Prop. 5 L (2010–2011)

Endringar i einingsregisterlova og føretaksregisterlova

Til innhaldsliste

4 Enklare signering ved elektronisk innsending til Einings- og Føretaksregisteret

4.1 Innleiing

I høyringsnotatet skreiv departementet at dagens signeringsreglar truleg var årsaka til at talet på elektroniske meldingar var såpass lågt. Slik systemet er i dag, må alle dei meldepliktige logge seg inn i Altinn for å signere meldingane til registra. Viss fleire personar er meldepliktige, må alle lærast opp i å bruke Altinn-portalen, og det er nærliggjande å tru at fleire vel å signere meldinga på papir. Den elektroniske innrapporteringa blir dermed vald bort.

Departementet foreslo å utvide den eksisterande forskriftsheimelen om unntak frå signeringskrava om adresse- og kontaktdata til å gjelde alle elektroniske meldingar. Dermed kan departementet forskriftsregulere meir detaljerte signeringskrav for elektroniske meldingar.

Forslag til forskriftsføresegner vart sendt på høyring saman med lovendringsforslaga. I forskriftsutkastet foreslo departementet at alle som er pålagde meldeplikt, skulle få høve til å signere åleine. Departementet foreslo også at fullmakt til å signere meldinga elektronisk skal kunne delegerast til ein fysisk person som føretaket peikar ut ved hjelp av administratorrettane i Altinn. Sjølv om ikkje forskrifter skal behandlast av Stortinget, er dei foreslåtte reglane skisserte nedanfor.

Høyringsinstansane støttar generelt forslaga om å gjere det enklare å sende meldingar til Einingsregisteret og Føretaksregisteret elektronisk. Departementet si erfaring er generelt at forenklingar i oppgåvebyrdene til næringslivet blir positivt mottekne, og opprydding i tungvinne og til dels utdaterte signeringsreglar har i dette tilfellet vore tydeleg velkomen.

Finansnæringens Hovedorganisasjon/Sparebankforeningen uttalar at dei støttar tiltak som bidreg til auka bruk av elektronisk kommunikasjon mellom private og offentlege ved bruk av elektronisk signatur.

HSH er positiv til forenklingar med tanke på kven som skal kunne signere elektroniske meldingar til Einingsregisteret og Føretaksregisteret, mens NHO uttalar at erfaringane rådgivarane til bedrifta har, bør vege tungt når ein foreslår tiltak for å auke den elektroniske innrapporteringa.

Bedriftsforbundet skriv: «Dette vil etter vår mening bidra til at flere velger elektronisk innsending via Altinn og det vil føre til enklere og rimeligere rapportering for næringslivet.»

Generelt vil departementet nemne at i ei rekkje små og mellomstore selskap er delar av administrasjonen, rekneskapsføring osv. sett bort til ein ekstern rekneskapsførar, revisor, advokat eller forretningsførar. For desse selskapa er det ofte også mest formålstenleg at den administrativt ansvarlege kan sende endringsmeldingar til Brønnøysundregistra.

Tal frå Brønnøysundregistra viser at ei mengd einingar er registrerte med anten revisor eller rekneskapsførar i Einingsregisteret. Dette gjeld alle 215 000 registrerte aksjeselskap og over halvparten av selskap med delt ansvar (DA) (10 000 einingar). At også 35 prosent av om lag 490 000 enkeltpersonføretak er registrerte med rekneskapsførar og/eller revisor, betyr at over 170 000 enkeltpersonføretak òg kan nytte seg av den forenkla innsendingsmåten.

På bakgrunn av dette har departementet stor tru på at dei foreslåtte endringane kan bidra til ein betre og enklare elektronisk kvardag for ei mengd norske bedrifter.

4.2 Forskriftsregulering av forenkla signeringskrav ved innsending av elektroniske meldingar

4.2.1 Forslaget i høyringsnotatet

I dag inneheld føretaksregisterlova § 4-3 andre ledd og einingsregisterlova § 8 sjuande ledd heimel til å gjere unntak frå underskriftskrava for meldingar om adresseendring og for endring av opplysningar om telefonnummer, telefaksnummer og andre elektroniske adresser. Nærings- og handelsdepartementet foreslo i høyringsnotatet at eksisterande lovheimlar blir utvida til å gjelde alle typar elektroniske meldingar.

