Prop. 156 L (2009–2010)

Endringar i folketrygdlova mv. (enkelte ­presiseringar i samband med pensjonsreforma)

Til innhaldsliste

2 Endringar i folketrygdlova og endringslovene til folketrygdlova

2.1 Klargjering av reglane om pensjonstillegg, særtillegg og minste pensjonsnivå frå 2011 - §§ 3-3 og 19-8

2.1.1 Innleiing

Ved lov 5. juni 2009 nr. 32 er det vedteke å leggje om reglane for korleis minsteytinga i alderspensjonen frå folketrygda blir målt ut frå 1. januar 2011. Sjå nye §§ 19-8 og 19-9. Særtillegget blir avløyst av eit pensjonstillegg, og minste pensjonsnivå for personar med låg eller ingen tilleggspensjon skal fastsetjast som eit kronebeløp. Er satsen høgare enn den grunn- og tilleggspensjonen pensjonisten har rett til, blir differansen betalt ut som eit pensjonstillegg. Dette er ei teknisk tilpassing til nye reglar om regulering og levealdersjustering. Sjå nærare Ot.prp. nr. 37 (2008–2009).

Minste pensjonsnivå vil bli fastsett med ulike satsar fordi vi i dag har ulike nivå på minstepensjonen etter sivilstand. Til dømes er nivået for ein einsleg pensjonist frå 1. mai 2010 lik 2 G, medan det for ein gift pensjonist er mellom 1,59 G og 2 G. Pensjonen til gifte avheng mellom anna av om ektefellen er pensjonist og kor høg inntekta eller pensjonen til ektefellen er.

2.1.2 Nye alderspensjonistar skal ha pensjons­tillegg og ikkje særtillegg

Dei nye reglane om pensjonstillegg skal gjelde for personar fødde frå og med 1943 og som tek ut alderspensjon frå 1. januar 2011 eller seinare. Departementet ser at det kan være føremålstenleg at dette kjem klarare fram av lova og foreslår å presisere at det ikkje blir gjeve særtillegg til denne gruppa. Forslaget følgjer opp allereie vedtekne endringar, og har ikkje materielt innhald.

Personar fødde til og med 1942 er ikkje omfatta av reglane om fleksibelt uttak og levealdersjustering. Dei aller fleste har teke ut alderspensjon før 2011. Dersom dei likevel tek ut alderspensjonen etter 2010, skal dei framleis få særtillegg om tilleggspensjonen er låg. Personar fødde i 1943 som tek ut alderspensjon med særtillegg i 2010, vil få omgjort særtillegget til pensjonstillegg dersom dei reduserer pensjonsgraden eller får ny opptening mv., sjå Prop. 82 L (2009-2010) avsnitt 5.4.

Departementet viser til forslaget til § 3-3 første ledd nytt tredje punktum i folketrygdlova.

2.1.3 Minste pensjonsnivå

Presisering av reglane om minste pensjonsnivå – vidareføring av dagens reglar

Er pensjonisten gift med ein AFP-pensjonist, får han eller ho i dag grunnpensjon tilsvarande 0,85 G, medan storleiken på særtillegget avheng av om ektefellen mottek AFP frå ei offentleg eller privat pensjonsordning.

Denne gruppa vart ikkje nemnd i Ot.prp. nr. 37 (2008–2009) fordi dei nye reglane for avtalefesta pensjon på den tida ikkje var vedtekne. Departementet foreslår å føre vidare dagens reglar, tilpassa dei nye reglane om minste pensjonsnivå og pensjonstillegg. Forslaget inneber at ein person som lever saman med ein ektefelle som mottek avtalefesta pensjon etter AFP-tilskottslova kapittel 4 (AFP etter gamle reglar i privat sektor), skal ha minste pensjonsnivå med låg sats (svarer til dagens nivå, som er grunnpensjon på 0,85 G og særtillegg etter minstesatsen). Mottek ektefellen avtalefesta pensjon frå ei offentleg pensjonsordning, skal det gjevast minste pensjonsnivå med ordinær sats (svarer til dagens nivå, som er grunnpensjon på 0,85 G og særtillegg etter ordinær sats). Ny AFP i privat sektor kan berre takast ut saman med alderspensjon, og det trengst derfor ikkje eigne reglar for ny AFP frå 2011. Dersom begge ektefellane mottek alderspensjon, følgjer det av § 19-8 tredje ledd at det skal gjevast låg sats.

Departementet viser til forslaget til § 19-8 tredje til femte ledd i lov 5. juni 2009 nr. 32.

