Prop. 135 S (2011–2012)

Samtykke til godkjenning av EØS-komiteens vedtak nr. 52/2012 av 30. mars 2012 om innlemming i EØS-avtalen av forordning (EU) nr. 492/2011 om fri rørsle av arbeidstakarar innanfor Unionen

Til innhaldsliste

2 Europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 492/2011 av 5. april 2011 om fri rørsle for arbeidstakarar innanfor Unionen (kodifisering)

EUROPAPARLAMENTET OG RÅDET FOR DEN EUROPEISKE UNIONEN HAR —

med tilvising til traktaten om verkemåten til Den europeiske unionen, særleg artikkel 46,

med tilvising til framlegget frå Europakommisjonen,

etter oversending av utkast til regelverksakt til dei nasjonale parlamenta,

med tilvising til fråsegna frå Det europeiske økonomi- og sosialutvalet1,

etter den ordinære regelverksprosessen2 og

ut frå desse synsmåtane:

  • 1) Rådsforordning (EØF) nr. 1612/68 av 15. oktober 1968 om fri bevegelighet for arbeidstakere innen Fellesskapet3 er vorten endra monaleg fleire gonger4. Av omsyn til klarleiken og av praktiske årsaker bør forordninga kodifiserast.

  • 2) Fri rørsle for arbeidstakarar bør sikrast innanfor Unionen. For å nå dette målet må all skilnadshandsaming på grunnlag av nasjonalitet mellom arbeidstakarar frå medlemsstatane avskaffast når det gjeld sysselsetjing, løn og andre arbeidsvilkår, og det same gjeld den retten desse arbeidstakarane har til å flytte fritt innanfor Fellesskapet for å utøve løna verksemd, med atterhald for dei avgrensingane som er grunngjevne med omsynet til offentleg orden, offentleg tryggleik eller folkehelse.

  • 3) Det bør fastsetjast føresegner for at dei måla på området fri rørsle som er fastsette i artikkel 45 og 46 i traktaten om verkemåten til Den europeiske unionen, skal kunne oppnåast.

  • 4) Fri rørsle er ein grunnleggjande rett for arbeidstakarar og familiane deira. Mobiliteten til arbeidskrafta innanfor Unionen må vere eitt av midla til å sikre at arbeidstakarar kan få betre leve- og arbeidsvilkåra sine og lette den sosiale framgangen sin, samstundes som slik mobilitet medverkar til å oppfylle dei økonomiske behova til medlemsstatane. Retten til å utøve verksemd etter eige val innanfor Fellesskapet må stadfestast for alle arbeidstakarar i Unionen.

  • 5) Denne retten bør sannkjennast utan skilnadshandsaming for fast tilsette arbeidstakarar, sesongarbeidarar, grensearbeidarar og arbeidstakarar som utøver verksemd som del av tenesteyting.

  • 6) For at retten til fri rørsle skal kunne utøvast på objektive vilkår på ein fri og verdig måte, må lik handsaming sikrast, både praktisk og rettsleg, på alle område som er knytte til den faktiske utøvinga av løna verksemd og retten til bustad, og i tillegg må alle hinder for mobiliteten til arbeidstakarar fjernast, særleg når det gjeld vilkåra for at familien til arbeidstakaren skal kunne integrerast i vertsstaten.

  • 7) Prinsippet om lik handsaming av alle arbeidstakarar innanfor Unionen inneber at alle borgarar i medlemsstatane får den same prioriteten til arbeid som innanlandske arbeidstakarar.

  • 8) Formidlingsverksemda, særleg gjennom utvikling av eit direkte samarbeid mellom både sentrale og regionale arbeidskontor og samordning av informasjonsutveksling, sikrar generelt at arbeidsmarknaden vert meir oversiktleg. Arbeidstakarar som ønskjer å flytte, bør jamleg få informasjon om leve- og arbeidsvilkår.

  • 9) Det finst nære band mellom fri rørsle for arbeidstakarar, sysselsetjing og yrkesretta opplæring, særleg når slik opplæring har til føremål å setje arbeidstakarane i stand til å ta imot konkrete tilbod om arbeid frå andre regionar i Unionen. Difor må dei problema som oppstår i samband med dette, ikkje lenger handterast isolert, men sjåast som nært samanhengande, samstundes som det vert teke omsyn til sysselsetjingsproblema på regionalt plan. Medlemsstatane må difor leggje vinn på å samordne sysselsetjingspolitikken sin —

VEDTEKE DENNE FORORDNINGA:

Kapittel I

Sysselsetjing, lik handsaming og familien til arbeidstakarane

Del 1

Tilgang til sysselsetjing

Artikkel 1

  • 1. Alle borgarar i ein medlemsstat skal, utan omsyn til bustad, ha rett til å ta og utøve løna arbeid på territoriet til ein annan medlemsstat i samsvar med føresegnene i dei lovene og forskriftene som gjeld for arbeidstakarar som er borgarar i denne staten.