Departementet vurderte det slik at det beste ville vere om det framleis var mogleg å forskriftsregulere dei nærmare krava framfor å lovregulere dei. Departementet foreslo dermed at den utvida retten til å signere meldingar skulle heimlast i ein generell lovheimel med rett til å gi forskrifter. Viss det seinare blir behov for å endre reglane igjen, vil forslag til endringar i forskrifta bli sendt på høyring etter vanlege reglar. I og med at det alt er gitt forskriftsheimlar for forenkla signeringsreglar og for å kunne påleggje elektronisk innsending til Einings- og Føretaksregisteret, vidarefører forslaget denne lovteknikken.

4.2.2 Høyringa

Berre Skattedirektoratet (SKD) kommenterer valet om å forskriftsregulere dei detaljerte føresegnene for signeringskrav. SKD skriv at ei forskriftsføresegn som byggjer på ei fullmaktsføresegn, kan bli tilsidesett dersom det viser seg at dei nye forskriftsføresegnene er i strid med ei lovføresegn. SKD skriv at forholdet til anna lovgiving må vurderast nærmare. SKD peikar vidare på at samordna registermelding òg omfattar søknad om registrering i meirverdiavgiftsmanntalet, og etterlyser ei vurdering av kva slags konsekvensar forslaga vil få for slike søknader.

4.2.3 Departementet sitt syn

Einingsregisterlova og føretaksregisterlova regulerer innsending og signering av meldingar til registra. Det er berre signeringsføresegnene det er forslag om å regulere i forskrifter for elektronisk innsending. Forskriftene kjem ikkje til å stride mot lovføresegner i einingsregister- og føretaksregisterlova. Aksjelova har berre reglar om kven som har signaturrett i selskapet generelt, og ikkje om signeringsrett for meldingar til Einings- og Føretaksregisteret. Etter departementet si vurdering vil det dermed ikkje oppstå nokon slik konflikt som Skattedirektoratet omtalar.

Når det gjeld meirverdiavgiftslova § 14-1 og forskrift til meirverdiavgiftslova § 14-1, inneheld dei ingen uttrykkjelege krav til kven som skal signere søknad om meirverdiavgiftsregistrering. Melding til Meirverdiavgiftsregisteret skal i samband med rettleiing til Samordna registermelding del 2 signerast av ein frå verksemda eller av den som har fått fullmakt til å signere (underskrive). Forslaga til endring i signeringskrava vil derfor ikkje ha noko å seie for søknad om registrering i Meirverdiavgiftsregisteret. Nye krav i meirverdiavgiftslova seier også at eininga skal ha passert 50 000-kronersgrensa før ein skal registrere henne i Meirverdiavgiftsregisteret. Dermed blir det sjeldan aktuelt å nyregistrere ei eining i Einingsregisteret samtidig med at ho blir registrert i Meirverdiavgiftsregisteret.

4.3 Enklare signeringsreglar

4.3.1 Forslaget i høyringsnotatet

Departementet foreslo å utvide dei eksisterande forskriftsheimlane til å omfatte alle typar elektroniske meldingar.

I høyringsnotatet skisserte departementet òg korleis forenklinga av signeringsreglane kunne gjerast. Departementet foreslo at ein utvidar personkretsen som kan signere elektroniske meldingar til registra, til fleire personar enn dei meldeplikta kviler på. Å utvide kretsen som kan signere, vart vurdert som den beste måten å forenkle signeringskrava på.

For det første vart det foreslått at kvar enkelt som har meldeplikt etter føretaksregisterlova § 4-2, kan utøve signeringsretten åleine. Etter dagens system må dei meldepliktige signere i fellesskap. I tillegg foreslo departementet at dagleg leiar (som ikkje er omfatta av meldeplikta) blir gitt ein tilsvarande signeringsrett. Det vart foreslått at denne endringa skulle gjennomførast i forskrift.

Forslaget om å utvide kretsen som kan signere elektroniske meldingar, innebar også at selskapet får sjanse til å delegere retten til å signere elektroniske meldingar til ein som føretaket sjølv utpeikar. Det vart foreslått at denne endringa skulle givast i forskrift til både einingsregisterlova og føretaksregisterlova. Ei slik ordning vil gi eininga høve til å delegere retten til å signere til den eller dei personane som vanlegvis sender inn meldingar på vegner av selskapet. Denne personen er ofte rekneskapsførar, revisor, forretningsførar eller andre som utfører administrative oppgåver.

