Prop. 156 L (2009–2010)

Endringar i folketrygdlova mv. (enkelte ­presiseringar i samband med pensjonsreforma)

Til innhaldsliste

5 Merknader til dei enkelte paragrafane

5.1 Til endringane i folketrygdlova

Til oppbygginga av lova

Innleiingsvis i folketrygdlova er det eit oversyn over dei kapitla lova er delt inn i. Ved lov 19. desember 2008 nr. 106, jf. Ot.prp. nr. 4 (2008–2009), vart tittelen på kapitla 10 og 11 endra frå 1. mars 2010. Kapittelnamna vart likevel ikkje endra i det nemnde oversynet. Endringane rettar opp dette. 1. januar 2010 vart det dessutan gjeve eit nytt kapittel 20 i del VI ved lov 5. juni 2009 nr. 32, jf. Ot.prp. nr. 37 (2008–2009). Det gamle kapitlet nummer 20 (om administrative organ) i del VII var tidlegare oppheva ved lov 16. juni 2006 nr. 20. Dette blir retta opp i oversynet på tilsvarande måte.

Til § 3-3

Paragrafen gjev reglar om særtillegg. Nytt tredje punktum i første ledd slår fast at det frå 1. januar 2011 ikkje skal ytast særtillegg til nye alderspensjonistar. Avgrensinga til 1943-kullet inneber at om personar fødde til og med 1942 tek ut alderspensjon i 2011 eller seinare, skal det likevel gjevast særtillegg til desse. Dersom pensjon til desse skal etterbetalast, skal det takast omsyn til reglane for regulering i § 19-14 slik paragrafen gjeld frå 2011.

Departementet viser til punkt 2.1.2.

I nytt åttande ledd blir departementet gjeve heimel til å fastsetje forskrift med nærare reglar om utrekning av særtillegg og om minste samla pensjonsnivå. Dette gjeld mellom anna tilfelle der ektefellen mottek heil alderspensjon, og tilfelle der ektefellen mottek gradert uførepensjon kombinert med gradert alderspensjon.

Departementet viser til punkt 2.1.4.

Til § 3-5 sjuande ledd

Paragrafen gjeld trygdetid. For at grunnpensjonen og eventuelt pensjonstillegget ikkje skal bli rekna ut på grunnlag av ein lengre oppteningsperiode enn tilleggspensjonen, går det fram av nytt sjuande ledd at alderspensjonen skal fastsetjast på grunnlag av trygdetid til og med det kalenderåret som sist er likna ferdig på det tidspunktet pensjonen blir teken ut eller endra.

Departementet viser til avsnitt 2.3.

Til § 16-8 tredje ledd

Paragrafen gjeld inntektsprøving av ytingar til tidlegare familiepleiar på grunnlag av arbeidsinntekt. Tredje ledd blir endra slik at avtalefesta pensjon frå privat sektor blir likestilt med arbeidsinntekt, på same måte som sjukepengar og andre ytingar frå folketrygda. Endringa inneber at ny avtalefesta pensjon frå privat sektor vil kunne redusere pensjon eller overgangsstønad til tidlegare familiepleiar.

Departementet viser til avsnitt 2.5.

Til § 16-10 første ledd bokstav c

Paragrafen regulerer i kva for tilfelle retten til pensjon eller overgangsstønad til tidlegare familiepleiar fell bort. Første ledd bokstav c blir endra slik at ny avtalefesta pensjon frå privat sektor ikkje lenger gjer at retten til ytingar til tidlegare familiepleiar fell bort. Avtalefesta pensjon frå offentleg sektor vil framleis føre til at retten til denne ytinga fell bort. Det same gjeld avtalefesta pensjon frå privat sektor etter kapittel 4 (overgangsordning – avtalefesta pensjon etter gamle reglar) i AFP-tilskottslova. Sjå òg endringa i § 16-8 tredje ledd, der det går fram at ny avtalefesta pensjon frå privat sektor skal reknast som inntekt som kan føre til redusert pensjon eller overgangsstønad etter folketrygdlova kapittel 16.

Departementet viser til avsnitt 2.5.

Til § 17-8 fjerde ledd

Paragrafen gjeld inntektsprøving av pensjon til gjenlevande ektefelle på grunnlag av arbeidsinntekt. Fjerde ledd blir endra slik at ny avtalefesta pensjon frå privat sektor blir likestilt med arbeidsinntekt, på same måte som sjukepengar og andre ytingar frå folketrygda. Endringa inneber at avtalefesta pensjon frå privat sektor vil kunne redusere pensjon eller overgangsstønad til gjenlevande ektefelle.

