Prop. 39 S (2011–2012)

Samtykke til at Noreg tek del i påfyllinga av Det afrikanske utviklingsfondet (AfDF-XII)

Til innhaldsliste

3 Resultatet av forhandlingane

Forhandlingane blei avslutta i Tunis i september 2010, og det var representantar for 26 givarland til stades. Enkelte afrikanske land var med som observatørar. Forhandlingsresultatet blei vedteke av guvernørane i desember same året, og på grunn av dette blir påfyllinga no lagd fram som ei eiga sak for Stortinget. AfDF-XII inneber ei vidareføring av dei overordna strategiske satsingsområda frå førre påfyllinga:

  1. Infrastruktur, med særleg vekt på vatn og sanitærtilhøve, energi og transport.

  2. Godt styresett. Bidraget her vil leggje vekt på styrking av sentrale styresmaktfunksjonar og finansielt og økonomisk styresett. Betring av tilhøva for privat sektor vil òg vere ei målsetjing.

  3. Regional integrasjon. Regional integrasjon er ei naturleg oppgåve for ein regionalbank, og multinasjonale prosjekt har fått ein aukande del av AfDF-midlane dei seinare åra. Det er brei semje om at regional integrasjon er eit viktig tiltak for økonomisk vekst i Afrika og eit riktig svar på utfordringar som

    • små og fragmenterte marknader som hindrar storskalaproduksjon,

    • geografiske avgrensingar i for eksempel land utan kyst,

    • høge produksjonskostnader grunna dårleg infrastruktur.

    Investeringar i infrastruktur som bidreg til integrasjon og støtte til regionale institusjonar, vil bli prioriterte. 20 prosent av ressursane skal gå til regionale tiltak.

  4. Sårbare statar er et vidt og vanskeleg definerbart omgrep, men mange afrikanske land høyrer til i denne kategorien. Det dreiar seg om land i konflikt eller land som nyleg har kome ut av konflikt, i tillegg til land der grunnleggjande institusjonar og marknader av andre grunnar ikkje eksisterer eller fungerer. Afrikabanken har hatt ei heilt marginal rolle i slike land, oftast berre gjennom overføring av midlar gjennom FN-systemet eller Verdsbanken. Avhengig av definisjon kan oppimot halvparten av statane i Afrika karakteriserast som sårbare i ulik forstand. Dette er land som normalt vil få ei låg tildeling av AfDF-midlar grunna ein fordelingsmekanisme som premierer resultatoppnåing og godt styresett, område der for eksempel post-konfliktland nesten alltid vil score lågt. Derfor vil om lag 6 milliardar kroner frå påfyllinga bli særskilt øyremerkte sårbare statar. For desse landa vil det bli lagt vekt på levering av basistenester, støtte til godt styresett og bygging av institusjonell kapasitet gjennom trening og opplæring. Det vert elles lagt stor vekt på å samordne innsatsen med det arbeidet som vert gjort av FN-systemet, Verdsbanken, andre givarar og nasjonale styresmakter, slik at dei utfyller kvarandre.

I alle prosjekt vert det teke tverrgåande omsyn til likestilling, miljø, klima og, der det er relevant, også landbruksproduktivitet, mattryggleik og utvikling av privat sektor. Det er utarbeidd ein ny strategi for klimatilpassing og rein energi; til dømes skal det sikrast at alle investeringar i infrastruktur er tilpassa klimaendringar. Det er utvikla nye finansieringsinstrument som skal stimulere investeringar i privat sektor i dei fattigaste landa.

Kapasiteten til å følgje opp prosjekt på landnivå skal styrkjast. Desentralisering av verksemda til landnivå er eit ledd i denne prosessen. Dialogen med sivilsamfunnet skal bli betre. Banken har òg sett seg føre å bli enda betre til å måle og dokumentere resultata. Innsatsen som er gjord i antikorrupsjonsarbeid skal vidareførast. Det same gjeld arbeidet for å ivareta miljø- og sosialstandardar. Banken har òg teke på seg å koordinere og harmonisere aktivitetane sine med andre givarar i tråd med Accra- og Paris-erklæringane.

Det afrikanske utviklingsfondet deler ut ressursane sine til dei fattigaste landa i samsvar med to kriterium: behov (inntekt per innbyggjar og talet på innbyggjarar) og godt styresett (som vert målt etter ei rekkje indikatorar). Kor store ressursar eit land får tilgang til, og også dei finansielle vilkåra ved låna, er avhengig av korleis landet handsamar gjelda si.

Påfyllingsnivået enda på SDR 6 096 731 479. Dette må kunne seiast å vere ei tillitserklæring frå givarsida til dei reformene som er gjennomførde, og til dei planane som ligg føre. Storbritannia held fram med å vere den klart største givaren, følgd av Tyskland, USA og Frankrike. USA auka sin del mest frå førre påfyllingsrunda. Det er verd å merkje seg at land som Kina, Brasil og Saudi-Arabia òg gjev bidrag, om enn for det meste med moderate summar. Sør-Afrika og Egypt er dei einaste afrikanske landa som yter til fondet.

Ein vesentleg del av påfyllinga – over 2 milliardar SDR, eller ca. 38 prosent – kjem frå bankgruppa sjølv, gjennom ein såkalla «Advance Commitment Capacity» (ACC). Banken skapar for eksempel eigne inntekter gjennom kommersielle investeringar, og mykje av dette blir ført vidare til dei fattige landa. ACC gjev banken løyve til å forskottere midlar som er lånte frå kapitalmarknaden, basert på komande tilbakebetalingar til fondet. Ein del av dei komande tilbakebetalingane på utlån fell førebels bort som konsekvens av at Det multilaterale gjeldsletteinitiativet (MDRI) vart vedteke i 2006. Givarane forplikta seg derfor til å kompensere dette tapet, og fordi AfDF-XII-midlar vil bli utbetalte over perioden 2011–2022, krev full utnytting av ACC ein kompensasjonsgaranti for heile denne perioden. Dei fleste givarane, Noreg inkludert, gav ein garanti som gjeld til 2015 (ref. St.prp. nr. 79 (2005-2006) om Noregs deltaking i MDRI). Ved førre påfyllinga vart givarane bedne om å forlengje garantien til 2020. Noreg forlengde denne garantien (ref. St.prp. nr. 61 (2007-2008) Om samtykke til at Norge deltar i den 11. påfyllingen av Det afrikanske utviklingsfondet (AfDF-XI)). Givarane vert no bedne om å forlengje han ytterlegare, til 2022. For perioden fram til 2054 har Noreg allereie ferda ut eit såkalla «Qualified Instrument of Commitment», der avgrensinga er at utbetaling er avhengig av samtykke frå Stortinget.

Til forsida