  • 2. Dei skal særleg ha den same prioriteten til ledige stillingar på territoriet til ein annan medlemsstat som borgarane i denne staten har.

Artikkel 2

Alle borgarar i ein medlemsstat og alle arbeidsgjevarar som utøver verksemda si på territoriet til ein medlemsstat, kan utveksle søknader og tilbod om arbeid, og inngå og oppfylle arbeidsavtaler i samsvar med gjeldande føresegner i lover og forskrifter, så framt dette ikkje inneber skilnadshandsaming.

Artikkel 3

  • 1. I medhald av denne forordninga skal lover, forskrifter eller administrativ praksis i ein medlemsstat ikkje nyttast når dei

    • a) for utanlandske statsborgarar avgrensar eller set vilkår som ikkje gjeld for innanlandske borgarar, for tilbod og søknad om arbeid og tilgang til og utøving av arbeid, eller

    • b) utan å stille vilkår om nasjonalitet, utelukkande eller hovudsakleg har som føremål eller verknad å utelukke statsborgarar i andre medlemsstatar frå ledige stillingar.

    Denne føresegna gjeld ikkje for vilkår om språkkunnskapar som er naudsynte på grunn av arten av det arbeidet som den ledige stillinga inneber.

  • 2. Dei føresegnene og den praksisen som er nemnde i nr. 1 bokstav a), omfattar særleg slike som i ein medlemsstat

    • a) fastset ein særleg og ufråvikeleg framgangsmåte ved tilsetjing av utanlandske statsborgarar,

    • b) avgrensar kunngjeringa av ledige stillingar gjennom pressa eller på annan måte, eller set andre vilkår for kunngjeringa enn dei som gjeld for arbeidsgjevarar som utøver verksemda si på territoriet til denne staten,

    • c) set vilkår om registrering hjå arbeidskontor for tilgang til arbeid, eller hindrar individuell rekruttering av personar som ikkje er busette på territoriet til denne staten.

Artikkel 4

  • 1. Føresegner som er fastsette ved lov eller forskrift i medlemsstatane, og som i tal eller prosent avgrensar sysselsetjinga av utanlandske statsborgarar i eit einskilt føretak, ei einskild næring, ein einskild region eller på nasjonalt plan, skal ikkje nyttast på statsborgarar frå dei andre medlemsstatane.

  • 2. Når det i ein medlemsstat vert sett som vilkår at ein viss prosentdel innanlandske arbeidstakarar skal tilsetjast for at eit føretak skal få føremoner, skal statsborgarar frå dei andre medlemsstatane reknast som innanlandske arbeidstakarar, med atterhald for føresegnene i europaparlaments- og rådsdirektiv 2005/36/EF av 7. september 2005 om godkjenning av yrkeskvalifikasjoner5.

Artikkel 5

Ein statsborgar i ein medlemsstat som søkjer arbeid på territoriet til ein annan medlemsstat, skal få den same hjelpa der som den som arbeidskontora i denne staten gjev sine eigne statsborgarar som søkjer arbeid.

Artikkel 6

  • 1. Tilsetjing av ein statsborgar i éin medlemsstat i ein stilling i ein annan medlemsstat, skal ikkje på grunnlag av nasjonalitet vere avhengig av helsemessige, yrkesmessige eller andre krav som skil seg frå dei som vert nytta på statsborgarar i den andre medlemsstaten som ønskjer å utøve den same verksemda.

  • 2. Ein statsborgar som har fått eit personleg tilbod om arbeid frå ein arbeidsgjevar i ein annan medlemsstat enn den han er statsborger i, kan måtte utføre ei prøve på faglege kvalifikasjonar dersom arbeidsgjevaren uttrykkeleg har bede om dette då han gav tilbodet.

Del 2

Sysselsetjing og lik handsaming

Artikkel 7

  • 1. Ein arbeidstakar som er statsborgar i ein medlemsstat, kan ikkje på grunn av statsborgarskapet sitt handsamast annleis på territoriet til ein annan medlemsstat enn innanlandske arbeidstakarar når det gjeld tilsetjings- og arbeidsvilkår, særleg med omsyn til løn og oppseiing, og, dersom arbeidstakaren er vorten arbeidsledig, til å verte teken inn att eller få ny tilsetjing.