Presisering av at nye satsar for minste pensjonsnivå gjeld for alle frå 2011

Personar som før 2011 har ein pensjon med særtillegg, vil framleis få dette. Storleiken vil ikkje lenger gå direkte fram av § 3-3, på grunn av dei nye reglane om regulering av pensjonar, sjå ny § 19-14 som gjeld frå 1. januar 2011. Det går fram av § 19-14 andre ledd at utbetalte pensjonar skal regulerast i samsvar med lønnsveksten og deretter bli trekte frå 0,75 prosent. Denne reguleringa vil normalt vere noko svakare enn reguleringa av satsane for minste pensjonsnivå, som skal regulerast i samsvar med lønnsveksten justert for effekten av levealdersjusteringa for 67-åringar, jf. § 19-14 tredje ledd. For å sikre at pensjonisten ikkje får ei lågare yting på grunn av reguleringa enn det minste pensjonsnivået som han eller ho har rett til etter ny § 19-8, er det gjeve ein regel om at ein eventuell differanse blir dekt gjennom eit tillegg til pensjonen. Sjå nærare om dette i Ot.prp. nr. 37 (2008–2009) avsnitt 8.6.

Dei nye reglane om regulering i § 19-14 gjeld for alle alderspensjonistar, uavhengig av når dei er fødde. Dette inneber at dei nye satsane for minste pensjonsnivå òg gjeld for alle alderspensjonistar. I motsett fall kunne utbetalte pensjonar ha falle under dette nivået. Satsane i ny § 19-8 med tilhøyrande forskrifter gjeld derfor frå 2011 for alle alderspensjonistar. For å gjere dette klarare, foreslår departementet at dette blir presisert i paragrafen.

Departementet viser til forslaget til § 19-8 andre ledd nytt tredje punktum i lov 5. juni 2009 nr. 32.

2.1.4 Minste samla pensjonsnivå for ektepar med alderspensjon og uførepensjon

Alderspensjon

Når det skjer endringar i sivilstand mv. etter 2010 som påverkar pensjonen, skal pensjonen reknast om etter nærare reglar. Ved omrekninga tek ein utgangspunkt i reglane i folketrygdlova kapittel 3, og tek deretter omsyn til at pensjonen har vorte regulert i perioden som pensjonist. Den omrekna pensjonen må haldast saman med det minste pensjonsnivået ein har rett til etter ny § 19-8. Er pensjonisten gift, skal den samla pensjonen til ekteparet etter omrekninga haldast saman med det minste samla pensjonsnivået som ektepar har rett til etter ny § 19-8 med tilhøyrande forskrifter. Desse reglane sikrar at endringar i pensjonen blir handsama som i dag, med naudsynte tilpassingar.

Uførepensjon

To ektefellar som begge er uførepensjonistar, vil få rekna ut samla særtillegg etter folketrygdlova § 3-3. Grunnpensjonen blir fastsett etter § 3-2. Desse vil ha rett til ein noko høgare samla minstepensjon enn to alderspensjonistar. Årsaka til dette er at uførepensjon (inkludert særtillegg) framleis skal følgje lønnsveksten, medan alderspensjon etter dei nye reglane frå 2011 ikkje lenger fullt ut blir regulert med lønnsveksten.

Kombinasjon av uførepensjon og alderspensjon

Fram til 2011 er minsteytinga (særtillegget) etter § 3-3 den same anten ektefellane mottek uførepensjon eller alderspensjon. På grunn av levealdersjustering og ny regulering frå 2011 må ein gje eigne reglar for den samla minsteytinga til ektepar der den eine er uførepensjonist og den andre alderspensjonist, eller der den eine eller begge har ein gradert uførepensjon samstundes med ein gradert alderspensjon. Ei vidareføring av dagens reglar, tilpassa dei vedtekne endringane i dagens alderspensjon, inneber at ekteparet får ei samla minsteyting som er lågare enn for to uførepensjonistar, men høgare enn om begge var alderspensjonistar.

Departementet meiner det er føremålstenleg at nærare regler om samla pensjon og minste pensjonsnivå for ektepar i tråd med dette blir fastsette i forskrift.

Departementet viser til forslaget til § 3-3 nytt åttande ledd i folketrygdlova.

2.2 Likt vilkår for uttak før 67 år for gifte og einslege - § 19-11

Pensjonsalderen i folketrygda er i dag 67 år. Frå 1. januar 2011 kan ein, på visse vilkår, ta ut alderspensjon allereie frå 62 år. Dersom pensjonen blir teken ut tidleg, blir den årlege alderspensjonen mindre enn ved seinare uttak. For at alle skal vere sikra eit minste inntektsnivå i alderdommen, er det stilt krav om at alderspensjonen ved 67 år minst skal svare til minste pensjonsnivå/garantipensjons­nivået dersom pensjonen blir teken ut før denne alderen.

Minste pensjonsnivå og garantipensjonsnivået blir differensierte etter sivilstand, sjå avsnitt 2.1. Reglane for uttak før 67 år er utforma slik at to personar med lik opptening, men med ulik sivilstand, kan ta ut pensjon frå same tidspunktet. Når vilkåret skal vurderast, skal både pensjonen og minstenivået (kravet) reknast ut som om pensjonisten er einsleg, uavhengig av sivilstanden til den enkelte. Dette sikrar at personar med lik opptening får lik rett til å ta ut alderspensjon, og dessutan at ein ikkje kan miste retten til alderspensjon dersom sivilstanden blir endra. Den pensjonen som skal utbetalast, blir deretter rekna ut på grunnlag av den faktiske sivilstanden. Sjå nærare omtale i Ot.prp. nr. 37 (2008–2009) punkta 6.5.2 og 7.5.7.

