Ot.prp. nr. 99 (2000-2001)

Om lov om endringar i lov 28. juni 1957 nr. 12 om pensjonstrygd for fiskere mv.

Til innhaldsliste

3 Lovteknisk korreksjon i lov om pensjonstrygd for skogsarbeidarar

Pensjonstrygda for skogsarbeidarar blei skipa ved lov 3. desember 1951 nr. 2. Ved endringslov 22. desember 1995 nr. 86 blei det vedteke å avvikle ordninga over nokre år, sjå nærare Ot.prp. nr. 5 (1995-96).

Skogsarbeidarpensjonen er ei ordning med tidlegpensjon som gir alderspensjon frå 63 til 67 år. Som ein del av avviklinga av ordninga har berre dei som er fødde før 1939 rett til alderspensjon, sjå skogsarbeidarpensjonslova § 10. For dei som er fødde seinare og har tent opp 750 premieveker, er det ei kompensasjonsordning, jf. § 10a.

Etter skogsarbeidarpensjonslova §§ 27 og 35 blir utgiftene til ytingar og administrasjon no dekka av fondet til pensjonstrygda. Fondskapitalen per 31. desember 2000 var om lag 67,2 millionar kroner, medan utgiftene i 2000 var om lag 2,6 millionar kroner. Det er på det reine at det vil vere fondsmidlar att når trygda er avvikla, og det er bestemt at Kongen gir reglar for korleis ein skal nytte desse fondsmidla.

Etter § 35 andre ledd vil pensjonstrygda for skogsarbeidarar vere avvikla per 31. desember 2004, og det er fastsett i § 52 at lova blir oppheva 1. januar 2005. Det er naudsynt å korrigere desse datoane. Etter lova skal personar som er fødde i 1938 få løpande skogsarbeidarpensjon, og dei siste av desse vil fylle 67 år først i desember 2005. Departementet gjer framlegg om at skogsarbeidarpensjonslova blir korrigert, slik at det går fram at trygda er avvikla per 31. desember 2005, og at lova blir oppheva 1. januar 2006.

Departementet viser til lovforslaget, skogsarbeidarpensjonslova §§ 35 og 52.

Endringane vil ikkje ha særlege administrative eller økonomiske konsekvensar. Pensjonstrygda har ei god økonomi. Som nemnd ovanfor er det på det reine at det vil vere fondsmidlar att når trygda er avvikla.