Prop. 135 S (2011–2012)

Samtykke til godkjenning av EØS-komiteens vedtak nr. 52/2012 av 30. mars 2012 om innlemming i EØS-avtalen av forordning (EU) nr. 492/2011 om fri rørsle av arbeidstakarar innanfor Unionen

Til innhaldsliste

1 Avgjerd i EØS-komiteen nr. 52/2012 av 30. mars 2012 om endring av vedlegg V til EØS-avtala (Fri rørsle for arbeidstakarar)

EØS-KOMITEEN HAR –

med tilvising til avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, endra ved protokollen om justering av avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, heretter kalla ”avtala”, særleg artikkel 98, og

på følgjande bakgrunn:

  • 1) Vedlegg V til avtala vart endra ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 158/2007 av 7. desember 20071.

  • 2) Europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 492/2011 av 5. april 2011 om fri rørsle for arbeidstakarar innanfor Unionen2 skal takast inn i avtala –

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

I vedlegg V til avtala skal teksta i nr. 2 (rådsforordning (EØF) nr. 1612/68) lyde:

”32011 R 0492: Europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 492/2011 av 5. april 2011 om fri rørsle for arbeidstakarar innanfor Unionen (EUT L 141 av 27.5.2011, s. 1).

Forordningens bestemmelser skal for denne avtales formål gjelde med følgende tilpasning:

  • a) Artikkel 36 nr. 1 får ikke anvendelse.

  • b) I artikkel 36 nr. 2 skal henvisningen til artikkel 48 i traktat om Den europeiske unions virkemåte erstattes med henvisning til artikkel 29 i denne avtale.”

Artikkel 2

Teksta til forordning (EU) nr. 492/2011 på islandsk og norsk, som vil verte kunngjord i EØS-tillegget til Tidend for den europeiske unionen, skal verte gyldig.

Artikkel 3

Denne avgjerda tek til å gjelde 1. mai 2012, på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i avtala 3.

Artikkel 4

Denne avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.

Utferda i Brussel, 30. mars 2012.

For EØS-komiteen

Gianluca Grippa

Fungerande formann

Fotnotar

1.

TEU L 124 av 8.5.2008, s. 20.

2.

TEU L 141 av 27.5.2011, s. 1.

3.

Forfatningsrettslege krav oppgjevne.