I dagens alderspensjon er grunnpensjonen òg differensiert etter sivilstand, i hovudsak slik at grunnpensjonen er 1 G for einslege og 0,85 G for gifte, sjå folketrygdlova § 3-2. Som nemnt over, går det fram av forarbeida at pensjonen skal reknast ut som om ein er einsleg når vilkåret for uttak før 67 år skal vurderast. Det er likevel ikkje presisert i § 19-11 at grunnpensjonen skal reknast ut med satsen for einslege. Departementet foreslår at dette blir gjort klart gjennom å leggje til eit nytt punktum i paragrafen.

Departementet viser til forslaget til § 19-11 første ledd nytt fjerde punktum i lov 5. juni 2009 nr. 32.

2.3 Opptening som skal reknast med når pensjonen blir teken ut - §§ 3-5, 19-5 og 20-10

Garantipensjon (ny alderspensjon) og grunnpensjon (dagens alderspensjon) blir fastsette på grunnlag av trygdetid, sjå folketrygdlova §§ 20-10 og 3-2, jf. § 3-5. Dette gjeld for pensjonstillegg (dagens alderspensjon) òg, jf. §§ 19-8 og 19-9 i lov 5. juni 2009 nr. 32. Trygdetid er den tida ein person har vore medlem i folketrygda (busett i Noreg) frå fylte 16 år til og med det året han eller ho fylte 66 år. I visse høve kan periodar etter fylte 66 år òg bli rekna med i dagens alderspensjon. Det blir gjeve full garantipensjon, grunnpensjon og pensjonstillegg om pensjonisten har minst 40 års trygdetid. Dersom trygdetida er kortare, blir pensjonen tilsvarande mindre.

I ny alderspensjon blir inntektspensjon tent opp på grunnlag av alle åra ein har pensjonsgjevande inntekt (eller anna pensjonsopptening). Den pensjonsgjevande inntekta blir rekna med frå utgangen av det året inntekta vart stadfesta gjennom likninga. Dette inneber at det berre er ferdiglikna inntekter som blir tekne med når alderspensjonen blir rekna ut. Opptening som ikkje er stadfesta, blir medrekna i pensjonen seinare. Når pensjonen blir rekna om, blir det nytta delingstal som sikrar at pensjonisten ikkje tapar på dette (nøytralt uttak). Tilsvarande gjeld for utrekning av tilleggspensjon (pensjonspoeng) i dagens alderspensjon frå 2011. Her er det forholdstal som sikrar nøytraliteten.

Som følgje av at trygdetid på tidspunktet for uttak er «tent opp» heilt fram til uttaket, mens oppteninga av inntektspensjon og tilleggspensjon er klar først når den pensjonsgjevande inntekta for det enkelte året er likna ferdig, kan garantipensjonen, grunnpensjonen og eventuelt pensjonstillegg bli rekna ut frå ein lengre «oppteningsperiode» enn inntektspensjonen og tilleggspensjonen. Etter departementets syn er dette lite føremålstenleg. Departementet foreslår at det blir presisert at det berre er trygdetid til og med det året som sist vart likna som skal leggjast til grunn når ein reknar ut garantipensjon, grunnpensjon og pensjonstillegg på uttakstidspunktet. Det same gjeld ved andre omrekningar av pensjonen.

For dei som har vore busette i Noreg heile livet, vil dette ikkje ha noko å seie, fordi dei har tent opp full trygdetid (40 år) i god tid før det første moglege tidspunktet for pensjonsuttak (62 år). Dei som ikkje har full trygdetid, vil få trygdetida rekna med i pensjonen når likninga ligg føre.

Samtidig foreslår departementet å presisere i § 19-5 at opptente pensjonspoeng blir rekna med i tilleggspensjonen frå utløpet av det året likninga for det aktuelle året er ferdig, jf. omtalen over. Det same gjeld poeng som er godskrivne for ulønna omsorgsarbeid.

Departementet viser til forslaget til § 3-5 nytt sjuande ledd og § 20-10 nytt tredje ledd i folketrygdlova, og til § 19-5 nytt andre ledd i lov 5. juni 2009 nr. 32.

