Prop. 46 L (2011–2012)

Endringar i straffelova mv. (internasjonal barnebortføring mv.)

Til innhaldsliste

6 Merknader til dei enkelte føresegnene

Til endringane i straffelova 1902 § 216

Nytt første ledd andre punktum inneber ei utviding av straffansvaret for internasjonale barnebortføringar, slik at ulovleg bortføring til utlandet eller ulovleg attendehalding i utlandet sette i verk av den barnet bur fast hos, også er omfatta på visse vilkår. Det er i utgangspunktet omsynet til tilknytinga mellom foreldre og barn som er verna av føresegna. Det er utan tyding kven som bortfører den umyndige. Det avgjerande er om den umyndige blir ulovleg unndregen frå nokon som har foreldreansvar. Det er ein føresetnad at foreldreansvaret er utøvd eller forsøkt utøvd. Det er ikkje eit vilkår at den attverande forelderen bur saman med barnet eller har eller utøver samværsrett med barnet.

Også bortføring til utlandet av eit barn som er under omsorga til barnevernet er omfatta på same måte som etter gjeldande føresegn. Det er ikkje tiltenkt nokon endring på dette punktet.

Uttrykket “ulovlig” inneber at bortføringa til utlandet må vere ulovleg etter den underliggjande sivile retten, det vil fyrst og fremst gjelde reglane i barnelova og barnevernlova. Det avgjerande er at unndraginga er eller blir ulovleg under utanlandsopphaldet. Ei ulovleg attendehalding av den umyndige i utlandet blir difor ramma av føresegna, sjølv om det ved utreisa frå Noreg ikkje låg føre ei ulovleg unndraging, jf. “ … eller holder tilbake en umyndig i utlandet”. Ei svært kortvarig attendehalding er likevel ikkje tilstrekkeleg.

Sjølv om lova opnar for bruk av straff, er det ikkje gitt at strafforfølging er den mest tenlege reaksjonen i den einskilde saka. Departementet framhevar at sivilrettslege sanksjonar normalt er å føretrekkje. I nokre tilfelle vil det beste for barnet vere ikkje å forfølgje det strafferettslege tilhøvet. I tillegg bør det beste for barnet stå sentralt i vurderinga av kva slags straff som eventuelt skal utmålast. Det kan vere grunn til å reagere med påtaleunnlating der forelderen frivillig returnerer barnet til Noreg, eller dersom det er til det beste for barnet. Det ligg likevel til påtalemakta å avgjere i den einskilde saka. Straffutmålingsutsetjing og straffutmålingsfråfall kan også vere aktuelle reaksjonar.

Endringa i tredje ledd inneber at påtale kan reisast dersom allmenne omsyn tilseier det. Ei bortføring kan vere til stor belastning for barnet, og departementet legg til grunn at det er best om påtale ikkje blir gjord avhengig av ei politimelding frå den andre forelderen. Han kan frykte, eller bli utsett for, press eller tvang frå bortføraren.

Når det gjeld spørsmålet om strafferettsleg jurisdiksjon, er straffelova 1902 § 216 teken inn i kapittel 20 i lova. Kapittel 20 er nemnt i § 12 første ledd nr. 3 bokstav a. Såleis vil føresegna kome til bruk på handlingar som er føretekne i utlandet av norsk statsborgar.

Endringar i straffeprosesslova

Til § 67 andre ledd bokstav c

Føresegna regulerer politiet sin påtalekompetanse for brotsverk i straffelova 1902 med øvre strafferamme på fengsel i meir enn eitt år.

Det er gjort framlegg om å føye til ei tilvising til straffelova 1902 § 228 første ledd jf. § 232. Framlegget følgjer det same mønsteret som ved tilvisingar til andre valdslovbrot i straffeprosesslova § 67 andre ledd bokstav c. Tilvisinga til § 232 er meint å vise at politiet også har påtalekompetanse i tilfelle der den auka strafferamma blir brukt. Om bakgrunnen for endringa, sjå punkt 4.2.

Det er gjort framlegg om å endre tilvisingane til straffelova § 317 frå tredje og femte ledd til fjerde og sjette ledd. Om bakgrunnen for endringane, sjå punkt 4.4. Endringane har ikkje innverknad på kompetansen i saker om grovt narkotikaheleri kor riksadvokaten må ta ut tiltale, jf. straffelova 1902 § 317 femte ledd.

Tilvisinga til straffelova 1902 § 288 er foreslått oppheva ettersom føresegna blei oppheva ved lov 25. juni 2004 nr. 50.

Til § 67 tredje ledd tredje punktum

Det er gjort framlegg om å føye til at alle tenestemenn innan påtalemakta i politiet kan skrive ut førelegg i saker om brot på straffelova 1902 § 228 første ledd, jf. § 232. Om bakgrunnen for framlegget, sjå punkt 4.2.

