Prop. 5 L (2010–2011)

Endringar i einingsregisterlova og føretaksregisterlova

Til innhaldsliste

2 Bakgrunn for lovforslaget

2.1 Innleiing

Elektronisk innsending av meldingar til Brønnøysundregistra forenklar kvardagen for aktørane i næringslivet og forkortar saksbehandlingstida ved registra. Det har derfor vore tilbod om elektronisk innsending til Einingsregisteret og Føretaksregisteret sidan desember 2006.

Nærings- og handelsdepartementet har ei målsetjing om at prosentdelen av elektroniske meldingar skal liggje på 95 prosent innan utgangen av 2012. Dette målet vart nedfelt i regjeringa sin handlingsplan Elektroniske tjenester til næringslivet frå januar 2007. Per mai 2010 ligg han på ca. 45 prosent, og auken er dermed langt lågare enn det Brønnøysundregistra og Nærings- og handelsdepartementet forventa då det vart opna for elektronisk innsending.

Departementet ønskjer med denne regelverksrevisjonen å leggje til rette for auka bruk av elektronisk innsending. Endringane vil bidra til forenklingar for både næringslivet og myndigheitene.

Forslaget er ein del av handlingsplanen regjeringa har laga for å redusere dei administrative kostnadene til bedriftene, Tid til nyskaping og produksjon, som vart lagd fram i august 2008.

2.2 Endringsbehov

Bakgrunnen for dagens omfattande underskriftskrav finst i lov om Handelsregistre, Firma og Prokura frå 1890. Lova regulerte dei gamle handelsregistra som er forløparen til Føretaksregisteret. Etter tankegangen i den tida var underskrift frå dei ansvarlege i eit selskap sjølvsagt, og det var nødvendig for å få notoritet for det som skulle registrerast. Reglane om at dei meldepliktige måtte skrive under på meldingar, vart vidareførte då Føretaksregisteret og føretaksregisterlova vart innførte i 1985. Sidan 1985 er det gjort fleire forenklingar i underskriftskrava. I 1995 vart det gjort enklare å sende endringsmeldingar, i 2002 fjerna ein kravet om at underskrifta på meldingane skulle bekreftast, i 2004 fekk dei med signaturrett også høve til å signere nyregistreringsmeldingar, og i 2006 kom det heimel som opna for at det kunne givast forskrift om forenkla signeringskrav ved elektroniske meldingar om endring av kontakt- og adressedata.

Brønnøysundregistra har positive erfaringar med dei gjennomførte endringane. Feilaktige meldingar eller motstridande meldingar frå konkurrerande partar er sjeldsynte. I den grad det har skjedd, er dette løyst gjennom registreringsnekting og klagebehandling. Brønnøysundregistra har erfart at dei forenklingane som er gjennomførte til no, ikkje har hatt noko å seie for om det som blir meldt, er korrekt eller ikkje. Registra har heller ikkje merka nokon auke i talet på falske meldingar.

Også næringslivet har vore positiv til forenklingane og har peika på at forenklingane fører til store innsparingar.

Eit av dei viktigaste bidraga til forenkling for næringslivet er å leggje til rette for elektronisk kommunikasjon med det offentlege. Elektroniske tenester gjer kommunikasjon mellom det offentlege og bedriftene enklare og mindre ressurskrevjande for begge partar. I strategien til regjeringa for fornying av offentleg sektor er det slått fast at elektronisk kommunikasjon skal vere den primære kanalen for både næringslivet og privatpersonar når dei tek kontakt med offentlege styresmakter. I St.prp. nr. 1 (2007-2008) varslar Nærings- og handelsdepartementet at det blir teke sikte på ei utvikling der elektroniske tenester over tid fullt ut erstattar papir i kommunikasjonen mellom næringslivet og offentleg sektor. I mange år har styresmaktene derfor arbeidd aktivt for å utvikle gode elektroniske løysingar for næringslivet.

For næringslivet si innrapportering og kommunikasjon med det offentlege har myndigheitene utvikla Altinn-portalen (www.altinn.no). Alle relevante tenester frå det offentlege til næringslivet skal gjerast tilgjengelege her, slik at næringslivet har éin nettportal for all rapportering og kommunikasjon med forvaltninga.

Altinn-løysinga vart sett i full produksjon våren 2004. Per i dag har 23 statlege etatar slutta seg til Altinn-samarbeidet. Blant desse er dei tre opphavlege samarbeidspartane Brønnøysundregistra, Skattedirektoratet og Statistisk sentralbyrå. Arbeids- og velferdsetaten (NAV) inngjekk samarbeidsavtale i 2007. Tal frå Brønnøysundregistra si årsmelding for 2009 viser at om lag 1,3 millionar enkeltpersonar og 440 000 juridiske einingar er brukarar av løysinga.

