Prop. 28 L (2013–2014)

Endringar i havressurslova (avgift til fiskeriforsking og overvaking)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunnen for lovforslaget

I Meld. St. 22 (2012–2013) Verdens fremste sjømatnasjon foreslår regjeringa ei prinsipiell omlegging av dagens ordning med forskingskvotar.

Omlegginga inneber at forskingskvotar ikkje lenger skal tildelast for å finansiere forsking og overvaking. Frå 2014 vil forskingskvotar berre bli gitt til undervisningskvotar, nødvendig fangst på forskingsfartøy og i enkelte andre særtilfelle. Forsking, overvaking og reiskapsforsøk som tidligare har vorte finansiert gjennom tildeling av forskingskvotar, skal frå 2014 finansierast gjennom inntekter frå ei generell avgift på førstehandsomsetninga av fisk. Dette vil føre til at hovudtyngda av dagens forskingskvotar etter omlegginga vil gå tilbake til ordinært fiske, og dermed auke den samla kvoteverdien for næringa.

Næringskomiteen hadde ingen merknader til dette i si innstilling til meldinga, Innst. 418 S (2012–2013).

Forslag til forskrift om innkrevjing av avgift til fiskeriforsking og overvaking vart sendt på høyring i juli 2013.

2.1 Bakgrunnen for å innføre ei ny avgift

Fiskeressursane ligg til fellesskapet. Dette er grunngjevinga for at delar av totalkvoten blir nytta til å dekkje nødvendige forvaltnings- og forskingsoppgåver.

Forskingskvotane var opphavleg meint å skulle dekkje nødvendig fangst i samband med forskingsaktivitet. Forskingskvotane blir trekte frå den nasjonale kvoten før kvoten blir fordelt mellom dei ulike fartøygruppene i det ordinære fisket. Departementet fastset årleg kva kvantum av kvart fiskeslag Fiskeridirektoratet kan tildele som forskingskvotar, og departementet set opp retningslinjene for fordeling av kvotane. Tildeling til den enkelte forskingsinstitusjonen skjer etter søknad til direktoratet, og institusjonen administrerer sjølv den tildelte kvoten.

Fiskeridirektoratet har også sjølv disponert forskingskvotar til overvakingstenesta si, til praktiske reiskapsforsøk og til felles norsk-russiske målingar av omrekningsfaktorar. Direktoratet sin kvote til overvaking har vore nytta til å overvake fiskefelta ved hjelp av innleigde fartøy, i hovudsak for å beskytte yngel og undermåls fisk ved å stenge og opne fiskefelt.

Dei seinare åra har forskingskvotane i aukande grad blitt brukt til å finansiere fleire typar forskings- og overvakingsaktivitetar. Mellom anna har kvotane blitt nytta til å leige inn fartøy, og ein del av inntektene blir tilbakeført til forskingsinstitusjonen for å finansiere løns- og driftskostnader for forskarane. Dette er ein lite tenleg måte å finansiere forsking på. I tillegg til dei administrative kostnadene ved søknadsbehandling, gir fangstinntekter ei usikker inntekt på grunn av variasjonane i kvotar, fangst og pris.

Dagens kopling mellom forskingskvoten og fiskeslaget som blir undersøkt kan også gå ut over forsking innanfor meir marginale fiskeri, der det ikkje er sett av forskingskvotar. Norske styresmakter pliktar like fullt å overvake tilstanden til alle dei viltlevande marine ressursane.

Dette er bakgrunnen for at ei direkte brukarfinansiering av forskinga gjennom ei fiskeriforskingsavgift blir vurdert som ein betre og ryddigare modell enn dagens bruk av forskingskvotar.

2.2 Kva slags aktivitet skal avgifta finansiere?

Avgifta til fiskeriforsking og overvaking skal først og fremst bidra til å dekkje kostnader med å innhente kunnskapsgrunnlag for ei berekraftig hausting av dei viltlevande marine ressursane, men kan også etter ei konkret vurdering nyttast til anna kunnskapsinnhenting som bidreg til å realisere føremålet i havressurslova.

2.3 Innkrevjing av avgifta

Det skal krevjast avgift for all fangst som til ei kvar tid er omfatta av salslaga sin einerett til førstehandsomsetning etter fiskesalslagslova, fangsta av norskregistrerte fartøy.

Avgifta skal bli kravd inn av fiskesalslaga i samband med avrekning til fiskar av oppgjer for levering.

Avgiftssatsen vil bli fastsett i det årlege statsbudsjettet. Departementet legg til grunn at avgiftssatsen skal ligge mest mogleg fast, og at kostnaden for fiskar følgjer verdien av førstehandsomsetninga.