  • 2. Arbeidstakaren skal nyte godt av dei same sosiale og skattemessige føremonene som innanlandske arbeidstakarar.

  • 3. Arbeidstakaren skal òg ha tilgang til opplæring ved yrkesfaglege skular og omskoleringsenter med dei same rettane og på dei same vilkåra som innanlandske arbeidstakarar.

  • 4. Alle føresegner i tariffavtaler og andre kollektive avtaler og i individuelle arbeidsavtaler om tilgang til arbeid, løn og andre arbeids- eller oppseiingsvilkår, skal vere ugyldige i den grad dei fastset eller tillèt vilkår som inneber skilnadshandsaming for arbeidstakarar som er statsborgarar i andre medlemsstatar.

Artikkel 8

Ein arbeidstakar som er statsborgar i ein medlemsstat og er sysselsett på territoriet til ein annan medlemsstat, skal ha krav på lik handsaming når det gjeld medlemskap i fagforeiningar og utøving av fagforeiningsrettar, medrekna røysterett og retten til å kunne ta på seg administrative eller leiande stillingar i ei fagforeining. Arbeidstakaren kan utelukkast frå deltaking i leiinga av offentlegrettslege organ og frå utøving av eit offentleg verv. Han eller ho skal vidare kunne veljast til organ som representerer arbeidstakarane i føretaket.

Det første leddet i denne artikkelen skal ikkje røre ved dei lovene og forskriftene som i visse medlemsstatar gjev arbeidstakarar frå andre medlemsstatar meir omfattande rettar.

Artikkel 9

  • 1. Ein arbeidstakar som er statsborgar i ein medlemsstat, og som er tilsett på territoriet til ein annan medlemsstat, skal ha dei same rettane og føremonene som innanlandske arbeidstakarar når det gjeld bustad, medrekna eigedomsrett til den bustaden som han eller ho treng.

  • 2. Ein arbeidstakar som er nemnd i nr. 1, kan med dei same rettane som innanlandske statsborgarar skrive seg på lister over bustadsøkjarar i regionen der han eller ho er tilsett, der det vert ført slike lister, og såleis nyte godt av dei føremonene og prioriteringane som følgjer av dette.

    Dersom familien til arbeidstakaren er vorten buande i heimstaten, skal familiemedlemmene reknast som busette i den nemnde regionen, i den grad tilsvarande gjeld for innanlandske arbeidstakarar.

Del 3

Familien til arbeidstakarane

Artikkel 10

Når ein statsborgar i ein medlemsstat arbeider eller har arbeidd på territoriet til ein annan medlemsstat, skal borna hans/hennar ha tilgang til allmennutdanning og lærling- og yrkesfagleg opplæring på dei same vilkåra som statsborgarar i denne staten, dersom borna er busette på territoriet til denne staten.

Medlemsstatane skal oppmuntre til alle tiltak som tek sikte på at desse borna skal kunne ta del i undervisninga på best moglege vilkår.

Kapittel II

Arbeidsformidling

Del 1

Samarbeid mellom medlemsstatane og Kommisjonen

Artikkel 11

  • 1. Medlemsstatane eller Kommisjonen skal setje i gang eller i fellesskap gjennomføre alle granskingar om sysselsetjing og arbeidsløyse som dei finn naudsynte for den frie rørsla for arbeidstakarar innanfor Unionen.

    Dei sentrale arbeidskontora i medlemsstatane skal ha eit nært samarbeid med kvarandre og med Kommisjonen med sikte på felles tiltak som gjeld arbeidsformidling innanfor Unionen, og den plasseringa av arbeidstakarar som følgjer av dette.

  • 2. For dette føremålet skal medlemsstatane peike ut særlege kontor som skal ha til oppgåve å organisere arbeidet på dei områda som er nemnde i nr. 1 andre leddet, og å samarbeide med kvarandre og med kontora til Kommisjonen.

    Medlemsstatane skal melde frå til Kommisjonen om alle endringar når det gjeld utpeiking av desse kontora, og Kommisjonen skal offentleggjere desse endringane i Tidend for Den europeiske unionen.

Artikkel 12

  • 1. Medlemsstatane skal sende over til Kommisjonen alle opplysningar om problem som kjem på i samband med fri rørsle for og sysselsetjing av arbeidstakarar, saman med opplysningar om situasjonen og utviklinga når det gjeld sysselsetjinga.

  • 2. Kommisjonen skal fastsetje kva form dei opplysningane som er nemnde i nr. 1 i denne artikkelen, skal utarbeidast i, samstundes som det vert teke mest mogleg omsyn til fråsegna frå det faglege utvalet som er nemnt i artikkel 29 (heretter kalla «Det faglege utvalet»).