Brønnøysundregistra har forvaltningsansvaret for Altinn-portalen, mens Nærings- og handelsdepartementet har det overordna ansvaret.

Innføring av elektroniske meldingar og auka krav til effektivitet og forenkling i samfunnet har ført til at det er behov for å gjere signeringskrava for elektroniske meldingar enklare. Dei positive erfaringane til Brønnøysundregistra og næringslivet med dei forenklingane som alt er gjennomførte, er òg eit argument for å gå eit steg vidare.

Brønnøysundregistra har tilbydd elektronisk innsending av meldingar til Føretaksregisteret og Einingsregisteret med signeringsløysing sidan desember 2006.

For Einingsregisteret auka talet på brukarar av den elektroniske løysinga frå 32 prosent ved utgangen av 2008 til ca. 45 prosent i mai 2009 og til ca. 47 prosent i mai 2010. Både registrering, endring og sletting i Einingsregisteret er gratis.

Prosentdelen av elektroniske meldingar til Føretaksregisteret auka frå ca. 12 prosent i starten av 2007 til ca. 27 prosent i september 2008. Per mai 2009 var den elektroniske prosentdelen på ca. 36 prosent, og per mai 2010 ca. 45 prosent. Auken i 2008 og 2009 har blant anna samanheng med at det frå januar 2008 vart innført differensiert registreringsgebyr, som gjer det billigare å sende inn gebyrbelagde meldingar til Føretaksregisteret elektronisk enn på papir. Det er 500-1000 kroner å spare per melding avhengig av organisasjonsform og om det dreier seg om ei førstegongsregistrering eller ei endringsmelding.

Auken er ein god del lågare enn det Brønnøysundregistra og Nærings- og handelsdepartementet forventa då det vart opna for elektronisk innsending. Av den totale mengda meldingar som kjem inn til Einingsregisteret og Føretaksregisteret, har det vore mogleg å sende inn om lag 80 prosent av meldingane elektronisk. Frå mai 2009 auka talet på dei som kan nytte elektroniske meldingar til om lag 90 prosent. Denne auken var eit resultat av at sju nye organisasjonsformer, mellom anna burettslag, stiftingar og eigarseksjonssameiger, vart innlemma i den elektroniske løysinga. Departementet har ei målsetjing om at elektroniske meldingar skal utgjere 95 prosent av alle meldingar.

I 2006 sette Brønnøysundregistra i gang ein prosess for å sjå nærmare på krava til signering i regelverket for Einingsregisteret og Føretaksregisteret. Målet var å oppnå ein klar auke i talet på elektroniske meldingar til både Einingsregisteret og Føretaksregisteret.

I eit notat til departementet i 2007 skriv Brønnøysundregistra at «[å]rsaken til at innkomsten er for lav kan skyldes flere ting, men det er grunn til å anta at noe av problemet skyldes underskriftskravene for signering av meldinger til Enhetsregisteret og Foretaksregisteret. Reglene innebærer at alle de meldepliktige eller signaturberettigede må logge seg inn på Altinn for å kunne signere på meldingene til registrene. I et eksempel hvor hele styret er meldepliktig er sjansen relativt stor for at elektronisk innrapportering stopper opp ved at en eller flere av styremedlemmene ikke ser seg tjent med å logge seg på Altinn all den tid det synes enklere å signere en papirversjon».

Innsending av meldingar ved bruk av elektronisk signatur i Altinn har hausta mange lovord frå brukarane. Ei spørjeundersøking blant 2 000 daglege leiarar viste at 80 prosent meiner dei sparer tid på å bruke Altinn når dei sender inn offentlege skjema. Likevel er tilbakemeldingane frå store brukargrupper som revisorar, advokatar og rekneskapsførarar at dei krava som blir stilte til signering i einingsregisterlova og føretaksregisterlova, er ein barriere for at føretaka skal ta i bruk den elektroniske løysinga. I motsetnad til det som gjeld for mange andre skjema i Altinn, opnar ikkje registerlovene for å delegere oppgåva med å signere meldingar til Einingsregisteret og Føretaksregisteret til andre. Brukarane melder om at det er tungvint og tidkrevjande å lære opp alle som må signere meldinga elektronisk (styremedlemmer, deltakarar, personar med signaturrett), i å bruke Altinn-løysinga.