I forslaget til endring i føretaksregisterforskrifta har styreleiar, dagleg leiar og innehavar av enkeltpersonføretak fått høve til å delegere retten til å signere elektronisk. I forslaget til endringar i einingsregisterforskrifta vart det i tillegg til desse foreslått at kontaktpersonen i eininga skulle kunne delegere. Kontaktperson er omfatta av den kretsen som har meldeplikt, og det finst ein del einingar som ikkje har styre og dagleg leiar.

Berre for elektroniske meldingar

Departementet foreslo i høyringsnotatet å endre signeringskrava berre for elektroniske meldingar. Målet med forslaget er at så mange av brukarane som mogleg skal gå over til elektronisk innsending. Ved å forenkle elektronisk innsending vil elektronisk melding både vere billigare og enklare enn dei papirbaserte.

Spesielt for Einingsregisteret

Som nemnt i punkt 3.2 er det dagleg leiar, forretningsførar, innehavar eller tilsvarande kontaktperson som må gi ei skriftleg erklæring om at dei opplysningane som blir melde til Einingsregisteret, er riktige. Dersom eininga sender inn felles melding til Einingsregisteret og eit tilknytt register, vil kravet til erklæring etter einingsregisterlova også vere oppfylt dersom meldinga er signert i samsvar med krava som gjeld for det tilknytte registeret. Dette inneber at heile styret eller den med signaturrett i for eksempel ei foreining kan signere ei melding som skal både til Einingsregisteret og Føretaksregisteret, men ikkje ei melding som berre skal til Einingsregisteret. For å få ein betre harmoni med selskapsrettsreglane inneheldt høyringsnotatet forslag om å utvide einingsregisterlova § 8 første ledd til å omfatte erklæringar frå styret og den med signaturrett i ei eining. Dette skulle gjelde for både meldingar på papir og for elektroniske meldingar.

4.3.2 Høyringa

Bedriftsforbundet og Den norske Revisorforening støttar forslaget om å kunne delegere retten til å signere elektroniske meldingar til kven som helst, utan særskilde avgrensingar.

Den norske Revisorforening seier at reglane om kven som kan delegere signeringsrett bør vere like i Einingsregisteret og i Føretaksregisteret.

Skattedirektoratet og Finansnæringens Hovedorganisasjon/Sparebankforeningen etterspør ei vurdering av dei juridiske aspekta ved å lempe på kravet til kven som kan signere ei registermelding.

Frivillighet Norge ønskjer at det òg skal opnast for at ein juridisk person kan signere på vegner av foreininga. For frivillige organisasjonar vil ei slik moglegheit opne for å delegere til den nasjonale organisasjonen til eininga.

HSH og NHO spør etter forenklingar for elektroniske meldingar på fleire område enn dei som vart foreslått i høyringsnotatet, og nemner blant anna fusjonar og fisjonar, utdeling av utbytte og utdeling av konsernbidrag som i dag berre kan meldast på papir.

Berre for elektroniske meldingar

Justisdepartementet kommenterer at forskriftskompetansen i einingsregisterlova § 8 siste ledd og føretaksregisterlova § 4-3 andre ledd i dag gjeld både papirmeldingar og elektroniske meldingar. Lovendringsforslaget ser ut til å fjerne forskriftskompetansen på papir, og departementet ber om at dette blir avklart.

NHO, Bedriftsforbundet og Finansnæringens Hovedorganisasjon/Sparebankforeningen uttalar at det bør vere dei same moglegheitene for forenkling på papir. NHO og Finansnæringens Hovedorganisasjon/Sparebankforeningen skriv at det kompliserer regelverket at det er forskjellige reglar for papirmeldingar og elektroniske meldingar, og foreslår at begge reglar får eit vidare omfang. Bedriftsforbundet skriv at også retten til å skrive under på papirbaserte meldingar bør kunne delegerast i Altinn.

NHO og HSH skriv at så lenge det ikkje er mogleg å melde visse endringar anna enn på papir, vil det innebere ei vesentleg forenkling å tillate delegering av retten til å signere også papirbaserte meldingar. HSH foreslår derfor at retten til å delegere signeringsretten blir gjord tilsvarande for papirbaserte meldingar.