Departementet viser til avsnitt 2.5.

Til § 17-11 første ledd bokstav c

Paragrafen regulerer i kva for tilfelle retten til pensjon eller overgangsstønad til gjenlevande ektefelle fell bort. Første ledd bokstav c blir endra slik at avtalefesta pensjon frå privat sektor ikkje lenger gjer at retten til ytingar til gjenlevande ektefelle fell bort. Avtalefesta pensjon frå offentleg sektor vil framleis føre til at retten til denne ytinga fell bort. Det same gjeld avtalefesta pensjon frå privat sektor etter kapittel 4 (overgangsordning – avtalefesta pensjon etter gamle reglar) i AFP-tilskottslova. Sjå òg endringa i § 17-8 fjerde ledd der det går fram at ny avtalefesta pensjon frå privat sektor skal reknast som inntekt som kan gje redusert pensjon eller overgangsstønad etter folketrygdlova kapittel 17.

Departementet viser til avsnitt 2.5.

Til § 19-3

Paragrafen regulerer retten til alderspensjon for personar som ikkje er medlemmer i trygda (ikkje er busette i Noreg). Etter tredje ledd kan særtillegg og forsørgingstillegg i dag bli betalte ut på grunnlag av den same trygdetida som grunnpensjonen rekna ut etter, jf. andre ledd. Særtillegget blir erstatta av eit pensjonstillegg rekna ut på grunnlag minste pensjonsnivå og basispensjonen (grunnpensjon og tilleggspensjon). Tredje ledd blir derfor endra slik at pensjonstillegg og minste pensjonsnivå skal reknast ut med same trygdetid som særtillegget skal etter dagens reglar.

Det går fram av fjerde ledd andre punktum at den delen av ein alderspensjon som er rekna ut etter dei særlege reglane for flyktningar ikkje kan betalast ut til personar som ikkje er medlem av trygda. Dei særlege reglane gjeld mellom anna rett til full minstepensjon utan omsyn til reglane om trygdetid, jf. § 3-2 sjette ledd og § 3-3 sjuande ledd. Frå 2011 vil minste pensjonsnivå gå fram av nye § 19-8, jf. lov 5. juni 2009 nr. 32, og særreglane for minste pensjonsnivå for flyktningar går fram av sjuande ledd i den paragrafen. For å føre vidare verknaden av dei reglane som gjeld i dag, blir det derfor i § 19-3 fjerde ledd andre punktum lagt til at retten til utrekning etter nye § 19-8 sjuande ledd berre gjeld om ein er medlem av trygda.

I nytt femte ledd første punktum blir det presisert at pensjonen skal reknast om når endra medlemskap i folketrygda påverkar pensjonen. Når pensjonen skal reknast om, må ein mellom anna ta omsyn til regulering og gradering av pensjonen. I nytt femte ledd andre punktum får departementet heimel til å fastsetje forskrifter om dette. Alle alderspensjonistar får pensjonen regulert etter nye reglar, og det må derfor fastsetjast slike reglar både for personar som har teke ut pensjon etter dagens reglar (særtillegg mv.) og etter nye fleksible reglar.

Departementet viser til avsnitt 2.6.

Til innhaldslista til kapittel 20

Først i kvart kapittel i folketrygdlova er det ei liste over paragrafane i kapitlet. Ved lov 4. juni 2010 nr. 17, jf. Prop. 82 L (2009–2010), vart det lagt til ein ny § 20-7 a om pensjonsopptening i ny alderspensjon for mottakarar av uførepensjon. Paragrafen vart likevel ikkje lagt til i innhaldslista i kapittel 20. Endringa gjer at paragrafen blir lagt til mellom §§ 20-7 og 20-8, slik at oversynet blir komplett att.

Til § 20-4

Paragrafen gjeld opptening av inntektspensjon. Det går fram av andre ledd at den samla årlege oppteninga på ulike pensjonsgjevande grunnlag, ikkje kan vere høgare enn 18,1 prosent av eit beløp svarande til 7,1 gonger grunnbeløpet. Grunnbeløpet blir endra årleg med verknad frå mai. Ved nytt andre punktum i andre ledd blir det presisert at det er det gjennomsnittlege grunnbeløpet i kalenderåret som skal leggjast til grunn.