For å kome nærmare målet meiner Nærings- og handelsdepartementet at det er behov for fleire endringar i gjeldande signeringsreglar. Departementet foreslår å endre einingsregisterlova § 8 sjuande ledd og føretaksregisterlova § 4-3 andre ledd ved å utvide dagens forskriftsfullmakt til å omfatte alle elektroniske meldingar, og ikkje berre meldingar som gjeld kontakt- og adressedata.

Brønnøysundregistra si erfaring er at kvaliteten på dei meldingane som kjem inn elektronisk, er vesentleg høgare enn det som blir sendt på papir. Dette kjem av at opplysningane i meldinga blir kontrollerte automatisk (såkalla intelligent skjema), og at eventuelle nødvendige vedlegg følgjer med. All automatisk kontroll skjer opp mot registerregelverket, og alle feil må rettast før brukaren kan sende den elektroniske meldinga frå seg.

På lengre sikt har Nærings- og handelsdepartementet som mål å leggje til rette for at alle meldingar til Brønnøysundregistra skal meldast elektronisk. Tidspunktet for når registra kan tilby elektronisk innsending for dei organisasjonsformene og dei opplysningane som ikkje kan registrerast elektronisk i dag, er i stor grad avhengig av ein forstudie som skal vere ferdig i løpet av 2010. Avhengig av kva slags løysing departementet vel, trur departementet at det vil ta mellom halvtanna og fire år å kunne tilby elektronisk innsending for alle relevante typar meldingar. Det er dermed for tidleg å seie noko nærmare om når det vil bli stengt for papirbaserte meldingar. Men som ein konsekvens av denne målsetjinga vil det i liten grad bli lagt til rette for å forenkle papirbaserte meldingar.

I proposisjonen foreslår departementet også å endre einingsregisterlova § 8 første ledd og § 14 første ledd bokstav b som regulerer kven som har meldeplikt og rett til å signere meldingar. Dette blir gjort for å få betre harmoni med signeringsreglane i føretaksregisterlova og selskapsretten elles.

2.3 Høyring

Høyringsnotatet dette forslaget byggjer på, vart utarbeidd i samarbeid med Brønnøysundregistra. Det vart sendt på høyring 8. juli 2009 med høyringsfrist 8. oktober 2009.

Høyringsnotatet vart sendt til desse høyringsinstansane:

  • Alle departementa

  • Aksjonærforeningen i Norge

  • Brønnøysundregistra

  • Datatilsynet

  • Den Norske Advokatforening

  • Den norske Revisorforening

  • Finansnæringens Hovedorganisasjon

  • Forbrukarombodet

  • Forbrukarrådet

  • HSH

  • Konkurransetilsynet

  • Konkursrådet

  • Kredittilsynet

  • Økonomiforbundet

  • Lotteri- og stiftelsestilsynet

  • Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening

  • Norges kemner- og kommuneøkonomers forbund

  • Norges Kommunerevisorforbund

  • Norges Rederiforbund

  • Bedriftsforbundet

  • Norske inkassobyråers forening

  • Næringslivets Hovedorganisasjon

  • Oslo Børs

  • Regjeringsadvokaten

  • Riksrevisjonen

  • Skattedirektoratet

  • Skatterevisorenes forening

  • Skatt aust – Hamar

  • Sparebankforeningen i Norge

  • Statistisk sentralbyrå

  • Stortingets ombodsmann for forvaltninga

Nærings- og handelsdepartementet fekk desse høyringssvara:

Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Barne- og likestillingsdepartementet, Fiskeri- og kystdepartementet, Fornyings- og administrasjonsdepartementet, Forsvarsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet, Kultur- og kyrkjedepartementet, Kunnskapsdepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Miljøverndepartementet, Utanriksdepartementet, Konkurransetilsynet, Lotteri- og stiftelsestilsynet, NITO Norges ingeniørorganisasjon, Norges Autoriserte Regnskapsføreres Forening, Statistisk sentralbyrå og Økonomiforbundet har ingen merknader til høyringsnotatet.

Finansdepartementet, Justisdepartementet, Bedriftsforbundet, Brønnøysundregistra, Datatilsynet, Den norske Revisorforening, Finansnæringens Hovedorganisasjon, HSH, Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO), Skattedirektoratet og Sparebankforeningen har alle hatt merknader til høyringsnotatet. Finansnæringens Hovedorganisasjon og Sparebankforeningen har gitt felles høyringsfråsegn.

Departementet har òg fått høyringsfråsegn frå Frivillighet Norge.