Prop. 28 L (2013–2014)

Endringar i havressurslova (avgift til fiskeriforsking og overvaking)

Til innhaldsliste

5 Økonomiske og administrative konsekvensar

Dagens ordning med forskingskvotar har skapt mykje administrasjon både ved forskingsinstitusjonane og ved Fiskeridirektoratet, som administrerer ordninga. Det vil vere små administrative kostnader i samband med innkrevjinga av ei ny fiskeriforskingsavgift.

Fiskesalslaga krev i dag inn fleire avgifter på all førstehandsomsetning, og det vil difor vere eit avgrensa meirarbeid å krevje inn ei ny avgift. Dei kostnadene salslaga har med å krevje inn og vidaresende avgiftsmidlane skal dekkjast av den innkravde avgifta.

Samtidig som det blir innført ei ny avgift, vil hovudtyngda av dagens forskingskvotar gå tilbake til ordinært fiske og dermed auke den samla kvoteverdien for næringa. Sidan det i dag er fastsett forskingskvotar for alle dei store fiskebestandane, vil dei fleste fartøy få auka kvotar.