Prop. 127 L (2012–2013)

Endringar i jordlova

Til innhaldsliste

2 Arbeidet med lovendringa

2.1 Innleiing

Stortinget vedtok i 2009 ei rekkje endringar i jordlova, konsesjonslova og odelslova. Delingsregelen i jordlova § 12 vart ikkje endra. I Innst. O. nr. 90 (2008-2009) ber fleirtalet i næringskomiteen Regjeringa sjå nærare på to problemstillingar knytte til delingsregelen:

  • 1. Auka harmonisering mellom eigedomsstruktur og bruksstruktur slik at meir av areala kan vere ein del av eit aktivt og ikkje eit passivt eigarskap.

  • 2. Omsynet til busetjinga kan i nokre tilfelle trekkje i retning av fleire dispensasjonar frå delingsforbodet, noko som kan føre til eit større utbod av bustadhus i distrikta.

Komiteen peiker på at endringane gjer det aktuelt å gå gjennom innretninga på delingsforbodet i jordlova § 12.

Som ei oppfølging av Næringskomiteens merknader sende landbruks- og matministeren sommaren 2010 brev til kommunar og fylke om praktiseringa av delingsregelen i jordlova § 12. Landbruks- og matministeren gav uttrykk for eit ønske om ein lempelegare delingspraksis med utgangspunkt i den nemnde uttalen frå Stortinget. I brevet vart det peikt på at ein lempelegare praksis òg var ønskeleg ved søknad om frådeling av kårbustad der busetjingsomsynet står sentralt.

I Meld. St. 9 (2011-2012) Landbruks- og matpolitikken Velkommen til bords seier Regjeringa at ho vil ”endre praksis i forbindelse med deling av landbrukseiendom. Det vert signalisert i meldinga at det skal leggjast til rette for at det vert enklare å dele frå landbrukseigedom. Dette er grunngitt med eit ønske om auka omsetjing av landbrukseigedomar for å sleppe friske krefter til, og behovet for auka harmonisering av eigedoms- og bruksstrukturen, samt omsynet til busetjinga i distrikta.

2.2 Høyringa av forslaga

Departementet sende 24. januar 2013 på høyring forslag til endringar i jordlova § 12. Høyringsfristen var 7. mars 2013.

Følgjande høyringsinstansar vart bedne om å gi uttale:

  • Departementa

  • Statens landbruksforvaltning

  • Fylkesmennene

  • Fylkeskommunane

  • Kommunane

  • Advokatforeningen

  • Bygdeungdomslaget

  • Den Norske Dommerforening

  • Domstoladministrasjonen

  • Jenter i Skogbruket

  • Kommunesektorens interesse- og arbeidsgiverorganisasjon (KS)

  • Likestillings- og diskrimineringsombodet

  • Norges Bondelag

  • Norges Bygdekvinnelag

  • Norges Eiendomsmeglerforbund

  • Norges Skogeierforbund

  • Norsk Bonde- og Småbrukarlag

  • NORSKOG

  • Næringslivets Hovedorganisasjon

  • Sametinget

Departementet har motteke svar frå 102 høyringsinstansar.

Følgjande instansar har hatt merknader til forslaget:

  • Miljøverndepartementet

  • Olje- og energidepartementet

  • Statens landbruksforvaltning

  • 15 fylkesmenn

  • Vest-Agder fylkeskommune

  • 56 kommunar

  • Advokatforeningen

  • Naturviterne

  • Norges Bondelag

  • Norges Bygdekvinnelag

  • Norges Eiendomsmeglerforbund

  • Norges Skogeierforbund

  • Norsk Bonde- og Småbrukarlag

  • NORSKOG

  • Opplysningsvesenets fond

  • Skogselskapet i Rogaland

  • Vestoppland og Sør-Gudbrandsdal jordskifterett

Følgjande instansar har uttalt at dei ikkje har merknader til forslaget:

  • Arbeidsdepartementet

  • Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet

  • Fiskeri- og kystdepartementet

  • Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet

  • Forsvarsdepartementet

  • Helse- og omsorgsdepartementet

  • Justis- og beredskapsdepartementet

  • Kommunal- og regionaldepartementet

  • Kunnskapsdepartementet

  • Nærings- og handelsdepartementet

  • Samferdselsdepartementet

  • Utenriksdepartementet

  • 4 kommunar

68 høyringsinstansar har uttalt seg om dei samla sett er positive eller negative til forslaget. 53 av desse har svart at dei i det vesentlege er positive til endringa som departementet foreslår. 15 har svart at dei ikkje er samde i forslaget. Nokre høyringsinstansar har korkje sagt seg samde eller usamde i forslaget, men dei har kommentert enkelte endringar. Dei aller fleste som ikkje er samde, ønskjer at føresegna i all hovudsak skal vere som ho er.

Ingen av høyringsinstansane foreslår at ein skal heilt bort frå ein kontroll med deling av landbrukseigedom, tvert om meiner dei fleste høyringsinstansane at delingsføresegna tek vare på viktige omsyn. Enkelte meiner at ei lemping slik som departementet har foreslått vil kunne få uheldige verknader for landbruksressursane og eigedomsstrukturen, medan andre meiner forslaget vil ha positiv verknad særleg for tilgangen på tilleggsjord og -skog.

Mange høyringsinstansar er opptekne av utfordringane som er knytte til behovet for tilleggsjord og auken av leigejord. Ingen er usamde i målsetjinga om mindre leigejord. Det går fram at målet om å leggje til rette for auka busetjing ikkje er like aktuelt for mange av høyringsinstansane.

For å få til politisk behandling av uttalen har 16 kommunar skriftleg bedt om utsett frist for å kome med uttale. Departementet har ikkje gitt utsett frist, men har teke omsyn til uttalar som har kome inn etter fristen så langt det har late seg gjere. Kommunane har mellom anna vorte bedne om å sende inn innstillinga, og deretter det politiske vedtaket så snart det ligg føre. Av dei 59 kommunane som har gitt innspel, har 37 vore til politisk behandling.

Departementet har motteke flest kommentarar til forslaget om at drifts- og miljømessige omsyn vert teke ut av ordlyden i lova, og til at forslaget om omsynet til busetjing vert sett i ei særstilling. I tillegg er det mange som har kommentert forslaget til nytt andre ledd om tilhøvet mellom deling på den eine sida og omdisponering etter jordlova og dispensasjon etter plan- og bygningslova på den andre. Det er mange høyringsinstansar som nemner skog og utmark som ei særleg utfordring.

Til forsida