Departementet viser til avsnitt 2.4.

Til § 20-5

Paragrafen gjeld opptening av inntektspensjon på grunnlag av pensjonsgjevande inntekt. Pensjonsoppteninga svarer til 18,1 prosent av inntekt opp til 7,1 gonger grunnbeløpet. I eit nytt tredje punktum blir det presisert at det er det gjennomsnittlege grunnbeløpet i kalenderåret som skal leggjast til grunn. Sjå merknaden til endringa i § 20-4 òg.

Departementet viser til avsnitt 2.4.

Til § 20-6

Paragrafen gjeld opptening av inntektspensjon for personar som utfører førstegongsteneste. Den årlege oppteninga utgjer 18,1 prosent av eit beløp som svarer til 2,5 gonger grunnbeløpet. Opptening blir godskriven forholdsmessig for kvar månad. Ved andre ledd nytt andre punktum blir det presisert at det er det gjennomsnittlege grunnbeløpet i kalenderåret som skal leggjast til grunn. Sjå merknaden til endringa i § 20-4 òg.

Departementet viser til avsnitt 2.4.

I nytt fjerde ledd får departementet heimel til å fastsetje forskrifter om slik opptening. Det kan gjevast nærare reglar om når perioden med førstegongsteneste skal bli rekna som samanhengande. Opphald i tenesta på grunn av overføring til sivilteneste og opphald på grunn av sjukdom, sosiale eller familiære forhold er døme på tilfelle der den avtente førstegongstenesta likevel kan bli rekna som samanhengande.

Departementet viser til avsnitt 2.7.

Til § 20-7

Paragrafen gjeld opptening av inntektspensjon for personar som mottek dagpengar. Den årlege oppteninga svarer til 18,1 prosent av inntekt, fastsett etter særlege reglar, opp til 7,1 gonger grunnbeløpet. Ved andre ledd nytt andre punktum blir det presisert at det er det gjennomsnittlege grunnbeløpet i kalenderåret som skal leggjast til grunn. Sjå merknaden til endringa i § 20-4 òg.

Departementet viser til avsnitt 2.4.

Til § 20-7 a

Paragrafen gjeld opptening av inntektspensjon for personar som mottek uførepensjon. Den årlege oppteninga svarer til 18,1 prosent av anteken inntekt opp til 7,1 gonger grunnbeløpet. Ved nytt sjette ledd blir det presisert at det er det gjennomsnittlege grunnbeløpet i kalenderåret som skal leggjast til grunn for oppteninga. Sjå merknaden til endringa i § 20-4 òg.

Departementet viser til avsnitt 2.4.

Til § 20-8

Paragrafen gjeld opptening av inntektspensjon for personar som har utført omsorgsarbeid. Pensjonsoppteninga svarer til 18,1 prosent av eit beløp på 4,5 gonger grunnbeløpet. I tredje ledd nytt første punktum blir det presisert at det er det gjennomsnittlege grunnbeløpet i kalenderåret som skal leggjast til grunn for denne oppteninga. Sjå merk­naden til endringa i § 20-4 òg.

Departementet viser til avsnitt 2.4.

Til § 20-10

Paragrafen gjeld trygdetid. Det går fram av § 20-14 at inntektspensjonen skal fastsetjast på grunnlag av pensjonsbehaldninga slik denne er på det tidspunktet pensjonen blir teken ut. For at garantipensjonen ikkje skal bli rekna ut på grunnlag av ein lengre oppteningsperiode enn inntektspensjonen, går det fram av nytt tredje ledd at garantipensjonen skal fastsetjast på grunnlag av trygdetid til og med det kalenderåret som sist er likna ferdig på det tidspunktet pensjonen blir teken ut. I noverande fjerde ledd andre punktum, som blir nytt femte ledd andre punktum, blir ei tilvising endra fordi det er lagt til eit nytt ledd i paragrafen.

Departementet viser til avsnitt 2.3.

5.2 Til endringane i lov 5. juni 2009 nr. 32 om endringer i folketrygdloven (ny alderspensjon)

Til innhaldslista til kapittel 19

Ved lov 5. juni 2009 nr. 32, jf. Ot.prp. nr. 37 (2008–2009) blir det 1. januar 2011 gjort ei rekke endringar i folketrygdlova kapittel 19, og det blir gjeve ei ny innhaldsliste til kapitlet frå same tidspunktet. Noverande folketrygdlova § 19-9 blir flytta og blir ny § 19-18. Ved lov 19. februar 2010 nr. 5 vart mellom anna tittelen på paragrafen endra, men tilsvarande endring vart gjort ikkje gjort i innhaldslista til kapittel 19. Endringa inneber at dette blir retta opp.

