Prop. 135 S (2011–2012)

Samtykke til godkjenning av EØS-komiteens vedtak nr. 52/2012 av 30. mars 2012 om innlemming i EØS-avtalen av forordning (EU) nr. 492/2011 om fri rørsle av arbeidstakarar innanfor Unionen

Til innhaldsliste

4 Forholdet til norsk rett

Gjennomføringa av forordning (EU) nr. 492/2011 krev endringar i lovverket.

Den tidlegare forordninga, (EØF) 1612/68, er gjennomført i norsk rett i EØS-arbeidstakarlova av 27. november 1992 nr. 112. Forordning (EU) nr. 492/2011 inneheld i hovudsak ingen materielle endringar, men krev enkelte terminologiske endringar og tilpassingar i EØS-arbeidstakarlova.

Arbeidsdepartementet vil leggje fram ein proposisjon til Stortinget med framlegg om ei ny EØS-arbeidstakarlov som vil innehalde naudsynte lovendringar for å gjennomføre forordninga.