Prop. 163 L (2009–2010)

Endringar i politilova m.m.

Til innhaldsliste

6 Merknader til føresegna

Til endring i lov 4. august 1995 nr. 53 om politiet (politilova)

Til § 14 nytt tredje ledd (politivedtekter)

Føresegna i tredje ledd gir heimel til kommunen til å handheve føresegner om reinhald og vinterrydding i politivedtektene, jf. § 14 første ledd nr. 1 og 2. Formålet med føresegna er å gi kommunane høve til å kjempe aktivt mot forsøpling av offentlege uterom, sørgje for vintervedlikehald av fortau og sikre ferdsla. Kommunane har derimot ikkje heimel til å oppretthalde ro og orden, og kommunen sitt høve til å ”sikre ferdsla” gjeld berre ved handheving av utplassering av åtvaringar om rasfare og utplassering av lausfotreklame og andre salsfremjande gjenstandar på fortau. Dette vil bli ytterlegare presisert i forskrifta, jf. siste punktum i føresegna.

Endringa inneber ikkje at dei kommunalt utpeika får utferda politimynde. Dersom det er brot på politivedtektene om reinhald og vinterrydding, kan kommunen, eventuelt dei kommunalt utpeika, kun påleggje lovbrotsgebyr, og ikkje bruke makt.

Vilkåra for pålegging og storleiken på lovbrotsgebyra må fastsetjast i nærare forskrift. Forskrifta skal fastsetjast av departementet.

Til § 14b nytt fjerde ledd (sakshandsaming og kompetanse)

Føresegna gjer det tydeleg at Politidirektoratet har høve til å delegere alle politifaglege og administrative oppgåver forbundet med førebuing, fastsetjing og oppfølging av fiktiv identitet for trusselutsette personar til Kripos, jf. punkt 3.3 ovanfor. Nærare føresegner om arbeidsdelinga mellom direktoratet og Kripos i desse sakene skal gjevast av Politidirektoratet ved instruks.

Til endring i lov 19. juni 1997 nr. 82 om pass (passlova)

Til § 1 tredje ledd (rett til pass)

Ordlyden i føresegna vert endra slik at ho også omfattar reisebevis for flyktningar. Vidare skal tilvisinga til ny utlendingslov justerast slik at ho viser til den fullstendige tittelen på lova.

Til endring i lov 15. mai 2008 nr. 35 om utlendingers adgang til riket og deres opphold her (utlendingslova)

Til § 92 (rettshjelp)

Det vert gjort ei tilføying til føresegna første ledd annet punktum. Endringa inneber at det ikkje vert gitt rett til fritt rettsråd utan behovsprøving i saker om utvising etter § 122.

Til forsida