  • 3. I samsvar med den framgangsmåten som er fastsett av Kommisjonen, samstundes som det vert teke mest mogleg omsyn til fråsegna frå Det faglege utvalet, skal det særlege kontoret i kvar medlemsstat sende over til dei særlege kontora i dei andre medlemsstatane og til det europeiske samordningskontoret som er nemnt i artikkel 18, opplysningar om leve- og arbeidsvilkår og om situasjonen på arbeidsmarknaden som kan vere til nytte for arbeidstakarar frå dei andre medlemsstatane. Desse opplysningane skal ajourførast jamleg.

    Dei særlege kontora til dei andre medlemsstatane skal syte for at desse opplysningane får ei omfattande spreiing, særleg ved å sende dei til dei arbeidskontora som det gjeld, og ved å nytte alle kommunikasjonsmiddel som eignar seg for spreiing av informasjon til dei arbeidstakarane som det gjeld.

Del 2

Formidlingsverksemd

Artikkel 13

  • 1. Det særlege kontoret i kvar medlemsstat skal jamleg sende dei særlege kontora i dei andre medlemsstatane og Det europeiske samordningskontoret som er nemnt i artikkel 18,

    • a) tilbod om ledige stillingar der det eventuelt kunne tilsetjast statsborgarar frå andre medlemsstatar,

    • b) tilbod om ledige stillingar som er melde til tredjestatar,

    • c) søknader om arbeid frå personar som formelt har uttrykt ønske om å arbeide i ein annan medlemsstat,

    • d) opplysningar som er inndelte etter ulike geografiske område og næringar, om arbeidssøkjarar som har sagt seg villige til å ta arbeid i ein annan stat.

    Det særlege kontoret i kvar medlemsstat skal snarast råd sende desse opplysningane over til dei arbeidskontora og –organa som det gjeld.

  • 2. Dei opplysningane om arbeidsformidling som er nemnde i nr. 1, skal fordelast etter eit einsarta system som skal utarbeidast av det europeiske samordningskontoret som er nemnt i artikkel 18, i samarbeid med Det faglege utvalet.

    Dette systemet kan tilpassast dersom det er naudsynt.

Artikkel 14

  • 1. Alle ledige stillingar i medhald av artikkel 13 som er melde til arbeidskontora i ein medlemsstat, skal meldast til og handsamast av dei rette arbeidskontora i den andre medlemsstaten som det gjeld.

    Desse kontora skal sende over detaljerte opplysningar om eigna søkjarar til den førstnemnde medlemsstaten.

  • 2. Dei søknadene om arbeid som er nemnde artikkel 13 nr. 1 bokstav c), skal svarast på av dei rette kontora i medlemsstatane innan ein rimeleg frist på høgst éin månad.

  • 3. Arbeidskontora skal gje arbeidstakarar som er statsborgarar i medlemsstatane, den same prioriteten som den som ved høvelege tiltak vert gjeven til innanlandske arbeidstakarar jamført med arbeidstakarar frå tredjestatar.

Artikkel 15

  • 1. Føresegnene i artikkel 14 skal gjennomførast av dei særlege kontora. I den grad det ligg føre fullmakt frå dei sentrale kontora, og i den grad organiseringa av arbeidskontora i ein medlemsstat og framgangsmåten ved formidling gjer det mogleg, skal likevel

    • a) dei regionale arbeidskontora i medlemsstatane

      • i) drive direkte arbeidsformidling på grunnlag av dei oppgåvene som er nemnde i artikkel 13, med etterfølgjande høvelege tiltak,

      • ii) innføre direkte samband med sikte på formidling

        • – av tilbod om ledige stillingar til ein namngjeven arbeidstakar,

        • – av individuelle søknader om arbeid som er retta til eit visst arbeidskontor eller til ein arbeidsgjevar som utøver verksemda si innanfor området til dette arbeidskontoret,

        • – når formidlingsverksemda gjeld sesongarbeidarar som må tilsetjast så snart som råd,

    • b) dei rette arbeidskontora i grenseområda i to eller fleire medlemsstatar jamleg utveksle opplysningar om arbeidsformidling innanfor området sitt, og drive arbeidsformidling direkte seg imellom på same måte som med dei andre arbeidskontora i sin eigen stat.

      Dersom det er naudsynt, skal dei kontora som har ansvaret for grenseområda, dessutan innføre samarbeids- og tenestestrukturar med sikte på å tilby

      • – brukarane flest mogleg praktiske opplysningar om dei ulike sidene ved fri rørsle, og

      • – partane i arbeidslivet, sosialtenester (særleg offentlege, private eller allmennyttige) og alle institusjonar som det gjeld, eit sett med samordna tiltak som gjeld fri rørsle,

    • c) offisielle arbeidskontor som spesialiserer seg innanfor visse yrkes- eller persongrupper, samarbeide direkte med kvarandre.

