Prop. 29 L (2011–2012)

Endringar i helsepersonellova om pliktig fråhald m.m.

Til innhaldsliste

6 Økonomiske og administrative konsekvensar

Forslaga om endring i helsepersonellova § 8 første ledd, som gjev departementet utvida rett til å gje reglar i forskrift om at helsepersonell også skal kunne påleggjast å ta utandingsprøve, blodprøve eller liknande prøve ved mistanke om bruk av rusmiddel som har gått føre seg før arbeidsstart, og endringa i § 8 tredje ledd, om at helsepersonell skal kunne framstillast for prøvetaking med politiets hjelp dersom dei nektar eller på anna vis unndreg seg frå prøvetaking, vil i seg sjølv ikkje få verken økonomiske eller administrative konsekvensar.

Det er heller ingen grunn til å tru at det blir nokon auke i mengda av blodprøver osv. som blir tekne i framtida når ei forskrift blir vedteken og trer i kraft. Det tydelege forbodet i ei slik forskrift mot inntak av rusmiddel i eit visst tidsrom før arbeidsstart, og at det kan testast for bruk av rusmiddel som har skjedd før arbeidet byrjar, vil etter departementet si vurdering heller kunne føre til ein nedgang i bruk av rusmiddel. Det er også departementet si vurdering at framlegget om prøvetaking ved hjelp av politiet ikkje vil føre til at det vil bli mange saker der det blir nødvendig å be politiet om hjelp. Det er heller grunn til å tru at helsepersonell vil velje frivillig prøvetaking framfor prøvetaking med hjelp av politiet. Retten for arbeidsgjevaren eller Helsetilsynet i fylket til å be politiet om assistanse for å få gjennomført prøvetaking må ein òg kunne gå ut frå vil ha ein førebyggjande effekt og dermed føre til mindre forbruk av rusmiddel både i arbeidstida og før arbeidsstart.

Endringa som er foreslått i spesialisthelsetenestelova § 2-3 nr. 1, får ikkje økonomiske eller administrative konsekvensar da det berre er snakk om ei namneendring.

Til forsida