Skattedirektoratet skriv at forskjellige krav til papirmeldingar og elektroniske meldingar vil medføre at rettsverknader (krav til gyldigheit og notoritet) blir forskjellige, avhengig av forma på meldinga.

Datatilsynet tolkar forslaget slik at krava til elektroniske meldingar blir mindre strenge fordi ein vil nå målet om 95 prosent elektroniske meldingar. Tilsynet uttalar at «[f]ormålet med underskrift av sentrale personer i aktuell virksomhet er vel nettopp at meldingen skal være uomtvistelig. Det må kunne etterprøves at gyldig signatur foreligger. I så måte bør det brukes en PKI-basert signatur med tiltrodd tredjepart, som kan ivareta en troverdig ikke-nekting». Tilsynet skriv at det bør kome klart fram om det er behov for ein elektronisk signatur der den som signerer, ikkje kan nekte å signere (ikkje-nekt). Datatilsynet uttalar òg at det ikkje er lagt opp til ei elektronisk signering med ein tilstrekkeleg rettsverknad, og viser til e-signaturlova § 6.

Brønnøysundregistra skriv at det er viktig at forslaget berre blir gjort gjeldande for elektroniske meldingar, fordi den elektroniske løysinga gir store sikkerheitsmessige fordelar ved at dei som signerer elektronisk, må autentisere seg via Altinn.

Spesielt for Einingsregisteret

Bedriftsforbundet og Den norske Revisorforening støttar forslaget om at det samla styret og den med signaturrett skal kunne gi ei skriftleg erklæring etter einingsregisterlova § 8 første ledd. Begge meiner at tilgangen kan utvidast slik at styreleiar kan gi ei skriftleg erklæring åleine, i alle fall ved elektroniske meldingar.

4.3.3 Departementet sitt syn

Skattedirektoratet og Finansnæringens Hovedorganisasjon/Sparebankforeningen antydar i sine kommentarar at forenklingar i signeringskrava vil føre til lågare kvalitet på meldingane. Det er ikkje nokon nødvendig samanheng mellom kvaliteten på meldinga og kor mange som har signert meldinga. Kvar enkelt meldepliktig i eit selskap skal ha tilstrekkeleg kompetanse og oversikt til å kunne melde inn korrekte opplysningar. Ved å bruke den elektroniske løysinga, får dessutan den som fyller ut meldinga dra nytte av dei forskjellige hjelpefunksjonane som er lagde inn i henne.

Viss signeringsretten for meldingar til Føretaksregisteret vart avgrensa til å gjelde dagleg leiar, styreleiar eller den med signaturrett, ville forslaget eventuelt berre innebere forenklingar for føretak som har desse rollene. Ansvarleg selskap utan styre blir då ikkje omfatta av forenklinga. Departementet held dermed fast ved forslaget om at alle som er pålagde meldeplikt etter føretaksregisterlova § 4-2, også skal kunne signere meldinga. Departementet meiner at det er naturleg at meldeplikta blir følgd opp med ein signeringsrett på vegner av selskapet.

Departementet vil peike på at den informasjonen som blir meld, er korrekt i dei aller fleste tilfelle, også når éin åleine melder endringar. Enkelte gonger fører likevel usemje og splitting til at det blir sendt inn motstridande meldingar til Føretaksregisteret. Slike tilfelle blir i dag løyste (som nemnt før) ved registreringsnekting og klagebehandling både for meldingar som blir sende på papir, og for elektroniske meldingar. Det er likevel viktig å peike på at dette skjer sjeldan.

Når det gjeld delegering til andre, for eksempel ein rekneskapsførar eller administrasjonssjef, legg departementet til grunn at selskapa delegerer retten til å signere meldingar til ein kompetent og truverdig person. Det verken kan eller bør vere statens eller registerførars oppgåve å styre kven selskapet gir ein slik rett. Selskapet må sjølv finne ei fornuftig ordning her. Via det foreslåtte systemet med delegering i Altinn, jf. kapittel 4.4, kan også ein tildelt rett til å signere bli trekt tilbake. Løysinga er med andre ord fleksibel.

