Prop. 163 L (2009–2010)

Endringar i politilova m.m.

Til innhaldsliste

5 Om forslaget til endring i utlendingslova § 92

5.1 Bakgrunn for forslaget

Reglane om rettshjelp i lov 15. mai 2008 nr. 35 om utlendingers adgang til riket og deres opphold her (utlendingsloven) § 92 utfyller føresegnene i lov 13. juni 1980 nr. 35 om fri rettshjelp. Departementet ønskjer med dette å rette opp ei utilsikta endring i utlendingslova § 92 første ledd andre punktum ved innføringa av ny utlendingslov.

Utlendingslova 1988 § 42 inneheldt ei positiv opplisting av unntak frå retten til fritt rettsråd utan behovsprøving, under dette ei tilvising til same lov § 58 om utvising av personar omfatta av EØS-avtala eller EFTA-konvensjonen. Fram til 2005 viste utlendingslova § 42 til § 58 andre ledd andre punktum, som lydde: ”Er utlendingen ilagt straff eller særreaksjon, kan utvising på dette grunnlaget som hovedregel bare skje dersom det foreligger forhold som kan tilsi at utlendingen vil begå ny straffbar handling”. Retten til fritt rettsråd gjaldt følgjeleg ikkje i saker der EØS-borgarar vart vurdert utviste på grunn av straffedom. Tilsvarande var også andre straffedømte utlendingar unnatekne frå retten til fritt rettsråd i utvisingssaker.

5.2 Høyringa

Det har ikkje vore gjennomført allmenn høyring, sidan dette må sjåast som openbert unødvendig, jf. utgreiingsinstruksen pkt. 5.4 bokstav c.

5.3 Departementet si vurdering

Departementet meiner at det frå 2005 har kome inn ein openberr tilvisingsfeil, ettersom § 42 inneheldt ei tilvising til § 58 andre ledd ”når det foreligger forhold som nevnt i femte punktum”. Utlendingslova 1988 § 58 andre ledd hadde ikkje eit femte punktum. Førearbeida til endringslova, Ot.prp. nr. 51 (2003-2004), tilseier ikkje at ein har hatt til hensikt å endre reglane om fritt rettsråd. Med verknad frå 2006 vart utlendingslova § 58 revidert, slik at ilagd straff eller særreaksjon ikkje lenger er nemnd særskilt. Det er likevel ingenting i førearbeida til endringslova som tilseier at det var meininga å endre føresegnene om rettshjelp. Spørsmålet om rettshjelp er ikkje nemnt i Ot.prp. nr. 109 (2004-2005).

Departementet uttaler at sjølv om tilvisinga i utlendingslova 1988 § 42 har vore feilaktig, har retten til fritt rettsråd utan behovsprøving i praksis heile tida vore unnateken i saker der personar omfatta av EØS-avtala eller EFTA-konvensjonen blir vurdert utviste på grunn av straffedom. Departementet meiner at dette er i samsvar med lovgjevaren sine intensjonar.

Tilvisinga til reglane om utvising av personar omfatta av EØS-avtala eller EFTA-konvensjonen er utelaten i ny utlendingslov § 92. Førearbeida til lova, Ot.prp. nr. 75 (2006-2007), viser at det ikkje har vore tilsikta å gjere ei slik endring. Om Utlendingslovutvalget sitt forslag står det:

”Utvalget foreslår å opprettholde ordningen i gjeldende lov § 42 femte ledd annet punktum om at en utlending i sak om utvisning på grunn av ilagt straff ikke gis rett til fritt rettsråd uten behovsprøving”.

Om departementet si vurdering står det:

”Departementet har kommet til at i saker om utvisning på grunn av ilagt straff, er det rimelig at utlendingen ikke har rett til fritt rettsråd uten behovsprøving. (…) Dette innebærer at departementet støtter utvalgets forslag om å videreføre gjeldende rett.”

I særmerknadene til § 92 står det:

”Bestemmelsen svarer i all hovedsak til gjeldende lov § 42 med tilhørende forskriftsbestemmelser.”

Føresegna om utvising av personar som er omfatta av EØS-avtala eller EFTA-konvensjonen går fram av ny utlendingslov § 122.

På denne bakgrunn legg departementet til grunn at utelatinga av ei tilvising til føresegna i utlendingslova om utvising av personar som er omfatta av EØS-avtala eller EFTA-konvensjonen skuldast ein feil. Det blir med dette gjort forslag om å rette opp den utilsikta endringa ved å ta inn ei tilvisning til utlendingslova § 122 i § 92 i same lov, slik at retten til fritt rettsråd utan behovsprøving ikkje gjeld personar som er omfatta av EØS-avtala eller EFTA-konvensjonen og som blir vurdert utviste.

5.4 Økonomiske og administrative konsekvensar

Lovendringa inneber ei tilbakeføring til rettstilstanden før ikraftsetjing av ny utlendingslov 1. januar 2010, og vil ikkje ha administrative eller økonomiske konsekvensar av noko omfang.

Til forsida