Prop. 39 S (2011–2012)

Samtykke til at Noreg tek del i påfyllinga av Det afrikanske utviklingsfondet (AfDF-XII)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunn

Den afrikanske utviklingsbanken (AfDB) oppretta Det afrikanske utviklingsfondet (AfDF) i 1973. Noreg har vore medlem i fondet sidan starten og har teke del i alle fondspåfyllingane. Spørsmålet om norsk medlemskap er behandla i St.prp. nr. 104 for 1972-73, jf. Innst. S. nr. 327 same året. Stortinget gav si tilslutning til medlemskapen 6. juni 1973.

Hovudmålsetjinga for fondet er å finansiere fattigdomsreduserande tiltak i låntakarlandet. Lån frå fondet er rentefrie (med eit mindre administrasjonsgebyr) og har opptil 50 års nedbetalingstid medrekna ein avdragsfri periode på 10 år. For å unngå for høg gjeld i afrikanske land er ein dryg tredel av fondsmidlane gåver. AfDF og AfDB er ein del av Afrikabankgruppa, med felles styre og administrasjon.

Det øvste vedtaksorganet er guvernørstyret, som møtest éin gong i året på årsmøtet. Mellom årsmøta vert banken leidd av eit styre på 20 eksekutivdirektørar, 13 frå regionale (afrikanske) medlemsland og 7 frå ikkje-regionale medlemsland. Saman med India er dei nordiske landa ei eiga valgruppe med felles eksekutivdirektør i styret. Stillingane som eksekutivdirektør og rådgivarar roterer mellom medlemslanda i valgruppa. Dei nordiske landa samarbeider tett i saker som gjeld viktige politikkområde i banken.

Afrikabanken har vore prega av reformer sidan midten av 1990-tallet. På det tidspunktet var banken i krise, overadministrert, ineffektiv og utan full tillit frå givarane. Omar Kabbaj frå Marokko blei innsett som president og brukte dei neste ti åra hovudsakeleg på å effektivisere organisasjonen og å rydde opp. Ved presidentvalet i 2005 var banken derfor finansielt solid og mykje meir kostnadseffektiv. Donald Kaberuka frå Rwanda, som då blei vald til ny president, har halde fram arbeidet med reformer og omorganiseringar, og i mai 2010 blei han gjenvald for nye fem år.

Framstega har vore viktige på mange område: Banken er blitt meir relevant på landnivå, aktiviteten er auka, analyse- og forskingskapasiteten er større, og banken er blitt eit markant talerøyr for afrikansk perspektiv på økonomisk utvikling. Mange nye, unge og dyktige fagfolk er tilsette, det vert i større grad satsa på dei områda der banken har komparative fordelar – som infrastrukturutbygging og regional integrasjon. Det er stort fokus på resultat, og banken er tildelt ansvar for å følgje opp ei rekkje regionale og internasjonale initiativ. Likevel er det framleis potensiale for forbetringar, blant anna når det gjeld utviklingseffektivitet og resultatbasert styring.

Som eit klart svar på den auka tilliten til banken vedtok guvernørane i april 2010 ei tredobling av grunnkapitalen til totalt 100 millionar USD. Denne auken var òg eit svar på behovet i afrikanske land for å få tilført større finansielle ressursar på grunn av finanskrisa. Gjennom kapitalauken vil Noreg garantere for 4,5 milliardar kroner og betale inn om lag 290 millionar kroner over åtte år. Afrikabanken har òg blitt vertskap for ein viktig del av den norske skogsatsinga. Ti land i Kongobassenget får støtte til tiltak for å ta vare på den nest største regnskogen i verda. Tiltaka vert administrerte av Afrikabanken og finansierte av Noreg og Storbritannia.

Hovudutfordringa for banken i dag er å vidareføre den positive utviklinga og auke aktiviteten – i samarbeid med andre aktørar – for å bidra til å oppnå tusenårsmåla i 2015. Men utan ein kraftig auke i tilgjengelege ressursar vil AfDB ikkje kunne leve opp til dei ambisjonane både regionale og ikkje-regionale medlemsland har for institusjonen.

Norsk støtte til AfDF er derfor uttrykk for eit ønske om å bidra til å styrkje ein regional afrikansk institusjon som har vist evne til å betre seg, og som har utvikla seg til å bli ein sentral aktør for økonomisk utvikling på kontinentet. Bistand gjennom ein multilateral kanal som Afrikafondet bidreg òg til harmonisering og motverkar fragmentering av givarstøtta.

Til forsida