I forslaget til endringar i einingsregisterforskrifta vart det foreslått at også kontaktpersonen til eininga skulle kunne delegere. Ingen høyringsinstansar kommenterte denne delen av forslaget. Som nemnt har endringa samanheng med at kontaktpersonen er omfatta av den kretsen som har meldeplikt, og at det finst ein del einingar som ikkje har styre og dagleg leiar. Departementet har vurdert behovet for endringa nærmare, og kome til at denne retten bør vere avgrensa til dei tilfella der det ikkje er registrert eit styre eller dagleg leiar på eininga. Denne løysinga vil også gi best samsvar med føretaksregisterlova. Det inneber at delegeringskompetansen til kontaktpersonen tek slutt når det blir registrert eit styre eller ein dagleg leiar. Dei som har fått delegert signeringsrett av kontaktpersonen, har han inntil han blir tilbakekalla.

Frivillighet Norge ønskjer at det blir opna for at juridiske personar skal få rett til å signere på vegner av frivillige organisasjonar. Til dette vil departementet peike på at signeringsrett i Altinn blir tildelt på personnummer. Ein delegering frå den frivillige eininga må dermed eventuelt gjerast til ein fysisk person som jobbar i den nasjonale organisasjonen til eininga. Etter departementet si meining vil det ikkje vere aktuelt å gå bort frå tildeling av signaturrett på personnummer, fordi sikkerheita og moglegheita for å identifisere den som har signert meldingar, vil bli vesentleg redusert.

HSH og NHO etterspør fleire forenklingar ved at fleire typar meldingar kan meldast elektronisk. Brønnøysundregistra jobbar som nemnt i kapittel 2.2 med dette, og med mål om at alle meldingar skal kunne leverast inn elektronisk.

Det er ikkje teknisk mogleg å delegere retten til å signere papirbaserte meldingar via Altinn. Formålet med endringa er berre å auke talet på elektroniske meldingar, og ei slik moglegheit er dermed heller ikkje ønskjeleg, sett frå departementet si side.

Berre for elektroniske meldingar

Departementet foreslo at utvidinga av forskriftsfullmaktene berre skulle gjelde for elektroniske meldingar.

Dagens forskriftskompetanse i einingsregisterlova § 8 sjuande ledd og føretaksregisterlova § 4-3 andre ledd opnar for å gi forskrifter som gjeld både papirbaserte meldingar og elektroniske meldingar. Då desse lovendringane vart foreslått, var dei likevel meinte berre for forenkla signeringskrav ved elektroniske meldingar. I Ot.prp. nr. 67 (2005-2006) punkt 4.1.4 står det: «Nærings- og handelsdepartementet går, i tråd med forslag i høyringsnotatet, inn for ein forskriftsheimel der departementet kan gjere unntak frå forskriftskrava ved elektronisk innsending av adresse og kontaktdata.»

Departementet viser til at det er Brønnøysundregistra si erfaring at dei meldingane som kjem inn elektronisk, har vesentleg høgare kvalitet enn dei som blir sende på papir. Dette kjem av at opplysningane i meldinga blir kontrollerte automatiske (såkalla intelligent skjema), og at eventuelle nødvendige vedlegg følgjer med. All automatisk kontroll skjer opp mot registerregelverket, og alle feil må rettast før brukaren kan sende den elektroniske meldinga frå seg. Nokon tilsvarande kontrollmekanisme finst ikkje for signering på papirmeldingar.

Departementet meiner at forslaget er eit svært viktig forenklingstiltak. Som Brønnøysundregistra skriv i si høyringsfråsegn, gir den elektroniske løysinga sikkerheitsfordelar ved at dei som signerer elektronisk, må autentisere seg i Altinn. Ein elektronisk signatur er dessutan mykje lettare å spore enn ei underskrift på papir. Ei melding på papir kan i prinsippet vere underskriven av kven som helst, og er dermed lettare å forfalske.

Målet på noko lengre sikt er å ta imot alle meldingar elektronisk. Departementet held derfor fast ved forslaget om at forenkla signeringskrav berre skal gjelde for elektroniske meldingar, og at lovheimlane ikkje blir gjorde generelle.

