Prop. 20 S (2010–2011)

Samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av eit støtteprogram for audiovisuelt samarbeid med fagfolk frå tredjestatar (MEDIA Mundus)

Til innhaldsliste

6 Vurdering og tilråding

Det er ei målsetjing i Kulturløftet II at norsk film skal hevde seg internasjonalt. Det er vidare eit mål at Noreg skal verte leiande i Norden på film, TV-drama og dokumentar. Eit viktig verkemiddel for å nå desse måla er auka internasjonalisering av norsk filmproduksjon. Noreg underteikna difor 9. juli 2009 Europarådets konvensjon om samproduksjon av film. Dei midlane som vert tildelte samproduksjonar frå Norsk filminstitutt, er auka. Norsk filminstitutt satsar aktivt på auka internasjonalt samarbeid. Ei deltaking i MEDIA Mundus vil vere i tråd med denne strategien.

Noreg har gode røynsler med deltaking i dei fire MEDIA-programma. Dei ulike ordningane har ført til auka kompetanse og nettverksbygging for norske filmskaparar og filmprodusentar, jf. St. meld. 22 (2006-2007) Veiviseren. Noreg har òg dei fleste åra motteke meir pengar frå dei ulike tilskotsordningane enn Noreg har betalt i bidrag.

MEDIA Mundus legg til rette for samarbeid med land i Asia, Latin-Amerika og Afrika, som har rike kulturelle tradisjonar og er veksande audiovisuelle marknader. Programmet vil kunne vere ein døropnar mot desse områda og medverke til at norske filmskaparar og filmprodusentar får tilgang til nye marknader som i dag er dominerte av Hollywood. Ei norsk deltaking i MEDIA Mundus vil såleis kunne vere viktig både med omsyn til kulturelt mangfald og for å sikre marknadsadgang og inntening for norske filmprodusentar.

Ei norsk deltaking i MEDIA Mundus vil kunne medverke til å stette måla i norsk audiovisuell politikk slik dei er formulerte i Kulturløftet II og Veiviseren.

Deltaking i programmet medfører ikkje lov- eller forskriftsendringar.

Kulturdepartementet tilrår at Noreg tek del i avgjerda i EØS-komiteen om innlemming av programmet MEDIA Mundus i EØS-avtala. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.