  • 2. Dei medlemsstatane som det gjeld, skal sende over til Kommisjonen ei liste som er utarbeidd ved felles avtale, over arbeidskontor slik det er nemnt i nr. 1, og Kommisjonen skal offentleggjere lista og alle endringar i denne i Tidend for Den europeiske unionen.

Artikkel 16

Bruken av dei framgangsmåtane ved tilsetjing som vert nytta av dei organa som er skipa til gjennomføring av avtaler mellom to eller fleire medlemsstatar, skal ikkje vere obligatorisk.

Del 3

Kontrolltiltak for å fremje jamvekta på arbeidsmarknaden

Artikkel 17

  • 1. På grunnlag av ein rapport som Kommisjonen skal utarbeide med utgangspunkt i opplysningar frå medlemsstatane, skal medlemsstatane og Kommisjonen minst éin gong i året i fellesskap analysere resultata av verksemda til Unionen når det gjeld arbeidsformidling.

  • 2. Medlemsstatane og Kommisjonen skal på alle måtar undersøkje korleis statsborgarar i medlemsstatane kan prioriterast ved tilsetjing i ledige stillingar for å skape jamvekt mellom ledige stillingar og søknader om arbeid i Unionen. Dei skal vedta alle dei tiltaka som er naudsynte for å oppnå dette.

  • 3. Kommisjonen skal annakvart år sende Europaparlamentet, Rådet og Det europeiske økonomi- og sosialutvalet ein rapport om gjennomføringa av kapittel II, med eit samandrag av dei opplysningane som er innhenta, og data frå granskingar og forsking som er utførd, der det vert lagt særleg vekt på alle relevante opplysningar om utviklinga på arbeidsmarknaden til Unionen.

Del 4

Det europeiske samordningskontoret

Artikkel 18

Det europeiske samordningskontoret for arbeidsformidling (hetter kalla «Det europeiske samordningskontoret») som er skipa innanfor Kommisjonen, skal ha som allmenn oppgåve å fremje arbeidsformidling på unionsplan. Det skal særleg ha ansvaret for alle faglege oppgåver som i medhald av denne forordninga er tildelt Kommisjonen på dette området, og særleg for å hjelpe dei nasjonale arbeidskontora.

Det europeiske samordningskontoret skal utarbeide ei oversikt over dei opplysningane som er nemnde i artikkel 12 og 13, og dei opplysningane som har kome fram ved granskingar og forsking som er gjennomførd i medhald av artikkel 11, slik at alle nyttige opplysningar om den forventa utviklinga på arbeidsmarknaden i Unionen vert klargjorde; desse opplysningane skal sendast over til dei særlege kontora i medlemsstatane, og dessutan til det rådgjevande utvalet som er nemnt i artikkel 21, og til Det faglege utvalet.

Artikkel 19

  • 1. Det europeiske samordningskontoret skal særleg ha ansvaret for

    • a) å samordne dei praktiske tiltaka som er naudsynte for arbeidsformidling innanfor Unionen, og å analysere den flyttinga av arbeidstakarar som følgjer av dette,

    • b) å medverke til å nå desse måla ved å gjennomføre felles tiltak på administrative og faglege plan, i samarbeid med Det faglege utvalet,

    • c) å drive arbeidsformidling når det ligg føre eit særleg behov og i samarbeid med dei særlege kontora, som òg skal gjennomføre denne formidlinga.

  • 2. Det europeiske samordningskontoret skal sende over til dei særlege kontora opplysningar om ledige stillingar og søknader om arbeid som er sende direkte til Kommisjonen, og skal få melding om den vidare handsaminga av dei.

Artikkel 20

Kommisjonen kan, i samarbeid med den rette styresmakta i kvar medlemsstat og i samsvar med dei vilkåra og framgangsmåtane som Kommisjonen fastset på grunnlag av fråsegn frå Det faglege utvalet, organisere vitjingar og tenesteopphald for tenestemenn frå andre medlemsstatar og vidareutdanning for fagleg personale.

Kapittel III

Organ som skal sikre eit nært samarbeid mellom medlemsstatane når det gjeld fri rørsle for og sysselsetjing av arbeidstakarar

Del 1

Det rådgjevande utvalet

Artikkel 21

Det rådgjevande utvalet skal ha ansvaret for å hjelpe Kommisjonen ved gransking av alle spørsmål som oppstår ved bruken av traktaten om verkemåten til Den europeiske unionen, og dei tiltaka som vert gjorde for å gjennomføre traktaten når det gjeld fri rørsle for og sysselsetjing av arbeidstakarar.