Til 19-5 andre ledd

Paragrafen definerer omgrepet basispensjon, som dannar grunnlaget for utrekning av årleg pensjon. I nytt andre ledd første punktum blir det presisert at opptente pensjonspoeng etter §§ 3-13 og 3-14 og godskrivne pensjonspoeng ved omsorgsarbeid etter § 3-16 blir medrekna frå utløpet av det året likninga ligg føre. I andre punktum blir det vist til at reglane for medrekning av trygdetid er gjevne i § 3-5. Desse reglane er tilsvarande. Sjå merknaden til folketrygdlova § 3-5 nytt sjuande ledd òg.

Departementet viser til avsnitt 2.3.

Til § 19-8

Paragrafen gjev reglar om minste pensjonsnivå. I andre ledd nytt tredje punktum blir det presisert det at satsane gjeld generelt, det vil seie at minstegarantiane òg gjeld for personar som har teke ut alderspensjon med verknad før 1. januar 2011 og/eller er fødde i 1942 eller tidlegare.

Endringa i tredje ledd fører vidare gjeldande rett og presiserer at når ektefellen mottek AFP i privat sektor etter gamle reglar (AFP teken ut før 2011) har ein rett til det same nivået som om begge mottek alderspensjon frå folketrygda.

Av endringa i fjerde ledd går det fram at om ektefellane ikkje lever saman, har dei rett til ordinær sats.

Endringa i femte ledd klargjer kor mykje ektefellen kan tene for at pensjonisten kan få høg sats. Grensa er maksimalt to gonger grunnbeløpet. Ein kan likevel ikkje få høg sats om ektefellen mottek avtalefesta pensjon i offentleg sektor.

I sjuande ledd er tilvisinga endra fordi paragrafen har fått eit nytt sjette ledd.

Departementet viser til punkt 2.1.3 og 2.9.1.

Til § 19-11 første ledd

Paragrafen gjeld vilkår for å kunne ta ut alderspensjonen før 67 år. To personar med same pensjonsopptening, men med ulik sivilstand, skal kunne ta ut alderspensjon frå same tidspunkt. Det går derfor fram av første ledd tredje punktum at minste pensjonsnivå med høg sats skal nyttast i utrekninga. Både minste pensjonsnivå og grunnpensjonen er differensierte etter sivilstand. Ved nytt fjerde punktum blir det presisert at grunnpensjonen i basispensjonen òg skal reknast ut som om ein er einsleg (jf. folketrygdlova § 3-2 tredje ledd) når ein vurderer om vilkåret for å kunne ta ut alderspensjon før 67 år er oppfylt.

Departementet viser til avsnitt 2.2.

5.3 Til endringane i lov 11. desember 2009 nr. 112 om endringer i folketrygdloven mv. (tilpasninger i folketrygdens regelverk som følge av pensjonsreformen)

Til § 3-24 første ledd første punktum

Paragrafen gjeld ektefelletillegg. Første ledd omhandlar ektefelletillegg for uførepensjonistar. Reglane for ektefelletillegg har stort sett vore like for uførepensjonistar og alderspensjonistar. På grunn av dei nye reglane for alderspensjon frå 2011, vart det gjeve eigne reglar for ektefelletillegg til alderspensjonistar. Ved ein inkurie vart omgrepet «utan ventetillegg» verande att i reglane for ektefelletillegg for uførepensjonistar. Endringa inneber at omgrepet blir teke ut av føresegna, da det berre er alderspensjonistar som kan ha ventetillegg.

Departementet viser til punkt 2.9.2.

Til § 3-24 tredje ledd bokstav d

Paragrafen gjeld ektefelletillegg. Tredje ledd listar opp i kva for tilfelle ektefellen ikkje kan reknast å vere forsørgd av pensjonisten. Endringa i bokstav d presiserer at det ikkje kan bli gjeve ektefelletillegg for ein ektefelle som anten mottek heil alderspensjon eller delvis alderspensjon, eller som ikkje har teke ut alderspensjon, men har nok opptening til at han eller ho har rett til heil alderspensjon.

