Prop. 158 S (2009–2010)

Utbygging og finansiering av fv 469 Hidra fastlandssamband i Flekkefjord kommune i Vest-Agder

Til innhaldsliste

4 Trafikkgrunnlag

Ferjesambandet mellom Kvellandstrand og Bukkestad hadde i 2007 ein årsdøgntrafikk på om lag 330 kjøretøy. Tunge kjøretøy utgjorde berre 5 pst. Årleg trafikkvekst etter 2000 har vore på om lag 3 pst. Med nytt fastlandsamband blir reisetida kraftig nedkorta, og det blir også mogleg å ferdast heile døgnet. Det er venta vekst i både arbeidspendling og fritidsrei­ser. Det ligg føre planar for ytterlegare utbyg­ging av fritidsbustader. Det er følgjeleg lagt til grunn ein auke i årsdøgntrafikken på 15 pst. i opningsåret ut over det som følgjer av forventa årleg trafikkvekst utan fastlandssambandet. Dette vil gje om lag 420 kjøretøy i årsdøgntrafikk i opningsåret 2013.

I finansieringspla­nen er det rekna med ein årleg trafikkvekst på 1,6 pst. til og med 2014. Deretter er det lagt til grunn 1,3 pst. vekst fram til 2020, 1,8 pst. vidare fram til 2030 og deretter 0,7 pst. vekst. Dette er lågare enn den reelle trafikkveksten som har vore seinare år, men samsvarar med prog­nosane som er utarbeidde for Vest-Agder i samband med NTP 2010–2019.