Prop. 39 S (2011–2012)

Samtykke til at Noreg tek del i påfyllinga av Det afrikanske utviklingsfondet (AfDF-XII)

Til innhaldsliste

4 Det norske tilskotet til påfyllinga

Det norske bidraget til AfDF-XII er på 1 500 millionar kroner og skal innbetalast over tre år (2011-2013), med ei årleg innbetaling på 500 millionar kroner. Det er same beløp i kroner som ved førre innbetalinga. Dei årlege innbetalingane blir ståande på konto i Noreg, og Afrikabanken trekkjer normalt kvar påfylling over ein tiårsperiode. Ved denne påfyllinga har Noreg og åtte andre land sagt at Afrikabanken kan trekkje innbetalinga over tre år, jamfør romartalsvedtak XIII i Prop. 1 S (2010-2011). For Afrikabanken aukar dei raskare trekka verdien av det norske bidraget med om lag 134 millionar kroner. Til saman vert dette ein auke på 8 prosent samanlikna med førre påfyllinga. Det norske bidraget inneber ein litt lågare del av AfDF-XII enn for AfDF-XI, men Noreg er framleis blant dei største givarane sett i forhold til økonomisk tyngde.

Tilskotet frå kvart land til fondspåfyllinga blir omrekna i SDR. Verdien av det norske tilskotet til påfyllinga blir på SDR 179 774 236 når ein tek med dei raskare trekka. Omrekningskursen mellom valutaen i givarlandet og SDR er bestemd ut frå eit gjennomsnitt av dagskursar over ein seks månaders periode som blir fastsett som ein del av forhandlingane. For AfDF-XII er omrekningskursen for Noreg som følgjer: 1 SDR er lik 9,09030 kroner.

For 2011 blei løyvingsbehovet vedteke av Stortinget i saldert budsjett, jf. Prop. 1 S (2010–2011) for Utanriksdepartementet og Stortingets handsaming av denne, jf. Innst. 7 S (2010-2011). I saldert budsjett 2011 fatta Stortinget også eit vedtak om raskare trekk på gjeldsbrev. For 2012 er løyvingsbehovet lagt inn i Regjeringas forslag til statsbudsjett, jf. Prop. 1 S (2011-2012). Det bes nå om vedtak om bruk av raskare trekk på gjeldsbrev for den 12. kapitalpåfyllinga til Det afrikanske utviklingsfondet (AfDF-XII). Dei budsjettmessige konsekvensane vil bli dekka innanfor løyvinga på kap. 171 Multilaterale finansinstitusjonar, post 71 Regionale banker og fond.

Forutan samtykke til den budsjettmessige løyvinga vert det bede om samtykke til å utvide den perioden Noreg garanterer kompensasjon av tapte tilbakebetalingar for – som følgje av MDRI – frå 2020 til 2022. Dette vil bli gjort gjennom utferding av eit såkalla «Unqualified Instrument of Commitment» – tilsvarande det som vart gjort for 2015-2020. Beløpet vil variere noko ut frå føresetnader om blant anna valutakurs og når ulike land blir kvalifiserte for kompensasjon. Basert på førebels utrekningar vil Noregs årlege MDRI-bidrag vere slik:

2021

ca. 76 millionar kroner

2022

ca. 82 millionar kroner

Til forsida