Prop. 127 L (2012–2013)

Endringar i jordlova

Til innhaldsliste

6 Økonomiske og administrative konsekvensar

Formålet med forslaga er å leggje til rette for at det skal verte enklare å dele frå til tilleggsjord og busetjing. Departementet meiner at forslaga samla sett ikkje inneber nemnande økonomiske eller administrative konsekvensar på kommunalt, regionalt eller nasjonalt nivå. Forslaga fører til eit enklare regelverk og enklare forvaltning noko som er eit forvaltningspolitisk mål. Forslaga gir òg betre samordning i saksbehandlinga. Dette er ei forenkling i seg sjølv. Det er ikkje sett fram forslag til endringar i kven som avgjer sakene.

Til forsida