Prop. 33 S (2012–2013)

Endringar i statsbudsjettet 2012 under Olje- og energidepartementet

Til innhaldsliste

3 Bruk av fullmakter under petroleumsverksemda

Som ein del av den årlege behandlinga av statsbudsjettet gir Stortinget fullmakter til Kongen i statsråd og Olje- og energidepartementet knytt til petroleumsverksemda, jf. Prop. 1 S og Innst. 9 S (2011-2012).

På neste side gjer Olje- og energidepartementet greie for bruk av slike fullmakter i 2012.

3.1 Fullmakt XII – Utbyggingsprosjekt på norsk kontinentalsokkel

Fullmakt for forenkla behandling frå styresmaktene si side har blitt nytta ved fire høve i 2012:

Skuld

Departementet tok 26. september 2011 i mot søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift av Skuld. Skuld blir bygd ut med tre installasjonar på havbotnen og blir knytt til Norne-innretninga. Her vil brønnstraumen bli prosessert for vidare eksport. Produksjonen vil ta til i desember 2012. Rettshavarane i Skuld er operatøren Statoil ASA (63,95 pst.), Petoro AS (24,55 pst.) og Eni Norge AS (11,5 pst.).

Dei totale investeringane er i plan for utbygging og drift rekna til 9,8 mrd. 2011-kroner. Plan for utbygging og drift av Skuld vart vedteken ved kongeleg resolusjon 20. januar 2012.

Investeringsanslaget for Skuld er auka til 10,1 mrd. 2012-kroner, jf. pkt. 5 i Prop. 1 S (2012-2013).

Jette

Departementet tok 7. september 2011 i mot søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift av Jette. Jette blir bygd ut med ein installasjon på havbotnen og knytt til Jotun-innretninga. Her vil brønnstraumen bli prosessert for vidare eksport. Rettshavarane i Jette er operatøren Det norske oljeselskap ASA (70 pst.) og Petoro AS (30 pst.).

Dei totale investeringane er i plan for utbygging og drift rekna til om lag 2,6 mrd. 2012-kroner. Plan for utbygging og drift av Jette vart vedteken ved kongeleg resolusjon 17. februar 2012.

Investeringsanslaget for Jette er auka til 2,9 mrd. 2012-kroner, jf. pkt. 5 i Prop. 1 S (2012-2013).

Bøyla

Departementet tok 4. juni 2012 i mot søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift av Bøyla. Bøyla blir bygd ut med ein installasjon på havbotnen og knytt til Alvheim FPSO-innretninga. Her vil brønnstraumen bli prosessert for vidare eksport. Rettshavarane i Bøyla er operatøren Marathon Oil Norge AS (65 pst.), Lundin Norway AS (15 pst.) og ConocoPhillips Scandinavia AS (20 pst.).

Dei totale investeringane er i plan for utbygging og drift rekna til 5,0 mrd. 2011-kroner.

Plan for utbygging og drift av Bøyla vart vedteken ved kongeleg resolusjon 26. oktober 2012.

Svalin

Departementet mottok 15. juni 2012 søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift av Svalin. Svalin blir bygd ut med brønnar bora frå vertsinnretninga Grane og med eit havbotnsanlegg knytta til same innretninga. Olja frå Svalin vert prosessert på Grane, før transport til Sture-terminalen for lagring og utskiping. Rettshavarane i Svalin er operatøren Statoil Petroleum AS (57 pst.), Petoro AS (30 pst.) og ExxonMobilExploration and Production Norway AS (13 pst.).

Dei totale investeringane er i plan for utbygging og drift rekna til om lag 4,4 mrd. 2012-kroner.

Plan for utbygging og drift av Svalin ble vedteken ved kongeleg resolusjon 23. november 2012.

3.2 Fullmakt XV – Overføring av delar i utvinningsløyve

Fullmakt for overføring av delar i utvinningsløyve er blitt nytta ved eit høve i 2012.

Jette

Olje- og energidepartementet godkjente 19. juni 2012 overføring av 29,23 pst. i utvinningsløyve 504 og 20 pst. i utvinningsløyve 169C frå Det norske oljeselskap til staten. Samla utgjer delane 22 pst. i Jettefeltet. Staten overtek delane vederlagsfritt, men vil dekkje dei investeringane Det norske oljeselskap har hatt i 2011 på 46 mill. kroner.