Prop. 156 L (2009–2010)

Endringar i folketrygdlova mv. (enkelte ­presiseringar i samband med pensjonsreforma)

Til innhaldsliste

4 Iverksetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar

Forslaga om endringar i folketrygdlova skal gjelde frå 1. januar 2011. Endringane i folketrygdlova kapittel 20 gjeld likevel straks.

Forslaga om endringar i endringslovar til folketrygdlova (lov 5. juni 2009 nr. 32 og lov 11. desember 2009 nr. 112) trer i kraft straks. Det same gjeld forslaga om endringar i AFP-tilskottslova.

Forslaga har ikkje økonomiske konsekvensar for dei første åra frå 2011 samanlikna med framskrivingane i Ot.prp. nr. 37 (2008–2009), Prop. 15 L (2009–2010) og Prop. 17 L (2009–2010), og har heller ikkje konsekvensar for dei langsiktige økonomiske verknadene av pensjonsreforma. Forslaga har ikkje varige administrative konsekvensar.

Til forsida