Departementet viser til punkt 2.9.3.

Til § 3-26 sjette ledd bokstav b

Ved ein inkurie er det vist til eit fribeløp som skal gå fram av sjette ledd bokstav d. Sjette ledd har berre bokstavane a til c, og fribeløpet går fram av sjette ledd bokstav a.

Departementet viser til punkt 2.9.4.

Til § 17-3 sjuande ledd

Paragrafen gjeld krav til medlemskap fram til dødsfallet for rett til pensjon til gjenlevande ektefelle. I sjuande ledd er det gjort unntak frå vilkåret om føregåande medlemskap fram til dødsfallet om den avdøydde hadde tent opp pensjon av ein viss storleik. Endringa av sjuande ledd andre punktum inneber at det blir presisert at det er poengår og medlemskap fram til tidspunktet for dødsfallet som skal vere grunnlaget for utrekning av ytinga, og ikkje fram til tidspunktet for uførleiken.

Departementet viser til punkt 2.9.5.

Til § 18-2 sjuande ledd

Paragrafen gjeld krav til medlemskap fram til dødsfallet for rett til barnepensjon. I sjuande ledd er det gjort unntak frå vilkåret om føregåande medlemskap fram til dødsfallet om den avdøydde hadde tent opp pensjon av ein viss storleik. Endringa av sjuande ledd andre punktum inneber at det blir presisert at det er poengår og medlemskap fram til tidspunktet for dødsfallet som skal vere grunnlaget for utrekning av ytinga, og ikkje fram til tidspunktet for uførleiken.

Departementet viser til punkt 2.9.5.

Til del III

Del III gjeld iverksetjing av lovendringane. Alle endringane trer i kraft frå 1.januar 2011. Endringa i § 3-20 gjeld likevel frå 1. januar 2010 og gjeld for tilfelle der uførepensjonen blir ytt med verknad frå og med 1. januar 2010.

For å unngå at løpande ytingar må reknast om i tilfelle dette ikkje trengst, blir endringane i § 3-24 andre ledd, § 3-25, § 3-26 femte og sjette ledd og § 3-28 første og andre ledd likevel først gjorde gjeldande frå 1. mai 2011 for alderspensjonistar som med verknad før 1. januar 2011 får pensjonen eller forsørgingstillegg til pensjonen rekna ut etter desse føresegnene. I andre høve trer endringane i §§ 3-24, 3-25, 3-26 og 3-28 i kraft 1. januar 2011.

Personar fødde i 1942 eller tidlegare er ikkje omfatta av dei fleksible og nøytrale uttaksreglane. Denne gruppa vil dermed kunne tape alderspensjon når reglane i folketrygdlova § 22-13 fjerde ledd om etterbetaling blir endra. Føresegna om iverksetjing blir endra slik at endringa i § 22-13 fjerde ledd ikkje gjeld personar fødde i 1942 eller tidlegare.

Departementet viser til punkt 2.8.1.

5.4 Til endringane i AFP-tilskottsloven

Til § 6 første og tredje ledd

Paragrafen inneheld reglar om grunnlaget for utrekning av ny AFP og oppjustering (regulering) fram til uttakstidspunktet.

Første ledd gjev reglar om ulike grunnlag. Hovudprinsippet er at AFP skal vere basert på pensjonsgjevande inntekt i folketrygda. Vidare kan ein rekne med opptening for førstegongsteneste, mottak av dagpengar og omsorgsarbeid etter dei same reglane som i ny alderspensjon. Folketrygdlova § 20-7 a blir lagt til i første ledd , slik at mottak av uførepensjon frå og med 2010 òg skal reknast med på same måten som i ny alderspensjon, jf. Prop. 82 L (2009–2010). Vidare blir det presisert at grunnlaget skal vere dei beløpa det blir rekna opptening av etter folketrygdlova §§ 20-6 til 20-8, ikkje oppteninga på 18,1 prosent av desse beløpa. I andre og tredje punktum blir ordlyden endra i samsvar med ordlyden i folketrygdlova § 20-21, og det blir presisert at dette gjeld for år før 2010. For år ein har motteke uførepensjon blir summen av opptente og godskrivne pensjonspoeng rekna om til inntekt og teken med i grunnlaget i staden for pensjonsgjevande inntekt.

Departementet viser til avsnitt 3.1.