Datatilsynet meiner at det bør brukast ein PKI-basert signatur med tiltrudd tredjepart, der den som signerer, ikkje kan nekte signeringa (ikkje-nekt). Når ein skal velje sikkerheitsløysing for meldingar til Einingsregisteret og Føretaksregisteret, må ein vurdere sikkerheit opp mot at løysinga ikkje skal vere så tungvinn at ho hindrar folk i å bruke systemet. Kva slags signeringsløysing som skal tillatast for kvart enkelt skjema, blir vurdert kontinuerleg. Også dagens påloggingssystem gir ein viss grad av ikkje-nekt fordi ein må ha registrert både passord og mobiltelefonnummer på førehand, alternativt få tilsendt PIN-kode på folkeregistrert adresse frå skatteetaten. Her viser departementet også til Brønnøysundregistra sine synspunkt som er refererte ovanfor.

Når det gjeld kommentaren frå Datatilsynet om at det ikkje blir lagt opp til ein elektronisk signatur med ein tilstrekkeleg rettsverknad, vil departementet peike på at dei elektroniske signaturane som blir brukte i dag, blir rekna som gyldige på linje med ein signatur på papir. Det blir ikkje foreslått endringar her. E-signaturlova § 6 fastset at visse kvalifiserte elektroniske signaturar under gitte føresetnader skal ha same rettsverknad som signaturar på papir. Men ho stiller ikkje krav til at ein må bruke kvalifisert elektronisk signatur for at ein elektronisk signatur kan få rettsverknad.

Spesielt for Einingsregisteret

Ingen av høyringsinstansane gjekk imot forslaget om å utvide einingsregisterlova § 8 til å omfatte styret og den med signaturrett i ei eining. Denne endringa skulle gjelde både for meldingar på papir og for elektroniske meldingar. Bedriftsforbundet og Den norske Revisorforening meiner like fullt at tilgangen bør utvidast slik at styreleiar kan gi ei skriftleg erklæring åleine, i alle fall ved elektroniske meldingar. Einingsregisterlova § 8 regulerer både papirmeldingar og elektroniske meldingar. Føretaksregisterlova § 4-3 første ledd seier at meldinga skal vere signert (underskriven) av alle meldepliktige. Dette omfattar blant anna heile styret. Av omsyn til likskap med føretaksregisterlova foreslår departementet at det er heile styret som må signere meldingar etter einingsregisterlova § 8. Denne føresegna gjeld både meldingar på papir og elektroniske meldingar. Når det gjeld forenkla reglar om at kvar enkelt styremedlem skal kunne signere elektronisk melding til Einingsregisteret som høyringsinstansane etterspør, vil departementet regulere dette i forskrift. Departementet foreslår derfor at styret skal kunne signere meldingar etter einingsregisterlova § 8.

Ved ein inkurie vart det ikkje foreslått å utvide reglane om meldeplikt i einingsregisterlova § 14 til å gjelde styret. Departementet meiner at det bør vere samsvar mellom meldeplikt, signering og rett til delegering. Det blir derfor foreslått å inkludere styret i kretsen av meldepliktige. Det er ikkje tale om å påleggje sjølve registreringseiningane nye plikter, men styremedlemmene i kvar enkelt eining. Styremedlemmene har alt ein sentral funksjon i eininga og har oversikt over sentral informasjon i verksemda. Endringa gjer også at det vil bli samsvar med det som følgjer av føretaksregisterlova, der kvar enkelt styremedlem har meldeplikt.

4.4 System for delegering av signeringsretten ved elektronisk innsending av meldingar til Einings- og Føretaksregisteret

4.4.1 Forslaget i høyringsnotatet

Viss kretsen som kan signere dei elektroniske meldingane, skal kunne utvidast til ein person som føretaket peikar ut, må det gjerast på ein trygg måte, slik at den meldingsansvarlege i føretaket til kvar tid har oversikt over kven som har rett til å signere dei elektroniske meldingane frå føretaket. I høyringsnotatet vurderte departementet at den beste løysinga er å bruke administratorrettane i Altinn til ei slik delegering. Det vart foreslått at det skulle leggjast til forskriftene.

I Altinn er personar registrerte med bestemte «roller» i eininga. Desse rolleinnehavarane er i Føretaksregisteret dagleg leiar, styreleiar, styrande reiar, bustyrar, deltakar med proratarisk ansvar, innehavar og komplementar for kommandittselskap. For Einingsregisteret er i tillegg kontaktpersonen ein rolleinnehavar. Ein som har ei bestemt rolle i Altinn, har også administratorrettar i Altinn.