Artikkel 22

Det rådgjevande utvalet skal særleg ha til oppgåve

  • a) å handsame problem i samband med fri rørsle og sysselsetjing innanfor ramma av arbeidsmarknadspolitikken til dei einskilde statane med sikte på samordning av sysselsetjingspolitikken til medlemsstatane på unionsplan, og såleis medverke til å utvikle økonomien deira og skape betre jamvekt på arbeidsmarknaden,

  • b) å gjere ei allmenn gransking av korleis gjennomføringa av denne forordninga og eventuelle tilleggsføresegner verkar,

  • c) å sende over til Kommisjonen eventuelle grunngjevne framlegg til endring av denne forordninga,

  • d) på oppmoding frå Kommisjonen eller på eige initiativ, å gje grunngjevne fråsegner om allmenne eller prinsipielle spørsmål, særleg om utveksling av opplysningar om utviklinga på arbeidsmarknaden, om flyttinga til arbeidstakarane mellom medlemsstatane, om program eller tiltak som fremjar yrkesrettleiing og yrkesretta opplæring og kan leggje tilhøva betre til rette for fri rørsle og sysselsetjing, og om alle former for hjelp til arbeidstakarar og familiane deira, medrekna sosialhjelp og hjelp til bustad.

Artikkel 23

  • 1. Det rådgjevande utvalet skal vere samansett av seks medlemmer frå kvar medlemsstat, og av desse skal to representere regjeringa, to arbeidstakarorganisasjonane og to arbeidsgjevarorganisasjonane.

  • 2. For kvar gruppe som er nemnd i nr. 1, skal det oppnemnast ein varamedlem frå kvar medlemsstat.

  • 3. Mandatet til medlemmene og varamedlemmene skal vare i to år. Mandatet deira kan lengjast.

    Når mandatet deira går ut, skal medlemmene og varamedlemmene halde fram i tenesta inntil dei vert avløyste eller mandatet deira vert fornya.

Artikkel 24

Medlemmene av Det rådgjevande utvalet og varamedlemmene deira skal oppnemnast av Rådet, som ved utveljinga av representantar for arbeidstakar- og arbeidsgjevarorganisasjonane skal leggje vinn på at dei ulike sektorane i næringslivet som det gjeld, vert representerte på ein rettferdig måte.

Rådet skal offentleggjere lista over medlemmer og varamedlemmer til orientering i Tidend for Den europeiske unionen.

Artikkel 25

Det rådgjevande utvalet skal leiast av ein medlem av Kommisjonen eller vararepresentanten hans. Leiaren skal ikkje røyste. Utvalet skal halde møte minst to gonger i året. Leiaren skal kalle inn til møte, anten etter eige initiativ eller etter oppmoding frå minst ein tredel av medlemmene.

Kommisjonen skal ta hand om sekretærtenester.

Artikkel 26

Leiaren kan invitere einskildpersonar eller representantar for organ som har brei røynsle frå området sysselsetjing eller rørsle for arbeidstakarar, til å ta del i møta som observatørar eller sakkunnige. Leiaren kan få hjelp av sakkunnige.

Artikkel 27

  • 1. Det rådgjevande utvalet er vedtaksført når to tredelar av medlemmene er til stades.

  • 2. Fråsegner skal vere grunngjevne og skal vedtakast med eit absolutt fleirtal av dei røystene som er gjevne på gyldig måte; ein skriftleg merknad om synspunkta til mindretalet skal leggjast ved fråsegna når mindretalet ber om det.

Artikkel 28

Det rådgjevande utvalet skal fastsetje arbeidsmetodane sine ved møteføresegner som skal ta til å gjelde etter at Rådet har godteke dei, og etter at Rådet først har motteke ei fråsegn frå Kommisjonen. Endringar som Det rådgjevande utvalet eventuelt vedtek, skal ta til å gjelde etter den same framgangsmåten.

Del 2

Det faglege utvalet

Artikkel 29

Det faglege utvalet skal ha til oppgåve å hjelpe Kommisjonen med å førebu, fremje og følgje opp resultata av alt fagleg arbeid og alle faglege tiltak til gjennomføring av denne forordninga og eventuelle tilleggsføresegner.

