Prop. 163 L (2009–2010)

Endringar i politilova m.m.

Til innhaldsliste

4 Om forslaget til endring i passlova § 1

4.1 Bakgrunn for forslaget

I Ot.prp. nr. 64 (2008–2009) Om lov om endringer i lov 19. juni 1997 nr. 82 om pass (elektronisk lagring av biometrisk personinformasjon i form av fingeravtrykk i pass m.m.) føreslo Justis- og politidepartementet ei endring i passlova § 1 tredje ledd, slik at det vart presisert at § 6 andre ledd (innhenting og lagring av biometrisk personinformasjon i passet) og § 6a (innsyn i og sletting av biometrisk personinformasjon innhenta for personalisering av passet og etterfølgjande identitetskontroll) også kan gjelde for reisebevis for flyktningar. Bakgrunnen for forslaget var at Utlendingsdirektoratet i si høyringsuttaling hadde påpeika at reisebevis for flyktningar var utelate frå føresegna. Det går fram av odelstingsproposisjonen at departementet gjekk ut frå at reisebevis for flyktningar var utelate i lovteksten ved ein inkurie, og føreslo passlova § 1 tredje ledd endra slik at det vart presisert at § 6 andre ledd (innhenting og lagring av biometrisk personinformasjon i passet) og § 6a (innsyn i og sletting av biometrisk personinformasjon innhenta for personalisering av passet og etterfølgjande identitetskontroll) også kan gjelde for reisebevis for flyktningar. Stortinget vedtok den føreslåtte endringa i passlova 2. juni 2009.

Ei veke seinare handsama Stortinget Ot.prp. nr. 97 (2008–2009) Om lov om endringer i utlendingsloven og i enkelte andre lover. I denne proposisjonen føreslo Arbeids- og inkluderingsdepartementet ei lovteknisk endring i passlova § 1 tredje ledd, slik at heimelstilvisinga til ny utlendingslov, som vart vedteken 15. mai 2008, skulle vere korrekt. Forslaget til føresegn i proposisjonen var likevel basert på ordlyden i § 1 tredje ledd slik føresegna lydde før Stortingets endringsvedtak 2. juni 2009. Stortinget vedtok derfor 9. juni 2009 ein ordlyd i § 1 tredje ledd som ikkje omfatta reisebevis for flyktningar.

4.2 Høyringa

Forslaget har ikkje vore på høyring, ettersom dette må reknast som openbert unødvendig, jf. utgreiingsinstruksen pkt. 5.4 bokstav c.

4.3 Departementet si vurdering

Departementet meiner at det skuldast ein inkurie at gjeldande passlov § 1 tredje ledd ikkje omfattar reisebevis for flyktningar, og på denne bakgrunn føreslår departementet at reisebevis for flyktningar blir teke inn i føresegna igjen.

Departementet føreslår i tillegg ei justering i ordlyden i § 1 tredje ledd, slik at tilvisinga til utlendingslova viser til den fullstendige tittelen på lova.

4.4 Økonomiske og administrative konsekvensar

Lovendringa inneber ei tilbakeføring til rettstilstanden før ny utlendingslov vart sett i kraft 1. januar 2010, og ein reknar med at endringa ikkje vil ha økonomiske eller administrative konsekvensar av noko omfang. Dei økonomiske konsekvensane som forslaget medfører, vil bli dekte innanfor dei budsjettmessige rammene til departementet.

Til forsida