Dei som alt er registrerte med ei bestemt rolle i eininga, kan gå inn i Altinn og signere meldinga sjølv. Via Altinn kan rolleinnehavarane også få høve til å delegere retten til å signere meldinga, til den som føretaket har peika ut. Den som har fått delegert til seg ein rett til å signere meldingar, kan ikkje delegere retten til å signere meldingar vidare til andre.

I Altinn er det også mogleg å delegere administratorretten vidare. Dersom administrerande direktør i eit selskap delegerer administratorrettane vidare til ein administrasjonssjef, vil han/ho kunne delegere denne retten vidare. Administrerande direktør vil likevel alltid ha full oversikt over kven som har fått tildelt rettar i Altinn, og kan når som helst gå inn og fjerne dei.

Denne løysinga krev at dagleg leiar o.l. i kvart enkelt føretak må gå inn i Altinn og delegere retten dersom dagleg leiar ikkje ønskjer å signere sjølv. Dette er i alle høve ei eingongsoppgåve.

4.4.2 Høyringa

NHO spør om det er teknisk mogleg å delegere retten til å signere elektronisk for ein avgrensa periode, og etterspør også høve til å innskrenke retten til å signere elektronisk i kvart enkelt føretak.

Finansnæringens Hovedorganisasjon/Sparebankforeningen ber departementet vurdere om det bør givast ei form for varsel til dei meldepliktige om at det er innlevert ei elektronisk melding, og spør også om departementet har planar om å forenkle krava til signatur i andre register, også med tanke på auka bruk av elektroniske meldingar.

4.4.3 Departementet sitt syn

Som det går fram av høyringsnotatet, kan delegering via administratorrettane i Altinn gjere at Einingsregisteret og Føretaksregisteret kan gjennomføre ein maskinell kontroll med kven som har signert meldinga. Det blir med andre ord ein kontroll av at den som sender meldinga, har fått tildelt retten gjennom Altinn. Det at Brønnøysundregistra framleis kan gjennomføre ein sikker kontroll, hindrar at truverdet til registeret blir svekt. Maskinell kontroll gjer også at saksbehandlinga i registra blir enklare fordi saksbehandlar ikkje treng kontrollere manuelt om den eller dei meldepliktige har signert.

Departementet vil peike på at det ikkje er teknisk mogleg å tidsavgrense delegerte rettar slik som NHO etterspør. Utgangspunktet er at alle delegeringar gjeld inntil dei blir trekte tilbake. Det foreslåtte systemet med bruk av administratorrettane i Altinn gjer at føretaka sjølv kan kontrollere kven som til kvar tid har signeringsretten, og også kan trekkje han tilbake dersom det er behov for det. Såleis har selskapet heile tida både oversikt og kontroll over delegeringar for sitt selskap.

Alle føretak kan sjølv velje å praktisere strengare interne reglar for retten til å signere elektronisk enn det lova opnar for. Dermed ser ikkje departementet behov for å innføre ein generell tilgang for kvart føretak til å innskrenke denne retten via Altinn.

Finansnæringens Hovedorganisasjon/Sparebankforeningen bad departementet vurdere om det bør givast ei form for varsel til andre (for eksempel i styret) om at ei elektronisk melding er levert inn. Det finst alt i dag ein funksjon for varsling mot innsendar av meldinga. Den som sender inn meldinga, må leggje inn opplysningar om e-postadresse eller mobilnummer slik at registra kan varsle vedkomande elektronisk viss meldinga har manglar eller ikkje kan godkjennast av andre grunnar. Brønnøysundregistra sender også ut varsel når meldinga er ferdig behandla og godkjend. Viss innsendar ikkje legg inn opplysningar om varsling, vil den eller dei som signerer, ikkje få nokon beskjed ut over det som alt ligg i Altinn. Det er ikkje planar om å utvide varslingssystemet ut over dette.

I høyringsrunden vart det reist spørsmål ved om elektronisk signatur bør innførast når ein sender inn meldingar til Partiregisteret og Frivilligregisteret. Dette må eventuelt vurderast av det ansvarlege departementet på eit seinare tidspunkt.