Trygdetid ved overgang frå uførepensjon til alderspensjon ved 67 år

Uførepensjon er i dag sett saman av grunnpensjon, tilleggspensjon og/eller særtillegg. Pensjonen blir rekna ut på grunnlag av både tidlegare opptening og framtidig opptening. Det blir vanlegvis medrekna trygdetid og antekne framtidige pensjons­poeng til og med det året pensjonisten fyller 66 år. Full uførepensjon svarer normalt til den alderspensjonen ein ville ha fått om ein hadde vore i arbeid fram til 67 år. Dei framtidige pensjonspoenga blir godskrivne for kvart år ein mottek uførepensjon, jf. folketrygdlova § 3-19. Ved overgang til alderspensjon ved 67 år, vil den framtidige oppteninga frå uførepensjonen inngå i utrekninga av alderspensjon som faktisk opptening. Trygdetida for ein alderspensjonist som ved fylte 67 år hadde rett til uførepensjon skal minst svare til trygdetida for uførepensjonen, jf. folketrygdlova § 3-5 sjuande ledd. Departementet viser til Prop. 82 L (2009­–2010) der det går fram at dei gjeldande reglane for overgang frå uførepensjon til alderspensjon skal gjelde inntil vidare, og at spørsmålet må bli vurdert på nytt i samband med arbeidet med nye reglar om ytingar til uføre.

Departementet legg til grunn at føresegna i § 3-5 sjuande ledd (som blir åttande ledd) og § 3-19 blir ført vidare. Dette inneber at det ved utrekninga av alderspensjon til personar som fram til 67 år har motteke uførepensjon, blir det teke omsyn til trygdetid og poengår som er godskrivne sjølv om likninga for det 66. året ikkje er avslutta. Dette er opptening dei i dag har rett til, og framleis skal ha. Eventuell opptening på grunnlag av arbeidsinntekt eller trygdetid for år som ikkje var med i uførepensjonen, vil bli rekna med i alderspensjonen når året er ferdiglikna.

2.4 Opptening av inntektspensjon – presisering av kva for eit grunnbeløp som skal nyttast - §§ 20-4 til 20-8

Ein tener opp pensjonsrettar på grunnlag av pensjonsgjevande inntekt, førstegongsteneste, mottak av dagpengar, uførepensjon og omsorgsarbeid, sjå folketrygdlova § 20-4, jf. §§ 20-5 til 20-8.

Grunnbeløpet blir fastsett årleg med verknad frå 1. mai. Gjennom eit kalenderår vil det derfor vere eitt grunnbeløp i månadene januar–april og eit anna grunnbeløp i månadene mai–desember. Det går fram av folketrygdlova § 3-13 om opptening av pensjonspoeng at om grunnbeløpet er endra i løpet av kalenderåret, skal det gjennomsnittlege grunnbeløpet leggjast til grunn.

Departementet foreslår å presisere i §§ 20-4 til 20-8 at det gjennomsnittlege grunnbeløpet i kalenderår skal leggjast til grunn også etter kapittel 20.

Departementet viser til forslaget til § 20-4 andre ledd, § 20-5, § 20-6 andre ledd, § 20-7 andre ledd, § 20-7 a nytt sjette ledd og § 20-8 tredje ledd i folketrygdlova.

2.5 Ytingar frå folketrygda til gjenlevande ektefelle og tidlegare familiepleiar – forholdet til ny avtalefesta pensjon i privat sektor

Pensjon til gjenlevande ektefelle – §§ 17-8 og 17-11

Pensjon frå folketrygda til gjenlevande ektefelle er subsidiær til andre pensjonar frå folketrygda. Pensjonen fell i dag bort når ein fyller 67 år, får rett til uførepensjon eller mottek avtalefesta pensjon (AFP) frå ei privat eller offentleg pensjonsordning, sjå gjeldande § 17-11. Føremålet med pensjonen er først og fremst å sikre ei inntekt til ein gjenlevande ektefelle som ikkje er i stand til å forsørgje seg sjølv ved eige arbeid. Pensjonen blir inntektsprøvd mot arbeidsinntekt som den gjenlevande har eller kan vente å få ved at han blir redusert med 40 prosent av arbeidsinntekt over eit halvt grunnbeløp, sjå § 17-8. Dagpengar, sjukepengar, arbeidsavklaringspengar, svangerskapspengar og foreldrepengar er etter § 17-8 fjerde ledd likestilte med arbeidsinntekt.

Frå 2011 kan alderspensjon takast ut allereie frå fylte 62 år. Retten til pensjon som gjenlevande ektefelle fell bort om ein mottek alderspensjon, sjå § 17-11 i lov 11. desember 2009 nr. 112. Ein som allereie har teke ut alderspensjon når han eller ho blir etterlaten, kan ikkje stanse alderspensjon for i staden å få pensjon til gjenlevande ektefelle. Eventuelle pensjonsrettar etter ein avdøydd ektefelle blir da rekna med i alderspensjonen, sjå nærare om dette i Prop. 15 L (2009–2010), jf. Ot.prp. nr. 106 (2008–2009).

Dei fleksible uttaksreglane for alderspensjon inneber mellom anna at ein når som helst kan stanse uttaket. Ein som har stansa uttaket av alderspensjonen, vil såleis kunne ha rett til pensjon til gjenlevande ektefelle (fram til 67 år) etter dei vanlege reglane om han eller ho på eit seinare tidspunkt mistar ektefellen.

