Prop. 158 S (2009–2010)

Utbygging og finansiering av fv 469 Hidra fastlandssamband i Flekkefjord kommune i Vest-Agder

Til innhaldsliste

2 Dagens situasjon og omtale av utbygginga

Ferja mellom Kvellandstrand og Launes har ei overfartstid på 5 minutt. På vekedagane er det 24 daglege avgangar, og i helgene nokre færre. Ferja er ikkje i drift i tidsrommet mellom kl. 02.30 og 06.30 natt til søndagar og mellom kl. 23.30 og kl. 06.30 andre dagar. Årsdøgn­trafikken er på 330 køyretøy, der arbeids- og fritidsreiser mellom Hidra og Flekkefjord utgjer hovuddelen. Betre kommunikasjon og nærleiken til Flekkefjord sentrum (10 km) gjer at det kan ventast ein auke i arbeidspendlinga etter at fastlandssambandet er bygd, jf. figur 2.1. Hidra er også eit attraktivt rekreasjons­område, og det er venta ein auke i fritidsreiser.

Prosjektet omfattar bygging av om lag 3,5 km ny tofelts veg med vegbreidde 8,5 m, inkl. ein undersjøisk tunnel på 3,2 km, jf. figur 2.1. Tunnelen har maksi­mal stigning på 10 pst. og største djupn er 125 m under havnivå. Bortfall av vente- og ombordstigningstid vil korta ned reisetida frå om lag 20 til under fem minutt.

Reguleringsplanen for prosjektet blei vedteken av Flekkefjord kommunestyre 26. februar 2009. Kostnads­overslaget er 334 mill. 2009-kr, inkl. 3 mill. kr til bygging av bomstasjon. Omrekna til 2010-prisnivå blir kostnadsoverslaget 345 mill. kr. Samfunnsøko­nomisk netto nytte (NN) for prosjektet er rekna til om lag 97 mill. kr og netto nytte over totale kost­nader (NN/K) til om lag 0,9.

Figur 2.1 Fv 469 Hidra fastlandssamband

Figur 2.1 Fv 469 Hidra fastlandssamband