Prop. 135 S (2011–2012)

Samtykke til godkjenning av EØS-komiteens vedtak nr. 52/2012 av 30. mars 2012 om innlemming i EØS-avtalen av forordning (EU) nr. 492/2011 om fri rørsle av arbeidstakarar innanfor Unionen

Til innhaldsliste

2 Nærmare om forordninga

Forordning (EU) nr. 492/2011 erstattar forordning (EØF) 1612/68 om rett til fri rørsle av arbeidskraft innanfor EU. Forordning (EØF) 1612/68 har vorte endra fleire gonger, og den nye forordninga vidarefører denne forordninga med endringar. I tillegg er ho revidert for å skape klarleik og oversikt og for å sikre einsarta terminologi. Endringane er i hovudsak tekniske, terminologiske eller redaksjonelle.

Forordninga slår i fortalen fast at fri rørsle er ein grunnleggjande rett for arbeidstakarar og familiane deira. Arbeidskraftsmobiliteten innanfor Unionen skal vere eitt av midla for å sikre at arbeidstakarar kan få betre leve- og arbeidsvilkår og lette sosial framgang. Samstundes skal slik mobilitet medverke til å oppfylle dei økonomiske behova til medlemsstatane.

Kapittel 1 i den nye forordninga vidarefører føresegnene frå 68-forordninga om at alle arbeidstakarar innanfor Unionen skal ha lik behandling. Prinsippet inneber at alle borgarar i medlemsstatane får den same prioriteten til arbeid som innanlandske arbeidstakarar. Forordninga skal vidare sikre at all diskriminering på grunnlag av nasjonalitet blir avskaffa når det gjeld sysselsetjing, løn og andre arbeidsvilkår for arbeidstakarar frå medlemsstatane. Det same gjeld for retten arbeidstakarane har til å flytte fritt innanfor Fellesskapet for å drive løna verksemd, med atterhald for avgrensingar av omsyn til offentleg orden, offentleg tryggleik eller folkehelse. Forordninga har ei rekkje føresegner som gjev rettar til enkeltpersonar når det gjeld tilgang til sysselsetjing og likebehandling. Kapittel 2 vidarefører samarbeidet om arbeidsformidling og inneheld føresegner om kontrolltiltak for å fremje balanse i arbeidsmarknaden. Kapittel 3 gjeld organ som skal sikre eit nært samarbeid mellom medlemsstatane når det gjeld fri rørsle for og sysselsetjing av arbeidstakarar, dvs. reglar for eit rådgjevande utval og eit fagleg utval som skal sikre oppfølginga av tiltaka som er iverksette for å gjennomføre traktaten når det gjeld fri rørsle for og sysselsetjing av arbeidstakarar.

Forordninga gjeld i medlemsstatane frå 16. juni 2011.