Prop. 20 S (2010–2011)

Samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av eit støtteprogram for audiovisuelt samarbeid med fagfolk frå tredjestatar (MEDIA Mundus)

Til innhaldsliste

3 Konstitusjonelle tilhøve

Ettersom den norske deltakinga i programmet inneber økonomiske utgifter av ein viss storleik som skal finansierast over fleire år, er Stortinget sitt samtykke til deltaking i avgjerda i EØS-komiteen naudsynt etter § 26 andre leddet i Grunnlova. Ei avgjerd i EØS-komiteen kan ikkje ta til å gjelde i EFTA-EØS-statane før alle naudsynte meldingar om at konstitusjonelle prosedyrar er avslutta, er mottekne.

Hovudregelen er at tilsvarande saker vert lagde fram for Stortinget etter avgjerda i EØS-komiteen.

For å hindre at Noreg seinkar iverksetjinga av avgjerda, og for å gjere det mogleg for EØS-EFTA-statane formelt å ta del i programmet så tidleg som råd, vert det gjort framlegg om at Stortinget gjev sitt samtykke før avgjerda vert teken i EØS-komiteen. Det vil dermed ikkje vere naudsynt for Noreg å ta atterhald for konstitusjonelle prosedyrar ved avgjerda i EØS-komiteen.

Det er ikkje venta at det vil kome endringar i utkastet til avgjerd i EØS-komiteen. Dersom den endelege avgjerda skulle syne stort avvik frå det utkastet som er lagt fram i denne proposisjonen, vil saka verte lagd fram for Stortinget på nytt.