Avtalefesta pensjon (AFP) er i dag ei tidlegpensjonsordning som kan ytast frå 62 til 67 år, når ein går over på alderspensjon frå folketrygda. Ein kan ikkje kombinere AFP med pensjonsytingar frå folketrygda.

Frå 2011 er AFP i privat sektor gjort om til eit livsvarig påslag til alderspensjonen frå folketrygda. Det er eit vilkår at ein tek ut heil eller delvis alderspensjon frå folketrygda. AFP fell likevel ikkje bort om ein seinare stansar alderspensjonen.

Som nemnt kan personar som har stansa uttaket av alderspensjon ha rett til pensjon til gjenlevande ektefelle. Dersom ein samstundes har eit AFP-påslag som framleis blir betalt ut, reiser dette spørsmål om det bør vere høve til å kombinere AFP-påslaget med pensjon til gjenlevande ektefelle. Departementet legg til grunn at problemstillinga vil gjelde svært få personar.

AFP i privat sektor er ikkje lenger ei førtidspensjonsordning som står på eigne bein, og det kan bli oppfatta som urimeleg om slik AFP skal føre til at retten til pensjon til gjenlevande ektefelle fell heilt bort. Dersom retten til pensjon til gjenlevande ektefelle av denne grunnen skulle falle bort, vil dette òg kunne bli oppfatta som ei forskjellsbehandling samanlikna med dei som ikkje har AFP. Departementet foreslår på denne bakgrunnen at ny AFP frå privat sektor ikkje skal føre til at pensjon til gjenlevande ektefelle fell bort.

Etter departementet sitt syn er det likevel rimeleg at AFP-påslaget skal inngå i inntektsprøvinga av pensjonen til gjenlevande ektefelle. Dette ut i frå at den gjenlevande i størst mogleg grad skal forsørgje seg sjølv ved eiga inntekt eller ved andre ytingar som erstattar bortfalle eiga inntekt, til dømes dagpengar og sjukepengar. Departementet foreslår såleis at ny AFP frå privat sektor skal inngå i inntektsprøvinga av pensjonen.

Departementet viser til forslaget til § 17-8 fjerde ledd og § 17-11 første ledd bokstav c i folketrygdlova.

Det er ei eiga stønadsordning for einslege personar som i lengre tid har vore heime og utført naudsynt pleie av ein familiemedlem, og som difor har vanskar med å skaffe seg inntektsgjevande arbeid etter at pleieforholdet har opphøyrt. Ordninga liknar på pensjonsordninga for gjenlevande ektefelle. Truleg vil det knapt vere nokon som vil kunne ha rett til både avtalefesta pensjon og ytingar til tidlegare familiepleiar. Departementet foreslår likevel at dei same endringane skal gjelde for denne gruppa òg.

Departementet viser til forslaget til § 16-8 tredje ledd og § 16-10 første ledd bokstav c i folketrygdlova.

2.6 Teknisk tilpassing av reglane om ­utbetaling i utlandet - § 19-3

For å ha rett til alderspensjon frå folketrygda er det som hovudregel eit vilkår at ein er medlem i trygda, det vil seie at ein bur eller arbeider i Noreg. Alderspensjon kan likevel betalast ut i utlandet fullt ut dersom ein har budd i Noreg i minst 20 år etter fylte 16 år.

Dersom butida er kortare enn 20 år, blir alderspensjonen rekna ut etter særskilde reglar. Tilleggspensjonen, som er tent opp på grunnlag av inntekt, blir betalt ut fullt ut. Andre reglar gjeld for minsteytingane, som ikkje er tente opp på same måten. Grunnpensjonen blir betalt ut på grunnlag av ei trygdetid som svarer til det talet på poengår som tilleggspensjonen er rekna ut etter. Ein får dermed med seg ein forholdsmessig del av grunnpensjonen. Det same gjeld særtillegg og forsørgingstillegg. Reglane om utbetaling i utlandet er fastsette i folketrygdlova § 19-3.

Trygdeavtaler med andre land kan gi større rett til å få pensjon betalt ut utanfor Noreg. Slike reglar finst i trygdedelen i EØS-avtala, i Nordisk konvensjon om trygd og i ei rekkje bilaterale trygdeavtaler.

Departementet legg til grunn at dei reglane som gjeld i dag for utbetaling av alderspensjon i utlandet, skal førast vidare med naudsynte tekniske tilpassingar til pensjonsreforma.

Særtillegget blir, som nemnt over, rekna ut med den same trygdetida som grunnpensjonen når det skal betalast ut i utlandet. Særtillegget blir frå 2011 erstatta av eit pensjonstillegg rekna ut på grunnlag av minste pensjonsnivå og basispensjonen (grunnpensjon og tilleggspensjon). Departementet foreslår ut frå dette at pensjonstillegget og minste pensjonsnivå skal reknast ut med same trygdetid som grunnpensjonen.