Til § 68 andre ledd bokstav b første punktum

Det er gjort framlegg om å endre første punktum slik at det går klart fram at politiet har ankekompetanse i saker om brot på straffelova 1902 § 228 første ledd jf. § 232. Statsadvokaten skal som før gjere vedtak om anke i saker om brot på straffelova 1902 § 228 første ledd jf. § 232 som inngår i eit sakskompleks der politiet har teke ut tiltale i andre saker etter straffeprosesslova § 67 andre ledd bokstav c eller d.

Til § 323

Det er gjort framlegg om å føye til eit nytt tredje ledd i straffeprosesslova § 323. Endringa går ut på at ankeutvalet i Høgsterett får utvida kompetanse til å treffe realitetsavgjerder under ankeprøvinga. Om bakgrunnen for framlegget, sjå kapittel 3.

Etter bokstav a kan ankeutvalet avgjere ein anke utan ankeforhandling når utvalet samrøystes finn det klart at ”dommen helt eller delvis bør oppheves”. Bokstav a tar først og fremst sikte på feil i sakshandsaminga. Det kan til dømes dreie seg om tilfelle der det ligg føre eit ugyldig påtalevedtak eller vedtak om anke, sjå til dømes Rt. 2001 side 13 omtalt under punkt 3.3.1.1. Praktiske tilfelle kan også vere saker der ein dommar i ein forvaringssak tidligare har behandla spørsmål om varetektsfengsling etter straffeprosesslova § 171 første ledd nr. 3. Sjå til dømes Rt. 2009 s. 225, jf. punkt 3.3.1.1. Bokstav a kan vidare omfatte situasjonar der underinstansen har nytta formuleringar i dommen som ikkje gjer det tilstrekkeleg klart at skyldkravet er anvendt riktig, sjå til dømes Høgsterett sine dommar 21. september 2011 (HR-2011-01755-A) og 23. september 2011 (HR-2011-01783-A). Departementet peiker på at heimelen likevel ikkje bør nyttast i saker der ankeutvalet berre finn at det vil vere aktuelt å subsumere forholdet ned, sjå til dømes Rt. 2011 s. 581.

Bokstav b fastset at ankeutvalet kan avgjere anken om det samla utvalet finn det klart at ”siktede må frifinnes fordi den påtalte handlingen ikke er straffbar eller at straffansvaret er falt bort”. Bokstav b rettar seg mot situasjonar der de objektive vilkåra for straff ikkje er oppfylt eller forholdet er forelda. Det kan til dømes vere tale om saker der nokon er domfelt for eit forhold i utlandet og underinstansen har oversett kravet om dobbel straffbarhet, jf. straffeloven § 12. Føresegna opnar ikkje for å frifinne der de subjektive vilkåra for straff ikkje er oppfylt eller det er spørsmål om skyldevna til den tiltala. Sjå likevel bokstav a om situasjonar der det ligg føre tvil om lagmannsretten har brukt skyldkravet riktig. Departementet understrekar at heimelen heller ikkje opnar for å frifinne på grunnlag av ein straffridomsgrunn.

Det er eit vilkår at ankeutvalet avgjer spørsmåla samrøystes. Kompetansen er vidare avgrensa til dei klare tilfella, sjå punkt 3.5.

Ein kan leggje til at føresegna byggjer på at partane bør få uttale seg før ankeutvalet treffer avgjerder etter tredje ledd. Unntak frå dette gjeld for saker der partane har lagt ned felles påstand om frifinning eller oppheving.

Til endringane i straffelova 2005 § 261

Det er gjort framlegg om ei språkleg endring i første ledd første punktum for å gjere det klarare at unndraging av ein umyndig frå nokon som har omsorga i medhald av barnevernlova er omfatta, og at det ikkje er eit krav at slik unndraging er langvarig eller at det gjeld fleire tilfelle. Det er ikkje tiltenkt nokon endring av gjeldande rett på dette punktet.

Nytt første ledd andre punktum inneber ei utviding av straffansvaret for internasjonale barnebortføringar, slik at ulovleg bortføring til utlandet eller ulovleg attendehalding i utlandet sette i verk av den barnet bur fast hos, også er omfatta på visse vilkår. Det er i utgangspunktet omsynet til tilknytinga mellom foreldre og barn som er verna av føresegna. Det er utan tyding kven som bortfører den umyndige. Det avgjerande er om den umyndige blir ulovleg unndregen frå nokon som har foreldreansvar. Det er ein føresetnad at foreldreansvaret er utøvd eller forsøkt utøvd. Det er ikkje eit vilkår at den attverande forelderen bur saman med barnet eller har eller utøver samværsrett med barnet.

Også bortføring til utlandet av eit barn som er under omsorga til barnevernet, er omfatta. Det er ikkje tiltenkt nokon endring av gjeldande rett på dette punktet.

