Prop. 33 S (2012–2013)

Endringar i statsbudsjettet 2012 under Olje- og energidepartementet

Til innhaldsliste

4 SDØE-deltaking i utbyggingsprosjekt på norsk kontinentalsokkel

I utbyggingssaker der Petoro AS er ein av rettshavarane, er det inkludert ei omtale av budsjettkonsekvensar for statens direkte økonomiske engasjement (SDØE) i proposisjonen som blir send til Stortinget. Her er omtalt SDØE sin del av investeringane som følgje av at Petoro AS deltek i prosjektet. I tillegg er det teke inn forslag til vedtak, eit eige romartal, om at Stortinget samtykkjer i at Petoro AS, som rettshavar for SDØE, kan delta i utbygginga.

Ved ein inkurie er det i Prop. 85 S (2011-2012) Utbygging og drift av Martin Linge-feltet ikkje inkludert ei eiga omtale av budsjettkonsekvensar for SDØE og eit eige romartalvedtak som omtalt ovanfor. Det er likevel i gjeldande budsjett for 2012 teke omsyn til budsjettkonsekvensane som følgje av plan for utbygging og drift av Martin Linge-feltet når det gjeld investeringskostnader, driftskostnader og kalkulatoriske renter som kjem til i år.

Olje- og energidepartementet har òg gått gjennom tidlegare proposisjonar som er sende Stortinget i utbyggingssaker tilbake til 1998. I dei utbyggingane der det har vore statsdeltaking er det inkludert ei omtale av budsjettkonsekvensar for SDØE i proposisjonen. Eit eksplisitt romartalsvedtak om at Stortinget samtykkjer i at SDØE kan delta i utbygginga er likevel utelate i Prop. 53 S (2011-2012) Utbygging og drift av Åsgard undervasskompresjon og Prop. 85 S (2010-2011) Utbygging og drift av Valemon. For desse prosjekta har det òg vore budsjettdekning innanfor gjeldande budsjett for SDØE-deltakinga i det året som Stortinget slutta seg til prosjektet.

Tabell 4.1 SDØE sin del av investeringane og budsjettforpliktingar

(i mill. 2012-kroner)

PUD/PAD godkjent

PUD/PAD overslag

Overslag juli 2012

SDØE- del

SDØE-del i mill. kroner

Valemon

2011

19 095

19 646

30,00 %

5 894

Martin Linge

2012

25 641

25 641

30,00 %

7 692

Åsgard undervasskompresjon

2012

16 086

16 481

35,69 %

6 315

På bakgrunn av ovannemnd er det foreslått at Petoro AS, som rettshavar for SDØE, deltek i utbygginga av Martin Linge-feltet, Åsgard undervasskompresjon og Valemon, jf. Forslag til vedtak II.