Flyktningar får alderspensjonen rekna ut etter særlege reglar dersom dette er til fordel for pensjonisten. Mellom anna blir alderspensjonen rekna ut på bakgrunn av full trygdetid sjølv om trygdetida er mindre enn 40 år, slik at dei er sikra full minstepensjon. Desse fordelane kan ikkje eksporterast, det vil seie at ved flytting til utlandet vil den alderspensjonen som skal betalast ut bli rekna ut etter ordinære reglar. Bakgrunnen er at fordelane har karakter av å gi flyktningar særskilde (høgare) minsteytingar, det vil seie at dette ikkje er opptente rettar. Dette går i dag fram av § 3-2 sjette ledd og § 3-3 sjuande ledd. Gjennom endringane som blir gjorde i folketrygdlova kapittel 19 frå 1. januar 2011, jf. lov 5. juni 2009 nr. 32, vil dette gå fram av § 19-8 sjuande ledd òg. Departementet foreslår derfor at paragrafen blir endra slik at han i tillegg viser til § 19-8 sjuande ledd.

Dei nye reguleringsprinsippa frå 2011 gjer at utbetalt pensjon blir lausriven frå utviklinga i grunnbeløpet. Når pensjonen skal reknast ut på nytt på grunn av endra medlemskap i folketrygda, må det korrigerast for den reguleringa som alt har skjedd. Vidare kan ein gjennom fleksibelt uttak mellom anna ta ut gradert pensjon. Departementet foreslår med bakgrunn i dette at det blir presisert at pensjonen må reknast om etter særskilde reglar når endra medlemskap påverkar pensjonen. Det er føremålstenleg at dei detaljerte reglane for dette blir fastsette i forskrift, og ein foreslår at departementet får heimel til å fastsetje slike forskrifter.

Departementet viser til forslaget til § 19-3 i folketrygdlova.

2.7 Forskriftsheimel for å presisere kravet til samanhengande periode for pensjonsopptening ved førstegongsteneste – § 20-6

Avtent førstegongsteneste i ein samanhengande periode på minst seks månader, gjev pensjonsopptening etter § 20-6 første ledd. Personar som avtener førstegongsteneste og går over frå militær­teneste til sivilteneste kan få eit opphald i tenesta. Det hender òg at personar på grunn av sjukdom, sosiale eller familiære forhold blir dimitterte med rest-teneste, og seinare blir kalla inn for å fullføre førstegongstenesta. Etter departementets syn vil det i slike tilfelle likevel vere rimeleg å kunne gje pensjonsopptening for den tida ein har avtent førstegongsteneste. Departementet foreslår derfor at det blir presisert nærare i forskrift kva som skal kunne reknast som samanhengande periode.

Departementet viser til forslaget til § 20-6 nytt fjerde ledd i folketrygdlova.

2.8 Overgangsreglar for lovendring

2.8.1 Ikraftsetjing av endra reglar for forsørgingstillegg - §§ 3-24 til 3-26

Alderspensjonistar som forsørgjer ektefelle og/eller barn under 18 år, kan få inntektsprøvde forsørgingstillegg. Fullt barnetillegg er på 40 prosent av grunnbeløpet, og fullt ektefelletillegg utgjer 50 prosent av grunnpensjonen.

Dei nye reglane for regulering av alderspensjon frå 2011 gjer at grunnbeløpet og alderspensjon under utbetaling vil bli regulerte ulikt. Fleksibelt uttak inneber vidare at tidspunktet for når alderspensjonen blir teken ut (uttaksalder) vil påverke kor stor grunnpensjonen blir. Reglane om forsørgingstillegg vart derfor endra frå 1. januar 2011 slik at tillegga og dei fribeløpa som høyrer til vart knytte til minste pensjonsnivå.

Pensjonar blir regulerte årleg med verknad frå 1. mai. Første gongen alderspensjonane blir regulerte etter dei nye reglane er 1. mai 2011. For dei som allereie før 1. januar 2011 har ein alderspensjon med forsørgingstillegg, er det difor ikkje naudsynt å rekne om pensjonane i januar 2011, slik det går fram av ikraftsetjinga av lovendringane. Av administrative omsyn foreslår departementet at endringane i folketrygdlova § 3-24 første og andre ledd og §§ 3-25 og 3-26 blir gjort gjeldande frå 1. mai 2011 for dei som mottek forsørgingstillegg pr. 31. desember 2010, slik at tillegga blir rekna om i samband med den årlege reguleringa.

Departementet viser til forslaget til lov 11. desember 2009 nr. 112 del III første ledd nytt andre punktum.

