Prop. 20 S (2010–2011)

Samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av eit støtteprogram for audiovisuelt samarbeid med fagfolk frå tredjestatar (MEDIA Mundus)

Til innhaldsliste

4 Avgjerda i EØS-komiteen

EØS-komiteen tek sikte på å vedta ei endring av protokoll 1 i EØS-avtala om samarbeid utanfor dei fire fridommane slik at avtala omfattar MEDIA Mundus. I innleiinga til utkastet til avgjerd vert det vist til artikkel 86 og 98 i EØS-avtala, som gjer det mogleg for EØS-komiteen å endre vedlegga til avtala gjennom avgjerd i EØS-komiteen.

I artikkel 1 i utkastet er det slått fast at europaparlaments- og rådsavgjerd 1041/2009/EF om skiping av eit program for audiovisuelt samarbeid med fagfolk frå tredjestatar (MEDIA Mundus) vert innlemma i artikkel 9 nr. 4 i protokoll 31 i EØS-avtala. Liechtenstein skal fritakast for deltaking i og finansielt bidrag til programmet.

I artikkel 2 er det slått fast at avgjerda tek til å gjelde dagen etter at EØS-komiteen har motteke alle meldingar i medhald av artikkel 103 nr. 1 i EØS-avtala. Ho skal nyttast frå 1. januar 2011.

I artikkel 3 er det slått fast at avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.