketrygda til 1,6 gonger grunnbeløpet. I samband med desse endringane blei medlemspremien auka frå 970 kroner i året i 1993 til 1 500 kroner i 1994. I dag er premien 3 012 kroner i året, men pensjonen ein fiskar får utbetalt frå 60 til 67 år er monaleg større enn det han har betala i medlemspremie. Om lag 1/3 av dei fiskarane som har tent opp nok premieveker for å få fiskarpensjon får i dag pensjonen erstatta av uførepensjon frå folketrygda.

Fiskarane og deira organisasjonar har ved fleire høve reist spørsmål om å få oppheva samordninga med uførepensjon frå folketrygda. Spørsmålet var og oppe i samband med endringane som blei vedtekne frå 1994. Stortinget var da samd med departementet i at det ikkje skulle gjerast endringar i samordninga, sjå Innst. O. nr. 82 (1992-93) side 6. I Ot.prp. nr. 24 (1992-93), uttalte departementet:

«Etter departementets oppfatning vil det være vanskelig å lempe på samordningsbestemmelsene spesielt for fiskerpensjonen, blant av hensyn til førtidspensjonsordningene for sjømenn og skogsarbeidere. Departementet viser dessuten til at folketrygdens uførepensjon gir en forholdsvis god dekning for det tap av pensjonsgivende inntekt som faller bort ved hel uførhet.

Videre legger departementet vekt på at samordningsbestemmelsene idag innebærer en betydelig avlastning på pensjonstrygdens økonomi. Lempeligere samordningsbestemmelser vil derfor vanskeliggjøre en økning av egenpensjonen eller medføre en betydelig høyere medlemspremie enn ellers nødvendig.»

Forbrukar- og administrasjonskomiteen i Stortinget uttalte i Innst. O. nr. 82 (1992-93):

«Komiteen er enig med departementet i at det vil være vanskelig å lempe på samordningsbestemmelsene spesielt for fiskerpensjonen. Dette blant annet av hensyn til pensjonsordningene for sjømenn og skogsarbeidere. Komiteen støtter derfor departementets tilråding om at gjeldende samordningsbestemmelser opprettholdes.»

Departementet viser til dette og kan ikkje sjå at det er grunnlag for å vurdere samordningsreglane for den statsgaranterte ordninga med fiskarpensjon annleis i dag.

På den andre sida er det lite tenleg å halde fram med ei ordning som fiskarane sjølv er misnøgde med. Departementet vil difor ta initiativ til å setje ned eit utval til greie ut alternative løysingar til ei meir individretta pensjonsordning.