2.8.2 Ikraftsetjing av endra reglar for avkorting av pensjon under visse institusjonsopphald - § 3-28

Pensjonistar som har rett til fri forpleiing under langtidsopphald i helseinstitusjon under statleg eller fylkeskommunalt ansvar eller sit i fengsel, får pensjonen redusert etter folketrygdlova § 3-28, jf. §§ 3-27 og 3-29. Avkortinga inneber at vedkommande skal ha utbetalt 25 prosent av grunnbeløpet og 10 prosent av tilleggspensjonen. Ytinga skal likevel minst svare til 45 prosent av grunnbeløpet. Dei nye reglane for regulering av alderspensjon frå 2011 inneber at grunnbeløpet og alderspensjon under utbetaling vil bli regulerte ulikt. Fleksibelt uttak inneber dessutan at tidspunktet for uttaket påverkar storleiken på pensjonen. Føresegna i § 3-28 vart derfor endra frå 1. januar 2011 slik at den delen av pensjonen som er knytt til grunnbeløpet i staden vart knytt til minste pensjonsnivå.

Pensjonar blir regulerte årleg med verknad frå 1. mai. Første gongen alderspensjonane blir regulerte etter dei nye reglane er 1. mai 2011. For dei som allereie før 1. januar 2011 har fått fastsett alderspensjonen etter reglane i § 3-28, er det difor ikkje naudsynt å rekne om pensjonane i januar 2011, slik det går fram av ikraftsetjinga av lovendringane. Departementet foreslår derfor av administrative omsyn at endringa i folketrygdlova § 3-28 for disse personane blir gjort gjeldande frå 1. mai 2011, slik at pensjonen blir rekna om i samband med den årlege reguleringa.

Departementet viser til forslaget til lov 11. desember 2009 nr. 112 del III første ledd nytt andre punktum.

2.8.3 Ikraftsetjing av nye reglar for frist for å setje fram krav om alderspensjon – etterbetaling - § 22-13

Etter dei gjeldande reglane kan alderspensjon frå folketrygda gjevast for opptil tre år før kravet vart sett fram, dersom vilkåra var oppfylte i denne perioden.

Frå 2011 vil alderspensjon bli rekna ut både på grunnlag av opptente rettar, men òg på grunnlag av venta gjenståande levealder (fleksibelt og nøytralt uttak) på det tidspunktet pensjonen blir teken ut. Reglane for etterbetaling vart derfor endra ved lov 11. desember 2009 nr. 112 slik at alderspensjon skal gjevast frå den månaden ein ønskjer, men tidlegast frå månaden etter at kravet blir sett fram, sjå § 22-13.

Personar fødde i 1942 eller tidlegare er ikkje omfatta av dei nye reglane om fleksibelt uttak sjølv om dei tek ut alderspensjon i 2011 eller seinare. Desse bør framleis kunne få pensjonen etterbetalt for opptil tre år. Endringa i reglane frå 1. januar 2011 var derfor ikkje meint å gjelde for personar fødde i 1942 eller tidlegare og som tek ut pensjon i 2011 eller seinare. Departementet foreslår at dette blir presisert no.

Departementet viser til forslaget til lov 11. desember 2009 nr. 112 del III første ledd nytt tredje punktum.

Personar fødde i 1942 eller tidlegare som tek ut alderspensjon etter 2010 skal framleis ha særtillegg, og ikkje pensjonstillegg, jf. punkt 2.1.2. Særtillegget vil bli utmålt etter reglane i § 3-3, og ved etterbetalinga skal særtillegget bli regulert etter reglane i nye § 19-14 fra og med 2011.

2.9 Språklege opprettingar

2.9.1 Minste pensjonsnivå - § 19-8

§ 19-8 fjerde ledd har reglar om minste pensjonsnivå etter ordinær sats. Denne satsen svarer til det som i dag er grunnpensjon på 0,85 G og særtillegg med ordinær sats (til saman 1,85 G) og blir gjeven når sambuaren eller ektefellen ikkje er pensjonist. Dersom ektefellane ikkje lever saman, blir det likevel gjeve grunnpensjon på 1 G og ordinært særtillegg (til saman 2 G). For å føre dagens reglar vidare skal minste pensjonsnivå gjevast etter høg sats i slike tilfelle. Dagens vilkår om å leve saman vart i lova erstatta med eit vilkår om å «ha» ein ektefelle. Ein foreslår at dette blir retta opp slik at denne persongruppa framleis får pensjon på same nivå som einslege.

Departementet viser til forslaget til § 19-8 fjerde ledd i lov 5. juni 2009 nr. 32.

I § 19-8 femte ledd er det gjeve reglar om høg sats. Andre punktum fører vidare regelen om at gifte òg kan få høg minstepensjon dersom ektefellen ikkje har ei inntekt høgare enn 2 G. Dette vart i lova formulert slik at inntekta til ektefellen må vere mindre enn to gonger grunnbeløpet, og ei inntekt lik 2 G vil dermed ikkje gje rett til høg sats. Dette var ikkje tilsikta, og ein foreslår å rette opp lovteksta for å føre vidare gjeldande rett.

Departementet viser til forslaget til § 19-8 femte ledd i lov 5. juni 2009 nr. 32.

