Prop. 28 L (2013–2014)

Endringar i havressurslova (avgift til fiskeriforsking og overvaking)

Til innhaldsliste

4 Høyring av forskrift om innkrevjing av avgift til fiskeriforsking og overvaking

Departementet har hatt på høyring forskrift om innkrevjing av fiskeriforskingsavgift. Forskriftshøyringa var først og fremst ein gjennomgang av prinsippet som vart høyrt og behandla i samband med Meld. St. 22 (2012–2013) Verdens fremste sjømatnasjon. Det var ein eksplisitt føresetnad i høyringa at havressurslova skulle endrast som foreslått i denne proposisjonen.

4.1 Høyringsfråsegner

Det kom høyringsfråsegner frå Fiskebåt, Fiskeridirektoratet, Fiskeri- og havbruksnæringas forskingsfond (FHF), Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening (FHL), Havforskingsinstituttet, LO, Nofima, Norges Fiskarlag, Norges Kystfiskarlag, Norske Sjømatbedrifters Landsforening (NSL), Norsk Sjømannsforbund, Norsk Sjøoffisersforbund og Det norske maskinistforbund, og Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag (Surofi).

Alle høyringsinstansar, med unntak av Kystfiskarlaget, støttar omlegginga frå forskingskvotar til avgift. Fleire høyringsinstansar understrekar det statlege ansvaret for å finansiere fiskeriforsking og overvaking, og føreset at avgifta ikkje skal kome til erstatning for statlege løyvingar til føremålet. Høyringsinstansane hadde ulike meiningar om avgrensning av formålet for avgifta. Departementet legg til grunn at avgiftsinntektene skal dekkje same formål som forskingsfangsten tidlegare har finansiert. Det betyr at reiskapsforsøk vil bli inkludert. Dette er det tatt høgd for i lovframlegget, jf. punkt 2.2.

Høyringsinstansane hadde òg ulike innspel om avgiftsberekning og justering av avgiftssatsen. Departementet meiner det er mest tenleg å bruke førstehandsverdien utan fråtrekk som grunnlag for berekninga. Departementet legg vidare til grunn at avgiftssatsen skal liggje mest mogleg fast, slik at kostnaden for fiskar følgjer verdien av førstehandsomsetninga. Svingingar mellom år vil bli jamna ut gjennom ei fullmakt til å overføre løyvingane frå eit budsjettår til eit anna. Avgiftssatsen kan likevel bli endra frå andre halvår 2014, dersom det viser seg at avsetninga til forskingsfangst etter nye retningslinjer avvik mykje frå det som vart lagt til grunn i Fiskeri- og kystdepartementet sin Prop. 1. S (2013–2014).