Prop. 20 S (2010–2011)

Samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av eit støtteprogram for audiovisuelt samarbeid med fagfolk frå tredjestatar (MEDIA Mundus)

Til innhaldsliste

2 Nærmare om programmet MEDIA Mundus

MEDIA Mundus er eit breitt internasjonalt samarbeidsprogram som har som mål å styrkje dei kommersielle og kulturelle banda mellom den europeiske audiovisuelle industrien og filmskaparar i tredjestatar. Tredjestatar i denne samanhengen er statar utanfor EU-/EØS-området. For å nå målet vil ein leggje vekt på utdanningstiltak, tiltak som sikrar utvikling, samproduksjon og sal av filmverk, tiltak som støttar distribusjon og tiltak på tvers av desse områda.

Programmet skal gjennomførast ved støttetiltak på følgjande område:

  • Utdanning: her skal det leggjast til rette for å byggje relasjonar og nettverk mellom filmskaparar og filmarbeidarar i Europa og i tredjestatar. Dette kan anten skje ved at ein opnar for deltakarar frå tredjestatar innan grunnkurs og vidareutdanning som vert støtta av MEDIA 2007-programmet, eller gjennom at ein skipar ei vidareutdanning som er spesifikk for MEDIA Mundus.

  • Marknadstilgang: her vil det verte gjeve støtte til prosjekt som fremjar tilgangen til internasjonale marknader for audiovisuelle verk. Desse prosjekta rettar seg mot utviklingsfasen og/eller fasen før produksjonen (t.d. internasjonale marknader for samproduksjonar) eller arrangement som fremjar internasjonalt sal av verka.

  • Distribusjon og utbreiing: her vil det verte gjeve støtte for at distribusjon, marknadsføring, framsyningar og utbreiing av europeiske verk på marknader i tredjestatar og av audiovisuelle verk frå tredjestatar i Europa, skal skje under optimale vilkår.

  • Tverrgåande aktivitetar: her vil det verte gjeve støtte til tverrgåande prosjekt som rører ved fleire prioriterte område i programmet, til dømes utdanning med oppfølgjande partnarsøking på møte som dreier seg om samproduksjonar.

Programmet er langt på veg ei utviding av nokre av dei eksisterande støtteordningane innan MEDIA 2007-programmet. Hovudskilnaden er at prosjekta innan MEDIA Mundus er samarbeidsprosjekt mellom europeiske bransjefolk og bransjefolk frå tredjestatar. Prosjekta skal skape ein nettverkseffekt og skal ha ein gjensidig dimensjon. Søknadene må difor fremjast av ei gruppe som stettar tre kriterium:

  1. Gruppa må ha minst tre partnarar. Ho kan likevel ha to partnarar dersom koordinatoren er eit europeisk nettverk som dekkjer minst 10 medlemsstatar i EU.

  2. Koordinatoren til gruppa må ha eit registrert kontor i ein EU-medlemsstat eller i Island, Liechtenstein eller Noreg (på det vilkåret at programmet vert innlema i EØS-avtala.)

  3. Gruppa skal omfatte minst ein sekundær støttemottakar med tilknyting til den audiovisuelle sektoren, som skal ha registrert kontor i ein stat utanfor EU (bortsett frå Kroatia og Sveits).

MEDIA International 2009-2010 vart finansiert av Europaparlamentet, og var eit førebuande tiltak for MEDIA Mundus. EØS-statane tok ikkje del i dette tiltaket, som gav viktige røynsler i førebuinga av MEDIA Mundus. Europakommisjonen gjennomførte vidare ei høyring om MEDIA Mundus i juni 2009. På bakgrunn av innspel frå høyringa og røynsler frå MEDIA International utarbeidde Kommisjonen dei konkrete støttetiltaka i programmet. Den første utlysinga av midlar kom 21. juli 2010 med søknadsfrist 15. oktober 2010, for utdeling i 2011. I utlysinga vart det opna for at norske aktørar kunne søkje om midlar frå programmet på det vilkåret at det vart innlemma i EØS-avtala.