Prop. 29 L (2011–2012)

Endringar i helsepersonellova om pliktig fråhald m.m.

Til innhaldsliste

2 Bakgrunn for lovframlegga

2.1 Forslag til endring i helsepersonellova

Statens helsetilsyn skreiv i brev av 5. oktober 2007 at dei kvart år behandlar fleire tilsynssaker mot helsepersonell pga. bruk av rusmiddel i tenesta. Helsetilsynet viste til at i fleire saker har arbeidsgjevar hatt problem med å dokumentere bruken fordi helsepersonell nektar for bruk og nektar å avleggje blodprøve.

Helsetilsynet peika på at rusbruk blant helsepersonell kan utgjere ein fare for tryggleiken til pasientane og kvaliteten i helsetenesta, og at bruk av rusmiddel også svekkjer tilliten til helsepersonell.

Sidan helsepersonellova tok til å gjelde 1. januar 2001, har det vore ein auke i talet på tilsynssaker der bruk av rusmiddel var utgangspunktet for sakene. Bruk av rusmiddel er ei vanleg årsak til at tilsynsverket reiser tilsynssak mot helsepersonell, og den mest vanlege årsaka til tilbakekalling av autorisasjon.

Bruk av rusmiddel hos helsepersonell skjer både ved at dei nyttar rusmiddel før dei går på arbeid, og i arbeidstida. I 2010 var det 119 tilfelle av tilbakekalla autorisasjon. Av desse var det 64 tilfelle som gjaldt bruk av rusmiddel. Dette omfatta mellom anna 32 sjukepleiarar og 10 legar. Det er grunn til å tru at dei sakene som blir avdekte, berre representerer ein liten del av det faktiske bruket av rusmiddel som skjer.

Dei fleste helsepersonellgruppene utfører arbeid som krev stor presisjon og konsentrasjon, og kravet til manuelle og kognitive evner er stort. Somme yrkesgrupper har også ein heller fri arbeidssituasjon, utan å stå under kontroll eller oppsyn av andre. Ettersom bruk av rusmiddel fører til svekking av funksjonar som minne, innlæring og konsentrasjon og til endra stemningsleie og til kritikkløyse, kan arbeid med å gje helsehjelp under påverknad av rusmiddel få katastrofale følgjer. Bruk av rusmiddel kan også redusere evna til å vise empati og omsorg.

Helsetilsynet foreslo på denne bakgrunn at ein skulle ta i bruk forskriftsheimelen i helsepersonellova § 8 om pliktig fråhald.

Men under arbeidet med eit forslag til forskrift om pliktig fråhald vart det klart for departementet at heimelen i § 8 ikkje var tilstrekkeleg for å gje slike føresegner departementet meiner det er behov for. Dette er bakgrunnen for endringsframlegget i denne proposisjonen. Slik forskriftsheimelen er utforma i dag, er det ikkje heimel for å kunne gje forskrift om at arbeidsgjevar eller andre skal kunne påleggje helsepersonell å la seg teste for bruk av rusmiddel i dei tilfella det er mistanke om at helsepersonellet er rusa ved frammøte på arbeidsplassen. Heimelen gjer det heller ikkje mogleg å reagere på noko vis i dei tilfella helsepersonellet ikkje gjev rusprøve frivillig.

2.2 Framlegg om endring i spesialisthelsetenestelova

Det er behov for å justere namnebruken i spesialisthelsetenestelova § 2-3 i samsvar med namneendringane på dei tenestene som fram til 1. januar 2010 gjekk under nemningane «landsfunksjoner», «flerregionale funksjoner», «nasjonale medisinske kompetansesenterfunksjoner» og «kompetansesentre for sjeldne og lite kjente diagnoser og funksjonshemminger». Desse har etter 1. januar 2011 fått samlenemninga «nasjonale tjenester i spesialisthelsetjenesten». Namneendringa går fram av forskrift 17. desember 2010 om godkjenning av sykehus, bruk av betegnelsen universitetssykehus og nasjonale tjenester i spesialisthelsetjenesten. Forslaget i denne proposisjonen går ut på at fellesnemninga skal gå uttrykkjeleg fram av spesialisthelsetenestelova § 2-3 nr. 1. Ved ei slik lovendring vil det bli likelydande nemningar i lova og forskrifta for dei tenestene som det kan gjevast godkjenning til etter spesialisthelsetenestelova § 2-3 nr. 1 og § 4-1 andre ledd bokstav a.

Til forsida