Ot.prp. nr. 99 (2000-2001)

Om lov om endringar i lov 28. juni 1957 nr. 12 om pensjonstrygd for fiskere mv.

Til innhaldsliste

4 Merknader til dei enkelte paragrafane i lovforslaget

4.1 Endringar i lov 28. juni 1957 nr. 12 om pensjonstrygd for fiskere

Til § 1

Ordninga med at dei som ikkje betalar medlemspremien til pensjonstrygda for fiskarar blir strokne frå blad B i fiskarmanntalet blir oppheva. Det blir vist til punkt 2.3.

Til § 6

Det går fram av nr. 1 andre ledd at det er høve til å leggje saman medlemstid i pensjonstrygda for fiskarar med medlemstid i pensjonstrygda for sjømenn for å nå opp i minstekravet på 750 premieveker. Kravet til premieveker i pensjonstrygda for fiskarar for å kunne gjere dette blir sett ned frå 156 veker til 52 veker Det blir vist til punkt 2.4. Nogjeldande nr. 1 andre ledd blir tredje ledd med ei justert tilvising til fjerde til sjette ledd. I sjette ledd bli ein regel om at ein ikkje får godskrive premieveker som det ikkje er betalt for ført vidare. Eit vilkår om at premien må vere betalt innan utgangen av året, blir oppheva. Dersom premien blir betalt seinare, til dømes etter at han er kravd inn ved tvang, skal tida bli godskrive.

Til § 8

Første ledd om forelding av krav er endra fordi pensjonstrygda ikkje blir administrert av trygdekontora.

Til § 13

Paragrafen gjeld mellom anna tilfelle der saksbehandlinga kan stanse dersom vedkommande gir urette opplysningar. I dag nemnar paragrafen trygdekontoret, og dette blir endra. Paragrafen er elles endra etter mønster av sjømannspensjonstrygdlova § 23, slik at han gjeld tilfelle der vedkommande gir urette opplysningar mot betre vitande eller held tilbake opplysningar.

Til § 16

Paragrafen gjeld medlemspremien. I eit nytt nr. 3 blir det bestemt at ein medlem som ikkje betalar skuldig premie ved forfall skal betale renter, og at rentesatsen skal fylgje satsen etter morarentelova. Det blir og bestemt at krav på skuldig medlemspremie er tvangsgrunnlag for utlegg, sjå punkt. 2.3.

Til § 17

Paragrafen inneheld reglar om handsaming av midlane til trygda som ikkje lenger er aktuelle. Departementet foreslår å oppheve paragrafen.

Til § 20

Nogjeldande første punktum gjeld og handsaming av midlane til trygda, og kan bli oppheva.

Til § 22

Paragrafen gjeld administrasjon av pensjonstrygda, og vil avløyse dei nogjeldande reglane §§ 22 og 23. Departementet meiner at det ikkje er nødvendig å ha detaljerte reglar om administrasjonen i lova. Det blir forslått lovfesta at trygda bli administrert sentralt av Rikstrygdeverket, og elles at Kongen gir forskrift med nærare reglar om administrasjonen. Sjå punkt 2.2.

Til § 23

Paragrafen gir reglar om administrasjonen av trygda, og kan bli oppheva, sjå merknadene til § 22.

Til § 24

Paragrafen gjeld handsaming av krav om pensjon. Nr. 1 blir endra fordi krav ikkje skal setjast fram for trygdekontoret, og nogjeldande nr. 2 om at trygdekontoret avgjer krav om pensjon blir oppheva.

Til § 28

Paragrafen, som gjeld trygdekontora, er ikkje lenger aktuell og kan bli oppheva.

Til § 29

Første ledd gjeld plikta til offentlege myndigheiter til å gi opplysningar til organa til trygda, og er skrive om noko etter mønster av sjømannspensjonstrygdlova § 21. Ein har mellom anna funne det tenleg å nemne pensjons- eller trygdeordningar, og at opplysningar skal bli gitt utan godtgjersle og utan omsyn til teieplikt.

Andre ledd om bevisopptak mv. blir ikkje nytta i praksis, og departementet foreslår at regelen blir oppheva.

4.2 Endringar i lov 3. desember 1951 nr. 2 om pensjonstrygd for skogsarbeidere

Til §§ 35 og 52

Paragrafane blir korrigert slik at det går fram at pensjonstrygda for skogsarbeidarar blir avvikla per 31. desember 2005, og at skogsarbeidarpensjonslova blir oppheva 1. januar 2006.

4.3 Endringar i lov 6. juli 1957 nr. 26 om samordning av pensjons- og trygdeytelser

Til § 6

Tredje ledd blir endra slik at det går fram at reglane i samordningslova om høve til å leggje saman tenestetid, ikkje gjeld for pensjonstrygda for fiskarar.

Samstundes blir det vist til fiskarpensjonslova § 6 nr. 1 andre ledd for å vise at ein framleis skal leggje saman medlemstid i pensjonstrygda for fiskarar med medlemstid i pensjonstrygda for sjømenn, sjå punkt 2.4.