Tredje ledd gjev reglar om oppjustering (regulering) av inntektsgrunnlaget. Endringane i andre og tredje punktum er ei oppretting som presiserer at grunnlaget skal justerast opp i 2010 i samsvar med endringa i grunnbeløpet, og at oppjustering med lønnsveksten gjeld frå 2011. Dette vart retta opp i folketrygdlova § 20-18 gjennom lov 4. juni 2010 nr. 17, jf. Prop. 82 L (2009–2010). Ny regulering vil dermed gjelde frå 2011 både for AFP og alderspensjon.

Departementet viser til avsnitt 3.2.

Til § 14

Paragrafen slår fast korleis AFP etter gamle reglar (overgangsordning) skal reknast ut. AFP etter gamle reglar gjeld personar som har teke ut avtalefesta pensjon med verknadstidspunkt før 1. januar 2011, jf. AFP-tilskottslova § 12. Paragrafen fører vidare dei reglane som gjeld etter § 2 bokstav c i lov 23. desember 1988 nr. 110 om statstilskott til ordninger for avtalefestet pensjon, men tilpassa ny regulering frå 2011.

Første ledd fastset at pensjonen skal setjast saman av grunnpensjon, tilleggspensjon og/eller særtillegg, som i dag. Endringa i leddet er at tredje punktum , som gjev reglar for forsørgingstillegg, blir flytta til eit nytt femte ledd i paragrafen. Det blir dermed gjort meir klart at forsørgingstillegg ikkje blir rekna som del av pensjonen når ein vurderer om pensjonen overstig 70 prosent av tidlegare inntekt. Sjå andre ledd, som viser til pensjon etter første ledd. Dette er i samsvar med dei reglane som gjeld i dag.

Andre ledd gjev ein regel om at AFP, inkludert AFP-tillegget, ikkje kan vere høgare enn 70 prosent av tidlegare inntekt. Endringa inneber at orda «på uttakstidspunktet» blir tekne ut. Formuleringa var meint som ei rekneteknisk klargjering, men er misvisande fordi pensjonen må avgrensast på nytt dersom sivilstanden blir endra. Dei detaljerte reglane vil elles gå fram av forskrift, mellom anna er «tidlegare inntekt» nærare definert der. For at regelen skal ha den tilsikta verknaden og ikkje kunne kompensere for ny (lågare) regulering, skal den tidlegare inntekta regulerast på same måten som pensjonen vil bli regulert etter frå 2011.

I tredje ledd er det gjeve reglar om regulering av pensjonen. Endringa inneber at regelen om regulering av forsørgingstillegg blir teken ut. Bakgrunnen er at forsørgingstillegg blir rekna ut etter reglane for alderspensjon i folketrygdlova § 3-24, og det går fram der at ektefelletillegg skal svare til ein prosent av minste pensjonsnivå. Fordi minste pensjonsnivå blir regulert etter folketrygdlova § 19-14 tredje ledd, vil ektefelletillegg automatisk få slik regulering. Når reglane om forsørgingstillegg stod i første ledd, kunne det likevel vere nyttig å presisere at denne delen av pensjonen skulle regulerast annleis enn resten. Dette er ikkje tilfellet lenger når reglane om forsørgingstillegg blir flytta til femte ledd. Sjå merknaden til første ledd.

Fjerde ledd inneber at grunnpensjon, tilleggspensjon og særtillegg skal reknast om dersom sivilstanden mv. endrar seg og dette påverkar pensjonen. Nærare reglar går fram av forskrifter, fastsette med heimel i AFP-tilskottlova § 30 bokstav d. Leddet er uendra.

Femte ledd er nytt, og innhaldet er flytta hit frå første ledd tredje punktum. Sjå merknaden til første ledd.

Departementet viser til avsnitt 3.3.

Til § 16 andre ledd

Etter føresegna i andre ledd skal AFP etter gamle reglar setjast ned ved institusjonsopphald, mellom anna fengsel, etter reglane i folketrygdlova §§ 3-27 til 3-29. Dette var meint som ei lovfesting av gjeldande rett, jf. omtalen i Ot.prp. nr. 111 (2008–2009), men gjeld i dag berre AFP frå LO/NHO-ordninga. Leddet blir oppheva, slik at regelen om redusert AFP ved institusjonsopphald framleis berre vil gjelde denne ordninga, der regelen er fastsett i vedtekter.

Departementet viser til avsnitt 3.4.

Til forsida