Ved lov 11. desember 2009 nr. 112 vart det lagt til eit nytt sjette ledd i § 19-8. I daverande sjette ledd (no sjuande ledd) er det vist til første til femte ledd i paragrafen. Nytt sjette ledd inneber at det i nytt sjuande ledd må bli vist til første til sjette ledd. Departementet foreslår at dette blir retta opp.

Departementet viser til forslaget til § 19-8 ­sjuande ledd i lov 5. juni 2009 nr. 32.

2.9.2 Ektefelletillegg til uførepensjonistar - § 3-24 første ledd

Etter noverande folketrygdlov § 3-24 svarer fullt ektefelletillegg for uføre- og alderspensjonistar til 50 prosent av grunnpensjonen utan ventetillegg. Det blir ytt ventetillegg til personar som ikkje tok ut full alderspensjon frå 67 år til 70 år i tida mellom 1. januar 1973 og 1. april 1984. Det er dermed berre alderspensjonistar som kan ha ventetillegg til pensjonen.

Som følgje av dei nye reglane for regulering og uttak av alderspensjon frå 2011, vart det gjeve eigne reglar for ektefelletillegg til alderspensjonistar. Omgrepet «uten ventetillegg» vart verande att i reglane for ektefelletillegg til uførepensjonistar. Departementet foreslår at dette blir retta opp.

Departementet viser til forslaget til § 3-24 første ledd første punktum i lov 11. desember 2009 nr. 112.

2.9.3 Ektefelletillegg for ektefelle som har rett til eigen alderspensjon - § 3-24 tredje ledd

Alderspensjonistar som forsørgjer ektefelle kan få inntektsprøvt ektefelletillegg etter folketrygdlova § 3-24, jf. § 3-26.

Ektefelletillegget skal sikre eit visst inntektsnivå for pensjonistar med forsørgingsansvar. Det er eit vilkår at ektefellen faktisk blir forsørgd av pensjonisten. For at det ikkje skal bli ytt tillegg for ein ektefelle som har rett til eigen alderspensjon, men har valt å ikkje ta han ut, vart paragrafen endra med verknad frå 1. januar 2011, sjå § 3-24 tredje ledd bokstav d. Regelen inneber at det ikkje blir ytt ektefelletillegg om ektefellen har rett til heil eigen alderspensjon, uavhengig av om ho eller han vel å få pensjonen betalt ut eller ikkje.

Denne regelen var meint å vere ein supplerande regel til gjeldande reglar. Føresegna vart utforma slik at den nye regelen i staden erstatta den gjeldande regelen om at det ikkje kan gjevast tillegg for ein ektefelle som har alderspensjon (anten han er heil eller gradert). Departementet foreslår at dette blir retta opp.

Departementet viser til forslaget til § 3-24 tredje ledd bokstav d i lov 11. desember 2009 nr. 112.

2.9.4 Fastsetjing av fribeløp ved reduksjon av forsørgingstillegg på grunn av inntekt - § 3-26

Ektefelletillegg og barnetillegg er inntektsprøvde ytingar. Tillegga blir reduserte med 50 prosent av inntekt over eit fribeløp etter folketrygdlova § 3-26. På grunn av ny regulering frå 2011, vart det fastsett separate fribeløp for alderspensjonistar i nytt sjette ledd. Fribeløp for uførepensjonistar går framleis fram av femte ledd.

Det er i sjette ledd bokstav b vist til eit fribeløp som skal gå fram av sjette ledd bokstav d. Sjette ledd har berre bokstavane a til c, og fribeløpet det skal bli vist til, går fram av sjette ledd bokstav a. Departementet foreslår at dette blir retta opp.

Departementet viser til forslaget til § 3-26 sjette ledd bokstav b i lov 11. desember 2009 nr. 112.

2.9.5 Krav til føregåande medlemskap for pensjon til gjenlevande ektefelle og barn - §§ 17-3 og 18-2

Det er gjort unntak frå vilkåret om føregåande medlemskap fram til uføretidspunktet eller dødsfallet om den uføre eller den avdøydde hadde tent opp pensjon av ein viss storleik, jf. folketrygdlova § 12-2 fjerde ledd, § 17-3 sjuande ledd og § 18-2 sjuande ledd. Kravet til tidlegare opptening var knytt til reglane for utrekning av alderspensjon. For at dei nye reglane for utrekning av alderspensjon frå 2011 (levealdersjustering og fleksibelt uttak) ikkje skulle påverke kravet til tidlegare opptening, vart paragrafane endra slik at dei viste til reglane for alderspensjon etter kapittel 3.

Ved denne presiseringa av reglane for rett til pensjon til gjenlevande ektefelle og barnepensjon vart det i tillegg endra på ordlyden slik at det vart vist til opptening fram til uføretidspunktet for pensjon til gjenlevande ektefelle og barn òg, i staden for tidspunktet for dødsfallet. Endringa var ikkje tilsikta, og departementet foreslår at dette blir retta opp.

Departementet viser til forslaget til § 17-3 sjuande ledd og § 18-2 sjuande ledd i lov 11. desember 2009 nr. 112.

Til forsida