Prop. 29 L (2011–2012)

Endringar i helsepersonellova om pliktig fråhald m.m.

Til innhaldsliste

7 Merknader til kvar enkelt føresegn

Til helsepersonellova § 8:

§ 8 første ledd set forbod for helsepersonell om å nytte eller vere påverka av alkohol eller andre rusmiddel i arbeidstida. Det er med andre ord det same om stoffa er nytta før arbeidstida eller i arbeidstida så lenge følgja er ruspåverknad.

Ved mistanke om at nokon er påverka av rusmidlar vil det vera symptom så som ustø gange, uklar tale, lukt av alkohol, sløva blikk mv. som utløysar mistanken. I neste omgang vil det då vera prøvetakinga som fortel om dei forskriftsfesta grenseverdiane som departementet eventuelt fastset er overskrida.

Rusmiddel er i regjeringa si handlingsplan mot rusmiddelproblem 2003-2005 omtala slik:

«Med rusmidler menes alle stoffer som gir rus på grunn av sin virkning på hjernen. Disse omfatter alkohol, illegale stoffer (cannabis, amfetamin, heroin, osv.), løsemidler og visse legale legemidler (sovemidler, beroligende midler). Felles for alle er at rusen vil være kjennetegnet av oppstemthet, konsentrasjonssvekkelse, hukommelses- og innlæringssvikt, kritikkløshet og endret stemningsleie. Hvert rusmiddel har også typiske egenvirkninger.»

§ 8 tredje ledd nr. 3 gjev departementet heimel for å kunne gje forskrift med føresegner om at helsepersonell skal kunne bli framstilt for prøvetaking med bistand frå politiet i de tilfella helsepersonell nektar å gje prøve eller på anna måte unndrar seg å gje prøve.

Ved behandling av personopplysningar som oppstår ved at ein tek prøve for å konstatere eventuelt bruk av rusmiddel, er det den informasjonen som kjem fram etter prøvetakinga, så som namn, analysedata mv. som vil væra gjenstand for behandlinga.

Til spesialisthelsetenestelova § 2-3 nr. 1:

I nr. 1 går den felles nemninga «nasjonale tjenester i spesialisthelsetjenesten», som omfatter «nasjonale behandlingstjenester», «flerregionale behandlingstjenester» og «nasjonale kompetansetjenester», fram.

Til forsida