Prop. 20 L (2012–2013)

Endringar i pengespilloven (endring av tippenøkkelen)

Til innhaldsliste

3 Økonomiske og administrative konsekvensar

Dei økonomiske konsekvensane av lovforslaget går fram av Prop. 1 S (2012-2013). Etter at proposisjonen vart lagt fram, syner nye prognosar frå Norsk Tipping at overskotet kan bli om lag 3,3 mrd. kr, mot eit anslag på 3,1 mrd kr i budsjettproposisjonen. Forslaget har ikkje administrative konsekvensar.