Uttrykket “ulovlig” inneber at bortføringa til utlandet må vere ulovleg etter den underliggjande sivile retten, det vil fyrst og fremst gjelde reglane i barnelova og barnevernlova. Det avgjerande er at unndraginga er eller blir ulovleg under utanlandsopphaldet. Ei ulovleg attendehalding av den umyndige i utlandet blir difor ramma av føresegna, sjølv om det ved utreisa frå Noreg ikkje låg føre ei ulovleg unndraging, jf. “ … eller holder tilbake en umyndig i utlandet”. Ei svært kortvarig attendehalding er likevel ikkje tilstrekkeleg.

Sjølv om lova opnar for bruk av straff, er det ikkje gitt at strafforfølging er den mest tenlege reaksjonen i den einskilde saka. Departementet framhevar at sivilrettslege sanksjonar normalt er å føretrekkje. I nokre tilfelle vil det beste for barnet vere ikkje å forfølgje det strafferettslege tilhøvet. I tillegg bør det beste for barnet stå sentralt i vurderinga av kva slags straff som eventuelt skal utmålast. Det kan vere grunn til å reagere med påtaleunnlating der forelderen frivillig returnerer barnet til Noreg, eller dersom det er til det beste for barnet. Det ligg likevel til påtalemakta å avgjere i den einskilde saka. Straffutmålingsutsetjing og straffutmålingsfråfall kan også vere aktuelle reaksjonar.

Politihøgskolen bad i høyringa om ei klargjering av jurisdiksjonen etter straffelova 2005. Paragraf 261 vil kome til bruk når brot på føresegna er gjort av ein norsk statsborgar i utlandet også der omsorgsunndraginga finn stad i eit land der ho ikkje er straffbar, jf. straffelova 2005 § 5 første ledd nr. 8. Der omsorgsunndraginga er gjord av ein utlending i utlandet, kan handlinga bli straffa i Noreg når gjerningspersonen oppheld seg i Noreg, jf. § 5 tredje ledd, jf. første ledd nr. 8. I dei høva omsorgsunndraginga er grov, og barnet eller den attverande er norsk statsborgar, kan handlinga bli straffa i Noreg sjølv om den er sett i verk i utlandet av andre personar enn dei som er omfatta av første til fjerde ledd, jf. femte ledd.

Til endringane i tvistelova § 30-3

Det er gjort framlegg om å utvide kompetansen ankeutvalet har til å treffe realitetsavgjerder i sivile saker. Om bakgrunnen for framlegget, sjå kapittel 3.

I første ledd er tilvisinga til § 29-12 og andre punktum fjerna.

Andre ledd bokstavane a til c fører vidare gjeldande § 29-12 første ledd bokstav a til c. Føresegnene fastset at ankeutvalet har høve til å avvise ein anke der det ligg føre feil som må føre til avvising, heve ei sak eller ein del av saka fordi saka ikkje høyrer under domstolane eller er rettskraftig avgjort og oppheve ei avgjerd som er anka der det ligg føre feil som skal få absolutt verknad etter § 29-21 andre ledd. Departementet understrekar at framlegget ikkje tar sikte på å endre ankeutvalet sin kompetanse på dette punktet. Om innhaldet i føresegnene viser departementet til Ot.prp. nr. 51 (2004-2005) side 475 med vidare tilvisingar. Departementet legg til at det ikkje blir gjort framlegg om endringar i § 29-12.

Bokstav d er ny. Føresegna opnar for at ankeutvalet kan ”oppheve en avgjørelse av andre grunner dersom ankeutvalget enstemmig finner det klart at det er grunnlag for oppheving”. Framlegget omfattar høve til å oppheve på grunn av klare feil i lovbruken eller sakshandsaminga til underinstansen. Føresegna kan mellom anna vere anvendeleg der det ligg føre mangel på kontradiksjon eller der ein sak som skulle vore behandla munnleg, er behandla skriftleg. Andre døme kan vere situasjonar der fleire ankesaker gjeld same spørsmål, og ein av desse fremjast til Høgsterett mens resten vert stansa. Dersom utfallet av saka som står for Høgsterett gjer det klart at nokre av sakene som er stansa må opphevast, kan ankeutvalet treffe avgjerda. Det kan til dømes vere tale om situasjonar som i Rt. 2009 side 920, jf. punkt 3.3.1.2 over.

Det er eit vilkår etter bokstav d at ankeutvalet ”enstemmig finner det klart” at det er grunnlag for oppheving. Vilkåra er gjeve av omsyn til partanes rettstryggleik og skal sikre at kompetansen berre blir nytta i dei meir openbare tilfella.

Tredje ledd fastset at § 9-6 om sakshandsaminga gjeld tilsvarande for ankeutvalets avgjerder etter andre ledd.

Til forsida