Artikkel 30

Det faglege utvalet skal særleg ha til oppgåve

  • a) å fremje og betre samarbeidet mellom dei offentlege styresmaktene som det gjeld i medlemsstatane, i alle faglege spørsmål i samband med fri rørsle for og sysselsetjing av arbeidstakarar,

  • b) å utarbeide framgangsmåtar for organiseringa av den felles verksemda til dei offentlege styresmaktene som det gjeld,

  • c) å lette innsamlinga av opplysningar som kan vere nyttige for Kommisjonen og for gjennomføringa av granskingar og forsking som er fastsett i denne forordninga, og å fremje utvekslinga av opplysningar og røynsler mellom dei administrative organa som det gjeld,

  • d) å undersøkje på eit fagleg plan korleis dei kriteria som medlemsstatane nyttar for å vurdere situasjonen på arbeidsmarknaden, kan harmoniserast.

Artikkel 31

  • 1. Det faglege utvalet skal vere samansett av representantar for regjeringane i medlemsstatane. Kvar regjering skal oppnemne som medlem av Det faglege utvalet éin av dei medlemmene som representerer henne i Det rådgjevande utvalet.

  • 2. Kvar regjering skal oppnemne som varamedlem ein av dei andre representantane sine i Det rådgjevande utvalet, anten ein medlem eller ein varamedlem.

Artikkel 32

Det faglege utvalet skal leiast av ein medlem av Kommisjonen eller vararepresentanten hans. Leiaren skal ikkje røyste. Leiaren og medlemmene av utvalet kan få hjelp av sakkunnige.

Kommisjonen skal ta hand om sekretærtenester.

Artikkel 33

Dei framlegga og fråsegnene som vert utarbeidde av Det faglege utvalet, skal sendast over til Kommisjonen og gjerast kjende for Det rådgjevande utvalet. Det skal leggjast ved ein skriftleg merknad til framlegga og fråsegnene om synspunkta til dei einskilde medlemmene i Det faglege utvalet når dei ber om dette.

Artikkel 34

Det faglege utvalet skal fastsetje arbeidsmetodane sine ved møteføresegner som skal ta til å gjelde etter at Rådet har godkjent dei, og etter at Rådet først har motteke ei fråsegn frå Kommisjonen. Endringar som Det faglege utvalet eventuelt vedtek, skal ta til å gjelde etter den same framgangsmåten.

Kapittel IV

Sluttføresegner

Artikkel 35

Dei møteføresegnene som galdt for Det rådgjevande utvalet og Det faglege utvalet 8. november 1968, skal framleis nyttast.

Artikkel 36

  • 1. Denne forordninga rører ikkje ved føresegnene i traktaten om skiping av Den europeiske atomenergifellesskapen om tilgang til fagarbeid innanfor det kjernefysiske området, eller ved eventuelle føresegner til gjennomføring av denne traktaten.

    Denne forordninga skal likevel nyttast på dei arbeidstakargruppene som er nemnde i første leddet og familiemedlemmene deira, i den grad den rettslege stillinga deira ikkje er regulert av den førnemnde traktaten eller dei førnemnde føresegnene.

  • 2. Denne forordninga rører ikkje ved dei føresegnene som vert vedtekne i samsvar med artikkel 48 i traktaten om verkemåten til Den europeiske unionen.

  • 3. Denne forordninga rører ikkje ved dei pliktene som ligg på medlemsstatane som følgje av særlege tilhøve eller av framtidige avtaler med visse ikkje-europeiske statar eller territorium på grunnlag av institusjonelle band som låg føre 8. november 1968 med visse ikkje-europeiske statar eller territorium på grunnlag av institusjonelle band mellom dei.

    Arbeidstakarar frå slike statar og territorium som i samsvar med denne føresegna utøver verksemd som arbeidstakarar på territoriet til ein av desse medlemsstatane, kan ikkje gjere gjeldande føresegnene i denne forordninga på territoriet til dei andre medlemsstatane.

Artikkel 37

Medlemsstatane skal, i tidsrommet mellom dagen for underteikning og dagen for iverksetjing, til orientering sende over til Kommisjonen teksta til dei avtalene, konvensjonane og overeinskomstane som dei inngår med kvarandre på arbeidskraftområdet.

Artikkel 38

Kommisjonen skal vedta dei tiltaka som er naudsynte for å gjennomføre denne forordninga. For dette føremålet skal han ha eit nært samarbeid med dei sentrale offentlege styresmaktene i medlemsstatane.

Artikkel 39

Administrasjonsutgiftene til Det rådgjevande utvalet og Det faglege utvalet skal førast opp i det allmenne budsjettet til Den europeiske unionen, i det kapittelet som gjeld Kommisjonen.

Artikkel 40

Denne forordninga skal nyttast på medlemsstatane og statsborgarane deira, med atterhald for artikkel 2 og 3.

Artikkel 41

Forordning (EØF) nr. 1612/68 vert oppheva.

Tilvisingar til forordninga som vert oppheva, skal forståast som tilvisingar til denne forordninga og lesast slik det er vist i jamføringstabellen i vedlegg II.

Artikkel 42

Denne forordninga tek til å gjelde 20. dagen etter at ho er kunngjord i Tidend for Den europeiske unionen.

Denne forordninga er bindande i alle delar og gjeld direkte i alle medlemsstatane.

Utferda i Strasbourg, 5. april 2011.

For Europaparlamentet

For Rådet

J. BUZEK

GYÖRI E.

President

Formann

Vedlegg I

Oppheva forordning med liste over etterfølgjande endringar

Rådsforordning (EØF) nr. 1612/68 (TEF L 257 av 19.10.1968, s. 2)

Rådsforordning (EØF) nr. 312/76 (TEF L 39 av 14.2.1976, s. 2)

Rådsforordning (EØF) nr. 2434/92 (TEF L 245 av 26.8.1992, s. 1)

Europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 2004/38 (TEU L 158 av 30.4.2004, s. 77)

Berre artikkel 38 nr. 1

Vedlegg II

Jamføringstabell

Rådsforordning (EØF) nr. 1612/68Denne forordninga
Del IKapittel I
Avdeling IDel 1
Artikkel 1Artikkel 1
Artikkel 2Artikkel 2
Artikkel 3 nr. 1 første leddetArtikkel 3 nr. 1 første leddet
Artikkel 3 nr. 1 første leddet første strekpunktetArtikkel 3 nr. 1 første leddet bokstav a)
Artikkel 3 nr. 1 første leddet andre strekpunktetArtikkel 3 nr. 1 første leddet bokstav b)
Artikkel 3 nr. 1 andre leddetArtikkel 3 nr. 1 andre leddet
Artikkel 3 nr. 2Artikkel 3 nr. 2
Artikkel 4Artikkel 4
Artikkel 5Artikkel 5
Artikkel 6Artikkel 6
Avdeling IIDel 2
Artikkel 7Artikkel 7
Artikkel 8 nr. 1Artikkel 8
Artikkel 9Artikkel 9
Avdeling IIIDel 3
Artikkel 12Artikkel 10
Del IIKapittel II
Avdeling IDel 1
Artikkel 13Artikkel 11
Artikkel 14Artikkel 12
Avdeling IIDel 2
Artikkel 15Artikkel 13
Artikkel 16Artikkel 14
Artikkel 17Artikkel 15
Artikkel 18Artikkel 16
Avdeling IIIDel 3
Artikkel 19Artikkel 17
Avdeling IVDel 4
Artikkel 21Artikkel 18
Artikkel 22Artikkel 19
Artikkel 23Artikkel 20
Del IIIKapittel III
Avdeling IDel 1
Artikkel 24Artikkel 21
Artikkel 25Artikkel 22
Artikkel 26Artikkel 23
Artikkel 27Artikkel 24
Artikkel 28Artikkel 25
Artikkel 29Artikkel 26
Artikkel 30Artikkel 27
Artikkel 31Artikkel 28
Avdeling IIDel 2
Artikkel 32Artikkel 29
Artikkel 33Artikkel 30
Artikkel 34Artikkel 31
Artikkel 35Artikkel 32
Artikkel 36Artikkel 33
Artikkel 37Artikkel 34
Del IVKapittel IV
Avdeling I
Artikkel 38
Artikkel 39Artikkel 35
Artikkel 40
Artikkel 41
Avdeling II
Artikkel 42 nr. 1Artikkel 36 nr. 1
Artikkel 42 nr. 2Artikkel 36 nr. 2
Artikkel 42 nr. 3 første leddet første og andre strekpunktetArtikkel 36 nr. 3 første leddet
Artikkel 42 nr. 3 andre leddetArtikkel 36 nr. 3 andre leddet
Artikkel 43Artikkel 37
Artikkel 44Artikkel 38
Artikkel 45
Artikkel 46Artikkel 39
Artikkel 47Artikkel 40
Artikkel 41
Artikkel 48Artikkel 42
Vedlegg I
Vedlegg II

Fotnotar

1.

TEU C 44 av 11.2.2011, s. 170.

2.

Europaparlamentsfråsegn av 7. september 2010 (enno ikkje offentleggjord i TEU) og rådsavgjerd av 21. mars 2011.

3.

EFT L 257 av 19.10.1968, s. 2.

4.

Sjå vedlegg I.

5.

TEU L 255 av 30.9.2005, s. 22.